§ 31: Kommunelova sine reglar om offentlege møte i samband med oppnemnt styringsgruppe for omstillingsprosessar

Sak 01/583

Eit fylkesmanneembete ville ha departementet sitt syn på om ei styringsgruppe måtte sjåast på som eit folkevald organ, og i kva grad møter i ei slik gruppe kan haldast for lukka dører.

Den aktuelle styringsgruppa besto av formannskapet sine medlemmer i tillegg til to representantar frå dei tilsette (tillitsvalde). Dei skulle arbeide med å evaluera den administrative organiseringa av kommunen.

Departementet uttala at om sakshandsamingsreglane i kommunelova skulle nyttast var det avgjerande om styringsgruppa måtte karakteriserast som eit folkevald organ etter kommunelova § 29 nr. 2. Eit offentleg organ omfattar alle kollegiale organ som er nedsett i medhald av kommunelova. Departementet konkluderte med at stryringsgruppa var eit folkevald organ.

Det som måtte vere avgjerande for om kommunelova sine regler om offentlege møte skulle nyttast, var om styringsgruppa sine samankomer må karakteriserast som møte i lova si forstand. I sivilombodsmannen si årsmelding, sak 94/0723 er det gjeve ei fråsegn i ei liknande sak. Der kjem der fram at ein må ta utgangspunkt i føremålet med regelen om opne møte når ein skal ta standpunkt til om eit samkome er møte i lova si forstand. Det avgjerande må vere om det er fastsett på førehand at medlemmer av organet skal tre saman for å forhandle, drøfte, treffe vedtak eller på anna måte handsame ei sak som dei er pålagt etter lov eller forskrift å handsame. Kommunelovutvalet har i NOU 1990:13 s. 309 lagt stor vekt på at det er mogeleg å føre demokratisk kontroll dersom møta er opne. Departementet peika på at det i praksis kan det vere vanskeleg å trekka grenser, det er derfor viktig at medlemmene – og i sær leiaren av organet – er seg medviten at lova sin hovudregel og utgangspunkt er at sakshandsaming skal vere offentleg.

Departementet konkluderte etter dette med at styringsgruppa sine samankomer var møte i lova si forstand.