Ot.prp. nr. 6 (2004-2005)

Om lov om handheving av det frie varebyttet innan EØS

Til innholdsfortegnelse

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i proposisjonen her framlegg om lov om handheving av det frie varebyttet innan EØS. Lova skal gjennomføre rådsforordning (EF) nr. 2679/98 av 7. desember 1998 om verkeområdet til den indre marknaden med omsyn til det frie varebyttet mellom EØS-statane (handhevingsforordninga) i norsk rett. Målsetjinga med forordninga er å sikre at det ikkje oppstår alvorlege faktiske hindringar for det frie varebyttet, til dømes i form av private blokadar og øydeleggingar. Forordninga inneheld òg reglar om utveksling av informasjon mellom EØS-statane.