St.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 803/2004/EF av 21. april 2004 om Fellesskapet sitt handlingsprogram for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II-programmet)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Ettersom den norske deltakinga i programmet inneber økonomiske utgifter av ein viss storleik som skal finansierast over fleire år, må Stortinget gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS/EFTA-statane å ta del i programmet så tidleg som råd, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga. Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerda i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda syner stort avvik frå det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt. Det er venta ei avgjerd i EØS-komiteen tidleg på hausten 2004.