Prop. 1 S (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 — Utgiftskapitler: 1800–1870, 2440, 2442 og 2490 Inntektskapitler: 4800–4833, 5440, 5490, 5680 og 5685

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

5 Prosjekt under utbygging

I dette kapitlet er det gitt ei samla utgreiing om utviklinga i kostnader og lønsemd for dei prosjekta der plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) er godkjend av styresmaktene, og der prosjekta framleis er under utbygging eller har komme i produksjon etter 1. august 2011. Som bakgrunn for utgreiinga har departementet henta inn opplysningar frå operatørselskapet for dei ulike prosjekta.

Tabell 5.1 viser eit oversyn over differansen mellom operatørane sine investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira per juli 20121.

Tabell 5.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

(i mill. 2012-kroner)

PUD/PAD-godkjent

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Endring

Endring i pst.

Atla

2011

1 382

1 382

0

0,0

Brynhild

2011

4 227

4 579

352

8,3

Edvard Grieg

2012

24 205

24 205

0

0,0

Ekofisk Sør

2011

28 022

27 237

-785

-2,8

Eldfisk II

2011

37 987

37 893

-94

-0,2

Gaupe

2010

2 828

2 376

-453

-16,0

Goliat

2009

30 942

37 142

6 200

20,0

Gudrun

2010

20 592

18 976

-1 616

-7,8

Hyme

2011

4 593

4 780

187

4,1

Jette

2012

2 590

2 909

319

12,3

Kårstø Expansion Project 2010

2008

6 675

6 297

-378

-5,7

Knarr

2011

11 437

11 527

90

0,8

Martin Linge

2012

25 641

25 641

0

0,0

Marulk

2010

4 162

4 476

314

7,5

Oselvar

2009

4 937

5 120

183

3,7

Skarv

2007

35 632

47 162

11 530

32,4

Skuld

2012

9 895

10 147

253

2,6

Stjerne

2011

5 263

4 976

-287

-5,5

Valemon

2011

26 329

26 880

551

2,1

Valhall Vidareutvikling

2007

25 163

46 727

21 564

85,7

Vigdis Nordøst

2011

4 194

4 467

273

6,5

Visund Sør

2011

5 296

5 208

-88

-1,7

Yme

2007

4 894

14 114

9 220

188,4

Åsgard Kompresjon

2012

15 661

17 693

2 031

13,0

Sum

342 547

391 914

49 366

14,4

Gjennomføringa av prosjekt under utbygging er operatørane og dei andre rettshavarane sitt ansvar. I kvart enkelt prosjekt er det rettshavargruppa som utviklar prosjektet fram til ei investeringsavgjerd, og som leverer plan for utbygging og drift (PUD) til godkjenning hos styresmaktene. Departementet tek imot og behandlar desse planane, som så blir lagde fram for Stortinget eller Kongen i statsråd. Det er operatørane og rettshavarane sitt ansvar å gjennomføre det enkelte prosjektet i tråd med godkjend plan, og innanfor fastsett kostnadsramme. Departementet følgjer opp dette arbeidet mellom anna gjennom å hente inn grunnlag for budsjettrapporteringa knytt til kvart enkelt prosjekt som blir formidla til Stortinget i denne proposisjonen.

Fram mot finanskrisa hausten 2008 var utviklinga i kostnadsnivået for feltutbyggingar rundt om i verda prega av kraftig vekst. Berekningar utført at IHS/CERA viser at utbyggingskostnadene knytte til petroleumsprosjekt internasjonalt meir enn dobla seg i perioden 2004-2008. I 2009 fall kostnadene kraftig som følgje av låg oljepris og redusert investeringsaktivitet. Sidan den gongen har kostnadane teke seg opp, og IHS/CERA anslår ved bruk av sin kapitalkostnadsindeks at prisnivået internasjonalt no er nesten på høgde med toppnivået i 2008. Auka etterspørsel etter olje, i hovudsak frå økonomiar som veks fram, medførte ein sterk auke i oljeprisen gjennom 2011 og på våren 2012.

Utviklinga i prisane på varer og tenester som blir nytta i samband med utbyggingar på norsk sokkel er i stor grad påverka av internasjonale forhold. I likskap med utviklinga internasjonalt har også kostnadsnivået på norsk sokkel vore prega av sterk vekst dei siste åra.

Auka investeringsnivå sidan PUD på felt under utbygging er ikkje det same som kostnadsoverskridingar, og treng ikkje å vere negativt for lønsemda i eit prosjekt. I den grad det høgare investeringsnivået resulterer i auka kommersiell utnytting, vil det medverke til høgare verdiskaping frå prosjekta.

Samla investeringar knytte til prosjekt under utbygging på norsk sokkel er berekna til 391,9 mrd. 2012-kroner. Dette utgjer ein auke på over 49 mrd. 2012-kroner frå investeringsnivået på PUD/PAD-tidspunktet. Avvika på Valhall, Yme og Skarv utgjer i overkant av 94 pst. av dette avviket.

Samla noverdi for alle prosjekta som er under utbygging er berekna til om lag 153 mrd. 2012-kroner. Dette er berekna på bakgrunn av olje- og gassprisføresetnader frå Nasjonalbudsjettet 2013.

Kostnadsendringar på enkeltprosjekt

Det totale investeringsnivået for Valhall vidareutvikling var ved PUD anslått til om lag 25,2 mrd. 2012-kroner. Det oppdaterte investeringsoverslaget viser ein samla auke på om lag 21,6 mrd. kroner samanlikna med PUD. Investeringane knytte til ny innretning på feltet var ved PUD-tidspunktet berekna til 15,5 mrd. 2012-kroner. Kostnadane for denne er i dag estimert til 23,5 mrd. 2012-kroner, ein auke på 8 mrd. kroner. Denne auken skuldast endringar i utforming av innretninga og kostnadsvekst. Arbeidet med integrering av gamalt og nytt anlegg vart òg meir omfattande enn planlagt. I tillegg skuldast kostnadsendringa at reservoaret på feltet visar seg meir komplekst enn venta i PUD, noko som gjer det naudsynt med fleire brønnar. Kostnadane for boring av kvar brønn har òg auka. Ei avgjerd om å installere havbotnseismikk og behov for ekstra flotell bidreg ytterlegare til kostnadsauken. Det er framleis god lønnsemd i prosjektet.

Det oppdaterte investeringsoverslaget for Yme viser ein auke i investeringane på om lag 9,2 mrd. 2012-kroner frå det som vart estimert i PUD i 2007. Investeringsoverslaget har auka vesentleg sidan omtale i Prop. 1 S (2011-2012). Produksjonsstart for Yme var i PUD anslått til januar 2009. Yme-feltet skal byggjast ut med ei leigd plattform og eit undervassanlegg. Undervassanlegget er installert og brønnane bora og kompletterte. Kostnadane knytt til boring og komplettering er høgare enn anslått i PUD. Det har vore og er betydelege problem knytte til ferdigstilling av plattforma. Hovuddelen av kostnadsauken i prosjektet er knytt til leveransen av plattforma som er vesentleg forsinka grunna store tekniske utfordringar. Dette har medført forlenga prosjektvarigheit og dermed auka kostnadar knytte til mellom anna leige av flotell og auka kostnadar knytte til leiing og prosjektering. Det står enno igjen betydeleg arbeid før utbygginga av Yme-feltet er sluttført.

Rettshavarane og leverandøren av plattforma utgreier i dag korleis prosjektet på best mogleg vis kan sluttførast. Det er i dag ikkje sett eit nytt tidspunkt for start av produksjon på Yme. Departementet ser alvorleg på kostnadsauken og dei betydelege utsetjingane av produksjonsstart. I lys av overskridingane i kostnader, utsett start og uvisse rundt vidare framdrift, har departementet bedt operatøren om å levere ei endra PUD for Yme til departementet innan 31. desember 2012.

Skarv har ein anslått auke på 11,5 mrd. 2012-kroner samanlikna med investeringsanslaget i PUD. Dette er ei betydeleg oppskriving sidan førre omtale. Dei viktigaste faktorane i kostnadsauken er endringar i design og konstruksjon av undervassinstallasjonar, utsetjing av boreprogrammet grunna forseinking i konstruksjonen av boreinstallasjonar, og ein auke i kostnader knyta til høgare vekt på plattforma enn planlagt. I tillegg har installasjon av stigerøyr, testing av utstyr og ferdigstilling teke lengre tid enn planlagt. Lønnsemda i prosjektet er framleis god.

Det oppdaterte investeringsoverslaget for Goliat viser ein auke i investeringane på om lag 6,2 mrd. kroner frå det som vart estimert i PUD i 2009. I følgje operatøren er kostnadsauken i hovudsak knytt til ein auke i marknadsprisar, lengre leveringstid for utstyrspakkar og høgre råvarekostnadar grunna sterkt press i leverandørmarknaden. Dette har i hovudsak påverka kostnadsrammene for fabrikasjon og installasjon av undervassutstyr og røyrleidningar, boring og komplettering av brønnar og ulike utstyrspakkar. I tillegg er produksjonseininga blitt fordyra med årsak i teknologiske utfordringar, meir omfattande engineering og større arbeidsmengde enn føresett, noko som har ført til utsett leveringstidspunkt. Lønnsemda i prosjektet er framleis god.

Åsgard Kompresjon sitt nye investeringsanslag ligg 2 mrd. kroner over investeringsanslaget ved godkjenning i Stortinget 27. mars 2012. Stortinget vart i behandlinga av prosjektet orientert om ein auke i investeringsanslaget i PUD på 2 mrd. kroner. Åsgard Kompresjon utviklar og tek i bruk ny teknologi for kompresjon av gass på havbotnen. Kostnadsauken skuldast utfordringar knytte til endringar i teknisk konsept, og ein stram leverandørmarknad. Lønnsemda i prosjektet er god.

Marulk vart sett i produksjon i april 2012. For Marulk ligg investeringsanslaga 314 mill. kroner over investeringsanslaget ved PUD. I hovudsak skuldast dette høgare kostnader forbunde med brønnboring og komplettering som skal gjennomførast hausten 2012.

For Skuld er investeringsanslaga 200 mill. kroner over investeringsanslaget ved PUD. Dette skuldast forseinkingar av leveranse av utstyr, noko som medfører leige av alternativt utstyr og dermed ein auke i kostnadar.

Produksjonen på Oselvar tok til i april 2012. Det oppdaterte investeringsanslaget på Oselvar ligg 183 mill. kroner over investeringsanslaget angitt i PUD. Dette skuldast høgare kostnader enn venta knytte til boring og komplettering av brønnar.

For Valemon er investeringsanslaget auka med 551 mill. kroner sidan PUD vart levert. Dette skuldast i stor grad ein auke i kostnadar for levetidsforlenging på Heimdal-plattforma, der rikgassen frå Valemon skal transporterast. Vidare har det vore ein auke i kostnadar for leiing og prosjektering som vart underestimert i PUD, ein auke i kostnader forbunde med oppfølging av byggjearbeidet av plattforma og ein auke i kostnadar som skuldast boring av ein ekstra brønn for å injisere av borekaks. Samstundes har prosjektet hatt lågare investeringar knytte til plattforma, der høg internasjonal konkurranse har medverka til lågare prisar enn venta.

For Brynhild er det ein auke i investeringar på 351 mill. kroner sidan PUD. Dette skuldast at ein har vedteke å bore fire brønnar i staden for tre brønnar og ein pilot som skissert i utbyggingsplanen. Dette fører til auka kostnadar på undervassanlegget.

For Jette er det ei auke i investeringsanslaget på om lag 319 mill. kroner. Dette skuldast i stor grad ei auke i kostnader forbunden med ei endring i bore- og kompletteringstid. Det er også auke i kostnader knytte til modifikasjonar, samt leiing og prosjektering grunna forlenga prosjektgjennomføringstid på tre månader. Operatøren har informert departementet om at det vil bli utarbeida nye kostnads- og ressurstal for utbyggjinga.

For Hyme er det ein auke i investeringsanslaget på 187 mill. kroner. Dette skuldast auka kostnader knytte til introduksjon av ein pilotbrønn og endring av boreplan som gir fleire boreoperasjonar.

For Vigdis nordaust er det ein auke i investeringsanslaga på 273 mill. kroner. Dette skuldast ein auke i kostnader knytte til konstruksjon og installasjon av undervassanlegga, og ein auke i installeringskostnader av dieselsystem grunna dårleg vêr.

For Knarr er det ein auke i totale investeringar på 90 mill. kroner i forhold til anslaget i PUD. Anslaga for undervassanlegg har auka betrakteleg, grunna stram marknad for undervassinstallasjonar. Vidare har det vore auka kostnader knytte til prosjektleiing for undervassinstallasjonar og innretning. Samstundes har investeringsanslaget for boring og komplettering vorte redusert betrakteleg, grunna ein reduksjon på talet brønnar på Knarr Vest. Talet på brønnrammer er redusert frå tre til to.

Fleire prosjekt har justert ned investeringsanslaga sine i forhold til det som vart innrapportert i PUD.

Gudrun har ein reduksjon i sitt investeringsanslag på 1,6 mrd. kroner. Dette skuldast lågare investeringar knytte til plattform, der gunstige kontraktar, kutt i styringskostnader og endring av fasing fører til reduksjonen.

Ekofisk Sør har ein reduksjon i investeringsanslaget sitt på 785 mill. kroner. Dette skuldast gevinstar ved samordning av kontraktar til undervassanlegg for fleire prosjekt og meir effektive boreplanar.

Gaupe har ein reduksjon i investeringsanslaget sitt på 452,5 mill. kroner. Dette skuldast i stor grad ubrukte prosjektreservar, lågare kontraktsum for undervassanlegga og lågare dagratar på flotellet. Operatøren har informert om at det vil bli utarbeida nye ressurstal for utbyggjinga.

KEP2010 har eit investeringsanslag som er 378 mill. kroner lågare enn ved PUD. Dette skuldast hovudsakleg ein prosjektreserve inkludert i PUD-tala som ikkje har vorte brukt. Det er òg noko avvik som skuldast endringar i omfang. Stjerne har ein reduksjon i investeringsanslaget sitt på 287 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak reduserte kostnader knytte til flotell, der både redusert dagrate og redusert flotellperiode fører til reduksjon.

For Eldfisk II og Visund Sør er det små justeringar ned i investeringsanslaga. For Atla, Edvard Grieg og Martin Linge er det ingen endringar i investeringsanslag samanlikna med PUD.

6 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid

Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet (OED) har det overordna ansvaret for viktige samfunnsfunksjonar og beredskapsområde knytte til kraftforsyninga, forvaltninga av vassressursane og for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land. OED har òg ansvar og oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred.

OED har følgjande overordna mål for departementets beredskapsarbeid:

  • Effektiv handtering av kriser.

  • God organisering av departementets tryggleiks-, beredskaps- og krisehandteringsapparat.

OEDs planverk for krisehandtering skal dekkje ulike typar kriser som OED kan bli involvert i. Planverket viser organisering og rutinar for den interne krisehandteringa og for kontakt med andre departement og underliggjande etatar.

OED har gjennomført og delteke i relevante beredskapsøvingar i 2012 og vil føre vidare arbeidet med øvingar i 2013.

Forsyningstryggleik for gass

Norsk petroleumsverksemd er viktig for ei påliteleg energiforsyning til Europa. Norsk gass dekkjer om lag 20 pst. av det totale europeiske gassforbruket. Departementet er på si side ansvarleg for å utforme eit ressursforvaltningssystem (rammeverk) som skal syte for ei best mogeleg forvaltning av olje- og gassressursane på norsk sokkel. Rettshavarane er gitt ansvar for utvikling, produksjon og sal av norsk olje og gass. Rammeverket er utforma for å sikre at aktørane har best mogeleg evne til å oppfylle dette.

Det er oljeselskapa og Gassco AS som har det operative ansvaret for leveransetryggleik for gass. Oljeselskapa si evne til å yte leveransetryggleik knyter seg både til enkeltfelt på sokkelen, den samla feltporteføljen til selskapa og evna deira til å sikre seg nedstraums ved kommersielle arrangement, gasslager med meir.

Gassco er som operatør for transport- og behandlingsanlegga for gass på vegner av eigarane i Gassled, underlagt petroleumslovgivinga. Forsyningstryggleik er ein integrert del av deira drift, og risikostyring og beredskapsarbeid ein naturleg del av operatørrolla. Arbeidet er regulert av lov- og forskriftsverk, avtaler med interessentskapet Gassled og avtaler med skiparane i systemet, og Gassco si koordinerande rolle i leveransane for gass. Gassco er ansvarleg for kvaliteten på transportnettet og utfører inspeksjonar og vedlikehald.

Ved ei hending med konsekvensar for helse, miljø eller tryggleik (HMS) rapporterer operatøren til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet rapporterer vidare til blant anna Oljedirektoratet (OD). Ved hendingar utan HMS-innslag rapporterer operatøren direkte til OD. I alle tilfelle er det OD som varslar og orienterer OED fortløpande om hendingar som inntreff.

Forsyningstryggleik for drivstoff

I situasjonar med større fysisk underskot på drivstoff innanlands har OED ansvar for drivstoffberedskapen. Ved eventuell svikt i tilførslene til OECD-området blir det ytt bidrag til eventuelle IEA-initierte krisehandteringsplanar for å dempe skadeverknadene av underskotet. Aktuelt tiltak for krisehandtering nedstraums er trekk i beredskapslager av petroleumsprodukt. Oljeselskap som produserer (raffinerer) eller importerer petroleumsprodukt er lovpålagte å halde beredskapslager tilsvarande 20 dagars normalforbruk. Ved behov, det vil seie ved ein svikt i leveransane til den norske marknaden eller på verdsmarknaden, kan styresmaktene påleggje selskapa å selje frå desse lagra.

Forsyningstryggleik for elektrisitet

Stabil og effektiv kraftforsyning er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne halde ved lag normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er òg av stor verdi for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og for å halde ved lag landet si forsvarsevne under beredskap og i krig.

Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilova kapittel 9. NVE leier Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der alle einingane i kraftforsyninga deltek.

Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å treffe nødvendige tiltak.

Statnett har vidare ansvaret for å utgreie og utvikle nødvendige verkemiddel for å sikre momentan balanse gjennom ein svært vanskeleg kraftsituasjon (SAKS) i nær kontakt med energistyresmaktene. Forslag til tiltak skal leggjast fram for NVE for godkjenning. Statnetts tiltak er mobile gasskraftverk og energiopsjonar. Tiltaka skal berre brukast i svært vanskelege kraftsituasjonar der faren for rasjonering er stor.

Ved langvarig mangel på evne til å dekkje behovet for elektrisk kraft kan styresmaktene innføre rasjonering, det vil seie å tvangsutkople forbruk og rekvirere produksjon. Rasjonering blir eventuelt vedteke av OED etter råd frå NVE.

Skred og vassdrag

Det operative ansvaret og gjennomføringa av statlege oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred, er delegert til NVE.

NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv vassdragsanlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir teken vare på, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere større hendingar. NVE kan gi pålegg til eigar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan også sjølv setje i verk tiltak når det er særskilt fare for alvorleg skade.

NVE gir hjelp og rettleier kommunane med å førebyggje skadar frå flaum, erosjon og skred. Oppgåvene inneber å kartleggje og informere om fareområde, gi faglege råd og retningslinjer for kommunal arealplanlegging, gi kommunar fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak, overvake og varsle flaum og skredfare. I tillegg gir NVE fagleg hjelp under beredskaps- og krisesituasjonar til kommunar, politi og andre beredskapsstyresmakter.

7 Petroleum, energi og miljø

Omsynet til miljøet og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak, men sektorane vil også i framtida ha verknader på miljøet.

7.1 Miljøutfordringar

  • Utslepp til luft frå petroleumssektoren medverkar mellom anna til utslepp av klimagassar.

  • Utslepp til sjø ved leiting og utvinning av olje og gass kan påverke det marine miljøet.

  • Utbygging av fornybar energiproduksjon og infrastruktur, for eksempel i form av demningar, vegar og kraftlinjer, påverkar natur- og kulturmiljøet lokalt.

Utslepp til luft

Stasjonær forbrenning, inklusive olje- og gassutvinning, står for ein monaleg del av dei norske utsleppa til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utan metan (nmVOC), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH).

Noreg skil seg frå andre land ved at nesten heile det innanlandske elektrisitetsforbruket er dekt av vasskraft. Noregs evne til å produsere elektrisitet med vasskraft medverkar til låge luftutslepp frå den innanlandske energibruken. Men dette inneber òg at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Produksjon og bruk av elektrisk kraft kan variere monaleg frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperaturforhold. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, deriblant brensle som fyringsolje, gass og biomasse, auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå innanlands stasjonær energibruk varierer frå år til år.

Utsleppa frå petroleumssektoren til luft er stort sett avgassar frå forbrenning av gass i turbinar, fakling av gass og forbrenning av diesel. Desse avgassane inneheld mellom anna CO2 og NOx. Andre miljøskadelege stoff som blir sleppte ut er nmVOC, metan (CH4) og svoveldioksid (SO2).

I 2011 sleppte petroleumsverksemda ut om lag 13,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, inkludert utslepp knytte til forbrenning og prosess frå offshore- og landanlegg. Kraftgenereringa i turbinane, fakling av gass og dieselforbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx. Mengda av utslepp er avhengig både av forbrenningsteknologien og kor mykje drivstoff som blir brukt. Til dømes gir forbrenning i gassturbinar lågare utslepp av NOx enn forbrenning i dieselmotorar. Petroleumsverksemda sleppte i 2011 ut 50 300 tonn NOx, om lag 27 pst. av dei totale NOx-utsleppa i Noreg.

Mindre bøyelast av råolje, og framhaldne tiltak for utsleppsavgrensing, førde til at nmVOC-utsleppa frå olje- og gassutvinning gjekk vidare ned i 2011. Olje- og gassutvinning står for om lag ein fjerdedel av nmVOC-utsleppa. Sidan 2001 er utslepp av nmVOC frå olje- og gassverksemda redusert med meir enn 80 pst. Dei betydelege utsleppsreduksjonane er oppnådde som følgje av installering av anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar. Dei gjennomførte tiltaka offshore har ført til at nasjonale utslepp av nmVOC no er lågare enn forpliktinga Noreg har i 2010 i Gøteborg-protokollen.

Utslepp til sjø

Norsk petroleumsverksemd står for om lag 3 pst. av dei nasjonale utsleppa av miljøfarlege stoff til sjø. Hovudtilførselen kjem frå landbasert industri. Utsleppa til sjø frå olje- og gassverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta. Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekommande stoff frå reservoaret, og restar av tilsette stoff. Det produserte vatnet blir injisert igjen i reservoaret eller reinsa før utslepp til sjø. Etter reinsing vil vatnet innehalde små mengder olje, mindre mengder andre organiske sambindingar, nokre tungmetall og restar av tilsette stoff. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Ein forskar likevel vidare på moglege langtidseffektar av eksponering av låge konsentrasjonar av miljøfarlege stoff i produsert vatn. Borekaks som inneheld olje og borevæske som tidlegare stod for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå aktiviteten, vert no injisert i eigna reservoar, eller teke til land for vidare behandling. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehalding borekaks/-væske er auka energibruk og dermed utslepp til luft frå sektoren.

Dei siste åra har petroleumsverksemda gjennomført omfattande tiltak for å redusere utsleppa av produsert vatn til sjø, innhaldet av dispergert olje, andre organiske sambindingar og tungmetall. Petroleumsindustrien har investert milliardar og har gjennomført tiltak som har redusert utsleppa betydeleg. Utslepp av tilsette miljøfarlege kjemikaliar frå norsk sokkel er redusert med over 99 pst. dei siste ti åra. Nullutsleppsmålet vert rekna som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det vert framleis arbeidd aktivt for å få bytt ut dei resterande miljøfarlege stoffa.

Det er venta at voluma av produsert vatn vil auke i åra fram mot 2015. Dette fordi dei store felta på norsk sokkel produserer meir vatn når dei blir eldre. Tiltaka for å redusere utslepp av olje pr. eining produsert vatn har klart å stabilisere utsleppa på det nivået som er i dag. Industrien implementerer heile tida nye tiltak for å redusere utslepp av produsert vatn.

I samband med oppdatering av forvaltingsplanen for det marine miljøet i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten blei reglane for utslepp til sjø for desse havområda endra. No skal utslepp til sjø frå petroleumsverksemda i forvaltingsplanområdet bli regulert på same måten som petroleumsverksemda på resten av norsk kontinentalsokkel.

Akutte utslepp til sjø

Olje- og gassverksemda har, i dei 40 åra med verksemd på norsk sokkel, ikkje vore årsak til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over 1 kubikkmeter (m3) er avgrensa.

Totale volum av akutte utslepp av olje til sjø i 2011 var på 18,6 m3, der eit utslepp var over ein 1 m3. Styresmaktene har pålagt industrien å utføre risikoanalysar og å gjennomføre aktivitetane slik at risikoen for akutte utslepp er så låg som mogleg.

Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.

Inngrep

Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar, som til dømes nettutbyggingar, medfører inngrep i natur- og kulturmiljø. Rundt ein tredel av vassdraga i Noreg er påverka av inngrep med kraftproduksjon som formål. Dei siste åra har ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi komme frå små vasskraftverk (opp til 10 MW). I tida framover vil ein òg sjå ein auke i bygging av vindkraftverk.

Ved utnytting av fornybare energikjelder, og ved bygging av kraftleidningar, står ein overfor viktige avvegingar med omsyn til miljøet. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Utfordringa ved utbygging av ny produksjon og kraftoverføring er å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.

7.2 Regjeringas miljøpolitikk på petroleums- og miljøområdet

Noreg er ein energinasjon. Vi har stor vasskraftproduksjon, og er blant verdas største eksportørar av olje og gass. Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og leiande innanfor utviklinga av miljøvennleg energi.

Satsing på energiomleggingstiltak er sentralt i regjeringas miljøpolitikk på energiområdet. Det er mogleg å auke den miljøvenlege energiproduksjonen vesentleg, og energien kan brukast meir effektivt. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår.

Regjeringa vil fremje effektiv og miljøvis akseptabel energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvalting av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av fornybar kraft skjer utan at naturmangfald eller store landskapsverdiar går tapt.

