St.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 803/2004/EF av 21. april 2004 om Fellesskapet sitt handlingsprogram for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II-programmet)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Det totale budsjettet for dette femårige programmet er på 50 millionar euro. For 2004 er budsjettet på 8,4 millionar euro. Det er lagt opp til at EØS/EFTA-statane skal koste 2,19 prosent av det totale budsjettet. For Noreg sin del del vil løyvinga utgjere litt mindre enn 1,1 millionar euro for tidsrommet 2004-2008 (rundt 9 millionar kroner med den noverande kursen der 1 euro = 8,5 NOK). Det vil seie at Noreg sin del i gjennomsnitt vil vere på 1,8 millionar kroner per år i programperioden. For 2004 er EØS/EFTA-budsjettet på 183 960 euro. Noreg sin del av dette er om lag 1,5 millionar kroner for 2004.

Det er sett av midlar til norsk deltaking for 2004 på Barne- og familiedepartementet sitt budsjett (Kap. 857, post 79). Det vert ei samfinansiering av den norske deltakinga i programmet mellom Barne- og familiedepartementet, Helsedepartementet, Justis- og politidepartementet og Sosialdepartementet for tidsrommet 2005-2008. Departementa er vortne samde om følgjande fordelingsnøkkel i høve til det finansielle ansvaret til kvart einskilt departement: Barne- og familiedepartementet (34 %), Helsedepartementet (30 %), Justis- og politidepartementet (30 %) og Sosialdepartementet (6 %).

Det er ingen direkte nasjonale kvoter når det gjeld tildeling av prosjektmidlar. Private organisasjonar, etatar og sentrale og lokale styresmakter i Noreg kan søkje om delfinansiering av prosjektet med opptil 80 prosent.

Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.