Fræna kommune utmeldt av ROBEK

Fræna kommune har dei siste åra vist til gode økonomiske resultat, og blei tidlegare denne månaden utmeldt av ROBEK.

Kommunen blei meldt inn i registeret hausten 2009 etter at kommunestyret vedtok å dekke inn underskot utover det påfølgjande budsjettår frå da det oppstod. I tillegg følgde ikkje kommunen den vedtekne planen for dekning av underskot. Med bakgrunn i dette blei kommunen meldt inn i ROBEK etter kommuneloven §60 nr.1, bokstav c og d.

Dei siste åra har det vore sett  i verk gode tiltak frå både politikarar og administrasjon for å rette opp i kommunens økonomi, og dei kan no vise til gode resultat. I 2015 hadde kommunen eit netto driftsresultat på 4,3 prosent.