Forsking og utvikling på fornybar energi er viktig for å nå miljømåla. Det er òg ny teknologi og andre løysingar som medverkar til å gjere petroleumsverksemda meir miljøvenleg. Kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren må bli brukt til å utvikle teknologi og finne løysingar som reduserer utsleppa av klimagassar. I tillegg til vasskraft har Noreg eit stort potensial for energiproduksjon frå vindkraft til lands og til havs, bioenergi, solenergi og bølgjekraft. Vidare kan òg termisk energi frå luft, vatn og grunn nyttast.

Vi skal foreine vår rolle som petroleumsprodusent med ambisjonen om å vere leiande i miljø- og klimapolitikken. Olje- og gasspolitikken skal byggje på ei kunnskapsbasert og langsiktig forvaltning av petroleumsressursane. Dei heilskaplege rammene for petroleumsverksemda blir fastlagde i forvaltningsplanane for kvart enkelt havområde.

Eit sentralt mål i regjeringas politikk for å redusere klimagassutslepp er å medverke til å utvikle løysingar for fangst og lagring av CO2. Gjennom mellom anna arbeidet med fullskala reinsing på Mongstad, teknologisenteret på Mongstad og forsking, utvikling og demonstrasjon av ny teknologi støtta av CLIMIT-programmet, vil regjeringa medverke til å utvikle framtidsretta og effektive teknologiar for CO2-handtering. Regjeringa vil òg medverke til at den erfaringa og teknologien som blir utvikla gjennom dei norske prosjekta kan resultere i monalege reduksjonar av CO2-utslepp også utanfor Noreg.

7.3 Departementets arbeid med miljø og klima

7.3.1 Fangst og lagring av CO2

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa, og har investert betydelege midlar for å utvikle norske prosjekt for fangst og lagring av CO2.

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i regjeringa si satsing på å få fram teknologiar som kan redusere utslepp av CO2, jf. St.prp. nr. 38 (2008-2009). Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. I tillegg er det eit mål å bidra til spreiing av kunnskap og erfaringar internasjonalt slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan reduserast, og å medverke til å auke aksepten for CO2-handtering som eit viktig klimatiltak. TCM vart offisielt opna i mai 2012. Gassnova arbeider med planar for korleis TCM skal nyttast etter den første testperioden som går ut i løpet av 2013.

Miljøverndepartementets utslippstillatelse av oktober 2006 og gjennomføringsavtalen mellom staten og Statoil fastsett at det skal bygges eit fullskala CO2-håndteringsanlegg på Mongstad. Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO2-handtering legg rammer for planleggingsarbeidet av fullskala CO2-handtering på Mongstad. Statoil og staten ved Gassnova signerte 5. april 2011 ei avtale, Steg 2 utviklingsavtala, som regulerer samarbeidet mot ei investeringsavgjerd. Mellom anna vil teknologikvalifisering og teknologival vere viktig, ein prosess som er rekna å vare i tre år. Dersom ein fangstteknologi skulle bli tilstrekkeleg utvikla og kvalifisert tidlegare enn dette, skal spørsmålet om teknologival takast opp straks. Dette vil kunne bidra til raskare framdrift i prosjektet.

Vidare har Gassnova, i samarbeid med Gassco, arbeidd med planlegging og førebuing av transport- og lagringsløysingar for CO2 frå Mongstad. Oljedirektoratet ferdigstilte i 2011 eit CO2-lagringsatlas for Nordsjøen og fører vidare dette arbeidet med å kartleggje høve til lagring i Norskehavet. I Meld. St. 9 (2010-2011) vart det varsla at Gassnova skulle utføre ei brei og oppdatert kartlegging av høva til CO2-handteringsprosjekt utover Mongstad.

Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia arbeidet med oppfølginga av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt. Dette arbeidet har òg i 2011 vore høgt prioritert frå departementet si side. Målsetjinga for arbeidet er å få aksept for fangst og lagring av CO2 som eit viktig klimatiltak og etablere ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien, samt å medverke til at teknologien blir teken i bruk utanfor Noreg. Noreg har med Sleipner- og Snøhvitprosjekta viktig erfaring med lagring av CO2.

Det er oppretta ei rekkje regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved olje- og energidepartementet deltek. Mellom anna deltek departementet i North Sea Basin Task Force, Carbon Sequestration Leadership Forum, The 4-Kingdom Initiative, og Det globale CCS-instituttet (GCCSI). Vidare samarbeider Noreg tett med EU og deltek i ei rekkje av EUs organ og fora, retta mot mellom anna utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO2, i tillegg til generelt å fremje CO2-handtering som eit nødvendig klimatiltak. For ytterlegare omtale, sjå kap. 1833, post 73.

7.3.2 Energi og vassdrag

Det er tett samspel mellom utvikling i forbruk, produksjon og nett. Auka utbygging av fornybar kraftproduksjon føreset ei tilsvarande utbygging og utvikling av overføringsnettet. Det er derfor viktig å leggje til rette for god koordinering av forbruksutvikling, investeringar i nett og i ny produksjon. Etter energilova pliktar derfor nettselskapet å utgreie, søkje om og eventuelt byggje nett utan ugrunna opphald, dersom eit produksjonsprosjekt som er rasjonelt sett ut frå samfunnsomsyn krev nettinvesteringar. I dei tilfella nettselskapet ikkje meiner det er rasjonelt ut frå samfunnsomsyn, må selskapet søkje konsesjonsstyresmakta om fritak.

Energiomlegging og energi- og klimateknologisatsing

Måla til regjeringa er ein langsiktig omstilling av Noreg til eit samfunn med låge utslepp. Satsinga gjennom Enova og Energifondet er eit sentralt element i regjeringas miljøpolitikk på energiområdet.

Enova og Energifondets formål er å fremje ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og miljøteknologi. Verksemda skal styrkje forsyningstryggleiken og redusere utsleppa av klimagassar.

Gjennom Stortingets behandling av Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk, har Enova fått eit utvida mandat, jf. Innst. 390 S (2011-2012). Blant anna skal Enova forvalte den nye satsinga til regjeringa på klimateknologi. Klimateknologisatsinga skal ha som mål å redusere klimagassutslepp og gi varige energiinnsparingar i industrien gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar som kan medverke til dette. Det er lagt til grunn at satsinga blir retta inn mot utvikling av ny teknologi og støtte til teknologiar nær marknadsintroduksjon. Blant anna skal Enova kunne gi støtte til investeringar i fullskala produksjonslinjer.

Det er mange andre tiltak som, saman med satsinga gjennom Enova, er med på å byggje opp under ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi. Omsetjelege kvotar for CO2 og avgiftene på klimagassar er viktige. Fleire andre særavgifter på energi medverkar òg til å påverke energibruken. Det er innført ei rekkje energistandardar og energimerkeordningar for produkt. Det er òg innført strenge forskrifter med krav om energibruken i nye bygg og det er innført krav om energimerking ved sal, utleie, og oppføring av nye bygningar. Det finst òg andre støtteordningar, som støtte til forsking og utvikling gjennom Noregs forskingsråd, Miljøteknologiprogrammet som er forvalta av Innovasjon Noreg og PFE-ordninga for industrien, som er forvalta av NVE. Generelt grensar fleire delar av Enovas verksemd opp mot andre delar av verkemiddelapparatet og Enova samarbeider med blant anna NVE, Statnett SF, Klima- og forureiningsdirektoratet, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd. I løpet av 2011 har Enova inngått nye avtaler som gir eit venta (kontraktfesta) energiresultat på om lag 1,3 TWh/år. Gjennom avtaler med industri vart det i 2011 kontraktfesta resultat på til saman 130 GWh/år. For bygningar, bustad og anleggssektorane var det kontraktfesta resultatet på 592 GWh/år. Det vart inngått avtaler om fornybar varmeproduksjon på til saman 595 GWh/år i 2011. På området ny teknologi vart det oppnådd eit resultat på 27 GWh/år. I løpet av 2011 vart det kansellert gamle prosjekt for til saman 324 GWh/år.

Fornybardirektivet er eit viktig direktiv for å sikre samhandling med EU-landa om fornybar energi og meir effektiv bruk av energi. Målet i EU er ein samla del fornybar energi på 20 pst. i 2020. Noreg har teke på seg ei forplikting om å auke vår del fornybar energi til 67,5 pst. i 2020. Dette er den klart høgaste delen i Europa. Delen fornybar energi i Noreg i 2010 er av SSB anslått til om lag 61 pst.

Direktivet pålegger alle land å leggje fram ein nasjonal handlingsplan som viser korleis dei skal nå sine nasjonale målsetjingar. Den norske handlingsplanen vart sendt over til ESA i slutten av juni 2012. Handlingsplanen presenterer politikken for korleis Norge skal nå målet på 67,5 pst.

Avtala om ein felles norsk-svensk marknad for elsertifikat vart underteikna 29. juni 2011. Stortinget samtykte til avtala den 12. desember 2011. Starten av den felles marknaden for elsertifikat var 1. januar 2012. Ordninga med elsertifikat skal notifiserast saman med Sverige som ein samarbeidsmekanisme under fornybardirektivet.

Gjennom ordninga med elsertifikat har Noreg saman med Sverige som mål å byggje ut ny elektrisitetsproduksjon basert på fornybare energikjelder tilsvarande 26,4 TWh i 2020. Noreg og Sverige er ansvarlege for å finansiere halvparten kvar gjennom ordninga med elsertifikat, uavhengig av kor produksjonen kjem.

Finansdepartementet har i løpet av 2011 overteke ansvaret for oppfølginga av The Baltic Sea Region Testing Ground Facility (TGF). Fondet har som mål å utvikle Austersjø-regionen til eit forsøksområde for dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen, og formålet er å stimulere til realisering av felles gjennomføringsprosjekt hovudsakeleg i energisektoren i Austersjø-regionen. Noreg har totalt investert 19 mill. kroner i fondet. Fondet betalte i 2012 tilbake 72 000 euro til OED. Dette var kapital som ikkje var øyremerkt prosjekt, og som derfor ikkje kom til å bli investert, ettersom den aktive anskaffingsperioden til fondet no er avslutta. Det blir arbeidd med ei rekkje konkrete prosjekt som genererer kvotar til fondet. Kvotar som Noreg tek imot frå fondet blir leverte til staten sin konto i kvoteregisteret, og er med på å oppfylle semja i Klimaforliket om at Kyoto-forpliktinga skal overstigast med 10 pst.

Miljøomsyn knytte til vassdrags- og energiverksemd

Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova og naturmangfaldlova.

Det har vore stor interesse for og aktivitet innan vindkraft, vasskraft og kraftleidningar dei siste åra. Kapasiteten i konsesjonsbehandlinga i NVE er dobla sidan 2005. Ein stor auke i talet på søknader gjer det viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det blir derfor i saksbehandlinga søkt å få til ei mest mogleg samordna behandling av prosjekt i same område.

NVEs miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Ei viktig oppgåve er òg godkjenning og oppfølging av detaljplanar for vassdrags- og energianlegg. Miljøtilsynet har i 2011 til saman gjennomført 166 stadlege inspeksjonar av konsesjonsgitte vassdragsanlegg. I tillegg er fem kraftverk som er fritekne for konsesjonsbehandling, inspiserte. Det vart i 2011 gjennomført 19 stadlege inspeksjonar av konsesjonsgitte energianlegg (kraftleidningar og vindkraftverk). Miljøoppfølginga av vindkraft og nettanlegg vart monaleg styrkt i 2011.

Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet gjeld først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal òg takast omsyn til ved andre inngrep. Ved den avsluttande suppleringa av Verneplanen, jf. St.prp. nr. 53 (2008-2009), vart det som ledd i vern av Vefsna fastsett at det skulle etablerast eit planprosjekt i vassdraget. Prosjektet som no er i gang skal sjå på mogelegheitene for mindre, skånsam kraftproduksjon i sidevassdrag, der dette ikkje er i strid med verneverdiane. OED og MD har støtta prosjektet som har ei planlagt tidsramme på tre år.

Kunnskap og systematisk oversikt over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av norsk naturmangfald. OED og NVE medverka i arbeidet med Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og Artsdatabanken. Formålet med programmet er å tette kunnskapshol og medverke til at data over naturmangfald blir samla i nasjonale databasar.

Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar er eit viktig tiltak for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED vil saman med NVE medverke aktivt til dette. I 2011 var arbeidet knytt til å karakterisere vassførekomstane, oppfølging av godkjente forvaltningsplanar og utvikling av nasjonalt verktøy og rettleiing. NVE har delteke med kunnskap om vassdraga, relevante miljøtiltak, hydrologisk overvaking og oversikt over konsesjonsvilkår. Departementet har i 2011 medverka til forsking innan miljøkonsekvensar og miljøtiltak i regulerte vassdrag, mellom anna gjennom NVE sitt FoU-program om miljøbasert vassføring.

Regjeringa la våren 2012 frem Meld. St. 14 (2011-2012) Vi bygger Norge – om utbygging av strømnettet. Strategien frå Ot.prp. nr. 62 (2008-2009) for auka omsyn til miljø, estetikk og lokalsamfunn ved planlegging av forsterkningar i kraftnettet vert ført vidare i meldinga. Bruk av kabel skal auke på lågare spenningsnivå, men vere gradvis meir restriktiv med aukande spenningsnivå. For nett inntil 22 kV (distribusjonsnettet) skal nettselskapa som hovudregel bruke kabel. Sentralnettet skal framleis som hovudregel byggjast som luftleidning. I meldinga er det ei nærare beskriving av kva slag prinsipp som gjeld for bruk av jord- og sjøkabel på dei ulike nettnivåa. Kriteria for når unntak er aktuelt er også gjort tydelege.

Havvind

Stortinget vedtok i 2010 lov om fornybar energiproduksjon til havs. Fornybar energiproduksjon kan etablerast etter at staten har opna bestemte område for søknader om konsesjon. Opning av areal skal baserast på konsekvensutgreiingar for å sikre at alle relevante tilhøve blir vurderte i ein tidleg fase. Hausten 2010 fekk OED overlevert rapporten Havvind – forslag til utredningsområder, som er ei grovsiling av areal utført av NVE, Direktorat for naturforvaltning, Oljedirektoratet, Kystverket og Fiskeridirektoratet. Våren 2011 fastsette OED program for strategiske konsekvensutgreiingar, og NVE har fått i oppdrag å gjennomføre utgreiingane. Dei strategiske konsekvensutgreiingane vil vere ferdige hausten 2012. Gjennom stønadsordningar i Forskingsrådet og Enova vert det gitt stønad til forsking, utvikling og demonstrasjon av nye teknologiar for marin fornybar energiproduksjon til havs.

7.3.3 Petroleumsverksemda

Utslepp frå petroleumsverksemda blir ofte delt opp i driftsutslepp til sjø, driftsutslepp til luft og akutte utslepp. Akutte utslepp er utslepp som ikkje er planlagde og er ikkje tillatne etter forureiningslova. Driftsutslepp til sjø er hovudsakeleg produsert vatn og utbora steinmasse (borekaks) med vedheng av kjemikaliar. Utsleppa til luft er stor grad eksos frå energiproduksjon som trengst for å drive innretningane. I tillegg kjem forbrenning av gass over fakkel av tryggleiksårsaker og avdamping av lette oljekomponentar ved lagring og lasting av råolje.

Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda; frå vurdering av om eit område skal opnast for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggjast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutting av produksjon og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante styresmakter er involverte.

Oppdateringar av forvaltingsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap, skal medverke til at ei avgjerd kan treffast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle relevante aktørar høve til å bli høyrde, mens NOx- og CO2-avgifta, i tillegg til miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa og kvoteplikt for CO2-utslepp, gir selskapa økonomiske insentiv til å ta vare på miljøomsyn i den daglege drifta. I tillegg har styresmaktene høve til å treffe enkeltvedtak ved til dømes godkjenning av utbyggingsplanar.

Energiforsyningsløysinga til ein petroleumsinstallasjon blir behandla i samband med styresmaktene si godkjenning av ei utbygging. Dette skjer både i prosessen med konsekvensutgreiing og i den påfølgjande behandlinga av utbyggingsplanen. For å avklare i kva grad kraft frå land til felt på kontinentalsokkelen er ei mogleg løysing som kraftsystem, trengst ei konkret vurdering av kvart tilfelle.

I løpet av 2011 og 2012 vart det godkjent ei rekkje utbyggingsplanar. I 2011 vart utbyggingsplanane for Ekofisk sør, Eldfisk II, Knarr, Valemon og ei rekkje andre mindre felt behandla. I 2012 vart mellom anna Åsgard undervasskompresjon, Martin Linge, Edvard Grieg og Skuld behandla. Klima- og miljøløysingar er eit viktig kriterium ved behandling av desse planane. For utbygginga av Martin Linge legg operatøren opp til ei løysing med kraft frå land.

Regjeringa la 26. juni 2011 fram Meld. St. 28 (2010-2011) En næring for framtida – om petroleumsvirksomheten. Denne meldinga går gjennom status og viktige utviklingstrekk på miljøområdet for petroleumsverksemda. I tillegg er forvaltingsplanen for Lofoten og Barentshavet oppdatert i 2011. Fram til no har det vore strengare krav til utslepp til sjø i desse havområda. No skal utslepp til sjø frå petroleumsverksemda i forvaltningsplanområdet bli regulert på same måten som petroleumsverksemda på resten av norsk kontinentalsokkel.

7.3.4 Forsking og utvikling

Forsking og utvikling er viktig for å førebyggje og løyse utfordringar innan miljø- og ressursspørsmål i energi- og petroleumssektoren. Med bakgrunn i klimaforliket frå 2008 vart løyvingane til forsking og utvikling på fornybare energikjelder og CO2-handtering auka med 600 mill. kroner samla i 2009 og 2010. Satsinga styrkte dei mest relevante FoU-programma i Noregs forskingsråd knytte til fornybar energi og fangst og lagring av CO2, og førte til at Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) vert oppretta. Midlane vart løyvde over fleire departement sine budsjett, av dette totalt om lag 350 mill. kroner over OEDs budsjett. Satsinga vil resultere i høg aktivitet innanfor desse områda dei næraste åra.

Energi21 vart etablert i 2008 og er styresmaktene og energibransjen sin FoU-strategi for forsking og teknologiutvikling i energisektoren. Energi21-strategien står sentralt i satsinga på forsking og utvikling av teknologiar for fornybar energi, meir effektivbruk av energi, og CO2-handtering. Ein revidert Energi21-strategi vart lagt fram i juni 2011. Den er meir konkret og operativ enn strategien frå 2008 og vil vere styrande for innrettinga av departementet sin FoU-innsats framover. Strategiske føresetnader er justerte i høve til utviklinga i energisektoren nasjonalt og internasjonalt. I tillegg er det skildra forskingsområde og tiltak for realisering av mål. I mai 2012 vart eit nytt styre for Energi21 oppretta. Det består av representantar for energiselskap, industri, forskings- og utdanningsinstitusjonar og styresmakter. Det nye styret skal følgje opp og setje i verk den reviderte strategien. Strategien presenterer seks prioriterte satsingsområde og eit sett med tilrådingar knytte til gjennomføringa av satsingsforslaga.

Dei seks satsingsområda er:

  • Solceller – styrkt næringsutvikling.

  • Offshore vind – næringsutvikling og ressursutnytting.

  • Balansekraft – auka ressursutnytting.

  • CCS – verdiskaping og verdisikring.

  • Fleksible energisystem – SmartGrids.

  • Energiutnytting – konvertering av varme med låg temperatur til el.

Den nasjonale teknologistrategien for olje- og gassverksemda i Noreg, OG21, vart etablert i 2001. Med basis i kravet i klimaforliket er det lagt opp til å rette betydeleg merksemd mot klima i den offentleg finansierte petroleumsforskinga. Det er etablert ei forståing med OG21 om å sikre eit best mogleg fokus på miljø i den nasjonale petroleumsforskinga innan OG21-strategien. Det er òg lagt vekt på ein tydelegare miljøprofil i petroleumsprogramma. Satsinga på meir effektiv bruk av energi i petroleumssektoren som var starta i forskingsprogrammet PETROMAKS som ei følgje av klimaforliket står sentralt i denne samanhengen. Fire teknologiområde er trekte fram i OG21-strategien:

  • Energieffektiv og miljøvennleg berekraftig teknologi.

  • Leiting og auka utvinning.

  • Kostnadseffektiv boring og intervensjon.

  • Framtidas teknologi for produksjon, prosessering og transport.

Forskingsrådets RENERGI-program (Framtidas reine energisystem) støttar mellom anna forsking og utvikling på effektive og fornybare energiteknologiar og effektive energisystem. RENERGI har òg ei viktig rolle innanfor satsinga på nye teknologiar i pilot-/prototypfasen, slik at ny teknologi kan bli testa ut i mindre skala. Budsjettauken i 2009 og 2010 er ei følgje av regjeringa sitt klimaforlik frå 2008, og har ført til ei stor opptrapping av RENERGI sine aktivitetar. Dette har ført til ein stor auke i prosjektporteføljen som blir ført vidare også i 2013. I 2011 vart 21 nye prosjekt støtta. Det har vorte stor merksemd på marknadsnære prosjekt som kan medverke til realisering av tidlegare FoU-innsats. Av prosjekta som vart starta i 2011 gjekk om lag halvparten av midlane til prosjekt i verksemder som arbeider med nye produkt og prosessar. Til saman 230 FoU-prosjekt vart støtta gjennom RENERGI-programmet i 2011.

Gassnova SF vil i samarbeid med Noregs forskingsråd føre vidare aktivitetane i det offentlege støtteprogrammet for utvikling av miljøvennlege teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri (CLIMIT). På kort sikt er verksemda retta mot å kvalifisere og få ned kostnader knytte til CO2-fangst og etablere metodar og byggje tillit til sikker geologisk lagring av CO2. På sikt vil det vere viktig å kunne betre eller utvikle teknologiar med potensial for høgare verknadsgrad og lønsemd. Gjennom CLIMIT vert det støtta prosjekt innanfor både forsking, utvikling og demonstrasjon av miljøvennlege teknologiar for kraftproduksjon med CO2-handtering. CLIMIT har i 2011 støtta 45 prosjekt som byggjer opp under dei to hovudmåla i programmet; teknologiutvikling slik at kostnadene ved å fange CO2 vert reduserte, og oppbygging av kunnskap slik at lagring av CO2 kan skje på ein sikker og akseptert måte.

Dei åtte Forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) som vart etablerte i 2009 har alle høg aktivitet. Det er produsert eit stort tal publikasjonar frå sentra. Totalt er meir enn 700 forskarar (seniorpersonell og stipendiatar) på ymse måtar engasjert i aktiviteten ved sentra. Målet med forskingssentra er å samle dei beste forskingsmiljøa i landet om ei felles satsing på utvalde tema på energiområdet. Senter er etablerte innan fangst og lagring av CO2 (to senter), vindturbinar til havs (to senter), meir effektiv energibruk i bygningar, solceller, bioenergi og miljøriktig utvikling av fornybar energi og energipolitikk. I februar 2011 vart tre nye FME innanfor samfunnsvitskapleg energi- og klimaforsking starta opp. To av dei er støtta av Olje- og energidepartementet og eitt av Kunnskapsdepartementet.

  • CenSES skal gi eit betre faktagrunnlag for offentlege og private avgjerdstakarar i grenseflata mellom klima, energi og industri (OED)

  • CREE skal auke kunnskapsgrunnlaget for nasjonal energipolitikk, internasjonal energi- og klimapolitikk og politiske verkemiddel for auka innovasjon (OED)

  • CICEP har hovudfokus på internasjonal politikk og internasjonale strategiar som kan fremje ein overgang til energisystem med lågt karbonavtrykk (KD)

Hydrogenrådet heldt fram med arbeidet sitt i 2011. Rådet består av representantar frå næringslivet, forskingsinstitusjonar, interesseorganisasjonar og styresmakter.

OED løyvde også i 2011 midlar til forskingsprogrammet PROOFNY, som er organisert under programmet Havet og kysten. PROOFNY ser på langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda.

I 2011 har Olje- og energidepartementet, Miljøverndepartementet og Oljebedriftenes landsforeining (OLF) finansiert sjøfuglprogrammet SEAPOP. Programmet skaffar fram grunnleggjande kunnskap om norsk sjøfugl og skal kartleggje og overvake sjøfuglbestandar langs norskekysten, Svalbard og i havområde som høyrer til.

7.4 Klimagassbudsjett

Under følgjer ei oversikt over viktige tiltak med betydning for utslepp av klimagassar på OEDs område.

Forsking og utvikling

Satsinga på forsking og utvikling innanfor petroleumssektoren, energisektoren og CO2-fangst og -lagring vil på kort sikt ikkje ha direkte effekt på utslepp av klimagassar. Ei satsing på FoU vil:

  • byggje opp kunnskap og kompetanse av samfunnsfagleg karakter, eksempelvis om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, vassføring, flaum, snø og bresmelting, vindstyrkar, redusert oppvarmingsbehov etc.) og konsekvensar av utslepp på energi- og petroleumsområdet (CO2-utslepp, klimagassutslepp etc.).

  • byggje opp kunnskap og kompetanse om nye, meir miljøvennlege teknologiar på energi- og petroleumsområdet.

  • utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar som på sikt kan bli tekne i bruk i energi- og petroleumssektoren, blant anna fornybare energiteknologiar, energieffektivisering, CO2-handteringsteknologiar, og teknologiar for meir energieffektiv petroleumsproduksjon.

Ut over dei meir generelle og overordna, kvalitative resultata av FoU-satsinga, blir det frå år til år rapportert på programnivå meir kvantifiserbare resultat som mellom anna:

  • tal på støtta prosjekt

  • tal på avlagte doktorgrader og støtta doktorgradsstipendiatar

  • tal på deltakande bedrifter

  • tal på nye produkt og prosessar og tal på patent.

Fangst og lagring av CO2

Arbeidet med fullskala fangst, transport og lagring av CO2 på Mongstad held fram. Eit slikt fangstanlegg vil kunne føre til ein reduksjon i CO2-utsleppa på om lag 1,3 mill. tonn per år i forhold til om kraftverka hadde produsert på full kapasitet utan fangst og lagring av CO2-utsleppa frå denne produksjonen. Dagens informasjon tilseier at eit samla investeringsgrunnlag for fullskala fangst, transport og lagring av CO2 frå Mongstad kan leggjast fram for Stortinget seinast i 2016.

