Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Tilskot til informasjonstiltak i samband med stortings- og sametingsvalget 2017

For å bidra til å auke valdeltakinga og kunnskapen om valet, er det oppretta ei tilskotsordning. Tilskotet kan dekkje utgifter knytt til informasjonstiltak, til dømes konferansar, kampanjar, internettsider, produksjon og distribusjon av trykksaker og så vidare. Tiltak retta mot ungdom, innvandrarar og veljarar med behov for tilrettelagt informasjon blir prioritert.

Det er organisasjonar og andre aktørar som er registrert i Enhetsregisteret/Frivillighetsregisteret som kan søkje om tilskot. Det er eit krav at tiltaket det blir søkt tilskot til er partipolitisk nøytralt. Enkeltpersonar, kommunar, fylkeskommunar og politiske parti kan ikkje søkje om dette tilskotet.

Regjeringa har i statsbudsjettet foreslått at det blir bevilga 5,2 millionar kroner til føremålet. Det er Valdirektoratet som forvaltar ordninga. Direktoratet tek atterhald om at Stortinget vedtek bevilgninga før tilskot kan bli utbetalt.

Meir om tilskotsordninga

Til toppen