Regionalnytt 4 2015

Denne utgåva av Regionalnytt inneheld mellom anna saker om eit nytt regionalt folkevalt nivå, utviklingsprogram for by- og senterregionar, bioøkonomi og næringsklynger.

 INNHALD

Banner Regionalnytt - Nyheitsbrev om regional- og distriktspolitikken

Fylkeskommunane blir inviterte til å ta nabopraten

Kommunal- og moderniseringsministeren sender i dag eit brev til fylkeskommunane kor han inviterer til naboprat. Kommunereforma er godt i gong over heile landet. No blir også fylkeskommunane inviterte med i arbeidet.

 


Stortinget har bede regjeringa om å vurdere oppgåver til eit nytt regionalt folkevalt nivå

Stortinget har bede regjeringa om å legge fram forslag til nye oppgåver til eit nytt regionalt folkevalt nivå våren 2016.

Kommunal- og forvaltningskomiteen la fram si innstilling til Meld. St. 14 Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner 2. juni. Stortinget handsama meldinga 9. juni. Fleirtalet på Stortinget støttar dermed opp om framlegget til regjeringa om korleis fylkeskommunane kan utviklast – med fokus på rolla som samfunnsutviklar.

Fleirtalet i komiteen ber om at; "oppgavene til et nytt regionalt folkevalgt nivå (…) gjennomgås og forslag legges frem for Stortinget i en stortingsmelding våren 2016."

Samstundes seier komitéfleirtalet at nye oppgåver til regionalt folkevalt nivå føreset at prosessen fører til færre fylkeskommunar/regionar av ein viss storleik.

Statsråd Jan Tore Sanner vil i sommar invitere alle fylkeskommunane i landet og Oslo kommune til å innleie dialog med sine nabofylke, med sikte på å vurdere samanslåing. Regjeringa vil be om at fylkeskommunane fattar vedtak om samanslåing innan hausten 2016.

Regional aktør for samfunnsutvikling

Fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen slo i sine merknader fast at det framleis skal vere tre folkevalte nivå. Vidare ber eit fleirtal regjeringa om at oppgåver og ansvar som skal leggast til regionnivået i hovudsak er relaterte til rolla som regional aktør for samfunnsutvikling. Dette vil også omfatte innbyggarretta tenesteproduksjon.

Nye oppgåver til større regionar

Fleirtalet i komiteen føreset at prosessen fører til færre fylkeskommunar/regionar av ein viss storleik, inntektssystemet til fylkeskommunane må vurderast i lys av ny regionstruktur. Komitéfleirtalet ber i sine merknader regjeringa om å vurdere om følgjande oppgåver kan overførast til det regionale folkevalte nivået:

  • landbruksoppgåver som ikkje er naturleg å legge til kommunane
  • klima- og miljøoppgåver som ikkje er naturleg å legge til kommunane
  • styrking av dei regionale forskingsfonda
  • fordeling av relevante prosjektmidlar
  • oppgåver på integreringsområdet som i dag ligg hjå IMDi og som bør flyttast nærare innbyggarane
  • ny ansvarsfordeling og finansiering mellom stat, regionar og kommunar på kultur- og kulturminneområdet, under dette ei vurdering av rolla og ansvaret til Riksantikvaren
  • vurdere å avvikle sentral godkjenning av regional planstrategi og overlate avgjerda til det regionale sjølvstyret

I tillegg ber fleirtalet om ei vurdering av fylkesvegane etter forvaltningsreforma frå 2010. Større vegar, med sterke næringsinteresser, kan vurderast overført til staten, som ein del av denne vurderinga.

Rettar fokus mot Fylkesmannen

Komitéfleirtalet gav merknad om at ".. den regionale stat/Fylkesmannen (skal) i utgangspunktet ha ansvar knyttet til tilsyn, kontroll og beredskap og noen veiledningsoppgaver. Oppgaver som legger til rette for bruk av politisk skjønn kan som hovedregel vurderes med sikte på overføring til regionalt folkevalgt nivå. Det bør vurderes å begrense fylkesmennenes oppgaver innenfor næringsutvikling og veiledning av kommunene som samfunnsutviklere."


