Høyring: Ny mellombels forskrift om straumstøtte til jordbruksføretak, veksthus og vatningslag

Departementet sender med dette framlegg til ny mellombels forskrift om straumstøtte til jordbruket.

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 02.06.2022

Vår ref.: 22/213

Høyringsbrev mellombels forskrift om straumstøtte til jordbruksføretak, veksthus og vatningslag

Departementet sender med dette framlegg til ny mellombels forskrift om straumstøtte til jordbruket.

Høyringsframlegget er mellom anna ein oppfølging av Prop. 70 L (2021–2022) og Prop. 77 S (2021–2022) om å forlenge ordninga med straumstøtte for aktive jordbruksføretak og veksthus, samt å inkludere vatningslag i straumstøtteordninga.  I tråd med nemnte proposisjonar er det mellom anna gjort framlegg til endringar i støtteordninga for veksthus, slik at den gjerast søknadsbasert og med utmålingsfråsegner som i større grad enn gjeldande forskrift omsyntek at mange veksthus har fastpris- eller sikringsavtalar mot ekstraordinære høge straumutgifter. I høyringa er støtteordninga for vatningslag i hovudsak gjort lik som for veksthus.

Forlenginga av straumstøtteordninga føreset etablering og oppgradinger av forvaltingssystem knytt til straumstøtteordninga for å kunne utbetale støtte etter nytt regelerk. Vidare er det mellom anna behov for å etablere eit rettsgrunnlag for å kunne handsame opplysingar knytt til føretak som ikkje tidlegare har motteke straumstøtte. For å tryggje snarlege utbetalingar i medhald av nytt regelverk setjast difor høyringsfristen til 14 dagar.

Departementet ber høyringsinstansane om å sende høyringsframlegget til underliggande organ og andre verksemder som vil kunne vere interesserte i å kome med merknader og innspel.

Høyringsfristen er 2. juni 2022.

Høyringa er lagd ut på regjeringa.no https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd/id2913614/.

Bruk den digitale løysinga for å svare på høyringa ved å klikke på «Send inn høringssvar».

Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil verte publiserte på våre nettsider.

Med helsing 

Nils Øyvind Bergset
avdelingsdirektør

(e.f.)

Verner Bjerkvik
seniorrådgjevar

Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrivne signaturar

  • Norges Bondelag
  • Norsk Bonde- opg Småbrukarlag
  • Landbruksdirektoratet
  • Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
  • Statsforvalteren i Agder 
  • Statsforvalteren i Innlandet
  • Statsforvalteren i Nordland
  • Statsforvalteren i Oslo og Viken
  • Statsforvalteren i Rogaland
  • Statsforvalteren i Troms og Finnmark
  • Statsforvalteren i Trøndelag
  • Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
  • Statsforvalteren i Vestland
  • Norsk Gartnerforbund
  • Gartnerhallen SA
  • Grøntprodusentenes Samarbeidsråd