Teknologisenteret på Mongstad opna 7. mai 2012. Senteret representerer eit vesentleg norsk bidrag til internasjonal teknologiutvikling innan CO2-fangst. Føremålet med teknologisenteret er å identifisere, teste og kvalifisere mogelege teknologiske løysingar for fangst av CO2, som på sikt vil kunne medverke til betydelege utsleppsreduksjonar. I tillegg er det eit mål å medverke til å spreie kunnskap og erfaringar internasjonalt slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan reduserast.

Innanlands stasjonær forbrenning

Då ein stor del av den stasjonære energibruken er basert på vasskraft har Noreg i høve til andre land relativt låge utslepp av klimagassar frå den innanlandske bruken av energi.

Utsleppa av klimagassar frå denne delen av energisektoren (energibruk i bygningar, kraftproduksjon og damp og vassforsyning på land) utgjorde 4,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2010, eller 7,8 pst. av dei samla norske utsleppa. Det var ein sterk auke i utsleppa frå 2009 til 2010. Dette hadde særleg samanheng med høgare forbruk av fyringsolje i 2010 på grunn av svært låge vintertemperaturar, svak magasinfylling og i tillegg høgare gasskraftproduksjon.

Forbruket av fyringsolje i stasjonær energiforsyning kan variere monaleg frå år til år avhengig av forholdet mellom pris på elektrisitet og olje. Det kan derfor ikkje leggjast for stor vekt på endringar i forbruket frå eitt år til eit anna når ein vurderer effekten av politikken.

Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO2 spesielt, er avgifter og kvotar på bruk av fossile brensler. I tillegg er støtteordningar i regi av Enova viktige.

Enova støttar utbygging av fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekkjer nytt behov som oppstår ved nybygg. I nokre tilfelle kan varmen erstatte oppvarming frå olje, i andre tilfelle frå elektrisitet og andre energiberarar. Enova anslår at om lag halvparten av energiresultatet på varmeområdet erstattar eksisterande oljeforbruk. Enovas program for energibruk i industri, bygningar, bustad og anlegg rettar seg både mot forbruk av energi til oppvarming og forbruk av energi til elspesifikke formål. Reduksjonen av oljeforbruk vil derfor ofte vere mindre per kWh enn for fjernvarme og lokale energisentralar. Enova anslår at 40 pst. av energiresultatet på industriområdet, og drygt 10 pst. innan bustad, bygningar og anlegg, er redusert oljefyring. Samla sett anslår Enova at dei i 2011 støtta prosjekt for fornybar varme og energibruk som er venta å medverke til eit redusert oljeforbruk på 40 300 tonn pr. år når prosjekta er gjennomførte. Dette svarer til reduserte utslepp på om lag 128 000 tonn CO2 per år. Det er stor uvisse knytt til anslaget.

Gjennom Stortingets behandling av Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk, har Enova fått eit utvida mandat, jf. Innst. 390 S (2011-2012). Blant anna skal Enova forvalte den nye satsinga til regjeringa på klimateknologi. Klimateknologisatsinga skal ha som mål å redusere klimagassutslepp og gi varige energiinnsparingar i industrien gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar som kan medverke til dette. Det er lagt til grunn at satsinga blir retta inn mot utvikling av ny teknologi og støtte til teknologiar nær marknadsintroduksjon. Blant anna skal Enova kunne gi støtte til investeringar i fullskala produksjonslinjer.

Petroleumsverksemda

I 2011 sleppte petroleumsverksemda ut om lag 13,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, inkludert utslepp knytte til forbrenning og prosess frå offshore- og landanlegg. Størstedelen av CO2-utsleppa er knytte til energiproduksjon på innretningane. Det er venta at utsleppa i 2020 vil auke til 14,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar med ei vidareføring av verkemidla som er i dag.

I 2011-2012 har departementet godkjent fleire utbyggingsplanar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa finne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO2 samtidig som kostnadseffektiviteten må takast vare på. Tabellen under gir ei oversikt over felta med godkjent plan for utbygging og drift som vil bli sette i produksjon dei næraste åra. Tala er baserte på selskapa sine overslag ved innlevering av plan for utbygging og drift.

Tabell 7.1 Felt med godkjent plan for utbygging og drift

Produksjonsperiode

Tentativt startår

Tonn CO2 utslepp per år

Jette 25/8-17

5 år

2013

34 000

SKULD 6608/10-12

9 år

2012

25 000

Atla

3 år

2012

11 000-15 000

Ekofisk/Eldfisk

35-40 år

2013

70 000

Goliat

15 år

2013

125 000-156 000

Gudrun

14 år

2014

100 000-210 000

Hyme

7 år

2013

2 000-24 000

Knarr

8 år

2014

170 000

Marulk

10 år

2012

100 000

Skarv

22 år

2012

370 000

Valemon

11 år

2014

120 000

Visund Sør

14 år

2012

2 000-25 000

Yme

8 år

2013

120 000

Stjerne

17 år

2013

14 000

Edvard Grieg

20 år

2015

120 000

Martin Linge

20 år

2016

15 000

8 Olje- og energidepartementets utgreiing om likestilling og oppfølging av IA-avtala

8.1 Likestilling

Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter skjerpa aktivitetsplikt for å fremje likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Olje- og energidepartementet (OED) har tidlegare gått gjennom alle budsjettområda i departementet, og utført ei vurdering av likestillinga innanfor departementet sine budsjettområde. Departementet har ikkje funne løyvingar som eignar seg for spesielle kjønns- og likestillingsanalysar.

Olje- og energidepartementet

I OEDs tilpassingsavtale er det nedfelt at departementet skal leggje vekt på å stimulere likestillingsarbeidet på dei områda der departementet er involvert som arbeidsgivar, blant anna:

  • Avdelingsleiarane har eit særleg ansvar for at likestillingsarbeidet blir følgt opp i eiga avdeling. Den enkelte leiaren skal medverke til at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet.

  • Kompetansegivande oppgåver og tiltak skal fordelast slik at det medverkar til likestilling mellom kvinner og menn i OED. Verksemda vil ved samansetjing av interne arbeidsgrupper arbeide for så jamn kjønnssamansetjing som mogeleg.

  • Verksemda skal ha ein lønnspolitikk som medverkar til å fjerne eventuelle kjønnsrelaterte lønnsforskjellar på alle nivå. Før dei lokale forhandlingane skal det utarbeidast ei oversikt over lønnsendringar i verksemda siste år, fordelt på kjønn. Oversikta skal gjerast tilgjengeleg for partane ved forhandlingane.

  • Omsynet til likestilling skal vere eitt av kriteria som blir lagt til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.

  • OED sin årlege personalstatistikk skal gi oversikt over aktuelle likestillingsrelaterte spørsmål i departementet.

Likestillingstillitsvalt blir valt av tenestemannsorganisasjonane i OED. Vedkommande skal sjå til at på at Tilpassingsavtala, Likestillingslova og Hovudavtala blir følgt opp.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) arbeid med likestilling og mangfald er forankra i dei personalpolitiske retningslinjene og i tilpassingsavtala til Hovudavtala. Det er NVE sitt mål å ha eit arbeidsmiljø som sikrar at NVE held på dei beste tilsette uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsevne, seksuell orientering eller alder.

NVE har tiltak for å sikre likestilling og hindre diskriminering; ved rekruttering, ved tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, ved tilrettelegging ved graviditet, foreldrefråvær og andre omsorgsoppgåver, ved seniorpolitikk og ved lønnsforhold.

Leiarar får opplæring av HR-eininga i arbeidet for likestilling og mot diskriminering. Tiltak og retningslinjer blir jamleg reviderte og følgde opp av HR-eininga, som blant anna utfører kontrollar og målingar, i nært samarbeid med tenestemannsorganisasjonane.

Oljedirektoratet

Likestillingsperspektivet blir frå Oljedirektoratet (OD) si side jamleg fokusert i personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Arbeidet for likestilling er ein integrert del av verksemda.

  • Rekruttering. Det skal i tilsetjingsprosessar rettast oppmerksemd mot å halde ved lag ei jamn deling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD. Kandidatar med anna etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne skal få særleg fokus.

  • Forfremjing. Etatsleiar skal oppmode endå sterkare aktuelle kvinner til å melde si interesse for direktørfunksjonar.

  • Utvikling. Kollektiv leiing skal ha endå sterkare fokus på den enkelte sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Kollektiv leiing skal i aktuelle tilfelle oppmode kandidatar til å melde interessa si for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen. Kollektiv leiing og fagkoordinator skal fokusere likestillingsaspektet ved bruk av opplæringsmidlar. Kollektiv leiing har temaet likestilling som årleg fokus.

  • Lønn og arbeidsforhold. Kollektiv leiing skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsforskjellar mellom kvinne/mann med tanke på å justere lønnsnivået der det finst grunnlag for å gjere det.

Trakassering og vern. Jamlege arbeidsmiljøundersøkingar og medarbeidarsamtaler.

8.2 Status i departementet og underliggjande etatar

Det er i tabellane nedanfor presentert ein kjønnsdelt statistikk på sentrale personalområde.

Tabell 8.1 Registreringsskjema for tilstandsrapportering (kjønn) i Olje- og energidepartementet

Kjønnsbalanse

Månadslønn

 

Menn

Pst.

Kvinner

Pst.

Total

(N)

Menn

Kroner

Kvinner

Kroner

Totalt i OED

2011

48

52

159

49 491

42 891

2010

49

51

157

49 413

41 902

Leiing

2011

75

25

4

80 647

71 508

2010

80

20

5

75 142

68 183

Avdelingsdirektør

2011

77,3

22,7

22

67 485

65 849

2010

77,3

22,7

22

64 905

62 108

Seniorrådgivar

2011

50

50

38

46 415

44 724

2010

54,8

45,2

31

45 468

44 980

Underdirektør

2011

45,5

54,5

22

50 016

51 475

2010

50

50

24

53 312

52 224

Rådgivar

2011

41,2

58,8

51

36 196

36 475

2010

35,6

64,4

59

37 848

36 594

Førstekonsulent

2011

27,8

72,2

18

32 674

32 437

2010

37,5

62,5

16

32 226

31 555

Deltid

2011

0

5,0

8

2010

0

6,4

10

Mellombels tilsetjing

2011

4,4

6,2

17

2010

3,2

6,4

15

Sjukefråværsstatistikk

2011

3,2

5,7

4,4 pst.

2010

2,2

5,9

4,0 pst.

Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2011. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta.

Tabell 8.2 Registreringsskjema for tilstandsrapportering (kjønn) i Oljedirektoratet

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Pst.

Kvinner

Pst.

Total

(N)

Menn

Kroner

Kvinner

Kroner

Totalt i OD

2011

57

43

209

57 737

49 132

2010

59

41

204

56 164

48 301

Toppleiing

2011

71

29

7

84 337

84 337

2010

67

33

9

81 708

81 708

Seniorrådgivar

2011

50

50

2

42 268

43 897

2010

33

66

3

41 175

41 342

Sjefingeniør

2011

66

34

128

63 172

58 365

2010

68

32

125

61 046

57 221

Rådgivar

2011

12,5

87,5

16

35 476

38 454

2010

0

100

9

38 495

Overingeniør

2011

46

54

37

39 897

40 622

2010

50

50

32

39 484

38 077

Avdelingsingeniør

2011

25

75

4

33 390

34 675

2010

40

60

5

34 100

34 064

Førstekonsulent

2011

36

64

11

43 913

34 973

2010

35

65

17

34 545

34 800

Konsulent

2011

100

0

4

29 936

0

2010

100

0

3

29 434

Deltid

2011

3,8

6,7

22

2010

3,4

8,3

24

Mellombels tilsetjing

2011

0,5

0,5

2

2010

1,5

0,5

4

Sjukefråværsstatistikk

2011

1,2

4,7

4,2 pst.

2010

2,5

6,0

4,7 pst.

Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2011. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta.

Tabell 8.3 Registreringsskjema for tilstandsrapportering (kjønn) i Noregs vassdrags- og energidirektorat

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Pst.

Kvinner

Pst.

Total

(N)

Menn

Kroner

Kvinner

Kroner

Totalt i NVE

2011

63,3

36,7

532

45 797

40 699

2010

64,2

35,8

525

44 195

39 427

Avdelingsdirektør

2011

62,5

37,5

8

72 540

81 946

2010

62,5

37,5

8

70 630

78 103

Seksjonssjef

2011

80,6

19,4

36

59 768

58 015

2010

84,3

15,7

32

59 435

56 705

Sjefingeniør

2011

88,9

11,1

27

55 713

59 542

2010

92,5

7,5

27

53 357

60 317

Forskar

2011

56,2

43,8

16

48 695

48 431

2010

60

40

15

47 703

47 871

Senioringeniør

2011

82,5

17,5

114

46 388

44 715

2010

85,7

14,3

112

45 131

44 723

Seniorrådgivar

2011

63,8

36,2

69

53 069

47 200

2010

62,0

38,0

63

50 238

46 865

Overingeniør

2011

58,7

41,3

63

39 281

38 995

2010

58,9

41,1

56

38 703

38 317

Rådgivar

2011

52

48

52

39 874

39 227

2010

50

50

54

39 065

38 849

Førstekonsulent

2011

44,4

55,6

36

34 527

34 500

2010

40,5

59,5

42

33 797

33 202

Avdelingsingeniør

2011

42,9

57,1

42

34 504

34 200

2010

52,1

47,9

48

34 178

33 707

Seniorkonsulent

2011

5,6

94,4

18

35 483

35 553

2010

7,7

92,3

13

34 883

34 836

Spesialbibliotekar

2011

50

50

2

38 675

41 608

2010

50

50

2

38 017

42 020

Konsulent (1065)

2011

7,2

92,8

14

30 092

30 895

2010

6,3

93,7

16

29 475

29 818

Konsulent (1064)

2011

0

100

2

0

30 334

2010

0

100

2

0

29 475

Formann

2011

100

0

11

33 739

-

2010

100

0

11

32 605

-

Fagarbeidar m/fagbrev

2011

100

0

14

31 481

-

2010

100

0

15

30 546

-

Lærling

2011

100

0

2

24 434

-

2010

100

0

2

23 851

-

Prosjektleiar

2011

100

0

1

60 216

-

2010

50

50

2

75 482

41 708

Deltid

2011

5,0

13,3

43

2010

3,0

4,0

37

Mellombels tilsetjing

2011

3,8

7,2

27

2010

4,0

3,8

41

Sjukefråværsstatistikk

2011

2,2

3,3

2,3 pst.

2010

4,6

6,7

4,4 pst.

Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2011. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta.

Departementet og etatane har vurdert om det er forhold på arbeidsplassane som kan fungere som barrierar mot likestilling, både for arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. På bakgrunn av desse vurderingane er det sett i gang eller planlagt ulike tiltak for å sikre likestilling. Det er blant anna sett på rekruttering, lønns- og arbeidsforhold, forfremjingar, høve til utvikling o.a. Nedanfor følgjer oversikt over tiltak som er sette i gang eller planlagde.

8.3 Vurdering og utgreiing av likestillingstiltak på grunnlag av kjønn, etnisk bakgrunn, religion og nedsett funksjonsevne

8.3.1 Tiltak i og rapportering av tiltak til Olje- og energidepartementet

Rekruttering

OED annonserer ledige stillingar i departementa sine fellesannonsar der mangfaldserklæringa går fram av utlysingsteksten. Staten som arbeidsgjevar skal utnytte den fulle breidda i befolkninga sin kompetanse. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Derfor blir alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppmoda til å søkje arbeid i staten. OED vil syte for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det.

Målsetjinga er å halde ved lag kjønnsbalansen, rekruttere fleire kvalifiserte kandidatar frå landgruppe 2 og fleire med nedsett funksjonsevne.

Tiltaket er forankra i leiinga og leiarar. Innstillingsråd og Personalseksjonen er ansvarlege for gjennomføring.

Resultatet synest å vere at departementet held ved lag ein god kjønnsbalanse, men opplever at vi får for få fagleg kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. OED vil etablere tettare samarbeid med NAV om praksisplassar for funksjonshemma, jf. ny IA-avtale.

Lønns- og arbeidsvilkår

Lønnsstatistikken syner at menn har høgare snittløn enn kvinner. Årsakene er samansette, men alderssamansetjing og ansiennitet er noko av forklaringa.

Målsetjinga er å sikre ei kjønnsnøytral lønn og lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi.

Tiltaket er forankra i leiinga og leiinga er òg ansvarleg for gjennomføring.

Tiltak for å sikre likeløn er nedfelte i OEDs personalpolitikk, lønnspolitikk og OEDs tilpassingsavtale. Det blir gjort likelønnsvurderingar før dei årlege lokale lønnsforhandlingane baserte på kjønnsdelt lønnsstatistikk.

Forfremjing

Personalstatistikken syner at OED har få kvinner som avdelingsdirektørar, mens vi har ein god balanse for underdirektørar.

Målsetjinga er å få ei kjønnsfordeling på leiarnivå i tråd med kjønnsfordelinga i departementet.

Tiltaket er forankra i leiinga og leiinga er òg ansvarleg for gjennomføring.

OED har som retningslinje å bruke positiv særbehandling ved tilsetjing i alle embets- og tenestemannstillingar. Likestillingstillitsvalt, valt av tenestemannsorganisasjonane i OED, skal sjå til at føresegnene og intensjonane i Tilpassingsavtala, Likestillingslova og Hovudavtala blir følgde opp. Likestillingstillitsvalt får høve til å uttale seg i alle tilsetjingssaker og i den årlege personalstatistikken om situasjonen i departementet når det gjeld likestillingsspørsmål.

Høve til utvikling

I følgje OEDs lønnspolitikk skal personalpolitiske verkemiddel nyttast for å rekruttere, utvikle og halde på kvalifiserte og motiverte medarbeidarar.

Målsetjinga er å sikre ei god utvikling for alle tilsette.

Tiltaket er forankra i leiinga og leiinga er òg ansvarleg for gjennomføring.

Den enkelte leiar har hovudansvaret for at tilsette får nødvendig kompetanse for å utføre arbeidsoppgåver på ein tilfredsstillande måte. Den årlege medarbeidarsamtala er ein viktig arena for drøfting av kompetansehevande tiltak.

Leiarar på alle nivå har eit særleg ansvar for å fremje medarbeidarane si faglege og personlege utvikling. Den faglege og personlege kompetansen til kvar enkelt medarbeidar skal vere best mogeleg tilpassa departement sine mål og oppgåver. Kompetansebehovet innan kvar seksjon skal årleg kartleggjast og på dette grunnlaget skal det utarbeidast planar for kompetanseutvikling.

Vern mot trakassering

Arbeidsmiljøundersøkingar i 2007 og 2009 synte at tilsette opplever eit godt arbeidsmiljø. Dette vil OED føre vidare.

Tiltaket er forankra i leiinga, mens alle tilsette er ansvarlege for gjennomføring.

I OED blir det jamleg gjennomført arbeidsmiljøundersøkingar og medarbeidarsamtaler. OED har eigne varslingsrutinar i medhald av Arbeidsmiljølova, og følgjer lov- og avtaleverk knytt til verneombod, helseteneste o.a.

8.3.2 Tiltak i og rapportering av tiltak til Oljedirektoratet

Rekruttering

OD skal i tilsetjingsprosessar ha fokus på å halde ved lag ei jamn fordeling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD. Kandidatar med anna etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne skal få særleg fokus. OD deltek frå 2012 i FAD sitt forsøksprosjekt med moderat kvotering av kandidatar frå landgruppe 2.

Det er ingen funn hos når det gjeld likestilling som tilseier spesielle tiltak knytt til rekruttering. Det er i 2011 rekruttert inn kompetanse med anna etnisk bakgrunn slik at denne delen har auka. Det er i 2012 rekruttert inn kompetanse med nedsett funksjonsevne.

Målsetjinga er å motverke at det oppstår eller blir ført vidare utilsikta mønster ved rekrutteringsprosessar. OD skal auke talet faste tilsette med innvandrarbakgrunn med 100 pst. innan 1. mai 2015. (OD har per i dag fire og skal auke til åtte tilsette).

Tiltaket er forankra i leiarmøte. Kompetanse/Direktør for Kompetanse og økonomi er ansvarleg for gjennomføring.

Tiltaket blir evaluert årleg.

Lønns- og arbeidsvilkår

Kollektiv leiing skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsskilnader mellom kjønna med tanke på å justere lønnsnivået der det er grunnlag for det.

Det har vore eit spesielt fokus ved lønnsoppgjer dei to siste åra og fokuset blir ført vidare i 2012.

Talmaterialet i rapport for OD 2010, 2011 og 2012 viser høgare snittlønn for menn enn for kvinner. Forskjellen har auka frå 12,5 prosentpoeng i 2010 til 14 prosentpoeng i 2011, og syner no 15 prosentpoeng.

Målsetjinga er å ytterlegare sikre ei kjønnsnøytral lønn i OD, jf. utdanning, kvalifikasjonar, alder, ansvar, oppgåve og avtalte kriterium.

Tiltaket er forankra i leiarmøte. Kompetanse/Direktør for Kompetanse og økonomi er ansvarleg for gjennomføring.

Tiltaket blir evaluert årleg.

Forfremjing

Forfremjing er i OD definert som rotasjon til mellombelse leiingsfunksjonar. Vurderingar knytte til ev. barrierar for forfremjing er, ut frå OD sine forhold, i hovudsak gjort i høve til kjønn. Kvinner er underrepresenterte i direktørsjiktet i samband med kjønnsfordelinga.

Etatsleiar skal oppmode endå sterkare aktuelle kvinner til å melde si interesse for direktør-funksjonar.

Målsetjinga er å få ei kjønnsfordeling i direktørsjiktet i tråd med kjønnsfordelinga i organisasjonen slik det òg går fram av OD si gjeldande Tilpassingsavtale.

Tiltaket er forankra i leiarmøte og organisasjonane. Kompetanse/Direktør for Kompetanse og økonomi er ansvarleg for gjennomføring.

Tiltaket blir evaluert årleg.

Høve til utvikling

Kollektiv leiing skal ha endå sterkare fokus på den enkelte sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Kollektiv leiing skal i aktuelle tilfelle oppmode kandidatar til å melde si interesse for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen. Kollektiv leiing og fagkoordinatorar skal fokusere likestillingsaspektet ved bruk av opplæringsmidlar. Kollektiv leiing har vidare temaet likestilling som årleg fokus.

Behov for bemanning av lag blir lyst ledig på intranettet, og ressursstyringa blir konkludert i kollektiv leiing etter råd frå fagkoordinatorar. Den enkelte medarbeidaren sin faglege utviklingsplan inngår som element. For å sikre ei god utvikling for den enkelte, skal OD i praksis fokusere ytterlegare på at den enkelte sin faglege utviklingsplan blir teken vare på ved bemanning av lag.

Målsetjinga er ytterlegare å sikre ei god utvikling for alle.

Tiltaket er forankra i leiarmøte og i Kompetanse. Kompetanse/Direktør for Kompetanse og økonomi er ansvarleg for gjennomføring.

Tiltaket blir evaluert årleg.

Vern mot trakassering

Arbeidsmiljøundersøking og medarbeidarsamtaler er tiltak for å avdekkje trakassering og vern mot dette. Det er gjort tiltak mot funn frå arbeidsmiljøundersøkinga i 2011.

Målsetjinga er å syte for at alle har eit godt arbeidsmiljø.

Tiltaket er forankra i leiarmøte. Kompetanse/Direktør for Kompetanse og økonomi er ansvarleg for gjennomføring.

Arbeidsmiljøundersøking blir gjennomført anna kvart år, og medarbeidarsamtaler blir gjennomførte årleg.

8.3.3 Tiltak i og rapportering av tiltak til Noregs vassdrags- og energidirektorat

Rekruttering

Det er eit personalpolitisk mål å spegle samfunnets samansetjing i alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Målsetjinga er å trekkje til seg dei beste kandidatane, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.

Tiltaket er forankra i leiinga og leiarar. NVEs tilsetjingsråd og HR-eininga er ansvarleg for gjennomføring.

NVE opplever det slik at det er få fagleg kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Om det er kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn, har dei ofte mangelfulle norskkunnskapar (skriftleg), noko som er nødvendig for ein offentleg saksbehandlar.

I tillegg vil det i 2012 bli sett i gang eit sommarjobbprosjekt for å få fleire kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne til stillingar i NVE. Målgruppa er unge funksjonshemma og tiltaket er forankra i leiinga og i HR-eininga.

Ny IA-avtale

Sentrale IA-mål treffer ikkje like godt for NVE. Vi skal derfor utarbeide ny mål- og aktivitetsplan i samarbeid med tenestemannsorganisasjonane.

Målsetjinga er framleis å ha fokus på å førebyggje og finne gode løysingar på ein konstruktiv og føremålstenleg måte.

Tiltaket er forankra hos avdelingsleiar. HR-eininga er ansvarleg for gjennomføring.

Ny IA-avtale var på plass i 2011. NVE har veldig lågt sjukefråvær. Leiinga og tenestemannsorganisasjonane har eigne IA-møte to gonger i året.

Lokal seniorpolitikk

NVE opplevde problem med å rekruttere, og høg gjennomsnittsalder innan visse fagområde.

Målsetjinga er å halde på og overføre kompetanse, og å få tilsette med verdifull kompetanse til å bli lengre i arbeidslivet. Målgruppa er tilsette over 62 år.

Tiltaket er forankra i leiinga. HR-eininga er ansvarleg for gjennomføring.

Tiltaket vart evaluert hausten 2011 og avtalt ført vidare. Seniortilsette opplever fleksibilitet i arbeidsdagen som medverkar til lyst til å halde fram i arbeid. Ny evaluering om tre år.

Lønns- og arbeidsvilkår

Likelønnsituasjonen blir kartlagt kontinuerleg. NVE har i dag marginale eller ingen lønnsskilnader mellom kvinner og menn innan elles like vilkår, og dette skal halde fram.

Målsetjinga er å oppdage om det oppstår lønnsskilnader.

Målgruppa er kvinner og tiltaket er forankra i seksjonsleiing og leiarane. HR-eininga og leiarane er ansvarlege for gjennomføring.

