NOU 2009: 6

Tilstandsrapport ved salg av bolig

Til innholdsfortegnelse

11 Utkast til forskrift om autorisasjon av bygningssakkyndige

Forslaget bygger på en ordning med foretaksbasert autorisasjon. Medlemmene Hammerø, Hatlebakk og Heggheim mener at autorisasjonen bør være personbasert, men et forslag bygd på dette alternativet er ikke utarbeidet.

Ny forskrift om autorisasjon av bygningssakkunnige skal lyde:

Kapittel 1 Autorisasjon

§ 1-1 Krav om autorisasjon

Berre føretak med autorisasjon etter denne forskrifta kan utarbeide tilstandsrapportar som er godkjende i høve til føresegnene i avhendingslova §§ 3-11 til 3–13 (§§ 3-11 til 3-14).

§ 1-2 Kven som kan gje autorisasjon

(1) Autorisasjon etter denne forskrifta blir gjeven av departementet.

(2) Departementet kan delegere til eit offentleg eller privat organ sine fullmakter etter denne forskrifta.

§ 1-3 Kven som kan få autorisasjon

(1) Autorisasjon kan gjevast til desse føretaka:

  1. aksjeselskap eller allmennaksjeselskap,

  2. utanlandske føretak som er registret i Føretaksregisteret, og som oppfyller nærare krav til organisering og revisjonsplikt fastsette av departementet, og

  3. andre føretak som oppfyller nærare krav til organisering og revisjonsplikt fastsette av departementet.

(2) Føretaket skal ha fast kontorstad i Noreg. Departementet kan i einskildvedtak gjere unntak frå kravet til fast kontorstad dersom dokumenta i føretaket som gjeld oppdrag med tilknyting til tilstandsrapportar, blir oppbevarte på ein fast stad her i riket på ordna og forsvarleg måte. Dokumenta skal vere tilgjengelege og tilrettelagde for innsyn frå offentleg kontrollstyresmakt og tilsyn elles med heimel i lov.

(3) Føretaket må vera i stand til å gjere opp sine skyldnader etter kvart som dei forfell, og ha ein eigenkapital som er forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i føretaket.

(4) Føretaket skal ha ein fagleg leiar som har godkjenning som ansvarleg bygningssakkunnig etter § 2–2. Har føretaket ein eller fleire filialar, skal kvar av filialane ha ein fagleg leiar som har godkjenning som ansvarleg bygningssakkunnig.

(5) Føretaket skal ha ei forsikring i skadeforsikringsselskap som nemnt i forsikringsvirksomhetsloven eller eit anna føretak som nemnt i finansieringsvirksomhetsloven § 1-4 første ledd nr. 1 til 4. Forsikringa skal dekkje det ansvaret føretaket kan pådra seg i tilknyting til verksemda og dekkje ansvar på minst tjue millionar kroner. Ansvaret for kvart skadetilfelle kan avgrensast i forsikringsavtalen, men ikkje til mindre enn fem millionar kroner for kvart skadetilfelle.

(6) Føretaket skal vere tilslutta ei klageordning, jf. avhendingslova § 3–11 fjerde ledd.

§ 1–4 Suspensjon og tilbakekalling av autorisasjon

(1) Autorisasjon etter denne forskrifta kan kallast tilbake av departementet dersom føretaket

  1. ikkje lenger oppfyller vilkåra etter § 1-3,

  2. grovt eller fleire gonger handlar i strid med plikter etter lov eller forskrifter, eller

  3. ikkje gjev opplysningar etter § 4-1 eller ikkje betaler gebyr etter § 4–2.

(2) Autorisasjonen kan suspenderast for opp til seks månader dersom det ligg føre rimeleg grunn til å tru at det er grunnlag for tilbakekalling av autorisasjonen.

Kapittel 2 Ansvarleg bygningssakkunnig

§ 2-1 Ansvarleg bygningssakkunnig for kvart oppdrag

Føretaket skal peike ut ein ansvarleg bygningssakkunnig for kvart oppdrag. Den ansvarleg bygningssakkunnige skal ha godkjenning etter § 2–2.

§ 2–2 Kven som kan vera ansvarleg bygningssakkunnig

Medlemmene Assev, Ebeltoft, Evensen, Lilleholt, Mæland, Nordby og Rokhaug foreslår at bestemmelsen skal lyde:

(1) Den som skal godkjennast som ansvarleg bygningssakkunnig, må

  1. ha ei grunnutdanning på minst 180 studiepoeng etter ein studieplan som departementet har godkjent, eller tilsvarande kunnskapar som departementet har godkjent i kvart tilfelle;

  2. ha ei utdanning på minst 50 studiepoeng innafor tilstandsrapportering for bustader etter ein studieplan som departementet har godkjent, eller tilsvarande kunnskapar som departementet har godkjent i kvart tilfelle;

  3. ha minst tre års relevant praktisk røynsle innafor dei fem siste åra før søknad om autorisasjon.

(2) frem til 1. januar 2015 kan departementet på grunnlag av dokumentasjon av tilfredsstillande teoretiske og praktiske kunnskapar gje godkjenning som ansvarleg bygningssakkunnig til personar som ikkje fyller vilkåra etter første ledd.

(3) Den som har godkjenning som ansvarleg bygningssakkunnig, skal for kvart kalenderår dokumentere deltaking i relevant etterutdanning som svarar til fem studiepoeng.

