Ot.prp. nr. 4 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (overføring av oppgåver frå politiet til Lotteritilsynet)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram forslag om einskilde endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (lotterilova) for å overføre visse oppgåver etter lotterilova frå politiet til Lotteritilsynet. Forslaget medfører at dei forvaltningssaker som politiet i dag handsamar med heimel i lotterilova, skal overførast til Lotteritilsynet. Lotterinemnda skal vere klageorgan for Lotteritilsynet sine vedtak i desse sakene.

Det vert gjort framlegg om at Lotteritilsynet får overført ansvaret for å autorisere lokalinnehavarar på steder der det vert avhalde lotteri og godkjenning av organisasjonar som berre skal arrangere bingo, samt ansvaret for å gjennomføra trekningar av etterhandstrekte lotteri med omsetning over 150 000 kroner.

Endringane vil ikkje få følgjer for lovens virkeområde eller føresegnene sitt innhald elles. Endringane skal berre legge til rette for ei administrativ overføring av politiet sine forvaltningsoppgåver etter lotterilova til Lotteritilsynet. Det vert teke sikte på at oppgåvene skal overførast innan 1. januar 2008.