St.prp. nr. 89 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av rv 567 Hauge–Lonevåg i Osterøy kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Årsdøgntrafikken over Osterøybrua var 2 330 kjøretøy i 2006. Den årlege trafikkveksten frå 1998 til 2006 har vore om lag 6 pst. pr. år i gjennomsnitt. Utan takstendringar utover prisstiginga er det venta at den årlege trafikkveksten gjennom bomstasjonen vil bli redusert noko dei kommande åra. Dette er i tråd med vanleg trafikkutvikling der det er etablert fastlandssamband eller andre vegutløysingsprosjekt. Statens vegvesen tilrår at det blir lagt til grunn ein årleg vekst i trafikken på 3 pst. i finansieringsplanen. Dette er noko høgare enn i prognosane som blei utvikla for Hordaland i samband med Nasjonal transportplan 2006-2015. Tilrådinga er basert på den trafikkveksten som har vore sidan opninga av Osterøybrua og den relativt korte innkrevjingstida fram til 2014.

Bompengetakstane blei auka med 10 pst. frå 1. september 2005 for å justere for delar av veksten i konsumprisindeksen sidan oppstarten av innkrevjinga. Takstauken førte til ein auke i trafikken i ferjesambandet Valestrandfossen – Breistein, men trafikkveksten på brua har halde fram. Det er lagt til grunn at ferjesambandet blir halde i drift gjennom heile bompengeperioden.