St.prp. nr. 77 (1999-2000)

Om trygdeoppgjeret 2000

Til innhaldsliste

6 Krigspensjonering

Utgiftene til krigspensjon etter lov av 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar (§ 19) og lov av 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar (§ 25), vert dekka av staten.

Under kap. 660, post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 2000 løyvd respektive 300 mill. kroner og 722 mill. kroner.

Pensjonane skal etter tilleggslova av 29. juni 1951 nr. 34, regulerast som for statspensjonane, dvs. i takt med grunnbeløpet i folketrygda. For 2000 vert det rekna med meirutgifter på 9 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 22 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.

Krigspensjon vert samordna med pensjonar frå folketrygda. Det vert gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 31 mill. kroner.