Svar på spørsmål om våpenkvile i Gaza

Utanriksminister Espen Barth Eides svar på eit spørsmål frå Bjørnar Moxnes (R) om regjeringa støttar krav om våpenkvile mellom Israel og Hamas.

Skriftleg spørsmål nr. 252 (2023-2024)
Datert 27.10.2023

Frå representanten Bjørnar Moxnes (R) til utanriksministeren:

Støtter regjeringen kravet som fremmes av stadig flere land om en umiddelbar våpenhvile i Israel og Palestina?

Svaret frå utanriksministeren:

Heilt sidan Hamas sitt terrorangrep mot Israel 7. oktober og den følgjande konflikten mellom Israel og militante grupper i Gaza har regjeringa prioritert store ressursar til arbeidet med den alvorlege krisa. I tillegg til konsulær krisehandtering blir det jobba iherdig med ei rekkje innsatsar som kan bidra til å redusere dei større konsekvensane av krigen i Gaza. Noreg har tett kontakt med mange land og aktørar, inkludert FN-organisasjonar, om korleis vi kan hjelpe til i å avhjelpe den humanitære situasjonen, verne sivile og unngå ytterlegare eskalering. Vi vurderer fortløpande korleis vi best kan bidra frå norsk side.

Vi reagerer sterkt på behandlinga av sivile palestinarar i Gaza. Manglande mat, straum, vatn, medisinar og helsehjelp er ein katastrofe for folk i Gaza. Krigen har ført til ufatteleg liding på begge sider. Meir enn 1,4 millionar menneske er no internt fordrivne i Gaza, ifølgje FN. Samtidig gjer palestinske legar, sjukepleiarar, lærarar, og frivillige, ein heltemodig innsats for å redde liv og ta vare på menneske som er skadde, på flukt og sterkt traumatiserte.

Fredag stemde Noreg for ein resolusjon i FNs generalforsamling, som eitt av 120 medlemsland, der det blei oppmoda til våpenstillstand og å få inn nødhjelp til folk i Gaza. Det at verdssamfunnet bryr seg om dei som er innestengd i Gaza og deira rett til liv og helse, er ein tydeleg beskjed til alle partar om at folkeretten må respekterast, sivile blir verna og humanitær hjelp må sleppe inn i Gaza. Det at verdssamfunnet er oppteke av menneska i Gaza og deira rett til liv og helse, er eit viktig signal òg til Israel.

Det kviler på partane å sikre at nødhjelp når fram til sivile kontinuerleg, òg medan krigshandlingar går føre seg, og til alle stader dei vel å opphalde seg.