St.prp. nr. 89 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av rv 567 Hauge–Lonevåg i Osterøy kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

3 Bompengesøknad og lokalpolitisk behandling

Bompengesøknaden blei behandla av Osterøy heradsstyre 22 juni 2005. Heradsstyret gjorde følgjande vedtak:

Osterøy heradsstyre sluttar seg til søknad av 13.06.2005 frå Osterøy Bruselskap AS om løyve til delfinansiering av ny rv 567 Hauge – Lonevåg med bompengar med om lag kr 61 mill. kr. Vidare sluttar ein seg til at Osterøy Bruselskap AS får løyve til å forskottera statleg løyving til prosjektet, jf. NTP 2006-2015, kap. 10 Invest. i Hordaland. Osterøy heradsstyre har elles ingen merknader til framlegg til finansieringsplan.

Heradsstyret vil på nytt minne om kor viktig realisering av dette prosjektet er for vidare utvikling av næringsliv og busetnad i kommunen, og det er difor svært tilfredsstillande at Osterøy Bruselskap AS no ser seg i stand til å delfinansiera prosjektet basert på dei løyvingane som er foreslått i NTP 2006-2015 samt løyving frå kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift.

Byrådet i Bergen behandla saka 21. juli 2005. Byrådet gjorde følgjande vedtak:

Byrådet gir sin tilslutning og støtte til Osterøy Bruselskap AS sin søknad om delvis bompengefinansiering av ny riksvei 567 mellom Hauge og Lonevåg, på de premisser som framkommer av broselskapets brev av 28. juni 2005. Saken sendes komiteen til orientering.

Søknaden blei behandla av Hordaland fylkesting 13. desember 2005. Fylkestinget gjorde følgjande vedtak:

  1. Fylkestinget tilrår delvis bompengefinansiering av prosjektet Hauge – Lonevåg på rv 567 i samsvar med bompengesøknaden frå Osterøy Bruselskap AS. Det er ein klår føresetnad at bompengeperioden ikkje vert forlenga ut over fullfinansiering av dette prosjektet.

  2. Fylkestinget rår til at Osterøy Bruselskap AS får løyve til å forskottere 56 mill. kr til ny veg på strekninga Hauge – Lonevåg.

  3. Forskotteringa vert refundert utan renter eller kompensasjon for prisauke i perioden 2010-2015.

  4. Hordaland fylkeskommune gjev simpel garanti for lån til Osterøy Bruselskap AS på inntil 140 mill. kr. Garantien gjeld fram til lånet er nedbetalt.

Etter kostnadsgjennomgang i Vegdirektoratet hausten 2006 auka kostnadsoverslaget med om lag 45 mill. kr samanlikna med overslaget som låg til grunn ved den lokale behandlinga i 2005. Det er utarbeidd ny finansieringsplan der det nye overslaget på 194 mill. 2006-kr ligg til grunn (198 mill. 2007-kr).

Den nye finansieringsplanen blei behandla av Osterøy heradsstyre 7. februar 2007. Heradsstyret gjorde følgjande vedtak:

Osterøy kommune rår til at pårekna meirkostnad for prosjektet rv 567 Hauge – Lonevåg, ca. kr 50 mill., vert dekka gjennom auke av bompengedelen og auka statleg løyving med om lag ei 50 – 50 deling på kvar. Alle tal kan verta justerte fram til stortingshandsaminga.

Osterøy kommune sluttar seg til følgjande finansieringsplan for prosjektet:

Statlege løyvingar:

95 mill. kr

Kompensasjonsmidlar:

    8 mill. kr

Bompengar:

91 mill. kr

Sum:

194 mill. kr

Føresetnaden er framleis nedbetaling av bompengelåna innan oktober 2014. Auken i bompengedelen vert finansiert gjennom innspart forskottering av statleg del som følgje av utsett byggestart, innsparte renter og auka trafikkvekst.

Saka blei lagt fram for Hordaland fylkesting 29. mars 2007. Fylkestinget gjorde følgjande vedtak:

  1. Fylkestinget tek opplysningane om kostnadsauke på prosjektet rv 567 Hauge – Lonevåg til orientering og vedtek at inntil 20 mill. kr av den samla kostnadsauken på 46 mill. kr vert dekka innanfor den fylkesfordelte riksvegramma i perioden 2010-2015. Fylkestinget føreset at dette ikkje fører til utsetjing av rv 563 Kleppestø-Ask, rv 48 Løfallstrand-Årsnes m/ ferjekai og Jondalstunnelen.

  2. Fylkestinget godkjenner og opplegget med utvida bompengefinansiering for å dekke den øvrige kostnadsauken.

  3. Fylkestinget legg til grunn at prosjektet vert gjennomført i samsvar med tidlegare prioriteringar i handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2006-2015.

Byrådet i Bergen behandla saka 20. juni 2007. Byrådet gjorde følgjande vedtak:

Byrådet tar opplysningene om kostnadsøkning på prosjektet rv 567 Hauge – Lonevåg til orientering.

Byrådet gir, i likhet med Osterøy kommune og Hordaland fylkeskommune, fremdeles sin tilslutning og støtte til Osterøy Bruselskap AS sin søknad om delvis bompengefinansiering av ny riksvei 567 mellom Hauge og Lonevåg, på de premissene som nå fremkommer.

Saken sendes komiteen til orientering.