St.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 803/2004/EF av 21. april 2004 om Fellesskapet sitt handlingsprogram for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II-programmet)

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Gjennom deltaking i Daphne II vil arbeidet med å hindre og førebyggje alle former for vald mot barn, ungdom og kvinner verte vidareført. Røynslene frå det første Daphne-programmet har vore positive. Noreg har teke del i fleire prosjekt, og dette har vore nyttig i høve til arbeidet mot vald. Vidare er det viktig at Noreg viser eit europeisk engasjement. Gjennom deltaking i Daphne II kan Noreg gje og motta impulsar frå andre statar i Europa når det gjeld arbeidet mot vald. Daphne II kan såleis vere eit verkemiddel for å fastsetje eit godt samarbeid mellom Noreg og andre statar i Europa for å hindre vald. Barne- og familiedepartementet tilrår difor at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 803/2004/EF av 21. april 2004 om Fellesskapet sitt handlingsprogram for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II-programmet). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.