Meld. St. 34 (2011–2012)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Det nordiske samarbeidet står i dag sterkare enn nokon gong tidlegare. Det vert retta stor merksemd mot mange samarbeidsområde innanfor Nordisk ministerråd og det utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet. Ved å byggje vidare på dei godt etablerte strukturane og samarbeidsformene kan ein få betre resultat for det enkelte nordiske landet og for Norden samla sett, både i europeisk og i internasjonal samanheng.

Nordisk samarbeid har i aukande grad vorte ein integrert del av europapolitikken, både politisk og strategisk. Dette gjeld særleg på område der dei nordiske landa har samanfallande interesser. Den europeiske integrasjonsprosessen har vorte ei felles ramme for politikk- og regelverksutviklinga i dei nordiske landa. Først og fremst gjeld dette på område som fell inn under EØS-avtalen, mellom anna nedbygging og avvikling av grensehinder, arbeidsliv, velferd, likestilling, miljø og klima. Også det nordiske samarbeidet om visumhandtering, konsulære saker og politisamarbeid er styrkt og vidareutvikla. Slik har det nordiske samarbeidet innanfor EU/EØS vorte eit av dei viktigaste nordiske samarbeidsinstrumenta sidan Helsingforsavtalen vart etablert for 50 år sidan.

Noreg har formannskapen i Nordisk ministerråd i 2012 og har valt å setje fokus på ein berekraftig velferdsstat i eit nordisk perspektiv. Velferdsstaten er under press i Norden som følgje av den økonomiske krisa i Europa. Helse og velferd, og nordisk kunnskapssatsing som sikrar relevant kompetanse i velferdsyrka i Norden, er difor løfta høgt opp under den norske formannskapen. Kultur- og språkfellesskapen i Norden dannar eit godt grunnlag for å samarbeide om felles utfordringar. I tillegg legg Noreg stor vekt på samarbeidsområde som grensehinder, kultur og nordisk språkforståing. Grøn vekst og klima er viktige prioriteringar som vert ført vidare frå dei føregåande danske og finske formannskapa.

Under formannskapen i det uformelle nordiske samarbeidet på det utanriks- og tryggingspolitiske området står oppfølginga av Stoltenberg-rapporten sentralt.

Prinsippa i Helsingforsavtalen står fast, noko som inneber at nordiske borgarar skal kunne reise fritt over grensene, og næringsliv, arbeidstakarar og arbeidsgjevarar må ha gode føresetnader for grenseoverskridande verksemd. Arbeidet med å løyse grensehinder har difor fått høg prioritet under den norske formannskapen. Målet er at mobiliteten over grensene skal vere så problemfri som mogeleg.

Nordisk ministerråd legg stor vekt på samarbeidet med nabolanda til Norden. Det går føre seg eit arbeid for å sjå på det framtidige samarbeidet mellom ministerrådet og naboområde i aust etter 2013. Det er òg utvikla eit nært samarbeid med andre regionale råd, som Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd. Den nordlege dimensjonen er eit viktig forum for eit sterkare nordisk samarbeid med Nordvest-Russland.

Globaliseringsinitiativet, som vart lansert i 2007, vert avslutta i 2012. Til saman er 22 globaliseringsinitiativ starta sidan 2008. Under det nordiske toppforskingsinitiativet (TFI) innanfor klima, energi og miljø har det vorte sett i gang i overkant av 30 prosjekt til ein samla verdi av ca. 700 millionar kroner.

Det er viktig at det nordiske samarbeidet endrar seg i takt med tida og utfordringane landa står overfor. Den norske formannskapen ønskjer å bidra til ytterlegare effektivisering og fokusering av det formelle regjeringssamarbeidet. Samtidig som dei fleste globaliseringsinitiativa vert avvikla i 2012 og i 2013, vert det difor etablert eit prioriteringsbudsjett som skal gje rom for politisk initierte prosjekt og gje større fleksibilitet.

Dei nordiske statsministrane har teke initiativ til eit tettare samarbeid og felles løysingar innanfor sentrale område som grøn vekst og helse. I dei ulike fagsektorane vert det i løpet av 2012 retta spesiell merksemd mot politiske prioriteringar for den norske formannskapen.

Organisering av det nordiske samarbeidet

Statsministrane

Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet og har regelmessige nordiske møte i tillegg til den kontinuerlege kontakten om nordiske og internasjonale spørsmål. Statsministrane møttest mellom anna i samband med Nordisk råds sesjon i København i november 2011, og i denne samanhengen var det òg møte med Nordisk råds presidium og med representantar for dei sjølvstyrte områda. Noreg var vertskap for sommarmøtet i Nord-Noreg i juni 2012. Neste statsministermøte finn stad i samband med Nordisk råds sesjon i Helsingfors 30. oktober 1. november 2012.

Samarbeidsministrane, budsjett og administrasjon

Samarbeidsministrane møtest som regel fire gonger i året. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud har vore nordisk samarbeidsminister sidan oktober 2009 og leier den norske formannskapen. Samarbeidsministeren legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med Nordisk råd.

Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet. Eit viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyring. Budsjettet til Nordisk ministerråd for 2012 var på 961 millionar danske kroner og vart vedteke i semje med Nordisk råd. Den norske delen er 29,17 prosent, basert på ein fordelingsnøkkel som vert rekna ut med utgangspunkt i delen dei respektive landa har av den samla nordiske bruttonasjonalinntekta. For 2013 har generalsekretæren føreslått ei reell vidareføring av 2012-budsjettet. Det norske bidraget vert truleg noko høgare enn i 2012, men vert først justert seint på hausten 2012. Budsjettet skal vedtakast av samarbeidsministrane i slutten av oktober 2012.

Samarbeidsministrane har ansvaret for det fortløpande arbeidet, medan generalsekretæren i Nordisk ministerråd skal koordinere og førebu den konkrete innsatsen. Den nye generalsekretæren skal byrje i 2013 og avløyse Halldór Ásgrímsson, som har hatt stillinga i seks år.

Stillinga til dei sjølvstyrte områda i det nordiske samarbeidet

Ålandsdokumentet av 2007 inneber at dei sjølvstyrte områda på visse område vert likestilte med dei nordiske landa når det gjeld arbeidet i Nordisk ministerråd. Helsingforsavtalen vart ikkje endra, men vert tolka slik at sjølvstyre, landsstyre og landskapsregjering, innanfor ramma av den kompetansen dei har, får rett til å vere adressatar for og kan svare på tilrådingar og spørsmål frå Nordisk råd. Dei sjølvstyrte områda kan leie ministermøte, embetsmannskomitear og arbeidsgrupper. Ålandsdokumentet gjev dei sjølvstyrte områda rett til å søkje om full medlemskap i nordiske institusjonar og samarbeidsorgan dersom området har ei «særskilt og påviseleg interesse» for institusjonen.

Innhald

Meldinga orienterer i kapittel 2 om aktuelle saker i det nordiske samarbeidet, og den norske formannskapen er hovudsaka. Kapittel 3 omhandlar samarbeidet med nabolanda og dei andre regionale råda, medan kapittel 4 orienterer om nordisk utanriks-, forsvars- og utviklingspolitisk samarbeid. Kapittel 5 omtalar det faglege samarbeidet i ministerrådet og korleis formannskapen vert følgd opp i dei ulike sektorane.

Til forsida