Historisk arkiv

Ein Kraftkar av ein ost

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kristin Waagen, 34 år, Saghaug Gard i Tingvoll kommunepå Nordmøre.

Kristin Waagen, 34 år, Saghaug Gard i Tingvoll kommunepå Nordmøre. Sambuar med Egil Smith-Meyer. To barn på eitt og fire år.

Verksemd og drift: Familiedriven gard med fire generasjonar. Driv mjølke- og kjøtproduksjon og gardsmeieriet Tingvollost, som blei etablert i 2003. Gardsmeieriet blei bygd i 2006. Nytt lausdriftsfjøs kom i 2008, og i 2012 blei gamlefjøset totalrenovert og gjort om til oksefjøs. Det har vore gardsdrift på Saghaug i meir enn 700 år.

 Vi har verdens viktigste jobb - å produsere mat.
Vi har verdens viktigste jobb - å produsere mat, sier Kristin Waagen.

Valet: Då eg var 18 år, bestemte eg meg for at detvar dette eg ville – vere bonde, drive med dyr og vere ute i naturen. Eg elskar å vere bonde. Vi er fire generasjonar som driv saman, så gardsdrifta og gardsmeieriet handlar ikkje berre om mitt, men om vårt val. Vi jobbar lange dagar, men lever eit godt liv og får tid til å vere familie. Ingen av barna er i barnehage på fulltid. Dei er vande til å vere med oss på jobb, både i fjøset og ysteriet. Slik hadde det ikkje vore dersom vi var i andre jobbar.

Kraftkar fra Tingvollost ost
Den prislønna osten Kraftkar ligg til modning i minimum seks månader og blir snudd for hand annakvar veke. Om lag 6000 ostar kan modnast samtidig i dei to kjøleromma på garden. (Foto: Hanne Stensvold)

Bidraget:Det mest spesielle med garden vår er atvi satsar både på lokalprodusert ost og volumproduksjon av mjølk og kjøt. Dei to delane er avhengige av kvarandre både økonomisk og arbeidsmessig. Det hadde vore vanskeleg å byggje opp Tingvollost utan å ha garden å tære på. Samtidig er det gardsmeieriet som driv utviklinga på garden og gjer det mogleg å utvide volumproduksjonen. Lokalmatproduksjonen er òg med på å løfte fram den reine kvaliteten på norske råvarer, i vårt tilfelle mjølka. Gras er ikkje berre gras, og mjølk er ikkje berre mjølk. Alt heng saman, frå korleis du driv jorda, til kvaliteten på fôret til dyra og trivselen deira, i tillegg til handverket i ystinga. Heile produksjonen skjer med handkraft, og vi gjer alt av sal og kundeoppfølging mot alle våre kundar nasjonalt. Det er litt som før i tida, direkte frå bonden. Forhåpentlegvis viser dette at det går an å investere i og skape arbeidsplassar innanfor landbruket og samtidig tene pengar på det. Med totalt ti tilsette er vi dessutan ein viktig arbeidsplass i bygda.

Spesialitat-merket
Tingvollost har fått Spesialitet-merket.

Drivkrafta: Den aller største drivkrafta mi og vårer nok det at vi har verdas viktigaste jobb – å produsere mat. Vi er svært stolte av det vi produserer. Det er òg motiverande å delta på og vinne prisar i internasjonale konkurransar. Vi synest det er viktig å få fram at Noreg lagar ost av høg kvalitet. Ingen dag er lik, og det skjer alltid noko uventa, men dette er draumejobben. I tillegg får eg vere mykje ute. Lukta av nyslått gras og nyhogge tømmer er yndlingsluktene mine.

Framtida: Etter at vi vann VM-gull for Kraftkari konkurranse med 2500 andre ostar frå heile verda, har pågangen frå nye kundar vore stor. Mange står i dag på venteliste. Korleis vi skal lykkast i framtida, blir påverka av fleire forhold, mellom anna dei tilsette. Vi er heldige som har stabile og dyktige medarbeidarar. Vi vel ikkje nødvendigvis folk med relevant utdanning. Vi handplukkar dei vi ønskjer å jobbe saman med, og i dag har vi både ein tekstforfattar, ein fysioterapeut, ein statsvitar og ein bioingeniør i staben. Elles har eg den haldninga at vi er tilpassingsdyktige, og at vi skal klare oss uansett. Og så har eg kjempetru på norsk landbruk. Samtidig er eg uroa over at vi går mot eit klasseskilje når det gjeld mat. Derfor har skulen og landbruket ein jobb å gjere. Dei må informere om kor viktig det er med rein og sunn mat, og dei må lære nye generasjonar å lage mat frå grunnen av. Mangel på kunnskap, både om råvarer og tillaging, er éi av dei største utfordringane i samfunnet. Det folk på kort sikt sparer på å kjøpe billig ferdigmat, taper samfunnet i form av meir sjukdom og medisinbruk på lang sikt. 

Mor til Kristin, Solvor Waagen, er ystesjef i Tingvollost og sørgjer for at ostemassen kjem i former. I bakgrunnen, sambuaren til Kristin, Egil Smith-Meyer, som er meierisjef i Tingvollost.
Mor til Kristin, Solvor Waagen, er ystesjef i Tingvollost og syter for at ostemassen kjem i former. I bakgrunnen, sambuaren til Kristin, Egil Smith-Meyer, som er meierisjef i Tingvollost. (Foto: Torbjørn Tandberg)

 

Tekst: Hilde Bringsli Foto: Torbjørn Tandberg.

Fakta & tal

Artikkel Sist oppdatert: 22.10.2013