Opptak runde to: Utviklingsprogram for regional vekst i by- og senterregionar

37 byregionar med over 220 kommunar skal delta i utviklingsprogrammet for byregionar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet fordeler no 87 millionar kroner til by- og senterregionar i heile landet.

 


Opprettheld tiltakssona i kommunereforma

- Regjeringa har avgjort at dei personretta ordningane i tiltakssona blir vidareførde ved eventuelle samanslåingar mellom kommunar innanfor og utanfor tiltakssona, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.


Skulane og kultureiningane under same tak

På Inderøy i Nord-Trøndelag veks det fram ei unik samlokalisering av skular, bibliotek, kulturskule og kulturhus. Det unike er ikkje samlokaliseringa, men at kommunen integrerer heile seks einingar, som til no har vore drivne kvar for seg. Heile det 13-årige skuleløpet blir samla under eitt tak.

– Vi har reist rundt til andre prosjekt for å sjå og lære, men prosjekta har stort sett avgrensa seg til samlokalisering. Eg meiner bestemt at vi lagar noko heilt nytt her, seier fylkesopplæringssjef Vegard Iversen i Nord-Trøndelag fylkeskommune. Begeistringa for nyskapinga sit laust, anten det er fylkesopplæringssjefen eller prosjektleiar Karl Arne Jensen som uttalar seg.
– Dette er vinn–vinn for alle som medverkar, og eg trur nok at andre etter kvart vil ha interesse av erfaringane våre, seier Jensen.

Felles interesser

Bakgrunnen for det nye Inderøy oppvekst- og kultursenter var felles interesser. Inderøy videregåande skule hadde behov for nye lokale, men stod òg i fare for å bli nedlagd. Inderøy kommune trong nye, oppgraderte lokale.

– Nord-Trøndelag er ikkje større enn at folk snakkar saman, så ein innsåg at ein var avhengige av og hadde nytte av kvarandre, seier Vegard Iversen. 

Dei første lauslege tankane gjekk på samlokalisering av skulane, men ideane myldra fort fram, og prosjektet tok nye former. Til hausten flytter ungdomsskulen inn i lokala, og hausten 2016 står den nye storstova til kommunen ferdig. Både barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, kulturhus, bibliotek og kulturskule skal samlast under same tak i Inderøy. (Illustrasjon: Lusparken Arkitekter as)

Seks einingar

Denne storstova rommar heile det 13-årige skuleløpet: barneskule, ungdomsskule og videregåande skule. Kulturskulen, biblioteket og kulturhuset ligg der òg, under same tak, i tillegg til idrettshall og splitter ny kantine med moderne kjøkken, som kan servere 300 middagsgjester på ein gong.

– Begeistringa for dette store prosjektet har vore enorm, både hos kommunen og fylkeskommunen, hos lærarar og leiinga og hos kulturhuseigarar, seier prosjektleiar Karl Arne Jensen.

Integrering under utvikling

Fylkesopplæringssjef Vegard Iversen seier integreringa kjem i fleire former i det nye prosjektet.

– Vi skal dra fordelar av arealet hos kvarandre, driftsteknisk blir samarbeidet omfattande, og vi vil utnytte felles administrative ressursar, seier han.

Ein har valt å ikkje drive forsøk med éin leiar for alle tre skulane. Skulane har kvar sin rektor, men dei skal styre saman i ei leiargruppe samlokalisert i éin administrasjon. I ein toårsperiode er det løyvt pengar til ein ekstern ressursperson som skal hjelpe leiargruppa med å finne den beste organisasjonsforma. Integreringa kjem til å vere under utvikling ei god stund etter at heile bygget står ferdig.

Pedagogiske gevinstar

– Det viktigaste er likevel dei pedagogiske gevinstane vi ser for oss i denne organisasjonsforma, seier fylkesopplæringssjefen.