Det er førebels ikkje avdekt utilsikta lønnsskilnader eller lønnsskilnader som ikkje kan forklarast mellom kvinner og menn under elles like vilkår.

Tiltaket blir evaluert årleg.

8.4 Oppfølging av IA-avtala

Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet og NAV Arbeidslivssenter inngjekk ny IA-avtale 1. april 2011 med varigheit fram til 31. desember 2013. OED har avtalt følgjande lokale delmål for avtaleperioden:

Delmål 1 Sjukefråvær

Status: Gjennomsnittleg sjukefråvær i åra 2007-2011 har vore på 4,3 pst.

Mål: Gjennomsnittleg sjukefråvær skal ikkje overstige 4 pst. i avtaleperioden.

Delmål 2: Rekruttere fleire med redusert funksjonsevne

Status: OED har delteke i sentraladministrasjonen sine traineeordningar for personar med redusert funksjonsevne og har oppretta traineestillingar både i 2007 og 2011.

Mål: I avtaleperioden skal OED ha som mål å rekruttere minst to kvalifiserte personar med redusert funksjonsevne. OED skal førebyggje fysiske plager og leggje til rette for eigne tilsette med redusert funksjonsevne.

Delmål 3: Motverke tidleg pensjonering

Status: 1 tilsett på pensjonistvilkår pr. 1. august 2012. Oversikt over talet på tilsette i 2012 som i avtaleperioden fyller vilkåra for å søkje om AFP eller ordinær pensjon:

60-61 år

62-63 år

64-65 år

66+ år

11

4

3

2

Mål: Aktivt motivere arbeidstakarar til å bli lengre i jobben.

Oppfølging og sjukefråvær etter 22/7

Sjukefråværet auka frå 4 pst. i 2010 til 4,4 pst. i 2011. Vi kan derfor ikkje sjå at hendinga 22/7 har gjort stort utslag på sjukefråværsstatistikken i OED, med unntak av august og september 2011, då sjukefråværet auka til 5,0 og 6,8 pst.

Departementet har lagt særleg stor vekt på oppfølging av dei tilsette. Det har dels vore tiltak gjennom bedriftshelsetenesta og leigd psykologbistand, og dels tiltak gjennomført internt av Personalseksjonen, leiarar og kollegaer. Dei medarbeidarane som var på arbeid 22/7 har alle fått tilbod om samtaler med lege/psykolog, samtalegrupper og samtaler med leiar og Personalseksjonen. Der er gitt individuelle tilpassingar etter behov, til dømes heimekontor og administrativ assistanse som hjelp til utfylling av skjema til NAV, SPK, KFV og advokatfirma m.a. Vidare har det vore lagt stor vekt på velferdstiltak i perioden, til dømes sosiale samkomer, ekskursjonar, lunsjmøte med fagleg innhald, fellesmarkeringar og lokale tiltak i dei enkelte avdelingane og seksjonane.

Det har vidare vore lagt stor vekt på informasjon ut til alle tilsette, både gjennom SMS, allmøte, intranett og lukka Facebook-side.

Leiarane har fått særskilt opplæring for å få meir informasjon om korleis følgje opp medarbeidarane på ein god måte etter hendinga. Det var òg kontinuerlege møte mellom tilsetterepresentantar og arbeidsgivar (Samarbeidsforum) dei første månadene.

Oljedirektoratet

Målet om lågare sjukefråvær i samsvar med IA-avtala vart nådd, frå 4,7 pst. i 2010 til 4,2 pst. i 2011. Målet om å motivere seniormedarbeidarar til å utsetje tidspunktet for pensjon er vanskelegare å måle. To medarbeidarar gjekk av med pensjon i 2011, ein av desse med oppnådd aldersgrense 67 år. Med bakgrunn i dette punktet skal personalpolitikken vår med spesielt fokus på seniorpolitikk evaluerast i løpet av 2012.

OD har ein intensjon om å få fleire tilsette med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn. To fast tilsette med slik bakgrunn vart tilsette i 2011, dessverre takka ein av desse nei like før tiltreding. Tilsette med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn har dermed auka med ein i 2011. Det var fleire personar med denne bakgrunnen til intervju. Målet om å ta inn nye medarbeidarar med nedsett funksjonsevne vart ikkje nådd, då OD ikkje hadde søkjarar verken til ordinære stillingar eller til praksisplass i løpet av 2011.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Den sentrale IA-avtala har blitt forlenga og gjeld frå 1. mars 2010 til 31. desember 2013. Det er i løpet av 2011 halde to møte i IA-utvalet. I tillegg er det halde to IA-møte med leiinga og tenestemannsorganisasjonane.

NVE sitt mål er å få redusert langtidsfråværet og at totalfråværet ikkje er høgare enn 4,1 pst. per år. NVE skal leggje forholda til rette for tilsette som utviklar ei redusert funksjonsevne. NVE skal bruke milepælsamtaler for å planleggje seniorkarrieren. Samtala skal innehalde korleis arbeidsgivar kan tilpasse arbeidstid og oppgåver, slik at fleire seniorar kan arbeide lengre i NVE.

NVE arbeider aktivt med å finne gode løysingar i IA-saker/vanskelege personalsaker. Vi har eit tett samarbeid med arbeidslivssenteret i Oslo. Sakene blir behandla i Personalseksjonen i samråd med leiar, bedriftsfysioterapeut, verneomboda på avdelingane, tillitsvalte og eksterne fagfolk i Hjelp24. Det er 20 saker som er behandla i år. Fleire av sakene er komplekse og kan gå over fleire år. Medlemmene av IA-utvalet blir orienterte om sakene.

Det er eit mål at representantane i IA-utvalet til ei kvar tid skal vere oppdaterte på reglar og lover som er knytte til HMS og BHT. Representantane i utvalet har i år delteke på forskjellige kurs og seminar i regi av blant anna Stami, NAV, Idébanken, Hjelp24 og Infotenesta.

I 2011 vart det oppretta ein eigen sjukefråværsindikator som syner månadsvist sjukefråvær og som blir rapportert til DM. Sjukefråværet i NVE er lågt. Det totale sjukefråværet i 2011 var 2,57 pst.

9 Status for energipolitikken. Rapporten frå Energiutvalet (NOU 2012: 9)

9.1 Innleiing

Ved kongeleg resolusjon av 4. mars 2011 vart det oppnemnt eit utval (Energiutvalet) for å vurdere den langsiktige energiutviklinga i Noreg. Føremålet med utvalet var blant anna å skape ei betre forståing for dei avvegingane som vi står overfor i energipolitikken. Utvalet skulle vidare utgreie og vurdere sentrale faktorar som påverkar energi- og kraftbalansen i Noreg, blant anna produksjon, forbruk, nettutbygging og kraftutveksling med utlandet, jf. boks 9.1 der utvalet si samansetjing og mandat går fram. Utvalet fekk frist til 1. mars 2012 for å overlevere si innstilling.

Utvalet gav si innstilling 5. mars 2012. Utvalet sin rapport (NOU 2012: 9 Energiutredningen – verdiskaping, forsyningssikkerhet og miljø) vart sendt på høyring ved brev av 23. mars 2012. Høyringsfrist var 23. juni 2012. Det vart gitt 50 høyringsuttaler.

Regjeringa legg her fram vurderingar av utvalets rapport og gir ein energipolitisk status. Bakgrunnen for at Regjeringa har valt å gi ein slik gjennomgang i Prop. 1 S (2012-2013) er at ein har ønskt ei rask oppfølging av NOU 2012: 9 frå regjeringa si side.

I denne gjennomgangen er det først gitt ei oversikt over hovudtrekk ved utviklinga på energiområdet dei seinare åra (pkt. 9.2). Deretter kjem ein gjennomgang av hovudtrekk ved utvalet sin rapport (pkt. 9.3). Under pkt. 9.4 er det ein gjennomgang av høyringsuttalene. I pkt. 9.5 er gitt ein energipolitisk status og Regjeringas vurderingar av utvalet sine synspunkt og tilrådingar.

Boks 9.1 Samansetning og mandat for Energiutvalet

Sammensetning

  • Olav Akselsen, sjøfartsdirektør, Sjøfartsdirektoratet (leder)

  • Marit Arnstad, advokat (nestleder)

  • Petter Haas Brubakk, direktør, Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Torstein Arne Bye, fagdirektør, Statistisk Sentralbyrå

  • Steinar Bysveen, konserndirektør, Statkraft

  • Kathrine Fog, assisterende direktør Norsk Hydro

  • Lars Haltbrekken, leder, Naturvernforbundet

  • Nils Kristian Nakstad, administrerende direktør, Enova

  • Bente Haukland Næss, energi- og miljøkoordinator, Asplan Viak

  • Elizabeth Baumann Ofstad, seniorrådgiver, Statoil

  • Raymond Robertsen, prosjektdirektør

  • Eli Reistad, bonde

  • Ellen Stensrud, hovedkasseren, Landsorganisasjonen i Norge

  • Wenche Teigland, konserndirektør, BKK

  • Arne Vinje, ordfører, Vinje kommune

Mandat

Utvalget skal utrede og vurdere energi- og kraftbalansen for Norge fram mot 2030 og 2050. Produksjonen av kraft, størrelsen på kraftutvekslingen med utlandet og forbruket i ulike sektorer er eksempler på sentrale størrelser i energi- og kraftbalansen. Energibalansen skal omfatte det stasjonære energiforbruket medregnet petroleumsvirksomheten og energiforbruket i transportsektoren. Regionale energi- og kraftbalanser skal vurderes for å kunne bedømme det langsiktige behovet for utbygging av nettkapasitet. Effektforbruk og effekttilgang skal tas inn i vurderingene der det er naturlig.

Vurderingene av energi- og kraftbalansen skal ta utgangspunkt i ulike framskrivinger av energiutviklingen, og ressursgrunnlag.

Utvalget skal kartlegge viktige ytre forhold som vil påvirke energi- og kraftbalansen i Norge, herunder konsekvensene av klimaendringer. Med et så langt tidsperspektiv vil det også være naturlig å se på utviklingsperspektiver der energipolitikken ikke er bundet av dagens rammevilkår. Utvalget må gi en grundig gjennomgang av de internasjonale perspektivene og rammene for energiutviklingen. Det gjelder særlig miljø- og klimapolitikk, krav som settes til Norge gjennom EØS-avtalen, den tekniske og naturvitenskaplige kunnskapen og kunnskapen om konsekvensene av naturinngrep, blant annet naturmangfoldet, ved energianlegg.

Utvalget skal legge til grunn dagens vernepolitikk for vassdrag, herunder verneplan I-IV og senere suppleringer.

Utvalget skal gi en sammenfattet presentasjon av energiutviklingen siden 1980.

Utvalget bes videre vurdere sammenhengen mellom energiutviklingen og mulighetene for verdiskaping, sysselsetting, kompetanse- og teknologiutvikling i energisektoren, i næringslivet for øvrig, i offentlig sektor og i husholdningene.

For å legge til rette for en bred drøfting av muligheter og begrensninger i utviklingen av et bærekraftig energisystem skal utvalget utrede de energimessige konsekvensene av forslag til tiltak og virkemidler. Utvalget skal i denne forbindelse også vurdere virkningene av ulike tiltak for klima, miljø, sysselsetting og for industri og annet næringsliv.

Det skal vurderes hva som skal til for at de regionale kraftbalansene gir grunnlag for like, stabile og forutsigbare strømpriser over hele landet, herunder produksjon og linjer.

Det må legges særlig vekt på å få vurdert hva som kan gjøres for å begrense forbruket. Det vil derfor være behov for å drøfte hva energi og elektrisitet vil bli brukt til i framtiden. Det er blant annet viktig å få belyst hvordan det faktiske energi- og elforbruket avhenger av ulike myndighetstiltak.

Utvalget forutsettes å ha kontakt med ulike faggrupper og interessegrupper.

9.2 Regjeringas energipolitikk fram til i dag

Regjeringa har lagt stor vekt på å sikre ei effektiv, robust og miljøvennleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Dette er bakgrunnen for at det gjennom heile regjeringsperioden har vore ei brei satsing på fornybar energi, meir effektiv bruk av energi, omlegging frå bruk av fossil energi, og framhalden styrking av overføringssambanda, jf. boks 9.2. Denne politikken har gitt gode resultat.

Verkemiddel

Enova har vore hovudverkemidlet i den viktige satsinga på meir effektiv bruk av energi og omlegging av energibruken. Fram til innføringa av elsertifikata har Enova òg hatt ansvaret for å stimulere utbygging av fornybar elproduksjon, først og fremst vindkraft. Satsinga gjennom Enova er svært omfattande. Inntektene til Energifondet har stige frå i underkant av 750 mill. kroner i 2005 til i underkant av 2 mrd. kroner i 2011, noko som inneber nær på ei tredobling. Gjennom etableringa av Energifondet har det blitt stabilitet i finansieringa.

I åra 2006-2011 har inntektene til Energifondet vore på om lag 9,5 mrd. kroner. Midlane har gått til vindkraft, energieffektivisering i bygningar og industri, utbygging av fjernvarmesystem i dei store byane og andre miljøvennlege varmeløysingar. Mange aktørar i varmemarknaden, industrien, byggjenæringa og hushald har gjennomført prosjekt ved hjelp av Enova. Langsiktig finansiering av verksemda har vore viktig for å utløyse gode prosjekt. I perioden frå 2006 til 2011 vart det gitt støtte til prosjekt med eit samla forventa energiresultat på 11,3 TWh. Varme og industri er dei områda som har høgast energiresultat, jf. nærare omtale i boks 9.5.

Fleire andre verkemiddel er med på å byggje opp under arbeidet med energiomlegging. Byggjeforskriftene, som er forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet, er stramma inn både når det gjeld krav til energieffektivitet og oppvarmingsløysingar. Det er innført ei ordning med obligatorisk energimerking av bygg som skal medverke til at bygningane sin energitilstand blir ein del av avgjerdsgrunnlaget ved kjøp og leige. Det er innført energistandardar og energimerking av energirelaterte produkt.

Frå 1. januar 2012 er den felles norsksvenske elsertifikatmarknaden hovudelementet i regjeringas auka satsing på fornybar elektrisitet. Med dette er satsinga på fornybar energi ytterlegare styrkt. Elsertifikata er nærare omtalte i pkt. 9.5.4.

Gjennom innlemminga av EUs fornybardirektiv har Noreg forplikta seg til eit mål på 67,5 pst. fornybar energi i 2020. Dette er klart høgare enn i alle EU-land. Noreg er på god veg mot å nå fornybarmålet, jf. nærare omtale i pkt. 9.5.4.

Regjeringa prioriterer vidare å få gjennomført nye investeringar og reinvesteringar som sikrar eit vel fungerande straumnett. Det er viktig at overføringsnettet for elektrisk kraft har god nok kapasitet i heile landet og at investeringane kjem på plass i tide. Regjeringa har derfor lagt stor vekt på å få gjennomført utbyggingar og utbetringar av overføringssambanda både innanlands og til utlandet. Blant anna har Statnetts investeringar i tiltak i nettet auka betydeleg dei seinare åra. I 2005 utgjorde Statnetts investeringar nærare 0,9 mrd. kroner. I 2011 var Statnetts investeringar om lag 2,4 mrd. kroner. Dei samla nettinvesteringane var i 2005 7,8 mrd. kroner. I 2012 var dei oppe i 12,5 mrd. kroner. Ei rekkje viktige linjeutbyggingar er sette i drift dei siste åra, jf. nærare omtale i boks 9.6.

I perioden 2006-2011 er det gitt konsesjon til vass- og vindkraftverk med ein årleg produksjonskapasitet tilsvarande om lag 8,5 TWh. Dette er ein betydeleg auke samanlikna med dei føregåande åra. Det er vidare gitt konsesjon til fjernvarmeanlegg med ein årleg produksjon tilsvarande om lag 4 TWh. Blant dei overføringssambanda som har fått endeleg konsesjon er Ørskog-Sogndal. Denne kraftlinja vil betre kraftsituasjonen i Midt-Noreg vesentleg. Det er vidare gitt konsesjon til eit nytt undersjøisk kabelsamband mellom Noreg og Danmark (SK 4). Dette sambandet vil auke utvekslingskapasiteten med 700 MW og gi viktige bidrag til verdiskapning og trygg forsyning. Andre viktige leidningsprosjekt som har fått konsesjon er Sima-Samnanger og Mongstad-Kollsnes. Saman med den planlagde leidningen mellom Mongstad og Modalen vil desse leidningane styrkje kraftsituasjonen i Hordaland nord for Hardangerfjorden (BKK-området) vesentleg.

Auken i konsesjonsbehandla saker må sjåast i samanheng med at Regjeringa har lagt stor vekt på å styrkje og effektivisere konsesjonsbehandlinga av anlegg for produksjon og overføring av elektrisitet. Saksbehandlingskapasiteten i NVE er dobla sidan 2005. I tillegg er det fastsett retningslinjer for handsaminga av vindkraft og små vasskraftverk, og rettleiingsmaterialet til tiltakshavarar er betra. I konsesjonsbehandlinga er koordinert behandling av ny produksjon og nett innanfor regionar lagt sterkare vekt på enn tidlegare. I Meld. St. 14 (2011-2012) Vi bygger Norge – om utbygging av strømnettet (Nettmeldinga), er det vidare føreslått endringar i planlegging og konsesjonsbehandling av store kraftleidningar for å auke effektiviteten, styrkje tidleg involvering av dei aktuelle partane og gjere tydeleg dei politiske vala.

Satsinga på ei meir robust kraft- og energiforsyning er støtta av ein brei innsats på forsking og utvikling. Regjeringa har satsa tungt på FoU dei seinaste åra og har meir enn tredobla midlane til energiforsking frå 2006 og fram til i dag, jf. boks 9.10.

Mindre sårbar kraftforsyning

Regjeringas politikk har lagt grunnlaget for at tilgangen på elektrisitet basert på fornybar energi har auka betydeleg. I perioden 2006-2011 er det sett i drift nye vass- og vindkraftanlegg med ein årleg produksjonskapasitet tilsvarande om lag 5,3 TWh. Også utbygginga av fjernvarme har auka. Mengda levert fjernvarme var 2,0 TWh høgare i 2010 enn i 2005, jf. boks 9.3.

Regjeringas satsing blant anna på omlegging av og meir effektiv energibruk, har medverka til at den norske stasjonære energibruken og den norske elektrisitetsbruken gjennomgåande har halde seg på eit relativt stabilt nivå dei seinare åra. Til dømes var brutto elektrisitetsforbruk i 2011 litt lågare enn i 2005. Andre forhold som har medverka til utflatinga av energibruken er høgare energiprisar enn på 1990-talet og at det internasjonale økonomiske tilbakeslaget har medført eit lågare aktivitetsnivå og eit lågare forbruk av elektrisitet i kraftintensiv industri.

Samla har regjeringas politikk medverka til å gjere kraftsystemet mindre sårbart i høve til svingingane i kraftproduksjonen. Men i periodar med lågt tilsig kan kraftsituasjonen framleis bli krevjande, jf. situasjonen vintrane 2009-2010 og 2010-2011.

Betringa i kraftsituasjonen har ført til at Noreg i år med høgt tilsig ofte vil ha betydeleg nettoeksport av elektrisitet. Men det vil framleis kunne vere ein viss nettoimport i år med lågt tilsig, jf. figur 9.1.

Også regionalt har kraftforsyninga blitt mindre sårbar. Men det er framleis nødvendig å ha betydeleg merksemd retta mot kraftsituasjonen i enkelte regionar.

Figur 9.1 Årleg import, eksport og nettoutveksling av kraft fra 2000 til 2011

Figur 9.1 Årleg import, eksport og nettoutveksling av kraft fra 2000 til 2011

Kilde: SSB

Boks 9.2 Ein del sentrale energipolitiske saker og framlegg frå OED dei seinare åra

Sikra offentleg eigarskap til vasskraftressursane

Regjeringa vil at vasskraftressursane skal vere heile folket sin eigedom og vil ha eit sterkt offentleg eigarskap for å sikre heil og fulle styring og kontroll med desse verdifulle fornybare ressursane. Gjennom Ot.prp. nr. 61 (2007-2008) og Ot.prp. nr. 66 (2008-2009) har regjeringa styrkt og sikra offentleg eigarskap til vasskraftressursane og lagt til rette for ei utleigeordning innanfor rammene av det offentlege eigarskapet. Regjeringa har dermed sikra at den viktigaste fornybare ressursen i landet blir verande i folket sitt eige gjennom eigarskap på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå.

Trekt opp rammene for nettpolitikken for åra framover

Regjeringa la i mars 2012 fram Nettmeldinga. I meldinga trekte regjeringa opp politikken for utbygging og reinvesteringar i det sentrale overføringsnettet i åra framover, jf. nærare omtale under pkt. 9.5.4. I meldinga er det vidare føreslått endringar i planlegging og konsesjonsbehandling av store kraftleidningar for å auke effektiviteten, styrkje tidleg involvering av dei aktuelle partane og tydeleggjere dei politiske vala.

Etablert ei ny plattform for Enova (2011)

Departementet evaluerte Enovas verksemd i 2010. I evalueringa vart det gjort ein samla gjennomgang av utviklinga i Enovas program og energiresultata innanfor kvart satsingsområde. Det vart særleg lagt vekt på å gjere greie for resultata innan vindkraft og varmeløysingar baserte på andre energiberarar enn elektrisitet, olje og gass. Det vart peikt på nokre utfordringar i arbeidet, under dette lange leietider, kanselleringar, kravet om at Enovas verkemiddel skal vere utløysande for tiltak, måling av resultat og resultatrapportering. Evalueringa vart lagt fram for Stortinget i Prop. 1 S (2010-2011). Fleire høyringsinstansar tok opp spørsmål om ei heilskapleg energiomlegging i samband med førebuingane til Prop. 101 L (2010-2011) Lov om elsertifikater. På denne bakgrunnen vart det gjort greie for energiomleggingspolitikken og måla og verkemidla i Enovas verksemd i lovproposisjonen. Det vart peikt på aktuelle konkrete innsatsområde framover.

I Prop. 1 S (2011-2012) beskreiv departementet Enovas arbeidsfelt utan å gå inn i dei konkrete utfordringane. Det vart lagt vekt på å illustrere korleis verkemiddel kan innrettast avhengig av kor modne dei ulike marknadene og teknologiane er.

I Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk (Klimameldinga), vart det lagt viktige nye føringar for Enovas verksemd i framtida. Blant anna vart det føreslått å etablere eit nytt fond for klima, fornybar energi og energiomlegging.

Vurderingane i dei ulike stortingsdokumenta, og Stortingets behandling av desse, la grunnlaget for å forhandle ei ny avtale med Enova. Denne vart ferdigstilt 28. juni 2012. Avtala inneber ei stor ny satsing på energi- og klimateknologi og ei styrkt satsing på energiomlegging.

Auka fornybar satsing – felles elsertifikatmarknad med Sverige

Departementet har lagt ned eit omfattande arbeid i å etablere ein felles elsertifikatmarknad med Sverige. Departementet forhandla fram ein traktat med Sverige som Utanriksdepartementet la fram for Stortinget i Prop. 5 S (2011-2012). Det vart sett eit ambisiøst mål om å byggje ut 26,4 TWh ny kraftproduksjon basert på fornybare energikjelder innan utgangen av 2020. I Prop. 101 L (2010-2011) la regjeringa fram eit forslag til innretning av ein elsertifikatmarknad som skulle kunne koplast saman med den svenske elsertifikatmarknaden frå 1. januar 2012. Den felles elsertifikatmarknaden vart etablert etter noteveksling mellom landa som sikrar at begge land godtek elsertifikata til det andre landet. Marknaden er no i drift.

Gjennomføring av fornybardirektivet

Fornybardirektivet (2009/28/EF) vart innlemma i EØS-avtala i 2011. Noreg har påteke seg ei forplikting om å auka vår del fornybar energi til 67,5 pst. i 2020. Det norske målet er klart høgare enn måla for alle EU-landa. Regjeringa la i juni 2012 fram ein handlingsplan som trekkjer opp korleis Noreg kan nå ein samla fornybardel på 67,5 pst. innan 2020 og ein fornybardel i transportsektoren på 10 pst. same året. Elsertifikata er det viktigaste enkelttiltaket for å nå målet.

Meir effektiv beredskap

Effektiv beredskap er nødvendig. Samfunnet har aukande behov for at kraftforsyninga er stabil og av god kvalitet. Hendingar dei siste åra har vist kor viktig det er med eit robust kraftnett og god beredskap. I Prop. 112 L (2010-2011) Om lov om endringer i energiloven og enkelte andre lover la regjeringa fram endringar i beredskapsføresegnene i energilova. Arbeidet med å utvikle vidare beredskapsreglane i energilova har gått føre seg i lengre tid og har blant anna bakgrunn i gjennomgangen av Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO) i 2007/2008. Føremålet bak endringane i energilova var å skape størst mogleg tryggleik for effektiv beredskap og krisehandtering i ekstraordinære situasjonar. NVE har med bakgrunn i endringane i energilova og erfaringar frå hendingar dei siste åra føreslått ei rekkje forskriftsendringar som vil medverke til at forsyningstryggleiken blir ytterlegare styrkt. Ein viktig tanke bak forskriftsendringane er å sikre at aktørane i kraftbransjen gir forsyningstryggleiken og beredskapsarbeidet tilstrekkeleg merksemd, samtidig som allereie gjeldande føresegner og praksis blir presiserte og gjort tydelege.

Legg til rette for auka bruk av kraft frå land til petroleumsverksemda

Det er eit krav at kraft frå land skal vurderast som energiløysing for alle nye felt og ved større ombyggingar av eksisterande felt. Fleire store gass- og oljefelt dekkjer kraftbehovet sitt med elektrisitet frå land. Ein føresetnad for ei løysing med kraft frå land er at det kan skje utan uønskte effektar for kraftsystemet. Kraft frå land til sokkelen føreset derfor at det samtidig er sikra utbygging av tilstrekkeleg ny kraft, eller at det blir ført fram nok nytt nett slik at dette ikkje fører til svekt forsyningstryggleik for kraft i den aktuelle regionen. Statnett skal leggje til rette for framtidig kraftforbruk, blant anna større og spesifikk auke i kraftbruken i petroleumssektoren, dersom dette er samfunnsøkonomisk lønnsamt.

