St.prp. nr. 77 (1999-2000)

Om trygdeoppgjeret 2000

Til innhaldsliste

4 Nærmare om utviklinga dei seinare åra

I 1990-åra har auken i grunnbeløpet vore noko svakare enn lønsveksten for yrkesaktive (jf. tabell 4.1). Men minstepensjonen både for einslege og for ektepar har auka sterkare enn lønene. Utviklinga i minstepensjonane vert bestemt av utviklinga i grunnbeløpet og i satsane for særtillegg.

Tabell 4.1 Inntektsutvikling for minstepensjonistar og lønstakarar 1994-99. Årleg prosentvis endring og gjennomsnitt 1994-99.

94-9595-9696-9797-9899-9994-99
Grunnbeløp2,74,03,95,84,54,2
Minstepensjon for einslege13,54,04,713,27,66,5
Minstepensjon for ektepar13,54,04,814,68,16,9
Arb. i LO/NHO-området2,94,24,36,24,94,5
Statstilsette3,14,44,36,44,74,6
Kommunetilsette2,84,43,95,95,04,4
Lønstakarar i alt3,04,44,36,24,94,6
Alderspensjon i gj.snitt.4,45,45,59,36,26,1
Uførepensjon i gj.snitt.4,44,95,18,64,75,5

1 Dei åra der endringa i minstepensjon avvik frå endringa i grunnbeløpet skuldast det auke i særtilleggssatsen.

Kjelde: Kjelde: Rikstrygdeverket og Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Grunnbeløpet i folketrygda auka med kr 2 870 frå 1. mai 1998 og med kr 1 580 frå 1. mai 1999. Den ordinære satsen for særtillegget i folketrygda auka frå 1. mai 1997 til 63,2 pst. av grunnbeløpet og frå 1. mai 1998 til 79,33 pst. Minstesatsen for særtillegget vart på same tid auka til 57,5 og 74 pst.

Frå 1998 til 1999 auka grunnbeløpet og tilleggspensjonane med 4,5 pst., medan minstepensjonen for einslege auka med 7,6 pst. og for ektepar med 8,1 pst. Med ei prisstigning på 2,3 pst. gav det ein sterk realvekst i pensjonane.

I følgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 1998 til 1999 på om lag 4,9 pst. for alle grupper under eitt (jf. NOU 2000:4). Lønsveksten for arbeidarar i LO/NHO-området var 4,9 pst., for statstilsette 4,7 pst. og for kommunetilsette 5,0 pst.

I Revidert nasjonalbudsjett 2000 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i årslønene frå 1999 til 2000 på om lag 3¾ pst. for alle grupper under eitt.

I oppgjeret i LO/NHO-området i år vil lønsoverhenget inn i 2000 og dei sentrale tilleggja gje eit bidrag til veksten i årsløna på om lag 2¼ pst. I tillegg kjem bidrag frå gliding i lønene som i seinare år har vore om lag 1½ pst.

I det statlege tariffområdet og i store delar av kommunal sektor vart det semje om eit meklingsforslag som saman med overhenget inn i år gjev ein auke i årsløna før gliding på om lag 3¾ i pst. frå 1999 til 2000. Glidinga i offentleg sektor er klart lågare enn i privat sektor. Bidraget frå lønsgliding har i dei seinare åra vore i området ¼-0,3 pst.

I tillegg bidreg opptening av to feriedagar med om lag 0,8 pst. til kostnadsveksten båe i privat og offentleg sektor.

Årsgjennomsnittet for grunnbeløpet og tilleggspensjonane i folketrygda vil som følgje av reguleringane i fjor og i år auke med 4,2 pst. frå 1999 til 2000. Minstepensjonen vil auke med kr 3 828 til kr 88 032 for einslege og med kr 6 600 til kr 151 512 for ektepar per 1. mai 2000, jf. tabell 3.1.

I Revidert nasjonalbudsjett 2000 er det lagt til grunn ein prisvekst frå 1999 til 2000 på 2,6 pst. Ei slik utvikling vil gi ein klar realvekst i pensjonane i år òg.

Tabell 4.2. viser pensjonen etter skatt i prosent av disponibel inntekt som yrkesaktiv (nettopensjonsdekningsprosent). Gruppene med låg inntekt får høgare disponibel pensjon som del av tidlegare yrkesinntekt enn høginntektsgruppene.

Tabell 4.2 Nettopensjondekningsprosent i 1999 for pensjonistar som vart alderspensjonistar i 1999 og ved fullt opptent pensjon. Pensjonsalder 67 år.

Brutto lønsinntekt. Kroner
139 269185 692232 115324 961
Sluttpoengtal
2,003,004,005,33/6,0
Br.pensj. for einslege, 1930-kullet. Kr.84 072102 888121 716154 644
Br.pensj. for einslege, 1940-kullet. Kr.87 168107 532127 896168 636
Br.pensj. for einslege, 1975-kullet. Kr.85 428104 916124 416150 348
Netto pensjonsdekningsprosent
Einslege
1931-kullet80726558
1940-kullet83746763
1975-kullet81726657
Pensjonistektepar (ein minstepensjonist)
1931-kullet1281089680
1940-kullet1291109883
1975-kullet1281099878
Pensjonistar som forsørgjer ektefelle (yngre enn 60 år)
1931-kullet95888471
1940-kullet98918772
1975-kullet97898570

Kjelde: Kjelde: Sosial og helsedepartementet

I vedlegg til proposisjonen framgår den historiske utviklinga av pensjonane m.v. Tabellane i vedlegget viser m.a. utviklinga i minstepensjon frå 1970 båe i nominell og reell verdi. Det framgår at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst som må sjåast i samanheng med opptrapping av særtilleggssatsane.