Meld. St. 23 (2009–2010)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Norden som region har lange tradisjonar for å samarbeide over nasjonale grenser. Regjeringa prioriterer dette samarbeidet. Utfordringane som følgjer av globaliseringa og den aktuelle situasjonen i internasjonal økonomi, krev at det vert lagt større vekt på å tilpasse og fornye seg i ei verd i kontinuerleg endring. Dei nordiske landa, med sitt kultur- og språkfellesskap, har eit godt grunnlag for å møte desse utfordringane saman.

For Noreg er Norden, nabolanda til Norden og nordområda eit naturleg utgangspunkt for viktige prioriteringar i utanrikspolitikken vår. Soria Moria-erklæringa slår fast at regjeringa legg vekt på nordisk dialog og ønskjer å utvikle potensialet i samarbeidet òg når det gjeld europeiske samarbeidsspørsmål.

Det er positivt for landa i Norden at aktiviteten over grensene har auka. Det skapar nye utsikter for næringslivet, både på arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida. Det same gjeld for studentar og for kulturarbeidarar. Samtidig stiller det større krav til innsatsen for å løyse grensehinder, slik at denne mobiliteten over grensene vert så problemfri som mogeleg. Dette arbeidet er høgt prioritert både nasjonalt og i dei nordiske institusjonane. Frivillige foreiningar som Norden-foreiningane er med på å gje dette fellesskapet eit breiare og meir mangfaldig fundament.

I det nordiske samarbeidet vert det lagt stor vekt på å vareta og styrkje det skandinaviske språkfellesskapet. Det vert difor arbeidd aktivt med informasjon og haldningsskapande arbeid, spesielt retta mot barn og ungdom.

Det formelle nordiske samarbeidet har roterande eittårige formannskap. Dette gjer det mogeleg for kvart enkelt land å setje eigne prioriteringar på dagsordenen. Samtidig er det viktig å følgje opp hovudsaker i samarbeidet frå ein formannskap til den neste, slik det no er tilfellet med både grensehinderarbeidet og globaliseringsinitiativet. Den danske formannskapen i 2010 sette grøn vekst på formannskapsprogrammet, som ein veg for dei nordiske landa når dei skal møte utfordringane frå den økonomiske krisa. Tema for globaliseringsforumet for statsministrane i Snekkersten i Danmark var Norden som lavenergisamfunn og Norden som grønt teknologilaboratorium. Denne vekta på utvikling og fornying gjev det nordiske samarbeidet ein ny dynamikk. Det same gjeld dei potensielle nye samarbeidsområda som er omtalte i Thorvald Stoltenbergs rapport om utviklinga av det nordiske samarbeidet.

Nordisk Ministerråd legg stor vekt på samarbeidet med nabolanda til Norden. Det er òg utvikla eit nært samarbeid med dei andre regionale råda, Arktisk råd, Barentsrådet og Austersjørådet. Den nordlege dimensjonen er eit viktig forum for eit sterkare nordisk samarbeid med Nordvest-Russland. Den islandske formannskapen i 2009 la òg vekt på å styrkje tilhøvet til Vest-Norden, og dette vert følgt opp i arbeidet til ministerrådet.

Meldinga orienterer i kapittel 2 om aktuelle saker i det nordiske samarbeidet. Globalisering, grensehinder og Stoltenberg-rapporten er hovudsaker. Kapittel 3 omhandlar samarbeidet med nabolanda og dei andre regionale råda, kapittel 4 orienterer om nordisk utanriks- og forsvars- og utviklingspolitisk samarbeid. Kapittel 5 omtalar det faglege samarbeidet.

Den norske delegasjonen til Nordisk Råd utarbeider ein eigen rapport som eit separat dokument.

Til forsida