– Faglærarar i dei tre skulane vil garantert ha noko å lære av kvarandre. Det blir mogleg å sjå samanhengar på tvers i dei gjennomgåande faga og gjere ting på nye måtar. Elevar med spesielle behov eller evner kan hospitere andre stader i senteret, og det blir mogleg å følgje dei opp gjennom heile skuleløpet på ein heilt annan måte når alle er så tett på kvarandre, seier Iversen.

Se video av det nye Inderøy oppvekst- og kultursenter når det står heilt ferdig i 2016. (Video: Skanska BIM-avdelingen):

  


Suksess innan bioøkonomien krev lokal forankring

 

Karen Refsgård, forsker ved NIBIO

Karen Refsgaard, forsker ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Det nyttar ikkje med nasjonale strategiar om bioøkonomi utan lokal forankring og engasjement, seier Karen Refsgaard, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Lokale og regionale styresmakter bør ha god kunnskap om verdiskapingspotensialet i bioøkonomien og lage eigne strategiar, meiner Refsgaard. 

- Potensialet er der, men nasjonale strategiar for biokonomi treng lokal forankring. I tillegg bør det lokale/regionale forvaltningsnivået bidra til å skape langsiktige rammevilkår, samt bidra til utvikling av marknaden for desse produkta, seier Karen Refsgaard. Ho var ein av deltakaraene som 18. juni gav innspel til regjeringa sitt arbeid med bioøkonomistrategi. 

Regjeringa ber om innspel til utarbeidinga av ein strategi for bioøkonomi. Frå venstre Næringsminister Monika Mæland, Fiskeriminister Elisabeth Aspaker og landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.Regjeringa ber om innspel til utarbeidinga av ein strategi for bioøkonomi. Frå venstre næringsminister Monika Mæland, fiskeriminister Elisabeth Aspakerog landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.


Nye næringsklynger på plass

Sju nye næringsklynger er tekne opp i klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters. Programmet er ei fellessatsing i regi av Forskingsrådet, Siva og Innovasjon Noreg. Regjeringa har i budsjettet for i år sett av omlag 137 millionar kroner til klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og næringsminister Monica Mæland lanserte i midten av juni dei nye næringsklyngene, som no får støtte og oppfølging gjennom klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters.

Den Bergen-baserte næringsklyngja GCE Subsea gjekk inn i det som kan kallast elitedivisjonen i norsk næringsliv. Det vil seie eGlobal Centre of Expertise (GCE). GCE Subsea skal arbeide vidare med krevjande omstilling og vidareutvikle verdsleiande norsk undervassteknologi.

I tillegg fekk NCE Seafood Innovation Cluster frå Hordaland, NCE Health Technology frå Osloregionen og NCE Eyde på Sørlandet, fornya sin status som Norwegian Centres of Expertise. Innovasjon Torskefisk, Arena olje- og gassklynge Helgeland og Oslo Ed Tech Cluster blir nye Arena-klynger. Det vil seie at dei får status som klynger i tidleg fase.

"Vi føler oss trygge på at dei klyngene vi no ønsker velkommne vil vise seg å vere ei god investering med sikte på å auke konkurransekrafta og veksten i heile landet", seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

GCE Subsea: Frå venstre: næringsminister Monica Mæland, Jon Hellevang, senior subsea innovatør, Ove Hagesæther CEO, og kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner
GCE Subsea: Frå venstre: næringsminister Monica Mæland, Jon Hellevang, senior subsea innovatør, Ove Hagesæther CEO, og kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

 


Ein ven aukar folketalet

Vang kommune i Valdres har gått nye vegar for å få flyktningar til å bli verande i kommunen. Målretta innsats mot utvalde flyktningar har gjeve erfaringar, som har overføringsverdi til andre distriktskommunar.

Vang er ein liten kommune. Folketalet har gått nedover, frå 2000 midt på 1960-talet til dagens 1620 innbyggjarar. Ei offensiv satsing har snudd utviklinga dei aller siste åra, og no er målet 1724 innbyggjarar innan år 2020.

– Målet er symbolsk fordi 1724 er høgda på Grindafjellet her i Vang sentrum, men det er òg realistisk fordi utviklinga no går rette vegen, seier dagleg leiar i Innovangsjon, Torstein Lerhol.