Tilrettelegging for kraftutveksling med utlandet

I 2008 vart kabelsambandet mellom Noreg og Nederland sett i drift. Sambandet har ein kapasitet på 700 MW, jf. omtale St.prp. nr. 1 (2007-2008). I 2010 vart sambandet mellom Midt-Noreg og Sverige, Nea – Järpströmmen oppgradert. Til saman har desse nettinvesteringane auka utvekslingskapasiteten med utlandet med 1 100 MW, ei auke på om lag 20 pst.

Evaluering av energilova – tilknytingsplikt

I 2006 sette departementet i gang ei brei evaluering av energilova. Gjennomgangen medførte forslag til enkelte lovendringar og forslag til tiltak, jf. Ot.prp. nr. 62 (2008-2009) Om lov om endringer i energiloven. Det vart blant anna innført tilknytingsplikt for produksjon for å sikre at samfunnsøkonomisk lønnsame produksjonsprosjekt blir realiserte. Vidare vart praksisen med tilknytingsplikt for forbruk på alle nettnivå lovfesta, slik at forbruk berre i ekstraordinære tilfelle kan nektast tilknyting til nettet.

Auka satsing på utjamning av nettleiga i distribusjonsnettet

Regjeringa ønskjer ikkje at det skal vere store skilnader i nettleige i ulike delar av landet. Utjamningsordninga for nettleige medverkar til å fjerne dei største utslaga av naturgitte skilnader i nettleiga, og reduserer nettleiga for sluttbrukarar i distribusjonsnetta med dei høgaste overføringskostnadene, først og fremst i distrikta. Frå 2012 dobla regjeringa tilskotet til utjamningsordninga frå 60 til 120 mill. kroner.

Sikker straumforsyning er viktig for å kunne halde oppe levedyktige lokalsamfunn rundt om i landet. Regjeringa vurderte at enkelte øysamfunn stod i ei særstilling når det gjeld sikker straumforsyning. Øya Træna ligg langt frå land, men nær viktige fiskebankar. Det er få nettkundar i området til å dele på utgiftene til sjøkablar til straumforsyninga. Også på Værøy og Røst har det vore viktig å sikre straumforsyninga for å leggje til rette for næringsutvikling og busetnad. Regjeringa løyvde derfor 33 mill. kroner til ein undersjøisk straumkabel til Træna i 2009. I 2010 vart det løyvd 33 mill. kroner til ein ny straumkabel til Værøy.

Ny lov om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova)

Olje- og energidepartementet la i Ot.prp. nr. 107 (2008-2009) fram forslag til lov om fornybar energiproduksjon til havs og ein strategi for utvikling av næringsliv og energiressursar knytte til havbasert fornybar energi.

Stortinget vedtok forslaget til ny lov i 2010. Lova inneber at eit overordna rettsleg rammeverk som legg til rette for fornybar energiproduksjon til havs er på plass.

Tiltak i regi av Enova – eit viktig element i regjeringas tiltakspakke for arbeid

Energifondet vart i 2009 tilført 1 190 mill. kroner gjennom regjeringas tiltakspakke for arbeid, jf. St.prp. nr. 37 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet med tiltak for arbeid. Innsatsen skulle særleg rette seg mot utbygging av fornybare oppvarmingsløysingar og energieffektive løysingar i industri, bygg og anlegg. Satsinga skulle medverke til arbeidsplassar innan byggje- og anleggssektorane og auka etterspørsel etter energieffektive og miljøvennlege løysingar.

Enova nytta seg i stor grad av etablerte program for å sikre at nye prosjekt raskt kunne komme i gang. I tillegg vart det oppretta to nye program retta mot høvesvis energieffektivisering i offentlege bygg og konvertering av lokale varmesentralar til fornybar energi. Enova la særskilt vekt på gjennomføringsevne og høve til rask igangsetjing ved prioritering av prosjekt. Til saman vart det gitt tilsegn om støtte til 475 prosjekt for fornybar energi og meir effektiv bruk av energi.

Eiga tilskotsordning til hushald

Enova har i dag verkemiddel for energiomlegging retta mot alle typar bygg. I dei første åra etter at Enova var etablert var det ingen støtteordningar retta mot hushald fordi dei ikkje stod fram som kostnadseffektive. Det innebar at det ikkje var aktuelt å etablere ei slik ordning innanfor Energifondet. I St.prp. nr. 82 (2005-2006) Tiltak for å begrense elektrisitetsbruken i husholdninger, vart det gitt ei særskilt løyving for å utvikle ei tilskotsordning til hushald. I dag er marknaden endra, og Enova har betydeleg meir midlar som gjer at dei kan famne større område enn tidlegare. På denne bakgrunnen vart ordninga lagt inn under Energifondet i revidert budsjett for 2011. Tilskotsordninga er evaluert, jf. Prop. 1 S (2011-2012).

Gjennomføring av bygningsenergidirektivet

Regjeringa la i Ot.prp. nr. 24 (2008-2009) fram forslag til endringar i energilova for å leggje til rette for energimerking av bygg og energivurdering av tekniske anlegg i tråd med bygningsenergidirektivet. Stortinget vedtok lovendringane 13. mars 2009. Målet med energimerket er at energibruk skal bli ein del av avgjerdsgrunnlaget ved kjøp og leige av bustader.

Boks 9.3 Auka produksjonskapasitet

Figur 9.2 Auka i installert produksjonskapasitet (akkumulert) for vasskraft og vindkraft fra 2000 til 20111

Figur 9.2 Auka i installert produksjonskapasitet (akkumulert) for vasskraft og vindkraft fra 2000 til 20111

1 Førebelse tal for 2011

Kilde: SSB/NVE

Total installert kapasitet i norsk kraftforsyning var i 2010 på om lag 31 700 MW, fordelt på vasskraft (94 pst.), varmekraft (5 pst.) og vindkraft (1,5 pst.). Installert kapasitet har auka betydeleg dei siste ti åra. Frå 2001 til 2011 auka kapasiteten i vasskraftverka med vel 2000 MW, mens vindkraftkapasiteten auka med om lag 500 MW.

Fjernvarmeproduksjonen har òg auka betydeleg dei siste ti åra. Levert fjernvarme auka frå 1,5 TWh i 2001 til 4,3 TWh i 2010, det vil seie at den er nær tredobla i perioden.

Figur 9.3 Årleg levert fjernvarme frå 2000 til 2010

Figur 9.3 Årleg levert fjernvarme frå 2000 til 2010

Kilde: SSB

9.3 Samandrag av NOU 2012: 9

9.3.1 Innleiing

Utvalets rapport er delt i tre delar; Del I «Mye er gitt», som omtaler den historiske utviklinga i norsk energi- og kraftforsyning fram til i dag. I Del II «Sentrale energipolitiske spørsmål» er drøfta det som utvalet meiner er dei viktigaste utfordringane og vegvala for energisektor og -styresmakter i tida framover. I Del III «Fagkapitler» er det ein nærare gjennomgang av enkelte av dei faglege vurderingane som utvalet har lagt til grunn for arbeidet sitt. Som vedlegg til utgreiinga er det utarbeidd eit bakgrunnsnotat om berekningane som er utførte i samband med utvalsrapporten, og dei to notata «Konsekvensene av internasjonal klimapolitikk for norsk kraftsektor» og «Kraftpriser, forsyningssikkerhet og kostnader». Samandraget av NOU 2012: 9 som er presentert i dette kapitlet baserer seg i hovudsak på utvalets eige samandrag. I tillegg er det ei omtale av utvalet sine berekningar av kraftbalansen i boks 9.4.

9.3.2 Utviklinga etter 1980

I den historiske gjennomgangen av utviklinga i energisektoren blir det vist til at utviklinga av Noreg til ein energinasjon starta for over hundre år sidan. Utnyttinga av dei store vasskraftressursane var ein viktig føresetnad for industri- og velstandsutviklinga som skaut fart etter andre verdskrigen. Den betydelege velstandsveksten Noreg har opplevd dei siste tiåra har medverka til auka bruk av energi. Dei siste tretti åra har energibruken auka på dei fleste område i samfunnet. Samtidig er energibruken blitt meir effektiv. I dag blir det brukt 35 pst. mindre energi for å produsere det same som i 1980. Energibruken i kraftintensiv industri og energiproduserande næringar har auka og utgjer 26 pst. av samla innanlands stasjonær energibruk.

Utvalet viser til at energipolitikken har komme høgare opp på den politiske dagsordenen både i Noreg og internasjonalt dei seinare åra. Dette skuldast ikkje berre den betydninga energisektoren har for den nasjonale verdiskapinga, men òg ei aukande erkjenning av at energisektoren må omstillast for at verda skal kunne handtere klimautfordringane.

Utvalet viser til at Noreg er prega av at det blir brukt meir elektrisitet enn i andre land, blant anna som følgje av god tilgang på rimeleg vasskraft. Kraftsystemet er nesten 100 prosent basert på vasskraft, og Noreg er den største produsenten av vasskraft i Europa. Elektrisitet utgjer om lag 70 pst. av energibruken både i kraftintensiv industri og i alminneleg forsyning (utanom transportsektoren). Kraftintensiv industri, inkludert treforedling, står for ein tredel av kraftbruken.

Figur 2.2 i utvalet sin rapport viser årleg kraftbalanse frå 1980 og fram til i dag. Kraftbalansen kan definerast som differansen mellom normal produksjonsevne (stolpar) og temperaturkorrigert totalforbruk (linje). På årsbasis svingar netto krafthandel mellom eksport og import. Størst nettoeksport i perioden etter 1980 vart registrert i 2000, med ein eksport på 19 TWh. 2004 var året med den største netto importen i perioden, med ein import på 12 TWh. I gjennomsnitt hadde Noreg ein årleg eksport på 3 TWh frå 1998 til 2010. For å handtere dei store variasjonane er overføringskapasiteten mellom landsdelane styrkt dei siste 30 åra, og utvekslingskapasiteten til nabolanda er bygd ut.

Utvalet viser til at Noreg med innføringa av den nye energilova 1. januar 1991 var eitt av dei første landa i verda som fekk ei marknadsbasert kraftomsetning. Produksjon og omsetning av kraft vart konkurranseutsett, mens overføring og distribusjon vart skilt ut og underlagt monopolregulering. Føremålet med reforma var at kraftprisen skulle regulere både den kortsiktige disponeringa av vatnet og investeringar i ny produksjonskapasitet. Det vart utvikla ein spotmarknad for fortløpande krafthandel. I 1996 slutta Sverige seg til denne marknaden, og sidan har også Finland, Danmark og Estland komme til. Før 1991 hadde kraftverka monopol på produksjon og overføring av elektrisk kraft i sine respektive område, og dei hadde plikt til å dekkje forbruket i alminneleg forsyning i sitt konsesjonsområde. Etter 1991 har marknadsprisane vore sentrale for å styre fortløpande produksjon, forbruk og krafthandel. I følgje utvalet har avreguleringa ført til betre samsvar mellom prisar og kostnader i marknaden, og har dermed gitt meir riktige investeringssignal. Saman med auka integrasjon med nabolanda og den teknologiske utviklinga, meiner utvalet at dette har medverka til meir effektiv ressursutnytting og færre naturinngrep.

9.3.3 Noreg står i ei særstilling

Utvalet peiker på at Noreg som energinasjon har eit heilt spesielt utgangspunkt med ein betydeleg eksport av olje og gass, som i liten grad blir nytta innanlands. Samtidig er det vist til at Noreg har eit kraftsystem som er nesten 100 pst. basert på fleksibel, fornybar energi, vasskraft. Mens klimautfordringa tvingar andre land i Europa til å byggje ut dyr fornybarproduksjon og effektivisere energibruken kraftig for å redusere utsleppa frå kol- og gasskraftproduksjon, viser utvalet til at Noreg kan velje å byggje ut meir fornybar energi som vind- og vasskraft som følgje av store, ikkje utnytta fornybare energiressursar. Utvalet viser til at det økonomiske potensialet for vasskraft er anslått til 33 TWh, at Noreg har store vindkraftressursar både til lands og til havs, og at det er mogeleg å auke utnyttinga av bioenergi og andre energikjelder. Utvalet legg til grunn at produksjonen av fornybar energi vil auke fram til 2020. Som følgje av EØS-avtala (fornybardirektivet) har Noreg forplikta seg til å auke delen fornybar energi frå 58 pst. i 2005 til 67,5 pst. i 2020. Til samanlikning skal EU i same perioden auke sin fornybardel til 20 pst. Det viktigaste verkemidlet for å få dette til er å stimulere til auka investeringar i ny fornybar kraftproduksjon gjennom ein felles sertifikatmarknad med Sverige. Sertifikatmarknaden skal syte for at Noreg og Sverige til saman byggjer ut 26,4 TWh ny fornybar kraftproduksjon. Det krev i følgje utvalet store investeringar både i produksjon og nett.

Utvalet er oppteke av at dominansen av vasskraft i det norske kraftsystemet gir andre utfordringar enn dei ein har i kraftsystema i Europa. Det blir vist til at produksjonen i vasskraftverka er avgrensa av kor mykje vatn som er tilgjengeleg, samtidig som nedbøren er lite føreseieleg og varierer betydeleg mellom sesongar og frå år til år. Mens regnet i 2010 gav eit tilsig til kraftmagasina på 100 TWh elektrisk kraft, var tilsiget i 2011 på heile 151 TWh. Utvalet viser til at desse store variasjonane i nedbør frå år til år utfordrar forsyningstryggleiken. Vatnet som er «brenselet» i vasskraftsystemet, kan ikkje kjøpast i marknaden. Over tid kan ikkje vasskraftverka produsere meir enn nedbør og magasin gir grunnlag for. Utvalet slår fast at det kan oppstå betydeleg underskot i tørre og kalde år sjølv om Noreg er sjølvforsynt med kraft i eit normalt år. Magasina må òg disponerast under betydeleg uvisse, utan kunnskap om eit år blir tørrare eller våtare enn normalt. Utvalet peiker på at mellombelse regionale situasjonar med knappleik ikkje kan unngåast i eit kraftsystem som det norske. Det skuldast blant anna at produksjonen er vêravhengig og stadbunden, og at endringar i forbruket kan komme raskt og i store sprang, for eksempel knytt til etablering av landbasert industri eller elektrifisering av petroleumssektoren. Erfaringane viser at utfordringane ofte er samansette og ulike frå område til område.

Utvalet viser til at variasjonane i nedbør frå år til år gjer Noreg avhengig av kraftutveksling med nabolanda våre. I periodar med lågare tilsig kan det importerast kraft. Med for mykje vatn kan overskotet eksporterast i staden for å la magasin og elvar renne over. Noreg, Sverige og Finland har seg i mellom god utvekslingskapasitet og samla sett ein relativt stor del vasskraft. I andre naboland er kraftproduksjonen i større grad basert på kjernekraft, kolkraft og, i aukande grad, fornybar energi. Dei må bruke dyre kraftverk for å dekkje forbrukstoppane midt på dagen, mens dei klarer seg med billig produksjonskapasitet når belastninga er låg om natta. Det gir store prisvariasjonar mellom dag og natt. I vasskraftsystemet kostar det lite å regulere produksjonen opp og ned. Det gjer at prisane ikkje varierer så mykje mellom dag og natt. Gjennom handel med vasskraftsystemet, kan dei termiske systema importere kraft når forbruket er høgt og eksportere kraft når forbruket er lågt. Det betyr at Noreg kan importere billig kraft om natta og eksportere når prisane er høge midt på dagen. Utvalet viser òg til at andre forhold medverkar til lønnsam handel, blant anna at varmekraftverk har lågare utslepp når dei kan køyrast jamt og på full effekt. Utvalet meiner derfor det både fornuftig og lønnsamt å ha kraftutveksling mellom det norske vasskraftsystemet og kraftsystema på Kontinentet. Med meir vind- og solkraft legg utvalet til grunn at kraftmarknadene i Europa får eit større behov for utveksling med vårt fleksible vasskraftsystem. Utvalet meiner derfor at verdien av fleksibel fornybar kraftproduksjon vil auke.

9.3.4 Viktige utviklingstrekk mot 2050

Utvalet viser til at det i 2050 truleg vil vere mellom 6 og 8 millionar innbyggjarar i Noreg, og at vi vil vere vesentleg rikare enn i dag. Trendar og framskrivingar tyder på at økonomien kjem til å vere mindre energiintensiv enn i dag. Særleg utanfor OECD-området er det venta økonomisk vekst og auke i energietterspørselen. Kostnadene ved å bruke fossil energi er venta å auke. Klimapolitikken set ein pris på utslepp av klimagassar og aukar etterspørselen etter fornybar energi. EU har sett ambisiøse klimapolitiske mål fram til 2020, inkludert mål for å fremje fornybar energi og energieffektivisering, og ønskjer å avkarbonisere energisektoren til 2050. Mellombelse økonomiske tilbakeslag kan svekkje satsinga, men EUs motivasjon for omlegging av energisektoren er òg knytt til forsyningstryggleik, arbeidsplassar og næringsutvikling. Utforminga av og styrken i klimapolitikken i EU etter 2020 kjem an på utviklinga internasjonalt og kva tiltak andre land gjennomfører. Energi- og klimapolitikken i EU og nasjonalt endrar energisystema nabolanda våre. EUs energi- og klimapolitikk påverkar òg norsk energipolitikk gjennom EØS-avtala. Trendane tilseier at energisystema blir mindre fleksible og meir integrerte, og at elektrisitet blir ein meir sentral energiberar i framtidas lågutsleppssamfunn enn den er i dag. EUs indre marknad for energi vil bli utvikla og infrastrukturen, ikkje minst for kraftutveksling mellom land, vil bli styrkt. Auka forskingsinnsats vil føre til utvikling av ny teknologi og nye løysingar, både på produksjons- og etterspørselssida. I 2030 er det for eksempel rimeleg å tru at det er utvikla smartare nettløysingar, og nye og billegare løysingar for produksjon av fornybar energi og konvertering til elektrisitet i transportsektoren. I Noreg vil vasskraft med magasin framleis dominere stasjonær energiforsyning i 2030 og 2050. I medhald av gjeldande planar vil regional- og sentralnettet vere vesentleg styrkt og AMS (avanserte måle- og styringssystem) innførte.

Utvalet legg til grunn at ei rekkje nasjonale og internasjonale utviklingstrekk vil prege utviklinga i norsk energisektor mot 2050:

  • Folkevekst og økonomisk vekst aukar den underliggjande etterspørselen etter energi. Energieffektivisering i bygg og industri, og endringar i nærings- og busetnadsstruktur, vil avgrense utviklinga i energibruken.

  • Klimapolitikken inneber at bruken av fossil energi blir redusert, og krav om satsing på energieffektivisering og bruk av fornybar energi vil auke.

  • EUs energi- og klimapolitikk, og klimapolitikken globalt, set viktige rammer for utvikling av norsk energisektor.

  • Elektrisitet vil bli brukt til nye formål, og elektrisitet kjem til å spele ei viktigare rolle i energisystemet.

  • Vi blir meir sårbare for avbrot i elforsyninga, og krava til forsyningstryggleik i kraftsystemet aukar fordi teknologiutviklinga og velstandsauken gjer oss stadig meir avhengige av elektrisitet. Det aukar kostnadene i kraftsystemet.

  • På 10-20 års sikt vil krav om utbygging av fornybar kraftproduksjon medføre at vi får lågare kraftprisar enn i dei termiske systema på Kontinentet.

  • På lang sikt vil klimakostnader bli prisa inn i kraftproduksjon også globalt. Det vil auke omstillinga til fornybar/lågutsleppsenergi, og vil styrkje den relative konkurranseevna for verdiskaping basert på norsk fornybar energi.

  • Klimapolitikken gir ei betydeleg omlegging av kraftsystema i landa rundt oss. Behovet for regulerbar produksjon og fleksibilitet i forbruket aukar både i Noreg og i nabolanda våre.

  • Kraftmarknadene i Norden og Europa blir meir integrerte. Det blir bygd fleire utvekslingslinjer mellom land, og marknadsplassane blir utvikla og kopla saman. Det betyr auka koordinering av utvikling og drift av kraftsystema i Nord-Europa.

  • Utbygging av meir fornybar kraft og nett gir auka press på naturen, og kjem i fleire tilfelle i konflikt med annan bruk av naturen og omsynet til naturmangfald. Det styrkjer behovet for eit godt avgjerdsgrunnlag og betre kunnskap om konsekvensane av utbygging.

  • Klimautfordringane gir auka satsing på utvikling av teknologi for fornybar energi, effektiv energibruk og smarte nett. Forsking, utvikling og kompetanse blir viktig både for å utvikle og ta i bruk konkurransedyktige nye løysingar.

  • Energietterspørselen i verda vil auke, og utbygging av fornybar energi vil halde fram også i utviklingsland. Det betyr auka etterspørsel etter norsk kompetanse og kunnskap om fornybar energi i andre delar av verda.

Boks 9.4 Berekningar av energi- og kraftbalansen til 2030 og 2050

Ein sentral del av utvalet sitt mandat var å greie ut og vurdere energi- og kraftbalansen for Noreg fram mot 2030 og 2050. Også regionale energi- og kraftbalansar skulle vurderast for å kunne bedømme det langsiktige behovet for utbygging av nettkapasitet.

Utvalet viser til at økonomisk vekst er ei viktig drivkraft for etterspørselen etter energi. Over tid er det tilgang på arbeidskraft, kapital og råvarer og korleis desse blir utnytta som avgjer landet si økonomiske vekstbane. Utvalet har lagt til grunn ei økonomisk utvikling i tråd med dei langsiktige framskrivingane i Nasjonalbudsjettet 2011, Meld. St. 1 (2010-2011). Føresetnader for internasjonale og nasjonale utviklingstrekk er baserte på St. meld. nr. 9 (2008-2009) Perspektivmeldingen 2009. Eitt scenario illustrerer kraftsystemet gitt av den makroøkonomiske bana i Nasjonalbudsjettet.

I val av dei to andre scenarioa er det lagt vekt på å illustrere to ulike kraftsystem; eit kraftsystem som har ein stram balanse og eit mykje større kraftsystem enn det vi har i dag, og med eit betydeleg kraftoverskot. Deretter er det gjort sensitivitetsanalysar i dei ulike scenarioa. Utvalet har valt å leggje berekningstidspunktet til 2030.

Oppfatningar om utviklinga internasjonalt er baserte på IEAs scenario i World Energy Outlook i 2011, «Current policies», «New policies» og «450 ppm».

Berekningsalternativet Stramt

Scenarioet er basert på ein meir ambisiøs klimapolitikk internasjonalt, som i IEAs scenario «New Policies». Verdssamfunnet lykkast ikkje i dette scenarioet med å utforme ei bindande global avtale som kan nå togradersmålet, men politikken er meir offensiv enn i IEAs referansealternativ «Current policies». Kvoteprisen for CO2 i 2030 er 271 kr/tonn.

I dette scenarioet er det føresett ein situasjon i 2030 der det er underskot i heile Norden. Samla kraftproduksjon i Noreg og Norden er høvesvis 148 og 438 TWh. Kraftunderskotet i Noreg er på 3 TWh, mens det for Norden samla er på 14 TWh. I Sverige er det føresett at kapasiteten i kjernekraftverka er redusert med ein tredel.

Noreg har ein samla overføringskapasitet til utlandet på 10 000 MW i dette alternativet, ei dobling i forhold til nivået i dag. 2 100 MW går til land utanfor Norden. I scenarioet Stramt spelar gasskraftproduksjon i Noreg ei større rolle og produserer heile året. Vindkraftproduksjonen er moderat og den ikkje regulerte produksjonen er dominert av vasskraft. Noreg har netto import i dei fleste vekene gjennom året. Den norske kraftprisen er med utvalet sine føresetnader utrekna til 70 øre/kWh.

Sensitivitetsanalysane i dette scenarioet viser at eit stramt kraftsystem har auka sårbarheit i forhold til tørrår og kaldt vêr. Også eit svakare nordisk nett og storleiken på utvekslingskapasiteten med utlandet betyr mykje for prisutviklinga. Tilgjenget av svensk kjernekraft har òg betydning når den nordiske kraftbalansen i utgangspunktet er i underskot.

Jo større det norsk-svenske underskotet er, desto større del må importerast til kontinentale prisar. Når importbehovet blir så stort at det òg må importerast i høglasttimar, må prisane i Noreg vere over dei høgaste prisane hos handelspartnarane. I ein situasjon med færre norske kablar blir norske prisar pressa til meir enn 3 kr/kWh, jf. figur 9.4 og forbruket blir rasjonert. Høge kraftprisar vil i realiteten medverke til at forbruket blir redusert, også før ein når eit ekstremt nivå. Ein reduksjon i kraftbruken i kraftintensiv industri kan for eksempel redusere underskotet vesentleg både i Noreg og i Norden.

Figur 9.4 Sensitivitetsanalysar av scenarioet Stramt

Figur 9.4 Sensitivitetsanalysar av scenarioet Stramt

Kilde: NOU 2012:9

Berekningsalternativet Ekspansivt

Scenarioet Ekspansivt baserer seg på IEAs 450 ppm alternativ, der togradersmålet blir nådd internasjonalt og der det er ein internasjonal kvotemarknad for CO2. Kvoteprisen for 2030 er 618 kr/tonn. Dette er føresett å medverke til ei demping av brenselprisane internasjonalt.

Dette scenarioet føreset ein stor auke i fornybar kraftproduksjon i Noreg og i nabolanda, samtidig som forbruket veks og blir jamnare over året. Noreg og Sverige har i dette scenarioet eit betydeleg kraftoverskot i 2030 med klart lågare prisar enn Kontinentet. Scenarioet Ekspansivt representerer eit kraftsystem der både produksjon, forbruk og utveksling er vesentleg høgare enn i dag. Samla produksjonsvolum i 2030 er på 183 TWh, med eit betydeleg innslag av vind (29 TWh), og ikkje regulerbar vasskraft (57 TWh). Samla forbruk er 166 TWh, av dette er 77 TWh jamt forbruk over året og døgnet. Samtidig har energieffektivisering og klimaendringar redusert delen vinterforbruk i hushald og tenesteytande næringar. Det norske kraftoverskotet på 17 TWh inngår i eit nordisk kraftoverskot på i alt 43 TWh. Utvalet har i dette alternativet lagt til grunn ein overføringskapasitet frå Noreg til utlandet på vel 13 600 MW, nær det tredoble av overføringskapasiteten i dag. 4 200 MW av dette er samband til kontinentet og UK. Den norske kraftprisen er med utvalet sine føresetnader berekna til 51 øre/kWh.

