St.prp. nr. 77 (1999-2000)

Om trygdeoppgjeret 2000

Til innhaldsliste

2 Drøftingane med organisasjonane om regulering av grunnbeløpet

Staten har i drøftingane teke utgangspunkt i dei retningslinene for regulering av pensjonistane sine inntekter som Stortinget vedtok hausten 1999.

I retningslinene heiter det:

«Siktemålet for reguleringa skal vera å gi pensjonistar med folketrygdpensjon ei inntektsutvikling om lag på linje med utviklinga for yrkesaktive og i tråd med dei prinsipp og mål som er lagt til grunn for gjennomføringa av det inntektspolitiske opplegget elles.

Venta inntektsutvikling for yrkesaktive blir fastsett med utgangspunkt i inntektsoppgjera for offentleg tilsette og LO/NHO-oppgjeret. Det skal følgje med eit bakgrunnsmateriale som viser kva tala for venta inntektsutvikling for yrkesaktive er basert på og andre tilhøve som har hatt innverknad på fastlegginga av grunnbeløpet. Materialet skal også vise korleis inntektsutviklinga har vore for yrkesaktive og pensjonistar dei seinare åra. Oversikt over utviklinga for yrkesaktive i LO/NHO-området og for offentlege tilsette og for gruppa lønnstakarar i alt baserast mellom anna på materiale om lønnsutviklinga frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera.»

Under drøftingane la Norsk Pensjonistforbund (NPF), Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Landsorganisasjonen i Noreg (LO) fram eit felles krav der det heiter:

  1. «I protokollen fra møtet 27.04.2000 konstaterer partene at årets lønnsvekst for alle grupper fra 1998 til 1999 er 4,9 %. I samme periode økte grunnbeløpet med 4,5%. For å dekke opp for avviket mellom utviklingen i grunnbeløpet og årslønn for alle grupper i 1999 krever organisasjonene at grunnbeløpet justeres opp med kr 250 pr 1. mai 2000.

  2. Under henvisning til retningslinjene for regulering av grunnbeløpet og resultatene i årets inntektsoppgjør for yrkesaktive, krever organisasjonene at grunnbeløpet økes med 4,9%, som vil si kr 2.620, fra 1. mai 2000. Organisasjonenes samlede krav til økning i grunnbeløpet fra 1. mai 2000 er kr 2.870. Grunnbeløpet fra 1. mai 2000 blir da kr 49.820.

  3. Grunnbeløpet har vært underregulert gjennom en årrekke. Dette har ført til at verdien av grunnbeløpet ligger vesentlig lavere enn forutsatt da folketrygden ble etablert. Ved årets trygdeoppgjør krever organisasjonene derfor at partene blir enige om en opptrappingsplan for grunnbeløpet.»

Gjennom drøftingane vart staten og NPF, LO og FFO samde om at grunnbeløpet vert auka med kr 2 140, med verknad frå 1. mai 2000. Som ei følgje av dette vil pensjonen for dei einslege minstepensjonistane auke med kr 3 828 i året. For eit minstepensjonistektepar vert auken i pensjonen kr 6 600 per år.

Protokollen frå drøftingane følgjer som vedlegg til proposisjonen.