Omfamnar flyktningane

Innovangsjon er næringsselskapet i Vang. Det såg dagens lys i 2011, og det overordna målet er å auke innbyggjartalet. I arbeidet mot målet har Innovangsjon og samarbeidspartnarane leita høgt og lågt etter måtar å auke busetjinga på. Då kom dei til å tenkje på flyktningane som kommunen buset. Dei fleste av dei flyttar etter det obligatoriske introduksjonsprogrammet, men kunne nokre av dei motiverast til å bli verande, få seg jobb og busetje seg?

På denne bakgrunnen søkte Innovangsjon bulystmidlar, og kunne i 2013 starte prosjektet «Inkluderende arbeidsliv». Det går ut på heilhjarta, konsentrert innsats mot fem utvalde flyktningar, for å sjå om intensivert integrering kan føre til at nokre av dei vel fjellbygda i staden for å forlate henne. Innovangsjon, frivilligsentralen, NAV, flyktningtenesta og fleire frivillige er med på det.

Prosjektleiar Marte Tangen (t.v.), flyktningdeltakar Abdela Romodan og bulystvenn Kristin Venås har erfart at «Integrerende arbeidsliv» verkar. Abdela har fått seg vikarjobb på Vangsheimen, og vil gjerne bli buande i Vang.Prosjektleiar Marte Tangen (t.v.), flyktningdeltakar Abdela Romodan og bulystvenn Kristin Venås har erfart at «Integrerende arbeidsliv» verkar. Abdela har fått seg vikarjobb på Vangsheimen, og vil gjerne bli buande i Vang.

Bulystven

To mål for prosjektet var heilt klare: at kvar av dei fem flyktningane skal ha ein bulystven, og at dei skal få seg jobb i prosjektperioden, som varer ut 2015. Bulystvenen skal både vise flyktningen til rette i bygda, hjelpe han eller henne med å byggje nettverk, og hjelpe med språkopplæring.

– Ein bulystven kan du samanlikne med ein flyktningguide eller fadder, men ordninga er tilpassa behov og personlege preferansar hos deltakarane og dei frivillige, seier prosjektleiar Marte Tangen.

Denne delen av prosjektet har dei nesten berre positive opplevingar med. Alle deltakarane har fått ein bulystven, gode relasjonar og vennskap har vakse fram, og integreringa har auka.

Jobb er ofte ei utfordring

Målsetjinga om jobb, som prosjektet reknar som ein føresetnad for busetjing, har ikkje vore så lett å oppfylle. 70 prosent av jobbane i Valdres blir aldri utlyste, tilsetjinga skjer gjennom kjennskap og nettverk.

Abdela Romodan frå Eritrea er førebels ei av suksesshistoriene til prosjektet på jobbfronten. Han er tilkallingsvikar på Vangsheimen sjukeheim og trivst godt.

– Eg håpar på fast jobb etter kvart, og vil gjerne bli her i Vang, seier han.

– Ein av dei fem har flytt. Det er synd, men vi satsar hardt på at dei tre andre skal få innpass i yrkeslivet i Vang før året er slutt. Ein av dei er alt i delvis lønt arbeid, seier Marte Tangen.

Prioriter prosjektleiing

To år inn i prosjektperioden har «Integrerende arbeidsliv» erfaringar som dei meiner kan ha verdi for andre som vil satse på liknande løp.

– Bulystven, eller noko liknande, tilrår vi varmt. Så meiner vi det er eit godt råd å prioritere prosjektleiing sterkare enn vi gjorde. Det er mykje å følgje opp, og ei halv prosjektleiarstilling ville spart oss for slitasje og gjort arbeidet endå betre, seier Marte Tangen.

Ho understrekar òg at fleksibilitet er mykje verdt, at ikkje alle pengane bør vere bundne opp når prosjektet startar.

– Det er alltid noko som blir annleis enn ein ser for seg på førehand. Då er det fint at det er bygt inn ein fleksibilitet, som gir rom for rask og lettvint endring, seier ho.