Sensitivitetsanalysane i scenarioet Ekspansivt viser at eit kraftsystem med stort overskot i Noreg og Norden er svært robust for tørrår og svikt i annan kraftproduksjon, som for eksempel kjernekraft. Derimot kan det vere meir utfordrande å utnytte krafttilgangen effektivt i år med høgare produksjon enn normalt. Ein tilsigsauke i Norden på 15 pst. gir ein nedgang i gjennomsnittleg kraftpris på 11 øre/kWh, jf. figur 9.5. Dette reduserer eksportinntektene frå kraftutvekslinga og fører til ei omfordeling av inntekter frå produsentar til konsumentar. Også i dette scenarioet er eit vel fungerande nett i Norden og tilstrekkeleg norsk utvekslingskapasitet til utlandet viktig for å handtere variasjonar i forbruk og produksjon.

Figur 9.5 Sensitivitetsanalysar av scenarioet Ekspansivt

Figur 9.5 Sensitivitetsanalysar av scenarioet Ekspansivt

Kilde: NOU 2012:9

9.3.5 Utvalet sine vurderingar og tilrådingar

Vegval for norsk energisektor mot 2050

Utvalet viser til at rikeleg tilgang på fornybar energi gjennom meir enn 100 år har medverka til utvikling av velstand og har vore eit konkurransefortrinn for norsk industri og næringsliv. Utvalet meiner at energiressursane også i framtida skal medverke til velferd og verdiskaping i heile landet. Energipolitikken må vidare utformast slik at samfunnet sine krav til eit vel fungerande energisystem blir oppfylte. Sikker og effektiv energiforsyning er ein kritisk føresetnad for eit vel fungerande, moderne samfunn. Det må leggjast til rette for verdiskaping samtidig som omsyn til natur, miljø og klima blir hand om.

I vurderinga av viktige vegval for norsk energisektor mot 2050 peiker utvalet på at energipolitikken må ta vare på og balansere fleire omsyn som til dels er motstridande.

  • Forsyningstryggleik: Sikker energiforsyning er ein grunnleggjande føresetnad for liv og velferd.

  • Miljø: Miljøvennleg energiforsyning inneber at det blir teke godt nok omsyn til energisystemet sine verknader på natur, miljø og klima.

  • Verdiskaping: Verdiskaping krev at energiressursane blir utnytta der dei gir størst verdi for samfunnet.

Utvalet peiker på at miljøomsyn kan vere i motstrid med omsyn til forsyningstryggleiken, og det kan vere motstrid mellom omsyn til klima og natur. Fornybar energi er for eksempel klimavennleg, men gir inngrep i naturen. Verdiskaping basert på utbygging og transport av fornybar energi må avvegast mot skadeverknadene ved naturinngrep.

Utvalet legg til grunn at klimatrusselen betyr at dei globale energimarknadene må endrast fundamentalt fram mot 2050. Energibruken må bli meir effektiv, og bruken av fornybare energikjelder må auke. Utvalet meiner at det sentrale spørsmålet for Noreg er korleis vi skal utnytte tilgangen til fleksible og fornybare energiressursar, som verda treng, til auka verdiskaping, sysselsetjing og busetnad, samtidig som det blir teke omsyn til forsyningstryggleik, natur- og miljøkonsekvensar og effektiv energibruk her heime.

Tilrådingar

Utvalet legg til grunn at ein framtidsretta energipolitikk må leggje til rette for ei robust og fleksibel energiforsyning som toler betydelege fysiske påkjenningar, og som kan handtere store variasjonar i produksjon og bruk. Eit sterkt nett, tilstrekkeleg produksjonskapasitet, fleksibelt forbruk og utvekslingskablar til utlandet medverkar til å styrkje forsyningstryggleiken. I kraftmarknaden er prisar som speglar faktiske kostnader sentrale for å koordinere produksjon og forbruk, magasindisponeringa og kraftflyten frå dag til dag. I tillegg er prisane viktige for val av nye energiløysingar, og investeringar i energieffektivisering, produksjon og infrastruktur. Samtidig må energipolitikken også i framtida sikre samfunnet sine interesser gjennom godt utforma institusjonelle rammer, effektive prosessar og gode verkemiddel, og ved å sjå ulike energiberarar i samanheng.

Utvalet har vidare samla tilrådingane sine under fem hovudoverskrifter:

  1. Bruke energien riktig, og bruke riktig energi

    Utvalet viser til at det er eit overordna mål at energibruken skal vere effektiv og at lønnsame tiltak for energieffektivisering blir gjennomførte. Blant anna viser utvalet til at det er eit betydeleg potensial for energieffektivisering i bygningar og i industrien. Over tid blir energibruken meir effektiv ved at gamle bygningar blir rivne og erstatta med nye, eller rehabiliterte. Utvalet legg til grunn at det er gode høve til å effektivisere energibruken ved å ta i bruk ny, betre teknologi.

    Utvalet viser til at marknadsprisane er viktige for å stimulere til effektiv energibruk. Det er avgjerande for effektiv energibruk at kraftprisane får variere og spegle både overskot og knappleik. Forventningar om låge prisar svekkjer insentiva til energieffektivisering. Der prisane ikkje reflekterer miljø- og klimakostnader eller det eksisterer andre barrierar for effektiv energibruk, meiner utvalet at styresmaktene må utforme verkemiddel for energieffektivisering og konvertering. Verkemiddel retta mot energibruk bør utformast slik at dei medverkar til konsistens i energipolitikken, og slik at dei treffer dei reelle barrierane og utløyser gevinstar som forsvarer kostnadene knytte til verkemidlet.

    Sjølv om ein set mål for energibruken og set i verk verkemiddel for å nå desse måla, må planlegginga og utviklinga av energisystemet ta høgde for at elforbruket kan bli høgare enn måla tilseier.

    I eit 40-årsperspektiv vil det skje store endringar i energibruken, men det er vanskeleg å føreseie i kva grad energibruken kjem til å auke, og korleis vi vil bruke energien i framtida.

    Utvalet meiner at konvertering frå fossil til fornybar energi i oppvarming og elektrifisering i transport- og petroleumssektoren vil medverke både til energieffektivisering og reduserte utslepp av klimagassar, men det aukar behovet for elektrisitet. Gjeldande regulering for petroleumsverksemda krev at elforsyning skal vurderast ved utbygging av nye felt, og veljast dersom det er mogleg.

    Utvalet viser til at Statnett anslår at kraftetterspørselen frå petroleumsverksemda fram mot 2025 kan auke til mellom 6 og 11 TWh. Å ta i bruk fornybar energi i transportsektoren vil krevje ytterlegare teknologiutvikling og utvikling av infrastruktur. Potensialet for elbruk i vegtransporten i Noreg i 2050 er anslått til 7-10 TWh. På lang sikt kan hydrogen òg bli eit viktig alternativ.

    Utvalet meiner at energibruken i nybygg også i framtida bør avgrensast gjennom krav og tekniske forskrifter som tek omsyn til kva som er teknisk mogleg og økonomisk forsvarleg. I eksisterande bygningar står ulike barrierar i vegen for å realisere potensial for energieffektivisering. Det store potensialet i ny og eksisterande bygningsmasse kan utløysast med eit samla sett av verkemiddel retta mot ulike barrierar og som dannar grunnlag for varige marknadsendringar. Industrien treng tydelege og langsiktige verkemiddel for å auke utnyttinga av restvarme og avfallsgassar, og støtte til demonstrasjons- og storskala pilotanlegg for energieffektive prosessar. Det må framleis leggjast til rette for konvertering frå fossil til fornybar varme. Varmemarknaden er viktig for å få ned utsleppa av CO2, blant anna ved å brenne biomasse og avfall, og ved varmegjenvinning.

  2. Utnytte særnorske høve til verdiskaping

    Utvalet er oppteke av at rikeleg tilgang på fleksibel, fornybar kraft er og skal vere ein konkurransefordel for Noreg, og noko som både næringsliv og hushald skal nyte godt av, også i framtida. Den rike tilgangen på vasskraft har vore grunnlag for etableringa av ein omfattande kraftkrevjande industri, særleg i lokalsamfunn langs kysten og ved fjordane. Utbygging av fornybar energi vil truleg gi Noreg lågare kraftprisar enn resten av Europa både på kort og lang sikt. På lang sikt vil auka klimafokus internasjonalt òg leggje til rett for relativt lågare prisar i Norden. Det kan leggje grunnlag for auka aktivitet i nye og tradisjonelle kraftintensive næringar og for direkte krafteksport.

    Utvalet meiner at ressursgrunnlaget for vasskrafta og utnytting av andre energiressursar som vind, sol og biomasse, framleis vil gi Noreg særskilte fordelar som energi- og industrinasjon. Fornybar og fleksibel energi er ein konkurransefordel som Noreg må utnytte. Klimapolitikken aukar verdien av norsk fornybar kraftproduksjon, og særleg av den regulerbare vasskrafta. Omlegginga av energisystema inneber at Europa både får behov for meir fornybar kraftproduksjon, men òg at kraftproduksjon som lett kan auke og redusere produksjonen blir meir verdifull. Norsk vasskraft har gode føresetnader for å balansere produksjonen i vind- og solkraft, noko som kan gi grunnlag for auka verdiskaping i kraftbransjen. I eit langt globalt klimaperspektiv meiner utvalet at energiintensiv produksjon bør leggjast til stader i verda med store CO2-frie energiressursar. Noreg er i følgje utvalet ein slik stad. Men innan ei internasjonal klimaavtale gir alle CO2-utslepp i verda ein pris, er det viktig å sikre industrien like konkurransevilkår med konkurrentane i verdsmarknaden. Fleirtalet i utvalet meiner derfor at norske styresmakter fullt ut må utnytte EU-reglane for å kompensere industrien sine kostnader knytte til EUs kvotemarknad for CO2-utslepp.

    Utvalet viser til at lønnsam kraftproduksjon basert på lokale vass- og vindressursar gir stor lokal verdiskaping og medverkar til å sikre næringsaktivitet og busetnad over heile landet. Både kraftselskapa og straumnettet er i hovudsak eigde av staten, fylkeskommunar og kommunar. Det er om lag 100 kommunar og fylkeskommunar som har betydelege eigardelar i kraftverk. Det store innslaget av offentleg eigarskap inneber at mykje av inntektene går til offentleg sektor. Fordi vasskraftverka utnyttar lokale ressursar, får òg vertskommunane ein relativ del av ressursverdien gjennom skattar (blant anna grunnrenteskatt), avgifter og konsesjonskraft. Dette gjer at kraftforsyninga medverkar med betydelege verdioverføringar, ikkje berre til staten, men òg til kommunesektoren. Utvalet meiner at prinsippet om fordeling av gevinstar mellom kraftverkseigarar, lokalsamfunn og staten må førast vidare, slik at lokalsamfunna får sin rettelege del av verdiauken.

  3. Eit sterkare overføringsnett

    Utvalet meiner at eit sterkt innanlandsk overføringsnett er viktig for forsyningstryggleiken, for verdiskapinga og for å nå klimamåla. Eit gjennomgåande sterkt nett gir større evne til å takle ekstremvêr og ras og endringar i produksjon og forbruk. Det reduserer prisskilnader mellom område, og medverkar til effektiv konkurranse. Eit sterkt nett er nødvendig for å byggje ut meir fornybar kraftproduksjon, for auka elektrifisering av petroleumsindustrien og for å etablere ny næringsverksemd. Samtidig meiner utvalet det er viktig at lokalisering av ny produksjon og nytt forbruk, i den grad det er mogleg, blir lagt til område der det er gagnleg for energisystemet samla sett.

    Dei som blir råka av energiprosjekt får i varierande grad økonomisk kompensasjon for det. Etter fleirtalet si vurdering kan kompensasjonsordningar også for kraftlinjer medverke til ei meir smidig saksbehandling, samtidig som det gjer det lettare å innarbeide miljøkostnadene i planlegging og vurdering av anlegget. Utvalet er oppteke av at fleire utanlandskablar er viktig for å få til ei god utnytting av den fornybare kraftproduksjon vår og for å gjere kraftforsyninga mindre sårbar for svingingar i nedbør og temperaturar. Handelen gjer at prisane blir lågare i tørre år og høgare i våte år enn dei elles ville ha vore. Utvalet meiner at ei balansert utbygging av utanlandskablar er viktig for verdiskapinga i heile landet.

  4. Gode og effektive konsesjonsprosessar

    Utvalet meiner at interessekonfliktar og naturinngrep knytte til produksjon og transport av energi ikkje kan unngåast dersom ein samtidig skal ta vare på forsyningstryggleiken og omsynet til verdiskaping basert på fornybar energi. Utvalet er oppteke av at eit vel fungerande og godt konsesjonssystem med god nok kapasitet sikrar gode avvegingar mellom naturvern, trygg forsyning og verdiskaping. Det krev ein tydeleg politikk og god kunnskap. Utvalet foreslår at lovverket blir gått gjennom med sikte på å forenkle og redusere talet på lover og forskrifter. Målet er å få eit lovverk det er lettare å finne fram i, og å få meir effektive konsesjonsprosessar.

    Utvalet meiner det i dag tek for lang tid å få gjennomført investeringar i nett og produksjon, og foreslår fleire tiltak for å få ned tidsbruken. Samordning mellom ulike prosjekt er ei utfordring. Prosessane for å etablere nytt kraftforbruk er ofte kortare og mindre konfliktfylte enn prosessane for å etablere overføringssamband og nye produksjonsanlegg. Det kan ta ti år å få konsesjon for store leidningsprosjekt, mens det for nytt forbruk går vesentleg kortare tid. Saksbehandlingstida for ny produksjon ligg ein stad i mellom.

    Omfattande utbygging av fornybar energi med tilhøyrande nett er ei utfordring for norsk natur. Forutan naturkonfliktane kjem energiprosjekt ofte i konflikt med ulike næringsinteresser og fritidsaktivitetar. Dei negative verknadene blir ofte først og fremst merka lokalt, men kan òg ramme arter og økosystem av nasjonal og internasjonal verdi. Meir effektiv energibruk reduserer behovet for ny produksjon og hindrar slik sett naturinngrep. Energieffektivisering har derfor òg betydning for å dempe negative verknader på naturen.

  5. Satsing på FoU, innovasjon og kompetanse

    For å få til den nødvendige omstillinga av energisystema meiner utvalet at ny teknologi må utviklast og takast i bruk. Utvalet er oppteke av at offentleg støtte til energiforsking særleg bør medverke til effektiv utnytting av nasjonale energiressursar i eit langsiktig perspektiv, og til å utvikle kompetanse på område der Noreg har spesielle fordelar internasjonalt. Samtidig er brei forskingsaktivitet nyttig for å kunne ta i bruk ny kunnskap frå andre land.

    I eit langsiktig perspektiv meiner utvalet at forsking og utdanning må førebu oss på energisektoren sitt behov for høgt kvalifisert arbeidskraft i framtida. Utvalet meiner forskinga på økosystemet, mangfaldet av arter, betre utbyggingsløysingar og avbøtande tiltak er viktig. Livssyklusanalysar og kunnskap om samla klimaeffektar av ny fornybar energi er viktig for ei betre forståing av verknadene på utslepp av klimagassar og potensielle klimagevinstar, blant anna ved auka utnytting av bioenergiressursar i Noreg. Det er òg viktig at den samfunnsfaglege forskinga knytt til nye energianlegg gir kunnskap om korleis konfliktar med lokale interesser kan handterast betre, og belyser effektar for andre næringsinteresser, kulturminne og tur- og friluftsliv.

9.4 Høyring av NOU 2012: 9

9.4.1 Innleiing

Olje- og energidepartementet sende NOU 2012: 9 Energiutredningen – Verdiskaping, forsyningssikkerhet og miljø på høyring 23. mars 2012. Fristen for høyringsinnspel var 23. juni 2012.

Olje- og energidepartementet registrerte 50 høyringsuttaler. Av dei som leverte høyringsuttaler hadde to instansar ingen merknader til saka.

I dette kapitlet er gitt eit samandrag av dei innkomne høyringsuttalene. Alle høyringsuttalene er tilgjengelege i si heilheit på: http://www.regjeringen.no/nb/dep/oed/dok/hoeringer.html?id=2048

Det er til dels svært ulikt korleis ulike høyringsinstansar har bygd opp høyringsuttalene sine og kva slag problemstillingar dei har teke opp. Dette medfører bl.a. at det til dels har vore vanskeleg å innplassere instansane sine synspunkt i forhold til tilrådingane frå utvalet.

Hovudvekta i dei fleste uttalene er lagt på å gi synspunkt på den konkrete utforminga av energipolitikken. Til dels er imidlertid merknadene til utforminga av energipolitikken i større grad kommentarar/innspel til regjeringas energipolitikk enn synspunkt på utvalet sine vurderingar og tilrådingar.

I dette kapitlet er hovudmerksemda lagt på å få fram instansane sine synspunkt på forslaga og tilrådingane frå utvalet, jf. kap. 10 i NOU 2012: 9. Også instansane sin kommentarar til særmerknadene i rapporten er omtalte.

Det er vidare lagt størst vekt på å få fram dei meir prinsipielle synspunkta som kjem fram på utforminga av energipolitikken og mindre vekt på synspunkta på dei konkrete tilrådingane.

I det etterfølgjande er det først gitt ei oversikt over instansane sine generelle vurderingar av utvalet sitt arbeid (pkt. 9.4.2) før det kjem ein noko nærare gjennomgang av synspunkta frå instansane på korleis forsyningstryggleik, miljø og verdiskaping er lagt vekt på og tekne vare på i utvalet sitt forslag til tilrådingar (pkt. 9.4.3). Deretter kjem ein nærare gjennomgang av hovudtrekk i synspunkta på utvalet sine tilrådingar (pkt. 9.4.4). I pkt. 9.4.4 er det teke utgangspunkt i den inndelinga av politikkområde som utvalet har nytta i kap. 10.6 i NOU 2012:9 (avsnitt 10.6.1-10.6.5).

9.4.2 Generelle merknader

Blant dei organa som har sett fram prinsipielle synspunkt på utvalet sitt arbeid er det frå eit stort fleirtal støtta opp om det arbeidet utvalet har utført:

  • Agder Energi («… en meget grundig og god utredning…»)

  • Cicero («… et godt og nyansert bilde av de energipolitiske utfordringer som norske myndigheter må håndtere i årene framover og hvordan disse kan møtes.»)

  • Energi Norge («… et grundig og viktig arbeid…»)

  • Energi21 («… berømme utvalget for en beskrivende og omfattende utredning.»)

  • Direktoratet for Naturforvaltning (DN) vil («… berømme utvalget for å ha levert en nøktern og grundig utredning.»)

  • Huseiernes Landsforbund («… finner utvalgets gjennomgang av energi- og kraftbalansen både nyttig, velskrevet og informativ.»)

  • Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) gir («… (utvalget) honnør for treffende problemstillinger, balanserte vurderinger…»)

  • NHO («Utvalgets grundige arbeid er en god basis…»)

  • Noregs Bondelag («… grundig og omfattende presentasjon…»)

  • Norsk Industri («Rapporten gir grundige beskrivelser, peker på mange viktige veivalg, skisserer handlingsrom og analyserer konsekvenser av ulike politiske valg.»)

  • Norwea (… utgjør etter Norweas syn et godt beslutningsgrunnlag for energipolitikken på kort og lang sikt.»)

  • SPEKTER («Utvalget har levert et grundig og faglig solid arbeid.»)

Men enkelte instansar er òg kritiske til arbeidet utvalet har utført. Blant anna gjeld det:

  • DNT («… innfrir ikke forventningene: DNT har hatt forventninger om at denne NOU skal legge et godt grunnlag for en overordnet politikk om forholdet mellom energiproduksjon og miljøhensyn.»)

  • Friluftsrådets fellesorganisasjon (FRIFO) legg vekt på at det («… hadde vært viktig at utvalget hadde en bredere representasjon fra noen som hadde (visuell påvirkning av landskapet) som sitt arbeidsområde.»)

  • Nobio (».. den faglige og politiske sammensetningen av utvalget har vært skjev og med en alt for stor tyngde av representanter med kraft og energieffektivisering på agendaen.»)

  • Norsk energigassforening («… konstaterer med stor skuffelse at det som skulle bli en bredt anlagt energiutredning har blitt en smal kraftutredning.»)

Vidare er det ein del kritiske merknader til kva slag problemstillingar utvalet har fokusert på:

  • Blant anna peiker nokre instansar på at det i endå større grad kunne vore lagt vekt på dei langsiktige utfordringane. Dette gjeld særleg Energi Norge og Enova

  • Andre instansar meiner utvalet har for sterkt fokus på elektrisitet. Dette gjeld bl.a. fellesuttala frå AvfallNorge/Norsk fjernvarme (heretter AvfallNorge), Norsk Petroleumsinstitutt, Norges skogeierforbund. F.eks gir Norges skogeierforbund uttrykk for at «energiutredningen (bærer) preg av tradisjonelle norske holdninger om at energi er ensbetydende med elektrisk kraft»

  • Frå enkelte instansar er det lagt vekt på at det er ein veikskap at forholdet til petroleumssektoren ikkje er inkludert i utvalet sine vurderingar. Dette gjeld bl.a. NHO som gir uttrykk for at det er «en svakhet at utvalgets mandat ikke tillot koblingen mot petroleumssektoren». OLF gir uttrykk for synspunkt som går i same retninga. WWF gir uttrykk for at «det er bemerkelsesverdig at utvalget ikke har inkludert petroleumssektoren ut over stasjonært kraftforbruk». NTNU synest «det er et problem at energiutredningen i så liten grad forholder seg til Norges situasjon som stor produsent av olje og gass»

  • Frå ein del organisasjonar har det komme merknader på at enkelte delar av energisektoren har fått for lita merksemd. Det gjeld blant anna AvfallNorge som legg vekt på at «varmemarkedet faller helt ut av utredningen». Nobio framhevar at «varmesektoren blir marginaliser». NITOs legg vekt på at «kompetansebehovet i energibransjen er ikke grundig nok vurdert etter vår mening»

9.4.3 Vegval mot 2050 – synspunkt på utvalet si vektlegging og balansering av forsyningstryggleik, miljø og verdiskaping

Reint generelt er det i høyringa gitt mykje støtte til utvalet sine vurderingar og tilrådingar. Dette må òg vurderast å vere ei viktig årsak til at berre ein avgrensa del av høyringsinstansane har gitt meir generelle synspunkt på vektlegginga og avveginga mellom trygg forsyning, verdiskaping og miljø.

Nokre instansar gir likevel uttrykk for eksplisitte vurderingar av problemstillinga. For eksempel støttar Energi 21 «utvalgets argumentasjon og veivalg i forhold til verdiskapning, forsyningssikkerhet og miljø». Vidare gir blant anna NHO uttrykk for eit tilsvarande syn.

Mest omfattande merknader er frå nokre instansar som er kritiske til utvalet sine vurderingar og avvegingar. For eksempel presiserer DN at «forsyningssikkerhet og verdiskapning ikke kan være likeverdige når det gjelder avveiningen mot miljøhensyn». DN legg vidare vekt på at «verdiskapning er et svært bredt begrep, der bare meget begrensede deler har en så akutt betydning for samfunnsfunksjonen som vi normalt tillegger forsyningssikkerheten» og i tillegg «hvis vi skal ivareta de miljøpolitiske forpliktelser må disse være en premiss for verdiskapningen».

DNT gir uttrykk for at det er for lite fokus på naturmiljø. DNT saknar blant anna «en bredere drøfting av de valgene landet vårt står overfor i hvilke ressurs norsk natur og landskap representerer i en mer helhetlig sammenheng. Vi mener det går igjen i hele NOU 2012: 9 at kvalitetene ved inntakt natur og kulturlandskap er tillagt for liten vekt». Også FRIFO gir uttrykk for synspunkt som går i same retninga.

9.4.4 Utvalet sine tilrådingar

Vi må bruke energien riktig, og vi må bruke riktig energi (utvalets kap. 10.6.1)

Blant dei høyringsinstansane som kommenterer energieffektivisering og energibruk støttar dei fleste av instansane utvalet sine hovudvurderingar når det gjeld utforminga av politikken på dette området. DN slutter seg «definitivt til utvalgets anbefalinger om at arbeidet med energieffektivisering er et sentralt tema». LO legg vekt på at «Energieffektivisering må prioriteres». NITO er «fornøyd med at energiutredningen støtter opp energieffektivisering som det viktigste virkemidlet for en bedre forsyningssikkerhet». WWF «stiller seg bak utvalgets anbefaling om at arbeidet med energieffektivisering må styrkes».

Etter nokre høyringsinstansar si vurdering har utvalet for stort fokus på energieffektivisering og for lite fokus på alternative energiberarar til elektrisitet. Norges skogeierforbund framhevar bl.a. at det frå instansen sin ståstad kan sjå ut som «utvalget i liten grad har hatt interesse for bioenergi, og at utvalget i liten grad har vurdert denne fornybare energikilden. Dette oppfatter vi som en svakhet ved utredningen». AvfallNorge legg vekt på at «(utredningen) i stor grad (er) viet energieffektivisering, men ingen tilsvarende drøfting av politikken for videre fjernvarmesatsing». Etter Nobios vurdering er «utvalget i sine anbefalinger er for ensrettet fokusert på energieffektivisering». Nobio legg i denne samanhengen vekt på utviklinga av ein konkurransedyktig varmesektor og bioenerginæring. Noregs Bondelag framhevar at «samfunnets behov for fleksibilitet begrunner støtte til omlegging fra ensidig bruk av strøm til en mer fleksibel varmesektor. Det betyr at bioenergi må bli lønnsomt, også i kombinasjon med elektrisitet». Energi Norge trekkjer òg fram at utbygging av fjernvarme aukar fleksibiliteten i systemet. Norges skogeierforbund viser til at utbygginga av vassboren varme og fjernvarmeanlegg har vist ei positiv utvikling i dei siste åra og at «utvalget har imidlertid ikke fulgt opp dette i særlig grad».

