Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 72 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet gjer med dette framlegg til lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram. Endringane skal bringe lova i samsvar med den nye § 100 om ytringsfridom i Grunnlova. I tillegg har departementet vurdert framlegga i eit Dok. nr. 8-framlegg om aldersgrenser og reklameforbod på barneframsyningar.

Departementet gjer framlegg om at førehandskontrollen berre skal vere obligatorisk for filmar eller videogram som skal synast fram for personar under 18 år. Dette inneber at den såkalla «vaksensensuren» blir oppheva. For filmar som berre skal visast for vaksne vil distributøren på eige initiativ kunne be Medietilsynet vurdere om filmen er i strid med forboda mot pornografi (film- og videogramlova § 4, jf avsnitt 5 nedanfor) og grov underhaldningsvald (straffelova § 382).

Departementet foreslår at det skal vere straffbart å syne fram pornografiske filmar på kino. Forbodet vil også ramme filmar som skildrar alminnelig seksuell aktivitet. Framlegget vil ikkje gjelde omsetning (sal eller utleige) av videogram. For omsetning av videogram gjeld den generelle grensa for pornografi i straffelova § 204.

Departementet gjer også framlegg om endringar i ordninga med kommunal konsesjon for framsyning eller omsetning av film eller videogram i næring.

Departementet går ikkje inn for endringar i reglane om aldersgrenser eller å innføre eit nytt forbod mot reklame på barneframsyningar på kino.

Til toppen
Til forsida av dokumentet