Svar på spørsmål om kva som blir gjort for å evakuere nordmenn frå Gaza

Utanriksminister Espen Barth Eides svar på eit spørsmål frå Hege Bae Nyholt (R) om kva regjeringa gjer for å hjelpe norske statsborgarar å evakuere frå Gaza.

Skriftleg spørsmål nr. 273 (2023-2024)
Datert 26.10.2023

Frå representanten Hege Bae Nyholt (R) til utanriksministeren:

Vil statsråden sørge for at Norge legger press på Israel for å stanse bombingen av Gaza og i så fall hvordan, og hva vil utenriksministeren gjøre for å hjelpe Joanna, Murad, Sherin og andre norske statsborgere å evakuere fra Gaza?

Svaret frå utanriksministeren:

Regjeringa er sterkt bekymra over dei massive israelske luftangrepa mot Gaza. Basert på tal frå palestinske helsestyresmakter i Gaza oppgir FN at meir enn 8800 menneske er drepne i Gaza sidan 7. oktober, og meir enn 40 prosent skal vere barn. Øydeleggingane i Gaza er enorme. Det er ein desperat og uakseptabel situasjon. Spesielt for alle barna som lever i dette marerittet, er dette djupt traumatisk.

Regjeringa har vore klar på at vi anerkjenner Israels rett til sjølvforsvar, samtidig som vi har vore tydelege overfor Israel om at det er rammer for denne retten. Skal ein forsvare seg mot terror, må det skje i tråd med reglane i folkeretten, inkludert humanitærretten. Partane til ein konflikt må i krigføringa si skilje mellom militære mål og sivile. Militære angrep som medfører uforholdsmessige sivile tap set opp mot den militære fordelen ein forventar å oppnå, er forbodne. Det er humanitærretten heilt klar på. Regjeringa meiner at partane ikkje har gjort nok for å etterleve plikta til å verne sivile i samsvar med humanitærretten.

Eg vil samtidig understreke at humanitærretten òg gjeld for Hamas. Å gjennomføre målretta angrep på sivile eller ta dei som gislar, er forbodne. Det er heller ikkje tillate å skyte rakettar vilkårleg inn over israelsk territorium eller å bruke sivile som menneskelege skjold. Det blir rapportert at Hamas ofte oppheld seg og utfører aktivitetar ved eller i nærleiken av sivil infrastruktur. Dette er uakseptabelt, då det aukar risikoen for sivile tap og skader ytterlegare.

Det viktigaste no er å få ein uvilkårleg våpenstillstand i Gaza. Dette trengst mellom anna for å fordele nødhjelp internt i Gaza. Vi har òg vore tydelege på at det må sleppast inn nok mat, vatn, medisinar og andre livsnødvendige forsyningar til Gaza. Sjølv om forsyningane har auka dei siste dagane er det langt frå nok, og særleg mangel på drivstoff er no prekær. At sivile skal vernast og at dei skal ha tilgang til nødvendig humanitær assistanse – same kvar dei er – er eit grunnleggjande prinsipp i humanitærretten.

Noreg har kontinuerleg kontakt med Israel på ulike nivå og gjennom ulike kanalar. Vi formidlar våre klare posisjonar, bodskap og forventningar til dei. Slik er vi med på å leggje press på Israel. Det sender ein sterk bodskap at 120 av landa i verda, blant dei Noreg, 27. oktober stemde for ein resolusjon i FNs generalforsamling som oppmoda til våpenstillstand og å få nødhjelp inn i Gaza.

Når det gjeld norske borgarar i Gaza, har Utanriksdepartementet sett full krisestab. Staben jobbar døgnet rundt for å prøve å hjelpe norske borgarar. Eg er sterkt bekymra for situasjonen for dei norske borgarane – og dei andre sivile i Gaza. For å hjelpe til i situasjonen har vi omdisponert ressursar frå heile utanrikstenesta for å handtere krisa – og vi held fram med full styrkje arbeidet med å hjelpe norske borgarar. For å få norske borgarar ut av Gaza er vi avhengig av eit visst samarbeid med dei ulike sidene. Vårt håp er dei norske borgarane kan komme ut i veldig nær framtid.