Avkommersialiseringsutvalet

Utvalet skal levere utgreiinga si i form av ein NOU til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Utvalet skal i tillegg levere ein delrapport med framlegg om juridisk definisjon av ideelle verksemder.

Mandat

Nettstad

Nettstaden til Avkommersialiseringsutvalet: https://avkommersialiseringsutvalget.no/

Medlemmer

Utvalet har 11 medlemmer med ein variert fag og erfaringsbakgrunn:

  • Utvalsleiar Jan-Erik Støstad, tidligere generalsekretær i SAMAK (Samarbeidskomiteen til arbeidarrørsla). 
  • Gøril Bjerkan, økonom og jurist (PhD), rådgjevar samfunnspolitisk avdeling i LO
  • Hogne Eidissen, kommunedirektør i Nesodden kommune
  • Ingunn Tollisen Ellingsen, professor ved det samfunnsvitenskapelige fakultet i Stavanger, leiar av nettverk for velferdsforskning
  • Ragnhild Finden, styreleiar og eigar av Kausvol gardsbarnehage AS
  • Linn Herning, dagleg leiar i alliansen For velferdsstaten
  • Benjamin Endre Larsen, HR-direktør ved Diakonhjemmet Omsorg AS
  • Karl Henrik Sivesind, Dr.polit. i sosiologi, forskar 1 ved Institutt for samfunnsforskning
  • Marta Szebehely, professor emeritus i sosialt arbeid, Stockholms universitet
  • Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde, tidligere kommunedirektør i Høyanger
  • Nils-Ola Widme, jurist, næringspolitisk direktør i Abelia.