Samtidig kjem det i høyringa frå enkelte høringsinstansar fram skepsis til at ei satsing på bioenergi og varmepumper medverkar til auka energifleksibilitet. Blant anna framfører Norsk Petroleumsinstitutt og Norsk Energigass slike synspunkt. Norsk energigass legg vekt på at «(en vesentlig økt bruk av varmepumper) vil gi stor belastning på kraftnettet og bety høye investeringer i (nett)anlegg som kun har maks belastning noen dager i året».

Det kjem i høyringa fram relativt omfattande kommentarar til den konkrete utforminga av dei ulike delane av politikken for energiomlegging og det blir bedt om auka satsing på ei rekkje område. Relativt få instansar har direkte kommentarar til utvalet sine konkrete tilrådingar. Men fleire gir bl.a. uttrykk for støtte til utvalet si tilråding om at arbeidet med energieffektivisering må styrkjast gjennom at det blir etablert mål. Åtte høyringsinstansar sluttar seg til særmerknaden fra utvalsmedlemmene Arnstad, Haltbrekken og Vinje om at det må setjast eit mål for energieffektivisering. Dette er Byggenæringens Landsforening, DN, Naturvernforbundet, NITO, Norsk Teknologi, Tekna, WWF og Zero.

Boks 9.5 Stor satsing på omlegging av energibruk og energiproduksjon

Nærare om Enovas verksemd og resultat

Enova vart etablert ved kongeleg resolusjon av 1. juni 2001 og stifta i Trondheim 22. juni 2001. Den kongelege resolusjonen har bakgrunn i at Stortinget den 5. april 2001 slutta seg til regjeringas forslag til ny finansieringsmodell og omorganisering av arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon, jf. Ot.prp. nr. 35 (2001-2002) Om lov og endringar i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi m.m. (energilova) og Innst. O 59 (2000-2001). Som ei følgje av det vart Energifondet oppretta som ei føreseieleg og langsiktig finansieringskjelde for arbeidet med omlegginga. Enova og Energifondet har vore fullt operative sidan 2002.

Ved opprettinga i 2001 overtok Enova ein prosjektportefølje frå NVE. Delar av kontraktfesta energiresultat for perioden 2001-2011 knyter seg derfor til NVE-prosjekt frå 2001.

Etableringa av Enova og Energifondet har vore det viktigaste leddet i strategien for ei langsiktig omlegging av energibruk og energiproduksjon. Hovudområde for verksemda til Enova har vore å

  • stimulere til å avgrense energibruken

  • stimulere til miljøvennleg energiproduksjon, under dette innføring av andre varmeløysingar enn elektrisitet, olje og gass

Fram til og med 2011 var investeringsstøtte til vindkraft ein viktig del av verksemda til Enova. Med etableringa av ein felles norsk-svensk sertifikatmarknad frå 1. januar 2012 fall denne oppgåva bort. Enova har likevel ansvar for satsing på fullskala demonstrasjon av ny energi- og klimateknologi og vil derfor framleis ha ei rolle innanfor elektrisitetssektoren.

Ved organiseringa av Enova og Energifondet har det vore lagt vekt på å gi verksemda stabile rammer rundt arbeidet, ettersom det tek tid å få til ei varig omlegging av energibruk og energiproduksjon.

Energifondet er får inntektene sine frå:

  • eit påslag på nettariffen

  • avkastning frå Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging (tidlegare Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering)

  • opptente renter på inneståande kapital

Enova skal forvalte midlane i Energifondet i tråd med vedtektene for Enova og Energifondet.

Etter regjeringsskiftet i 2005 er Energifondet tilført langt meir midlar enn i tidlegare år, jf. figur 9.6 som viser årlege inntekter til fondet i åra 2002-2011. Samla inntekter til Energifondet er om lag 9,5 mrd. kroner for åra 2006-2011.

Figur 9.6 Inntekter til Energifondet for åra 2002 til 2012, mill. kroner2

Figur 9.6 Inntekter til Energifondet for åra 2002 til 2012, mill. kroner2

1 Energifondet vart i 2009 tilført 1 190 mill. kroner gjennom regjeringas tiltakspakke for arbeid, jf. St.prp. nr. 37 (2008-2009).

2 Budsjetterte inntekter

Kilde: OED

Innsatsen i regi av Enova har gitt gode resultat. I perioden frå 2001 til 2011 er det gitt støtte til prosjekt med eit samla venta energiresultat på 16,6 TWh/år, der 6,8 TWh/år er knytte til prosjekt som er sette i gang og 7,2 TWh knytte til prosjekter som enten er sluttrapportert eller realisert. Risikoen for at eit prosjekt blir kansellert er rekna å vere låg når eit prosjekt er sett i gang og utbetaling av støtte har starta.

Midlane har gått til:

  • vindkraft

  • utbygging av varmeløysingar

  • energieffektivisering i bygg og industri

  • introduksjon av nye energiteknologiar

  • rådgivings- og informasjonsarbeid

Fornybar kraft

Marknadsområdet fornybar kraft har primært vore retta mot å utløyse investeringar i vindkraftproduksjon. Fram til at Enova vart oppretta i 2002 forvalta NVE ei ordning med investeringsstøtte for vindkraft.

I perioden 2001-2010 tildelte Enova og NVE over 2,5 mrd. kroner i støtte til utbygging av vindkraft med eit venta energiresultat på nær 2,1 TWh/år. Vindkraftprosjekt med ein venta produksjon på 987 GWh/år er igangsatt, 1,1 TWh/år er sluttrapporterte eller realiserte.

Varme

Marknadsområdet varme omfattar støtte til både mindre varmeanlegg og store fjernvarme- og infrastrukturprosjekt. Enova tilbyr støtte til konvertering av eksisterande varmesentralar frå bruk av elektrisitet og fossile brensler til bioenergi og varmepumper og etablering av nye anlegg.

Aktiviteten på varmeområdet var beskjeden dei første åra, men har vore eit stort satsingsområde frå 2006. Til varmeområdet har Enova disponert om lag 2,9 mrd. kroner i perioden 2001-2011. Det gir eit venta energiresultat på om lag 5,4 TWh/år. Av desse er om lag 3,4 TWh/år igangsatt, 2 TWh/år er sluttrapportert eller realisert.

Bygg

Enova har sidan starten satsa på energieffektivisering i bygningar. Verksemda er retta mot eksisterande bygningsmasse og mot aktørar som følgjer ein høgare standard enn gjeldande krav i Byggteknisk forskrift.

I perioden 2001-2011 har Enova gitt om lag 1,9 mrd. kroner i tilskot på byggeområdet. Det gir eit venta energiresultat på om lag 3,3 TWh/år. Av desse er om lag 1,2 TWh/år igangsatt, om lag 1,4 TWh/år sluttrapportert eller realisert.

Industriprogrammet

Gjennom industriprogrammet tilbyr Enova investeringsstøtte til gjennomføring av energieffektivisering i industriprosessar, konvertering til bruk av fornybare energikjelder og energigjenvinning. Satsinga retta mot industrien var forsiktig dei første åra, og har auka betydeleg frå 2006.

I perioden 2001-2011 har Enova gitt tilskot på om lag 1,3 mrd. kroner til industriprosjekt. Det gir eit venta energiresultat på om lag 4,6 TWh/år. Av desse er om lag 2,2 TWh/år igangsatt, om lag 1,7 TWh/år er sluttrapportert eller realisert.

Introduksjon av nye energiteknologiar og løysingar

Enova har sidan starten òg hatt ei satsing retta mot demonstrasjon av ny energiteknologi. Framover vil denne satsinga omfatte utviking av ny energi- og klimateknologi. Hovudformålet med denne satsinga er utprøving av ny teknologi under reelle driftsvilkår som er forbundet med stor risiko og høge kostnader. Disse prosjekta genererer derfor beskjedne energiresultat per støttekrone. Området er prega av ujamn tilgang på gode prosjekt, og det varierer frå år til år kor store midlar som blir disponert til området.

I perioden 2001-2011 har Enova gitt om lag 441 mill. kroner i støtte til demonstrasjon av ny teknologi. Prosjekta har eit venta energiresultat på om lag 150 GWh/år. Prosjekter med eit venta energiresultat på 39 GWh/år igangsatt, og 39 GWh/år er sluttrapporterte. Satsinga på området var svært forsiktig før 2006.

Rådgivings- og informasjonsverksemd

Enova driv òg eit omfattande rådgivings- og informasjonsarbeid. Både hushald, kommunar og næringsliv kjem i kontakt med Enova gjennom verksemda si informasjons- og rådgjevingsverksemd, eller dei kan kontakte Enova direkte med ulike spørsmål. Rådgjevning er også ofte ein integrert del av søknadsprosessen.

Vi må utnytte særnorske høve til verdiskaping – (utvalets kap. 10.6.2)

Blant dei instansane som kommenterer utvalet sine vurderingar knytte til auka fornybar produksjon og verdiskaping gir mange uttrykk for synspunkt som støttar opp under utvalet sine vurderingar. På same måten som utvalet legg ein del av høyringsinstansane vekt på at det er viktig å sjå på den samla verdiskapinga for norske produsentar og norske forbrukarar av å utnytte høva til verdiskapning. Det gjeld blant anna EnergiNorge og NHO.

Enkelte høyringsinstansar legg vekt på at skal høva til verdiskaping utnyttast, bør det få konsekvensar for bruken av verkemiddel. Bl.a. understrekar Norsk Teknologi at «hensynet til verdiskapning … ivaretas best gjennom konkurranse- og teknologinøytrale rammebetingelser». OLF legg vekt på at «en grunnleggende forutsetning for utbygging av ny fornybar energi må være at den på sikt er samfunnsøkonomisk lønnsom uavhengig av om kraften brukes hjemme eller eksporteres». Norsk industri framhevar at «(utredningen ikke) adresserer i tilstrekkelig grad fokus på og tiltak for kostnadseffektiv utbygging av kraftsystemet». Samarbeidande kraftfylke legg vekt på at «omsynet til forbrukarane og omsynet til ny kraftutbygging kan ivaretakast ved kostnadsrett prising i kraftmarknaden».

Mange instansar trekkjer fram spesielle omsyn som dei ser på som viktige i ein verdiskapingssamanheng. Fleire instansar legg vekt på behovet for auka utbygging av overføringssamband til utlandet for å leggje til rette for auka verdiskapning. Det gjeld bl.a. Agder Energi, EnergiNorge, NHO, Småkraftforeininga, Spekter, Tekna, jf. nærare omtale under høyringsinstansane sine synspunkt på utvalets tilråding om eit sterkare overføringsnett.

Vidare legg fleire instansar vekt på internasjonale verknader/klima. NHO framhevar i denne samanhengen at «norske energiressurser kan også fram til 2050 gi et vesentlig grunnlag for stor nasjonal verdiskapning, og samtidig bidra til løsning på energi- og klimautfordringene i Europa og verden». LVK legg vekt på at «er den framtidige vannkraftutbyggingen først og fremst begrunnet i hensynet til en bedre klimabalanse globalt». LO peiker på at «økt kraftproduksjon innenfor rammen av Norges klimapolitiske forpliktelser er viktig».

Andre instansar legg vekt på nasjonale/næringsvise forhold. F.eks. legg Noregs Bondelag vekt på «næringsmessig utnytting av gårdens samlede ressurser til beste for bosetting og næringsaktivitet på bygdene (i forhold til verdiskapnings- og ringvirkningseffektene av fornybar energiproduksjon)». Noregs Industri er særleg opptekne av situasjonen for kraftintensiv industri og legg vekt på at den er «viktig for verdiskapning, eksportinntekter og sysselsetting i lokalsamfunn». Norsk Solenergiforeining peiker på vekstpotensialet knytt til solenergi.

Enkelte uttrykker seg negativt til utvalet si vektlegging av dei ulike sidene ved verdiskapinga. Bl.a. framhevar IndustriEl AS at «utredningens fokus på direkte eksport, fremfor den langt viktigere indirekte eksporten av kraft, forklarer kanskje hvorfor utredningen ikke har pekt på og drøftet de barrierene for videreforedling av norsk fornybar energi som ligger i klimapolitikken».

Nokre høyringsinstansar er òg opptekne av bruken av gass, jf. særmerknad frå utvalsmedlemmene Akselsen, Brubakk, Bye, Robertsen og Stensrud. LO sluttar seg til særmerknaden og legg vekt på at «det er ingen grunn til å særbehandle bruk av gass i Norge». Også NITO støttar særmerknaden og legg vekt på at » økt bruk av naturgass i Norge har et stort potensiale og det er uheldig at denne ressursen ikke utnyttes og foredles i større grad her hjemme». NHO legg vekt på at det er vanskeleg å diskutere norsk verdiskaping utan å inkludere bruk av naturgass. Norsk energigassforeining legg vekt på at «energigass har sin naturlige plass i denne energimiksen, også i Norge». Etter Norsk petroleumsinstitutt si vurdering burde «utredningen i større grad ha vurdert andre energibæreres muligheter til å bidra til forsyningssikkerheten, ikke minst olje og gass». OLF noterer seg at gasskraft ikkje har vore eit tema for utvalet.

Enkelte høyringsinstansar er kritiske til utvalet sitt fokus på ny produksjon. FRIFO meiner at «NOU 2012: 9 burde vært tydelig på den helt grunnleggende rekkefølgen i gjennomføringen av ønskede tiltak, først redusere energibehov, så spare/gjenvinne energi og så til slutt bygge ut mer fornybar energiproduksjon med akseptable miljøkonsekvenser i den grad det er behov for det». Vidare opplever FRIFO at «NOU 2012: 9 domineres av tankegangen om at ny utbygging er nødvendig og ønskelig». DNT gir uttrykk for tilsvarande vurderingar. DNT stiller i denne samanheng «spørsmålstegn ved å intensivere nedbyggingen av verdifull norsk natur med slike perspektiver (kraftoverskudd) for årene foran oss». Naturvernforbundet vil slå fast at «1 kWh spart (energi), er vesentlig mer verd enn 1 kWh ny produksjon».

Blant dei konkrete tilrådingane frå utvalet er det særleg tiltak for å hindre karbonlekkasje som er kommenterte i høyringa. Bl.a. legg LO vekt på at «det må legges til rette for at den (kraftintensive industrien) overlever frem til det blir likeverdige konkurransevilkår med hensyn til klimautslipp i produksjonen». LO støttar regjeringas aktive arbeid med å sikre at denne industrien skal få kompensert for det CO2-påslaget den fossile kraftproduksjonen i Europa påfører norsk industri ved høgare kraftprisar. NHO understrekar at «norsk kraftintensiv industris klima- og energieffektivitet tilsier dessuten tilstedeværelse i Norge fremfor andre land med andre og mindre miljøvennlige energiressurser som innsatsfaktor». NHO legg i denne samanhengen vidare vekt på at prisen på kraft er ein heilt vesentleg konkurransefaktor. Norsk Industri har ei brei omtale av denne problemstillinga og legg bl.a. vekt på at «langsiktige kraftkontrakter og forutsigbarhet i rammevilkår er en forutsetning for å investere». Vidare legg Norsk industri vekt på at «i perioden fram til et globalt lavkarbonsamfunn er det viktig at det gjøres riktige veivalg og riktige tiltak for å bevare framtidsrettet kraftintensiv industri i Norge».

Vi må byggje eit sterkare overføringsnett (utvalets kap. 10.6.3)

Mange høyringsinstansar gir brei støtte til utvalet sin argumentasjon for at det bør byggjast eit sterkare overføringsnett både innanlands og til utlandet. Etter Agder Energis vurdering har utvalet på ein god måte belyst behovet for å byggje eit sterkare overføringsnett. EnergiNorge «deler i store trekk de beskrivelsene som er gitt om situasjonen for nett». NHO legg vekt på at «en balansert utvikling av kraftsystemet i Norge krever økte investeringer i kraftnettet og forsterkning av mellomlandsforbindelsene». Noregs Bondelag understrekar behovet «for satsing på et robust og tilstrekkelig utbygd nett». Norwea vil «hva gjelder mellomlandsforbindelser og utvekslingsbehov berømme utvalget for en særlig balansert og god redegjørelse». Samarbeidande kraftfylke framhevar at «NOU-en si vektlegging av forsyningssikkerhet og utbygging av innenlandske og nordiske kraftnettet er svært positiv». Småkraftforeininga understrekar at «for småkraftnæringen og annen ny fornybar energi er det også av aller største viktighet at satsingen på utvekslingen med Europa styrkes og utvides». Spekter legg vekt på at «mer variabel og uregulert kraftproduksjon øker Norges behov for kraftoverføring mellom landsdeler og til utlandet noe som stiller store krav til kraftnettet». Tekna støttar «utvalgets anbefalinger om en satsing på utvikling av handelskapasiteten til utlandet for å balansere variasjoner i krafttilgangen i Norge og levere fornybar fleksibilitet til Europa».

Enkelte instansar saknar nærare utgreiingar av ulike sider ved utbygginga av nett. LO meiner at «det er en svakhet ved utredningen at ikke flere fagmiljøer har vurdert de økonomiske og fordelingsmessige effektene av utenlandskabler». LO er likevel samd i at det er fornuftig med «en moderat og tilpasset videre utbygging i takt med det økte behovet fra uregulert fornybar kraft både i utlandet og i Norge er derfor fornuftig slik utvalget foreslår».

Nokre av høyringsinstansane meiner at tilrådingane frå utvalet står fram som lite ambisiøse. For eksempel held WWF fram at «utvalgets anbefaling om utenlandskabler er merkelig lite ambisiøs sett i forhold til diskusjonen i kap. 14.4, som viser at Norge både kan bedre sin forsyningssikkerhet og bidra til reduserte klimagassutlipp ved å legge til rette for slike kabler.» Og Zero ønskjer «en sterkere satsing på mellomlandsforbindelser enn det som lå i den nylig stortingsbehandlede nettmeldingen».

Det er vidare i høyringa noko ulike vurderingar knytte til dei store behova for forsterkingar av nettet som kan oppstå som følgje av etablering av nye store forbrukspunkt (store industribedrifter eller knytte til elektrifisering av sokkelen). LO gir uttrykk for bekymring «for at en storstilt elektrifisering av installasjoner på sokkelen kan medføre kraftmangel på land». Vidare legg LO vekt på at kraftproduksjonskapasiteten i det aktuelle området må vere tilstrekkeleg der elektrifisering blir vurdert. Dette blir òg lagt vekt på av Tekna som «ser det som svært avgjørende at beslutninger om nye store kraftanvendelser sikres nødvendig kraftforsyning ved oppstart». Huseiernes Landsforbund meiner at det «er kritikkverdig at nye store uttak kan tillates uten at nettet forsterkes først». På den andre sida vil for eksempel Agder Energi peike på «viktigheten av å legge til rette for videre elektrifisering». Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) mener at «en prioritert innfasing av elektrisitet fra land til norsk olje- og gassproduksjon er fornuftig».

Fleire av høyringsinstansane er opptekne av rammevilkåra for nettet rundt levering av kraft til petroleumssektoren og andre store forbrukspunkt. Huseiernes Landsforbund finn det «kritikkverdig at regningen for slike tillatelser sendes til allminnelig forsyning i form av høye løpende kraftpriser og til slutt i form av økte nettleier for å finansiere nettforsterkninger de selv ikke har skapt behov for.» Samarbeidande kraftfylke sitt syn er at «store forbruk må dekke dei kostnader dei forårsakar i større grad enn dei gjer i dag». Dei legg vidare vekt på at lokalisering av store forbruk nær kraftkjeldene igjen bør bli ein fordel. LO legg vekt på at «om anleggsbidrag ikke kreves, må likevel de reelle samfunnsøkonomiske kostnadene legges til grunn når tiltak som elektrifisering av sokkelen vurderes». På den andre sida viser OLF til at Regjeringa i nettmeldinga har lagt til grunn at kostnadene for det maska sentralnettet framleis skal fordelast på alle kundane i sentralnettet gjennom nettleige.» OLF deler dette synet, og meiner finansieringa av investeringar i det norske kraftnettet også i åra framover må vere ei offentleg oppgåve.

Nokre av høyringsuttalene fokuserer på at auka utbygging av alternative energikjelder til kraft vil kunne redusere behovet for auka overføringskapasitet. Avfall Norge og Norsk Fjernvarme legg i sin felles uttale vekt på at «fjernvarme reduserer behovet for naturinngrep fra energiproduksjonen og kan redusere behovet for kraftnett». Bl.a. blir det i denne samanhengen peikt på at ein «gjennom fjernvarmesatsingen unngår kostbare oppgraderinger av nettet». NOBIO legg vekt på at «under anbefalingen må også det lokale varmemarkedet brukes målrettet for å redusere forsyningsproblemer og/eller behovet for nettinvesteringer og ny kraftproduksjon». Norsk Industri legg vekt på at det «oppfattes som en kortslutning at vi på den ene side innfører et sertifikatmarked som forbrukerne betaler for samtidig som kraftprodusentene gis mulighet til å selge grønnheten i den subsidierte kraften ut av landet».

Fleire instansar framhevar dessutan at det bør leggjast vekt på å redusere dei totale miljøbelastningane ved nettet. DN meiner at ein slik reduksjon bør vere mogleg gjennom betre samordning mellom ulike nettnivå, ulike netteigarar og ved sanering av nett. WWF meiner ein klar føresetnad for auka nettutbygging må vere at føresetnadene for behovet blir kartlagde og kommuniserte langt tydelegare enn i dag, at nye linjer blir lagt i gamle trasear når det er mogleg, at det blir stilt auka krav til sanering av gammalt nett og at det blir stilt strengare krav til avbøtande tiltak for naturkonsekvensar i konsesjonen. DNT skriv i si uttale at «NOU 2012:9 har trukket fram signalene fra Stortinget i forbindelse med Ot.prp. nr. 62 (2008-2009) om at kabling skal vurderes i tiltakende grad på lavere spenningsnivå». DNT vil her òg peike på at Energi og miljøkomiteen merkte seg «at det likevel sies at de innvendinger en måtte ha mot kabling av høyere spenningsnivå ikke utelukker at kabling kan være aktuelt på strekninger det gir særlige miljøgevinster også i regional- og sentralnettet (Innst. O. nr. 104 (2008-2009)».

Når det gjeld utvalet sine konkrete tilrådingar støttar fleire av uttalene forslaget frå utvalet om ei kompensasjonsordning for store leidningsprosjekt (LVK, Landssammenslutninga av norske vindkraftkommunar (LNVK), Hordaland fylkeskommune og Vest-Agder Fylkeskommune/Listerrådet ).

EnergiNorge legg vekt på at Energiutvalet sitt forslag om kompensasjonsordning er avklart i nettmeldinga og gjennom Stortingets behandling av denne meldinga.

Boks 9.6 Auka investeringar i nettutbygging

Statnetts investeringar

Statnetts investeringar har auka sterkt dei seinare åra, jf. figur 9.7. Statnett investerte i perioden 2001-2011 til saman 18 mrd. kroner. Det er gjennomført omfattande investeringar både i nye leidningar og i transformatorstasjonar. I tillegg er det etablert to reservekraftverk (plassert på Tjeldbergodden og Nyhamna). Blant dei viktige tiltaka som er realiserte i dei seinare åra er:

  • NorNed (2008)

  • Skåreheia-Holen (2009)

  • spenningsoppgradering Nea-Järpströmmen (mot Sverige) 2010

  • Sauda-Liastølen(2012)

Andre sentrale prosjekt er under utbygging:

  • Sima-Samnanger,

  • Ørskog-Sogndal,

  • nye kablar under Oslofjorden,

  • ny sjøkabel mellom Noreg og Danmark (Skagerrak 4).

  • spenningsoppgradering Kristiansand – Bamble (2012)

Figur 9.7 Statnetts investeringar frå 2001 til 2011, mill. kroner

Figur 9.7 Statnetts investeringar frå 2001 til 2011, mill. kroner

Kilde: Statnett

Vi må ha gode og effektive konsesjonsprosessar (utvalets kap. 10.6.4)

Frå dei høyringsinstansane som har kommentert denne problemstillinga er det stor støtte til utvalet si tilråding om at det er viktig å effektivisere konsesjonsprosessane. Agder energi meiner at «det er grunnleggende viktig at konsesjonsprosessene utformes slik at det skaper større forutsigbarhet og kan gå raskere». BKK framhevar at «er det bra at rapporten vektlegger nødvendigheten av at konsesjonssøknader innen nett og produksjon behandles raskere». Energi Norge legg i denne samanhengen vekt på at «raskere og mer effektive konsesjonsprosesser er særlig viktig i en periode der utbygging av ny produksjonskapasitet skjer i et konkurranseutsatt marked i Norge-Sverige og der behovet for nett blir viktig.» LO viser til at «utvalget peker på viktige politiske grep for å sikre en raskere, men grundig saksbehandling.» LVK stiller seg «bak de vurderinger utvalget framlegger her (konsesjonsprosesser)». Naturviterne meiner at «for å få utnyttet resursene på en effektiv måte må konsesjonssystemet gjennomgås». NHO viser til at utvalet blant annet tilrår at lovverket blir forenkla og politiske prioriteringar klargjorte. Dette er konklusjonar som NHO fullt ut sluttar seg til. Noregs Bondelag vil gi uttrykk for «at arbeidet som nå er i gang for å effektivisere prosessene, er høyst påkrevet». Norwea legg vekt på at det er nødvendig med «tydelige politiske styringssignaler til, og koordinering mellom, fagdirektorater i konsesjonsprosessen». Norwea legg elles vekt på at «klagebehandlingen er den fremste flaskehalsen for utbygging i Norge». OLF deler «utvalgets syn om at samlet tid fra søknad til vedtak for slike prosjekter er for lang». Småkraftforeininga framhevar at «utvalget peker betimelig på at det må gjøres noe med konsesjonskøen, både for nett og produksjon». Tekna viser til at utvalet peiker på fleire ulemper som ineffektive planleggings- og konsesjonssystem medfører for ny næringsutvikling, både for industri og for kraftproduksjon. Dette er etter Teknas meining «svært sentralt for Norges mulighet til å lykkes med å sikre varig verdiskapning».

