Ot.prp. nr. 32 (2003-2004)

Om lov om endring i straffelova (avgrensa rett til offentleg framsyning av grove valdsskildringar utanfor næring)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om ei endring av straffelova § 382, slik at «film, videogram eller lignende der det i underholdningsøyemed er gjort utilbørlig bruk av grove voldsskildringer», likevel lovleg kan synast fram offentleg på annan måte enn i fjernsynssending, såframt framsyninga ikkje skjer i næring. Bakgrunnen for lovforslaget er eit oppmodingsvedtak frå Stortinget. Framlegget vil i hovudsak føre rettstilstanden attende til slik han var mellom 1988 og 1998.

Framlegget inneber at informasjonsfridomen for personar over 18 år vert utvida. Føremålet med framlegget er å sikre at det er mogleg å føre ein fri debatt rundt bruken av valdsskildringar i film. Personar og miljø som er opptekne av film som medium og formidlar av kultur, vil få høve til å sjå og debattere valdsfilm som ein elles ikkje kan syne fram offentleg. Grove filmatiske valdsskildringar er tilgjengeleg for mange gjennom privat import, Internett, satellittkanalar m.v. Eksistensen av slike privat tilgjengelege valdsskildringar er i seg sjølve eit argument for at samfunnet treng fora for å debattere bruk av vald i film. Departementet vil understreke at det er tale om eit svært avgrensa unntak, som berre gjeld for personar som er 18 år eller eldre. Mindreårige vil ikkje som følgje av framlegget få auka tilgang til medievald. Framlegget er òg slik formulert at det heller ikkje ligg føre auka risiko for at mindreårige lettare får slik tilgang.

Etter framlegget vil unntaket gje høve til offentleg framsyning av film og videogram når fire kumulative vilkår er oppfylte:

  1. Framsyninga må ikkje skje i næring.

  2. Personar under 18 år må ikkje vere til stades under framsyninga.

  3. Framsyninga kan berre finne stad i lokalar der den ansvarlege kan kontrollere at ingen under 18 år er til stades.

  4. Det må før framsyning vere sendt melding til politiet i det aktuelle distriktet med opplysningar om kva for lokale som skal brukast, tidspunktet for framsyninga og namn på den personen - eller dei personane - over 18 år som er ansvarleg for framsyninga.

Dersom disse fire vilkåra er oppfylte, vil det etter framlegget ikkje vere grenser for kva slags valdsskildringar som kan synast fram offentleg. Dette er i samsvar med det som allereie gjeld med omsyn til privat filmframsyning.

Departementet gjer framlegg om at unntaket skal omfatte alle ikkje-kommersielle offentlege framsyningar, medrekna framsyningar som ledd i undervisning, på politiske debattmøte, i filmklubbar med ideelle formål m.v.

Lovframlegget gjeld berre film og videogram. Dette inneber at forbodet vert ståande t.d. med omsyn til offentleg framsyning av dataspel der ein med sikte på underhaldning har gått for langt når det gjeld bruk av valdsskildringar.

Departementet gjer framlegg om at unntaket skal gjelde valdsfilmar generelt og ikkje berre filmar som Statens filmtilsyn har nekta å godkjenne for offentleg framsyning.

Framlegget rører ikkje ved forbodet i straffelova § 204 første ledd bokstav e mot offentleg framsyning av filmar med pornografisk innhald, som gjeld utan omsyn til om framsyninga skjer i næring eller ikkje. Framlegget inneber difor ikkje ein utvida rett til framsyning av pornografiske biletskildringar.

Departementet har vurdert om det i tillegg burde vere eit unntak frå straffeansvaret i straffelova § 382 første ledd for omsetting av film og videogram til bruk for slike framsyningar som ein no vil legalisere, men gjer ikkje framlegg om dette i proposisjonen.