Historisk arkiv

Bringar bær til folket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Arnstein Berdal, 39 år, Feios, Vik kommune i Sogn og Fjordane.

Arnstein Berdal, 39 år, bur og jobbar på slektsgarden i Feios, Vik kommune i Sogn
og Fjordane. Sambuar Anne Kari Nese Hopperstad jobbar som sjukepleiar på full tid, men hjelper til når det er behov.

Verksemd og drift: Dyrkar og sel bringebær produserte på friland og i tunnel. Verksemda er organisert som eit enkeltmannsføretak, men i høgsesongen, juli–september, sysselset Arnstein eit tjuetals personar på fulltid. I tillegg bidreg venner og familie.

Det er kjekt å produsere noko folk liker. Bringebær blir brukt mykje i dessertar, og det er jo nesten det beste ved eit måltid.

Arnstein Berdal, på gården Feios, Vik kommune i Sogn og Fjordane.
Det er kjekt å produsere noko folk liker. Bringebær blir brukt mykje i dessertar, og det er jo nesten det beste ved eit måltid seier, Arnstein Berdal. (Foto: Torbjørn Tandberg)

Valet: I 2006 overtok eg garden her i Feios etter minfar – og farfar og oldefar før han igjen. Då eg tok over, var det sauedrift på garden og bringebærdyrking i beskjeden skala. Etter om lag eitt år slutta eg med sau. Det var fleire grunnar til det. Vidare sauehald ville ha kravd ein del større investeringar, men først og fremst handla det om at eg hadde meir lyst til å drive med bringebær i større skala. Eg har alltid tenkt at eg ville overta gardsdrifta, og eg har hatt lyst til å utvikle noko sjølv. Det kjennest bra. Som bærprodusent har eg arbeidsplassen på eige tun, og eg er min eigen herre. Støtta frå sambuaren har òg vore avgjerande for den vidare satsinga på bringebærproduksjon. Ho deltek i arbeidet på garden, og det er svært viktig for meg. Livet som bringebærprodusent svingar veldig, frå rolege vintermånader til sommarmånader med fullt trykk og lite tid til anna enn bringebær.

Bidraget: Å dyrke gode bringebær som folk etterspør,er kjekt. Eg bringar bær til folket. Det første året produserte eg 5 tonn, då var det berre frilandsproduksjon. I dag produserer eg 25 tonn, og mesteparten går til Bama-systemet. Bama har gjort ein kjempejobb med distribusjon og har bidrege til at folk etterspør stadig meir bær. Mesteparten av bæra vi produserer her i fylket, går til den norske marknaden. I 90-åra distribuerte Bama 8 tonn konsumbær i året. No er talet komme opp i rundt 800 tonn. Tunnelproduksjon er mykje av årsaka til det, for no er ikkje lenger regnet ein trussel mot bæra. Bærplukkarane har òg fått betre arbeidsforhold etter at vi starta tunneldyrking. Eg er oppteken av at dei som jobbar for meg, skal ha det bra. Mange av dei kjem igjen år etter år. Det er triveleg. For å seie det sånn: Vi har vore i eit par bryllaup i Polen.

Eg har òg bidrege til «bieffektar» her på garden. Nederlandske Gus Morel har bikubane sine hos meg. Han produserer rundt 300 kilo honning i året. Biene hans pollinerer bringebærfeltet mitt. Det er kjekt. Gevinsten hans er same sort honning kvart år, og dessutan blir han ikkje så vêravhengig, for sjølv om det regnar, finn biene blomstrane under dei kvite presenningane.

Drivkrafta: Gneist, interesse for og ønske omå skape noko er drivkrafta mi. Og så er det kjekt å produsere noko folk liker. Bringebær blir mykje brukt i dessertar, og desserten er jo nesten det beste ved eit måltid. Men eg hadde ikkje klart dette utan støtte frå familie, venner og dei andre bærprodusentane i kommunen. Vi har eit veldig fint miljø, lærer av kvarandre og stiller opp for kvarandre. Sogn og Fjordane er eit føregangsfylke når det gjeld bærproduksjon. Landbrukskontoret har òg vore ein god støttespelar, og Innovasjon Noreg har gitt støtte til tunnelproduksjonen.

Framtida: Eg er positiv. Gjennom Bama-systemethar vi nådd ut til marknaden med korgbær i større skala og på ein meir effektiv måte. Bringebærproduksjon er ein fin leveveg. Målet er å produsere bringebær i større skala av topp kvalitet og sikre eit levedyktig gardsbruk.

Tekst: Hilde Bringsli Foto: Torbjørn Tandberg.

Bringebær
Heile 70 prosent av bringebæra til Arnstein Berdal blir produserte i tunnel. (Foto: ©Baard Næss, Samfoto)

Fakta & tal

Artikkel Sist oppdatert: 22.10.2013