St.prp. nr. 77 (1999-2000)

Om trygdeoppgjeret 2000

Til innhaldsliste

5 Skattereglane for pensjonistar i 2000

Dei særlege skattereglane for pensjonistar i 2000 er i hovudsak ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Alderspensjonistar

Frå og med den månaden skattytaren fyller 70 år, får han kvar månad eit særfrådrag i inntekta på kr 1 470. I 2000 utgjer fullt særfrådrag for heile året kr 1 470 x 12 = kr 17 640. Har skattytaren etter fylte 67 år teke ut alderspensjon etter § 19-4 i folketrygdlova, har han òg rett til slikt særfrådrag (eventuelt avkorta om vedkommande ikkje har teke ut full alderspensjon). Særfrådraget vert gitt i allmenn inntekt, dvs. inntekta som ligg til grunn for utrekning av felles-, kommune- og fylkesskatt.

Pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til særfrådrag.

Uførepensjonistar

Skattytarar som mottek førebels uførestønad eller pensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, skal i 2000 ha eit særfrådrag i inntekta på kr 1 470 per månad, tilsvarande kr 17 640 for heile året. Dersom arbeidsevna er nedsett med mellom halvdelen og to tredelar, skal vedkomande ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget vert gitt i allmenn inntekt.

Særskild skatteavgrensingsregel

For skattytarar som har rett til fullt særfrådrag etter dei reglane som er nemnde ovanfor, skal det ikkje reknast ut skatt når den allmenne inntekta til skattytaren før særfrådrag er under kr 73 800 for einslege og kr 120 600 for ektepar. Ved utrekning av inntekta skal ein leggja til 2 pst. av den skattepliktige formuen over kr 200 000.

Dersom inntekta ligg over dei fastsette skattefrie grensene, skal ein i utgangspunktet rekna skatt av heile inntekta etter dei ordinære reglane for pensjonistar. Skatten skal likevel ikkje overstige 55 pst. av den allmenne inntekta over den skattefrie beløpsgrensa. Skatten vert på denne måten avgrensa til maksimalt 55 pst. av den allmenne inntekta som ligg høgare enn beløpsgrensene.

Denne regelen gjeld også for skattytarar som mottar overgangsstønad, etterlatepensjon eller avtalefesta pensjon (AFP). Den særskilde skatteavgrensingsregelen vert brukt ved utrekning av trygdeavgift, felles-, kommune- og fylkesskatt. Regelen vert ikkje brukt ved fastsetjing av toppskatt eller formuesskatt.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt mv. er 3 pst. i 2000.