Innspel til arbeidet med systemmeldinga

I 2023 fekk Kunnskapsdepartementet innspel om Forskingsrådet si rolle og funksjonar i det norske forskings- og innovasjonssystemet. No ønskjer vi innspel på dei andre tema i systemmeldinga.

Status: Åpen

Svarfrist: 02.05.2024

Vår ref.: 22/5025

I vedlegget gir vi eit oversyn over pågåande arbeid som vedkjem forskingssystemet, og vi konkretiserer meldingsarbeidet gjennom å peika på fem område med særskilde moglegheiter og utfordringar som vi bør ta tak i no. Vi ber om konkrete innspel på desse fem områda, og om eventuelle andre utviklingstrekk og endringar som er viktige for forskingssystemet.  

 Spørsmål

  • Innanfor områda 1–5 i vedlegget ber Kunnskapsdepartementet om korte, skriftlege innspel:
    1. Kva bør gjerast, kva tiltak er aktuelle?
    2. Er det pågåande arbeid og/eller gode døme i inn- eller utland som Kunnskapsdepartementet børe vere kjent med?
  • Er det ev. andre utviklingstrekk og endringar som er relevante for forskingssystemet og som bør behandlast i meldinga?

Innspelsfrist og innspelsmøte

Kunnskapsdepartementet ber om innspel innan torsdag 02. mai 2024. Innspela skal være på maksimalt ti sider og skal lastast opp på denne siden. Innspela vil bli publiserte på regjeringen.no.