(4) Departementet kan fastsetje føresegner om godkjenning av søkjarar med yrkeskvalifikasjonar frå andre land.

Medlemmet Holm er enig i forslaget, men mener at første ledd bokstav c i stedet skal lyde:

  • c ha minst fem års praktisk røynsle med ­bygningsvurdering/tilsyn/tilstandsanalyse, etter avslutta utdanning, innafor dei åtte siste åra før søknad om autorisasjon, der minst tre av desse åra skal omfatte røynsle med tilstandsrapportering;

I tillegg foreslår dette medlemmet inntatt en bestemmelse i første ledd bokstav d som skal lyde

  • d ha utarbeidt minst ti godkjente tilstandsrapportar for kvart av dei tre åra med tilstandsrapportering nemnde i bokstav c.

§ 2–3 Tilbakekalling av godkjenning som ansvarleg bygningssakkunnig

Godkjenning som ansvarleg bygningssakkunnig kan kallast tilbake av departementet dersom personen

  1. ikkje lenger oppfyller vilkåra etter § 2–2,

  2. grovt eller fleire gonger handlar i strid med plikter etter lov eller forskrifter, eller

  3. ikkje gjev opplysningar etter § 4–1 eller ikkje betaler gebyr etter § 4-2.

§ 2–4 Personar som kan utføre oppgåver under tilsyn

Ein person som har utdanning som nemnd i § 2–2 første ledd bokstav a og b, kan utføre oppgåver med tilstandsrapportar under tilsyn av ein person som har godkjenning som ansvarleg bygningssakkunnig.

Kapittel 3 Oppdraget og utføringa av det

§ 3–1 Forbod mot å ta oppdrag frå visse personar og føretak

Utvalgsmedlemmene Assev, Ebeltoft, Evensen, Lilleholt, Mæland, Nordby og Rokhaug foreslår at bestemmelsen skal lyde:

(1) Føretaket skal ikkje laga tilstandsrapport for ein eigedom der føretaket er eigar, medeigar eller panthavar eller har økonomiske interesser av liknande slag. Det same gjeld dersom det ligg føre slik interesse hos

  1. person eller føretak som har eigarinteresser i det autoriserte føretaket,

  2. føretak som det autoriserte føretaket har eigarinteresser i,

  3. person som er tilsett i det autoriserte føretaket,

  4. ektemake eller sambuar med person som er tilsett eller har eigarinteresser i det autoriserte føretaket,

  5. sysken eller slektning i rett opp- eller nedstigande line til personar som er nemnde i a, c eller d.

(2) Føretaket skal ikkje ta imot oppdrag frå eigarar, advokatar, eigedomsmeklarar, forsikringsselskap eller andre som føretaket på grunn av samarbeid eller anna har slik tilknyting til at det er skikka til å skape tvil om den uavhengige stillinga i høve til oppdraget.

(3) Føretaket skal straks varsle oppdragsgjevaren dersom det blir kjent med at personar eller føretak som nemnde i første og andre ledd er aktuelle som kjøparar av eigedommen som tilstandsrapporten gjeld. Dersom føretaket vart eller burde ha vorte merksam på dette før oppdraget er utført, kan oppdragsgjevaren seie opp oppdraget utan å måtte betale vederlag. Føretaket skal gjere oppdragsgjevaren merksam på denne retten.

Medlemmet Holm er enig i forslaget til første og tredje ledd, men mener at annet ledd i stedet skal lyde:

(2) Føretaket skal ikkje ta imot oppdrag frå eigedomsmeklarar. Føretaket skal heller ikkje ta imot oppdrag frå eigarar, advokatar, forsikringsselskap eller andre som føretaket på grunn av samarbeid eller anna har slik tilknyting til at det er skikka til å skape tvil om den uavhengige stillinga i høve til oppdraget.

§ 3–2 Utføringa av oppdraget

Oppdraget med å laga godkjend tilstandsrapport skal utførast i samsvar med dei reglane som går frem av forskrift om tilstandsrapportar, og elles i samsvar med god skikk for bygningssakkunnige.

Kapittel 4 Tilsyn med autoriserte føretak og personar med godkjenning som ansvarleg bygningssakkunnig

§ 4–1 Tilsyn og opplysningsplikt

(1) Departementet fører tilsyn med føretak som er autoriserte etter forskrifta her, og med personar som har godkjenning som ansvarleg bygningssakkunnig.

(2) Autoriserte føretak og personar med godkjenning som ansvarleg bygningssakkunnige skal gje departementet dei opplysningane som blir kravde i tilknyting til verksemda.

(3) Andre leddet gjeld tilsvarande for føretak som har fått autorisasjonen tilbakekalla eller suspendert, og for personar som har fått godkjenninga som ansvarleg bygningssakkunnig tilbakekalla.

§ 4–2 Dekning av kostnadene med autorisasjonsordninga

(1) Departementet kan fastsetje gebyr for tildeling av autorisasjon og årleg gebyr for å ha autorisasjon. Likeins kan det fastsetjast gebyr for godkjenning av ansvarleg bygningssakkunnig.

(2) Gebyret skal fastsetjast av departementet for eitt år om gongen på grunnlag av dei venta kostnadene med autorisasjonar, godkjenningar og tilsyn.

Til forsiden