St.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 803/2004/EF av 21. april 2004 om Fellesskapet sitt handlingsprogram for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II-programmet)

Til innhaldsliste

1 Utkast (3.3.2004) Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. XXX/ 200Å/EF av DD.MM.ÅÅÅÅ om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram (2004-2008) for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne II-programmet 2

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå DD.MM.ÅÅÅÅ -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 5 i avtala vert det gjort følgjande endringar:

  1. Nr. 5 skal lyde:

    «EFTA-statene skal delta i fellesskapsprogrammene og -tiltakene nevnt i de to første strekpunktene i nr. 8 frå 1. januar 1996, i programmet nevnt i tredje strekpunkt frå 1. januar 2000, i programmet nevnt i fjerde strekpunkt frå 1. januar 2001, i programmene nevnt i femte og sjette strekpunkt frå 1. januar 2002 og i programmene nevnt i sjuende og åttende strekpunkt frå DD.MM.200 Å.»

  2. I nr. 8 skal nytt strekpunkt lyde:

    • «3200Y D XXXX: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. XXX/200 Å/EF av DD.MM.ÅÅÅÅom vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram (2004-2008) for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne II-programmet)(TEU L NNNav DD.MM.ÅÅÅÅ, s. S).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3

Avgjerda skal nyttast frå DD MM ÅÅÅÅ.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union.

Utferda i Brussel, [...].

For EØS-komiteen

Formann

[...]

[...]

Fotnotar

1.

TEU L ...

2.

TEU L NNN av DD.MM. 200 Å , s. S .

3.

[Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.] [Forfatningsrettslege krav oppgjevne.]