Historisk arkiv

Spennande å sjå at det gror

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jan Terje Vignes, 32 år, Lauvsnes Gartneri, Finnøy.

Jan Terje Vignes, 32 år, Lauvsnes Gartneri, Finnøy.

Verksemd og drift: Moderne tomatproduksjon med 25 tilsette og eige pakkeri. Samdrift med nabogard om kyr og sau. I tillegg noko produksjon av mjølk, egg og kjøt. Garden har vore i familien i mange generasjonar. Tidlegare var det både ku, mink, rev, gris, sau og høns her. Jan Terje bygde først eit drivhus på tre mål. Seinare har han utvida, og no har han det største gartneriet på Finnøy.

Valet: Eg tok over garden som 19-åring. Faren min sa ateg måtte velje sjølv, og det var dette eg ville – og ønsket har berre forsterka seg. Det å halde på med tomatar og sjå at noko veks og gror ettersom ein styrer og legg til rette, er veldig spennande. No som vi har fått storleik på drifta, kan vi òg effektivisere. Det har vore ei veldig utfordrande og spennande tid. Vi har to små barn, og eg er glad for at dei har den same fridommen og den same plassen eg hadde som barn. Sjølv om det blir mange lange kveldar med arbeid, er eg like ved dei.

Tomatprodusent Jan Terje Vignes, Lauvsnes Gartneri, Finnøy
Tomatprodusent Jan Terje Vignes, Lauvsnes Gartneri, Finnøy.

Bidraget: Finnøy er den første og største tomatkommuneni Noreg. Då eg overtok garden, hadde han eit drivhus frå 1952. Eg bygde derfor eit nytt på 3000 kvadratmeter, og nokre år seinare bygde eg eit mykje større i tillegg. Vi starta med noko heilårsproduksjon i 2011, og no har vi heilårsproduksjon på 11 av 14 mål. Tomatane pakkar vi her ved hjelp av 25 tilsette. Saman med Bama gjer vi alt vi kan for å lage så gode produkt som mogleg. Vi har heile tida tilpassa tomattypen til forbrukarane sine ønske. Tidlegare selde vi lause cherrytomatar under namnet finnøycherryen. No sel vi søtare, meir eksklusive cherrytomatar under namnet juanita.

Hønsedrifta var lagd ned då eg tok over garden, men eg bygde nytt hønsehus i 2006 og tok opp drifta igjen. Vi har òg rundt 35 kyr og 25 sauer i samdrift med nabogarden. Vi har dessutan omvisingar for turistgrupper, som får høyre om tomatproduksjonen, smake og kjøpe. Det er ikkje her eg tener pengane mine, men det gir forhåpentlegvis ein marknadsførings- og gjenkjøpseffekt.

Tomatplanter i drivhus
Vi har heile tida tilpassa tomattypen til ønska til forbrukarane.

Drivkrafta: Eg synest det er utruleg kjekt å verebonde. Eg er veldig stolt av å føre vidare det far, farfar og oldefar har halde på med. Det er kjekt å få e-post frå folk rundt omkring i Noreg som fortel at dei har ete tomatane mine. 2012 blei eit spesielt år med mange utmerkingar. Det at nokon set så stor pris på det eg gjer, gir sjølvsagt ekstra giv. Det er utruleg viktig at vi har matproduksjon i Noreg. Eg meiner vi må ha ein betre dialog om kor mykje matproduksjon myndigheitene ønskjer, og så må det leggjast betre til rette for det. Det hjelper ikkje berre med fagre ord.

Framtida: Ønsket mitt er å auke norsk produksjonog vise det norske folk verdien av rein, kortreist kvalitetsmat. Eg er mellom anna med i ei prosjektgruppe gjennom Ryfylke smak for å styrkje matprodusentane i distriktet og sjå på ei heilskapleg satsing. Med det norske klimaet må vi leggje rette for at vi skal klare å dyrke produkt. Vi bruker mindre energi per produserte eining enn ved tradisjonell produksjon utan lys. Likevel bruker vi ein god del straum, og vi er avhengige av gode vilkår for å få det til. Føringa frå myndigheitene er at drivhus skal varmast med biogass. Vi nyttar ein del vasskraft og naturgass og jobbar saman med Finnøy biogass AS om eit pilotprosjekt, så vi kan levere gjødsel og tomatrestar til anlegget og få biogass tilbake. 

Pakkeriet på Lauvsnes Gartneri, Finnøy.
Jan Terje Vignes driv ein topp moderne tomatproduksjon med 25 tilsette og eige pakkeri.
 
På elleve av fjorten mål er det heilårsproduksjon. 
 
Tekst: Mari Mellum. Foto: Torbjørn Tandberg.

Fakta & tal

Artikkel Sist oppdatert: 22.10.2013