Video: Vang i Valdres har prøvt ut ei ordning med bulystven for å få flyktningar til å busetje seg i kommunen. 

 

 

Tekst og foto: Erik Veigård / Videofabrikken

 


Byar i Midt-Skandinavia vil bli smartare og grønare 

Eit nytt samarbeidsprosjekt mellom SØT-byane - Sundsvall, Østersund og Trondheim - skal styrkje konkurransekrafta til små og mellomstore bedrifter i Midt-Skandinavia (SMB). Prosjektet skal fremje entreprenørskap og utvikle nye forretningsmodellar i Nordens Grønne Belte.


NordMap, ei ny nordisk interaktiv kartteneste

Nordregio har lansert, eit nytt nordisk kartverktøy. Med Nordmap kan ein lage kart, som viser utviklinga innan arbeidsmarknad, demografi, tilgjenge og velferdstendensar. Dette kan mellom anna nyttast til å samanlikne utviklinga i byar og regionar på tvers av dei nordiske landa.


Nye rapportar

Damvad og Bygdeforsking har laga to rapportar om lokal samfunnsutvikling. Den eine inneheld ei vurdering av måla bak innsatsen knytt til stadutvikling og lokal samfunnsutvikling, med særleg blikk på det distriktspolitske virkeområdet. Den andre inneheld ei systematisk oversikt over innsats og resultat i fylkeskommunane knytt til stadutviklingstiltak gjennom dei regional- og distriktspolitiske midlane.  

 


Kva skjer

1) Emax, 2. - 6. august, Lillehammer.
Innovasjon Norge inviterer unge som brenn for entreprenørskap. Arrangementet samlar over 100 gründerspirar frå heile landet.

1) Arendalsveka, 17. august, Arendal.
Arendalsveka skal vere ein årleg arena der nasjonale aktørar innan politikk, samfunns- og næringsliv møter kvarandre og folk, for debatt og utforming av politikk for notid og framtid. Arendalsveka er eit uavhengig dugnadsprosjekt. Arendalsveka er open for alle.

2) Oppstartssamling i fase 2 av Byregionprogrammet, 24. september, Oslo.
Programmet for dagen er under arbeid, men det er klart at Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vil vere med og diskutere mål og forventningar for fase 2. Vidare vil Distriktssenteret orientere om det praktiske arbeidet med læringsnettverket vidare i Byregionprogrammet. Det vil óg bli kunnskapspåfyll og gode eksempel frå ein eller fleire byregionar.

3) Nordleg Periferi og Arktis: Årskonferanse, 30. september, Kuopio/Finland.
Interreg VB Nordleg Periferi og Arktis arrangerer årskonferanse. Program  og påmelding vert kunngjort seinare.

4) Seminar om smart spesialisering, 1. oktober, Bodø.
Nordland fylkeskommune og Noregs forskingsråd inviterer fylkeskommunane til seminar om smart spesialisering for å dele og diskutere erfaringar. Ny regional satsing er eit tema.

5) Open days, 12. – 15. oktober, Brussel. 
Open Days i Brussel er EU si «massemønstring» for verdsdelen sine byar og regionar. Årets overbyggande tema er  Europa sine regionar og byar: partnarar for investering og vekst. Open Days- konferansen består av meir enn 100 seminar og verkstader.

6) VRI storsamling på Lillehammer, 28. oktober, Lillehammer.
På samlinga presenterer Forskingsrådet si nye regionale satsing, og det blir presentert funn og resultat frå innovasjonsforskinga i VRI.

_________________________________________________________________

Lenker til andre nettsider og nyheitsbrev  

______________________________________________________________

Om Regionalnytt

Utgitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling.  Ansvarleg redaktør: Ekspedisjonssjef Hallgeir Aalbu Redaktør: Seniorrådgjevar Linda Sjåstad Andreassen Redaksjonsmedarbeidarar: Seniorrådgjevar  Halvard Lægreid og seniorkonsulent Beate Solem 

E-post: regionalnytt@kmd.dep.no 

Av- og påmelding 

______________________________________________________________