Ot.prp. nr. 61 (2002-2003)

Om lov om endringar i rettsgebyrloven mv. og i selskapslovgivinga (kunngjeringsreglar)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I budsjettproposisjonen for 2002 vart det orientert om at departementet ville kome tilbake til ei samla vurdering av gebyrpolitikken for Brønnøysundregistra i statsbudsjettet for 2003. I statsbudsjettet vart det gitt ei generell framstilling av dei problemstillingane departementet arbeidde med, og vist til at saka skulle sendast på høyring same haust. Allmenn høyring vart gjennomført i perioden desember 2002 til februar 2003.

Departementet går inn for at gebyra for tenester frå Brønnøysundregistra ikkje lenger skal vere kopla til rettsgebyret. Dette vil gi større fleksibilitet når ein skal fastsetje gebyr for dei enkelte tenestene, uavhengig av om ein held fast ved inntektskrava til Brønnøysundregistra. Det vert foreslått å ta inn alternative gebyrheimlar i dei lovene som regulerer tenester dei ulike registra i Brønnøysund utfører, dvs. føretaksregisterlova og tinglysingslova. Vidare foreslår departementet at dagens heimlar i rettsgebyrlova blir oppheva. I etterkant vil det bli fastsett ei felles gebyrforskrift for alle registra i Brønnøysund.

Departementet foreslår òg at ein går bort frå dagens kunngjering i Norsk Lysingsblad, og i staden kunngjer selskapsrelaterte saker elektronisk. Elektronisk kunngjering gir betre tilgang til kunngjeringane, mellom anna gjennom utvida søkjemoglegheiter og enkle abonnementsordningar. Registra kan òg spare store kostnader ved ei slik omlegging, sidan ein i dag bruker 32 millionar kroner på kunngjering i Norsk Lysingsblad.

Til forsida