Månadens eksempel - Hå, Klepp og Time

Dei tre rogalandskommunane Hå, Klepp og Time har har vore tidleg ute med å vedta regelverk og rutinar for folkerøysting i samband med kommunesamanslåing.

Eit stort tal kommunar skal i løpet av våren halde rådgjevande folkeavrøysting i samband med eventuell kommunesamanslåing. Det finst ikkje noko regelverk som fastsettar rutinar for folkerøysting, og kommunane er sjølv ansvarleg for gjennomføringa.

Tre kommunar som var tidleg ute med å vedta regelverk og rutinar for folkeavrøystinga er Hå, Klepp og Time kommunar i Rogaland

Dei tre kommunane har laga ein intensjonsavtale om å etablera ein ny Jæren kommune. Ole Vikse i Hå kommune leiar valgruppa som har ansvaret for gjennomføringa av folkerøystinga i kommunane. Han understreker at det er viktig med like spillereglar i dei tre kommunane, slik at like tilfelle behandlast likt. Sjølv om kommunane har hatt dårleg tid til å førebu folkerøystinga, er det naudsynt med ein ordentleg prosess som liknar ei valgjennomføring.

Dei tre kommunane har vald å leggje seg tett opptil rutinane for avvikling av ordinære val. Dei har i tillegg vedtatt at veljarar som har fylt 16 år innan utgangen av 2016, har stemmerett i folkerøystinga.

-Vi ønskjer å gje politikarane eit best mogleg grunnlag for avgjerda, ved å gjere det vi kan for å få flest mogleg av veljarane til urnene. Vi har både institusjonsstemmegjeving og førehandsstemmegjeving, slik som ved vanlege val. Vi leggjar også til rette for bortebuande studentar, ved at vi har opne vallokale også i påska. Veljarane skal ha tillit til prosessen, uansett kva for eit resultat vi får av folkerøystinga, seier Vikse.