St.prp. nr. 89 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av rv 567 Hauge–Lonevåg i Osterøy kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

6 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet har merka seg at utbygging av rv 567 mellom Hauge og Lonevåg er viktig for Osterøy kommune. Det er den lokale trafikken som må betale bompengar, og sjølv om berre ein del av trafikantane som passerer bomstasjonen ved Osterøybrua vil ha direkte nytte av prosjektet Hauge – Lonevåg, vil truleg fleire av trafikantane ha nytte av det nye prosjektet over tid. Utbygginga av vegsystemet på Osterøy blir vidareført slik at det blir fullgod standard på tilnærma heile strekninga mellom E16 og kommunesentret Lonevåg. Vidare er det lagt til grunn at delfinansieringa av prosjektet med bompengar kan skje innanfor bompengeperioden på 17 år som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 60 (1999-2000). Departementet legg dessutan stor vekt på at det er lokalpolitisk tilslutning til å delfinansiere utbygginga med bompengar.

Samferdselsdepartementet sluttar seg til at det må vere eit vilkår at bompengeselskapet har ei renteavtale som sikrar eit rentenivå minimum i tråd med det som er lagt til grunn i finansieringsplanen. Departementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen (tilleggsavtalen) blir underskriven.