Også DN sluttar seg «til ønsket om å ha gode og effektive konsesjonsprosesser», men peiker samtidig på at «mål om å kjøre saker raskere gjennom systemet må ikke gå på bekostning av behovet for en kunnskapsbasert forvaltning». DN framhevar òg at «det ikke er mye som tilsier at det norske systemet for godkjenning av energiprosjekter er spesielt lite effektivt». Også DNT legg vekt på omsynet til gode prosessar og understrekar at «saksbehandling strukket over et visst tidsrom er nødvendig for å sikre gode prosesser og gir befolkningen og organisasjoner mulighet til å engasjere seg». Spesielt gjeld dette vindkraftsaker, då dette er ei ny utbyggingsform i Noreg og folk har relativt lite førstehandskjennskap til dei faktiske forholda. DNT framhevar òg at dei er «redd for at raskere konsesjonsbehandling kommer til å bli et hovedpunkt i oppfølgingen av denne NOU 2012: 9, og at andre mer grunnleggende, ønskede endringer ikke blir prioritert». DNT legg i denne samanhengen òg vekt på at «lang saksbehandlingstid blir i NOU 2012: 9 sett som et hovedproblem, og nedkorting av saksbehandlingstiden blir derfor ansett som nødvendig. Mangel på en bredere tilnærming i NOU 2012: 9 fører til anbefalinger om å kurere symptomene i stedet for å se på de mer grunnleggende forholdene».

Nokre instansar framhevar auka kartlegging og klare planar som verkemiddel for å effektivisere konsesjonsbehandlinga. WWF er samd i at «køene må gjøres vesentlig kortere, men at dette bør skje gjennom først å etablere regionale kartlegginger av den mest sårbare naturen og stenge for muligheten for å søke om konsesjoner der». Også Zero gir uttrykk for synspunkt som går i same retning. Zero seier seg samd i at «det er avgjørende å få til effektive og samtidig demokratiske konsesjonsprosesser, uten alt for høy saksbehandlingstid. Vi vil peke på at en måte å effektivisere disse prosessene er klare planer for hvilke områder som skal vernes, og gode kartlegginger av biologisk mangfold som kan legges til grunn for vedtak. Prosess må og skal bygge på forutsigbare og balanserte forutsetninger som ivaretar natur, miljø, klima og næring».

Enkelte instansar gir vidare uttrykk for at dei er kritiske til dagens «sak til sak»-konsesjonssystem. DNT meiner at «sak til sak tilnærmingen i konsesjonssakene som vi opplever som dominerende i dag, er en svakhet. Vi savner en modernisering av lovverket». DNT legg i denne samanhengen vekt på at energilova må moderniserast. FRIFO gir uttrykk for om lag tilsvarande vurderingar. Naturvernforbundet legg vekt på at «tiltak som sikrer naturverdiene i slike prosesser (konsesjonsprosesser) må prioriteres». WWF opplever «en mangelfull vektlegging av viktige naturverdier ved energiutbygginger i Norge».

Det er gitt ein del synspunkt på utvalet sine konkrete tilrådingar for utvikling av gode og effektive konsesjonsprosessar. Dette er særleg knytt til tilrådinga om at DN og fylkesmennene må setje av tilstrekkelege ressursar for å sikre kvaliteten i saksbehandlinga, jf. òg særmerknad frå utvalsmedlem Haltbrekken. DN peiker på at det er «en utfordring for miljøforvaltningen å holde tritt med den økende saksmengden». Og vidare at «det har ikke vært grunnlag for å bygge opp kapasitet på samme måte som NVE-systemet har gjort». DNT, Naturvernforbundet, WWF og Zero støttar særmerknaden frå utvalsmedlem Haltbrekken.

Vi må satse på FoU, innovasjon og kompetanse (utvalets kap. 10.6.5)

Blant dei instansane som kommenterer spørsmålet er det brei støtte til utvalet si vektlegging av at Noreg må satse på forsking og utvikling. DN «slutter seg til ønsket om en offensiv satsing». Energi21 «er glade for at Energiutredningen slutter seg til, en fortsatt økt satsing på forskning og utvikling samt viktigheten av et harmonisert og velfungerende virkemiddelapparat for hele innovasjonskjeden». EnergiNorge legg vekt på at «et jevnt høyt forskningsnivå er viktig for å sikre tilstrekkelig robuste fagmiljø, kompetanse og kapasitet også i utdanningsinstitusjoner». Forskingsrådet ser energiutgreiinga som «et godt grunnlag for å utforme en slik satsing (FoU, innovasjon og kompetanse) som en del av en helhetlig energipolitikk». Hordaland fylkeskommune meiner at «meir FoU på sentrale fagområdar som fornybar teknologi, energiprosessar, miljøvenleg transport og energieffektivisering er viktig». NHO støttar fullt ut utvalet sin konklusjon på dette området og skriv vidare at «en offensiv satsing på teknologiutvikling og implementering av ny teknologi er nødvendig». NTNU støttar utvalet si tilråding om auka satsing på forsking og utvikling. Tekna legg vekt på at «tiltak for å sikre nødvendig rekruttering av kompetanse prioriteres».

Det kjem heller ikkje i særleg grad fram kritiske merknader til utvalet sine konkrete tilrådingar. Det blir foreslått auka innsats på fleire andre område enn dei som utvalet har peikt på. Når det gjeld dei konkrete tilrådingane frå utvalet støttar fleire av uttalene forslaget frå utvalet om at ordninga med Forskingssentra for Miljøvennleg Energi (FME) blir ført vidare. Bl.a. gir Energi21, NTNU og DN uttrykk for støtte til dette.

9.5 Regjeringas energipolitikk

9.5.1 Innleiing

Hovudtrekka i Regjeringas energipolitiske plattform er trekt opp i regjeringserklæringane. Denne plattforma er gjennom heile regjeringsperioden følgt opp med ei stor og brei satsing på fornybar energi, energieffektivisering, omlegging frå bruk av fossil energi og styrking av overføringssambanda. Dette har medverka til ei meir effektiv, robust og miljøvennleg kraft- og energiforsyning, jf. nærare omtale i pkt. 9.2 og boks 9.5 og 9.6.

Regjeringa har vidare fått på plass ei rekkje viktige vedtak som medverkar til betre rammer for utviklinga på energiområdet. Dessutan er det etablert ordningar som på sentrale område gir ein god og offensiv bruk av verkemiddel i åra framover. I tillegg er det lagt fram dokument som konkretiserer politikken og utviklinga på sentrale energiområde. Blant anna er:

  • Offentleg eigarskap til kraftressursane sikra

  • Det er gjennomført ei evaluering av energilova med tilhøyrande lovendringar

  • Det er gjennomført endringar i opplegget for kraftforsyningsberedskapen som sikrar ein meir effektiv beredskap

  • Det er lagt fram ei stortingsmelding om handteringa av Meld. St. 15 (2011-2012) Hvordan leve med farene – om flom og skred.

  • Det er etablert ein felles norsk-svensk sertifikatmarknad som skal sikre 26,4 TWh ny kraftproduksjon samla for dei to landa innan utgangen av 2020

  • Det er etablert ei ny plattform for Enova

  • Det er gjennom Petroleumsmeldinga og Klimameldinga trekt opp ein politikk for å leggje til rette for kraft frå land til petroleumsverksemda

  • Det er gjennom Nettmeldinga fastlagt politikk for utbyggingar og reinvesteringar i det sentrale overføringsnettet

  • Det er lagt fram ein handlingsplan for fornybardirektivet som viser korleis Noreg når ein fornybardel på 67,5 pst. i 2020

Ein viser til nærare omtale i boks 9.2.

Dette inneber at vi er på riktig kurs og at mykje no er på plass i utforminga av energipolitikken. Innsatsen i åra framover må derfor rettast inn mot gjennomføringa av politikken.

I dette kapitlet er det først gitt ein gjennomgang av enkelte utviklingstrekk som er lagt vekt på i NOU 2012: 9 (kap. 9.5.2). Deretter er det i pkt. 9.5.3 ei drøfting av dei sentrale avvegingane ein står overfor i energipolitikken. Både når det gjeld utviklingstrekka og dei sentrale målavvegingane er det er godt samsvar mellom regjeringa og utvalet sine vurderingar.

I pkt. 9.5.4 er det ei utdjuping av status for nokre hovudområde for energipolitikken. Aktuelle vurderingar og tilrådingar frå utvalet i denne samanhengen er kommenterte. Gjennomgangen er ikkje like omfattande på alle område. Det må bl.a. sjåast på bakgrunn av at Stortinget nyleg har behandla Nettmeldinga og Klimameldinga, jf. Innst. 287 S og Innst. 390 S (2011-2012).

9.5.2 Viktige utviklingstrekk

Energipolitikken krev langsiktig tidshorisont. Anlegg og infrastruktur i energisektoren har lang levetid. Ein stor del av den kraftproduksjonen og infrastrukturen som blir bygt i den norske energiforsyninga i åra framover vil framleis vere i drift i 2050.

Energipolitikken må utformast i samsvar med andre viktige utviklingstrekk i samfunnet for å kunne skape verdiar, dekkje energibehovet og for å kunne leggje til rette for god utnytting av naturressursane våre i eit langsiktig perspektiv. Det er nødvendig at organiseringa av energistyresmaktene og innretninga på bruken av verkemiddel blir tilpassa dei utfordringane som energisektoren møter.

Det har skjedd betydelege endringar i den norske og internasjonale energisektoren i løpet av dei siste 40 åra. Mange av desse endringane var vanskelege å føresjå. Å vurdere energiutviklinga fram til 2050 er derfor ei svært krevjande oppgåve. NOU 2012: 9 har i følgje utvalet ikkje hatt som mål å gi eit eintydig svar på korleis Noregs energiframtid vil sjå ut. Eit hovudmål for utvalet sitt arbeid har vore å skape ei betre forståing for dei avvegingane ein står overfor i energipolitikken.

NOU 2012: 9 gir ei brei og viktig drøfting av moglege utviklingstrekk og utfordringar for energisektoren fram i tid, jf. kap. 9.3. Utvalet sin rapport styrkjer regjeringas avgjerdsgrunnlag. Av dei utviklingstrekka utvalet peiker på kan følgjande fem framhevast:

  • Vi blir meir avhengige av ei sikker kraftforsyning. Velstandsauke og teknologisk utvikling har medverka til at samfunnet og den enkelte har blitt meir avhengige av ei sikker kraftforsyning dei seinare åra. I dag er nesten alle viktige samfunnsoppgåver og -funksjonar kritisk avhengige av eit vel fungerande kraftsystem med påliteleg straumforsyning. Utvalet legg til grunn at elektrisitet vil bli ein stadig viktigare del av energisystemet i åra framover, og at sårbarheita ved avbrot i elforsyninga vil auke.

  • Den norske kraftforsyninga vil i overskodeleg framtid vere sterkt prega av at vasskrafta har betydelege variasjonar i magasinfylling og kraftproduksjon mellom sesongar og år. I tillegg vil ei større innfasing av vindkraft og meir ikkje regulerbar vasskraft stille aukande krav til at kraftsystemet er robust og fleksibelt. Uføresette situasjonar med både knapp tilgang på energi og flaumsituasjonar vil framleis vere utfordringar for den norske kraftforsyninga.

  • Noreg har store energiressursar som kan utnyttast til energiproduksjon. Våre høve til å produsere energi blir bestemt av ressurstilgangen og kostnader ved å utnytte denne. Prisutvikling, teknologiutvikling og ny kunnskap kan over tid endre i kva grad ressursane er lønnsame å utnytte. Uvisse knytt til energiproduksjonen i åra framover er òg i stor grad knytt til i kva grad vi ønskjer å utnytte ressursane til energiproduksjon. Dette vil bli påverka av kva verdi vi legg på andre forhold som kan påverkast negativt eller positivt av ei slik utbygging, som miljø og forsyningstryggleik. Utvalet og ei rekkje av høyringsinnspela peiker på dette som ei av dei mest sentrale og vanskelegaste utfordringane i energipolitikken i åra framover.

  • Viktige rammevilkår for utviklinga i energisektoren blir avgjort av internasjonale utviklingstrekk. Noreg er økonomisk integrert med andre land gjennom handelssamband, også på energisida. Gjennom internasjonale avtaler og EØS-tilknytinga er Noreg òg nært knytt saman med andre land i forhold til politiske rammevilkår. Økonomisk utvikling, framdrifta i internasjonale miljøavtaler og politiske rammevilkår for energisektoren i Europa er døme på viktige faktorar som vil ha direkte og indirekte verknad på den norske energisektoren. Utvalet legg til grunn at integrasjonen mellom energimarknadene i Europa vil auke ytterlegare i åra framover, og at energisystemet i dei europeiske landa i stadig større grad vil bli prega av fornybar energiproduksjon og eit aukande behov for tilgang på regulerkraft.

  • Utviklinga i energi- og kraftbehovet i Noreg i åra framover er usikker, og vil avhenge av ei rekkje faktorar. Folkevekst, demografi, økonomisk utvikling og vekst i etterspurnaden etter energi, særleg i dei energiintensive næringane som kraftintensiv industri og petroleumsnæringa, vil ha stor betydning. I NOU 2012: 9 er det peikt på at fleire av desse faktorane kan medverke til auka energibehov på sikt, sjølv om det blir satsa på energieffektivisering. Utvalet viser at utfallsrommet for utviklinga av den norske energibruken under ulike føresetnader er betydeleg. Sjølv om forbruksutviklinga blir påverka av politikkutforminga, er mange viktige forhold utanfor energipolitikken sitt verkeområde.

9.5.3 Sentrale avvegingar i den langsiktige energipolitikken: Forsyningstryggleik, miljø og verdiskaping

Eit godt samsvar

Eit hovudmål for utvalet sitt arbeid har vore å skape ei betre forståing for dei avvegingane ein står overfor i energipolitikken.

Det er godt samsvar mellom regjeringas vurdering av dei sentrale avvegingane og dei vurderingane utvalet gir uttrykk for. Regjeringa støttar utvalet si vurdering om at det på lang sikt er avveginga mellom sentrale samfunnsomsyn som er den store utfordringa i arbeidet med energisystemet i framtida.

Regjeringa legg til grunn av utviklinga av den norske energiforsyninga skal vere balansert når det gjeld dei ulike omsyna til trygg forsyning, miljø, velferd og verdiskaping.

Ein vel fungerande energi- og kraftmarknad skal saman med dei styringsverktøya som er etablerte sikre at energisystemet blir utvikla i tråd med sentrale samfunnsomsyn og på ein måte som er effektiv og sikker.

Forsyningstryggleik

Regjeringa legg til grunn at ei sikker og effektiv energiforsyning er ein kritisk føresetnad for eit vel fungerande samfunn, og vil vere det i aukande grad framover. Regjeringa ønskjer ein sikker tilgang på straum i alle delar av landet.

Analysane i NOU 2012: 9 illustrerer at balansen mellom produksjon og forbruk i Noreg har stor betyding for korleis kraftsystemet kan handtere uventa hendingar i vêr og temperaturforhold, jf. boks 9.4. Variasjonane i norsk kraftproduksjon og -forbruk frå år til år kan vere betydelege, i første rekkje som følgje av temperatur og tilsigsforhold. Dei siste 20 åra har det årlege tilsiget til vasskraftsystemet i Noreg variert med om lag 60 TWh, jf. figur 9.8. Også den nordiske kraftbalansen har vist betydelege variasjonar dei seinare åra, jf. figur 9.9. Med eit kraftsystem som også framover vil vere dominert av vasskraft vil sårbarheita i den norske kraftforsyninga framleis krevje merksemd.

Sjølv med planane om produksjonsvekst i dei andre nordiske landa, viser hendingar dei siste åra at den norske kraftforsyninga òg er sårbar for den fortløpande tilgangen på produksjon i dei andre nordiske landa. Utfall av kjernekraft i Norden vil kunne ha stor betydning for kraftsituasjonen i enkelte år.

Kraftforsyninga i Noreg må gi rom for forbruksutvikling som følgje av befolkningstilvekst og auka produksjon. Dette skal skje gjennom framhalden auka produksjonskapasitet, energiomlegging og energieffektivisering.

Figur 9.8 Årlege tilsig til det norske vasskraftsystemet frå 1990 til 2011

Figur 9.8 Årlege tilsig til det norske vasskraftsystemet frå 1990 til 2011

Kilde: NVE

Ei utvikling i retning av store overskot eller underskot på kraftbalansen, som ikkje står i rimeleg forhold til tilgjengeleg import- og eksportkapasitet til utlandet, vil forsterke effektane av uventa hendingar som flaum og tørke. Det er derfor viktig med ei balansert utvikling i energi- og kraftforsyninga, som samtidig er robust nok til å handtere store svingingar i energitilgang og -forbruk. Tilstrekkeleg overføringskapasitet for å handtere uventa hendingar er ein føresetnad for redusert sårbarheit.

Boks 9.7 Utviklinga i den nordiske kraftbalansen

Dei seinare åra er det gjort mange ulike analysar av eit mogleg kraftoverskot i Norden. Anslaga viser eit stort utfallsrom i anslaga for kraftbalansen i dei ulike landa og for heile Norden. I NOU 2012: 9 er det utarbeidd to ulike scenario med høvesvis eit stramt og eit ekspansivt kraftsystem, men den legg til grunn eit aukande nordisk kraftoverskot i åra som kjem.

Fleire land i Norden skal auke den fornybare energiproduksjonen i åra framover. I enkelte land vil dette gå til erstatning for eller medføre redusert bruk av fossilbasert produksjon. Mange av kjernekraftverka i Sverige har nådd ein alder der det må utførast store og tidkrevjande opprustingar om levetida skal forlengast. Det er i dag uvisst i kva grad produsentane av kjernekraft vil ønskje å reinvestere i anlegga sine. Det er òg ein føresetnad at eventuelle nye kjernekraftreaktorar skal gå til erstatning for eksisterande, slik at det totale talet er uendra.

Finland byggjer i dag eit kjernekraftverk på 1 600 MW (Olkiluoto 3) som truleg vil vere på plass i 2013. Dette vil medverke til å redusere det finske kraftunderskotet som er i dag. Målet for finsk energipolitikk er å bli sjølvforsynt med kraft i åra framover. På denne bakgrunnen har det finske parlamentet slutta seg til at det seinare kan investerast i ytterlegare kjernekraftverk i Finland. Ny utbygging av kjernekraft i Finland eller Sverige vil uansett ta tid. Frå søknad til endeleg ferdigstilling av Olkiluoto 3 i Finland vil det ha gått 13-14 år.

Grada av kraftoverskot i Norden i åra framover vil avhenge av netto tilgang på ny produksjonskapasitet og forbruksutviklinga i dei ulike landa. Verknaden av eit eventuelt kraftoverskot på marknadsforholda vil òg avhenge av den samtidige utviklinga av overføringskapasitet til landa utanfor Norden, og situasjonen i desse marknadene. Også i åra framover kan det vere store variasjonar i kraftbalansen frå år til år avhengig av tilsig og temperaturar.

Figur 9.9 Årleg netto kraftutveksling i Norden frå 2005 til 2011, TWh

Figur 9.9 Årleg netto kraftutveksling i Norden frå 2005 til 2011, TWh

Kilde: Nordpool spot

Ei trygg nasjonal kraftforsyning inneber òg balanse mellom produksjon, forbruk og overføring regionalt. Det er gjennomført tiltak for å utbetre dei regionale utfordringane i Midt-Noreg og BKK-området. Det vil krevjast aktive tiltak i energipolitikken for å halde ved lag regional forsyningstryggleik, slik det òg går fram av vurderingane i NOU 2012: 9. Også fleire høyringsuttaler gir uttrykk for at energipolitikken må utformast med tanke på å unngå liknande regionale ubalansar i framtida.

Miljø

Regjeringa deler vurderingane i NOU 2012: 9 om at målet må vere eit klimavennleg energisystem som samtidig tek omsyn til naturmangfald, lokalsamfunn og andre samfunnsinteresser.

All produksjon og overføring av energi medfører i noko grad miljøverknader i form av naturinngrep. Desse motsetningane mellom klimaomsyn og lokale naturinngrep er ei utfordring for alle land som satsar på ei ambisiøs fornybarutbygging.

Fornybare energiressursar som vasskraft og vindkraft må utnyttast der ressursane er.

Eit kraftsystem med spreidd produksjon, slik som vårt, krev overføring av kraft over til dels lange avstandar. Auka del av regulert kraftproduksjon i form av vasskraft utan magasin og vindkraft, stiller ytterlegare krav til nettet. Andre produksjonsteknologiar baserte på kol, gass eller bioråstoff kan byggjast nærare forbruket.

Gjennom styresmaktene si konsesjonsbehandling skal det sikrast at dei totale samfunnsvise fordelane knytte til etableringa av eit nytt energianlegg overstig ulempene.

Boks 9.8 Auka aktivitet i energi- og kraftnæringa

INTPOW (Norwegian Renewable Energy Partners) er ei foreining som blei etablert i samarbeid mellom styresmakter og energinæringa i 2009. INTPOW sitt formål er å styrkje det langsiktige grunnlaget for verdiskaping og sysselsetting i den norskbaserte energinæringa gjennom samarbeid mellom styresmakter og næringa, for å gjere den enda meir slagkraftig internasjonalt.

Ein studie publisert av INTPOW i 2012 har undersøkt 1 784 selskap, der 1 300 er i kategoriane fornybar energi, kraftdistribusjon og kraftsal. I 2005 var det til samanlikning om lag 850 selskap i dei same segmenta.

Kraftdistribusjon og kraftsal omsette i følgje undersøkinga for om lag 163 mrd. kroner i 2010, med 63 mrd. i verdiskapning. Eksportverdien var om lag 20 mrd. kroner. Tilsvarande tal for verdiskapning i 2005 var 38,5 mrd. kroner. Mengda tilsette var nær 38 000 i 2010, mot 23 500 i 2005.

Figur 9.10 Auke i antall selskap innan fornybar elektrisitet og kraftdistribusjon og -handel frå 2005 til 2010

Figur 9.10 Auke i antall selskap innan fornybar elektrisitet og kraftdistribusjon og -handel frå 2005 til 2010

Kilde: Menon/D&B

Verdiskaping

Regjeringa vil at energiressursane skal brukast på ein måte som sikrar velferd og verdiskaping for samfunnet i åra framover.

Utviklinga i energi og kraftforsyninga betyr mykje for verdiskapinga i det norske samfunnet, gjennom eiga verdiskaping og gjennom betydinga for andre delar av økonomien.

Satsing på fornybar kraftutbygging, energiomlegging og utvikling av nye energiteknologiar kan leggje til rette for videreutvikling av norsk næringsliv og vidareutvikling av arbeidsplassar over hele landet.

Kraftforsyninga har hatt ein betydeleg vekst i investeringane dei seinare åra, jf. figur 9.11 og denne utviklinga er venta å halde fram i åra som kjem. Investeringar i nett og produksjon er gjensidig avhengige av kvarandre, og ein føresetnad for ei effektiv utnytting av ressursane. Regjeringa er merksam på betydninga av god rekruttering til næringa, og vil arbeide for å skape auka forståing for næringa sin rolle i Noreg.

Satsinga på fornybar kraftutbygging og utvidingar av overføringsnettet fram mot 2020 krev stor innsats frå energinæringa. Dette er ei utfordring med store moglegheiter. Det er viktig at leverandørindustrien står rusta til å vidareutvikle kompetanse, teknologi og energiløysingar for framtidas energisystem, både nasjonalt og internasjonalt.

Energi er ein kritisk innsatsfaktor for dei energiintensive næringane, som kraftintensiv industri og petroleumssektoren. Rammevilkåra på energisida betyr derfor mykje for høvet til vidareutvikling og verdiskaping i desse sektorane. Regjeringa vil gjennom energipolitikken leggje til rette for næringsutvikling som krev auka krafttilgang, blant anna gjennom nettpolitikken, jf. Meld. St. 14 (2011-2012).

Satsinga på omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi gjennom Enova bidrar til å omstille næringslivet i klimavennlig retning ved at nye energi- og klimateknologiar når marknaden. Målet på sikt er at Enova skal bidra til meir velfungerande marknader for effektive energi-, miljø- og klimavennlige løysingar og at støtte blir overflødig.

Regjeringen meiner at ein offensiv nasjonal klimapolitikk må utformast slik at den også blir god næringspolitikk jf. Meld. St. 21 (2011-2012). Klimapolitikken bør hjelpe til å vidareutvikle og omstille næringslivet vårt i klimavennlig retning. Teknologiutvikling står her helt sentralt. I Klimameldinga foreslo derfor regjeringa blant anna ei ny satsing på klimateknologi gjennom Enova og etableringa av Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging.

Sidan 2001 har Enova bidratt til redusert energibruk og konvertering til bruk av fornybare energikjelder i nokon av dei største og mest energiintensive bedriftene i Noreg. Denne innsatsen er viktigte bidrag for å videreutvikle og omstille vårt næringsliv i klimavennlig retning. Etter at Enova blei stifta har det vore utvikling i alle marknadene Enova er eller har vore inne i. Fleire selskap har fått erfaring frå utbygging av vindkraft i Noreg. Fjernvarme er etablert i dei fleste store norske byene. I byggmarknaden har det vore eit skift mot stadig meir energieffektive bygg og bransjen er meir kompetent til å byggje energieffektivt enn tidlegare.

Regjeringa vil etablere ei CO2-kompensasjonsordning for industrien. Etableringa av kvotesystemet i EU i 2005 har gitt auka kraftprisar i Noreg. EU har vedtatt retningslinjer for statsstøtte som opnar for å gi kompensasjon for industriens indirekte kvotekostnader. Formålet er å oppnå større globale utslippsreduksjonar ved å hindre karbonlekkasje frå industrien i Europa til land med mindre stram klimapolitikk. Den nye ordninga skal forvaltast av Klima- og forurensingsdirektoratet (Klif). Det blir føreslått 20 mill. kroner til dekning av administrative utgifter til etablering og forvaltning av ordninga i 2013. Basert på dagens kvoteprisnivå vil ordninga grovt anslått kunne få ein årlig kostnad på om lag 500 mill. kroner. Omfanget av ordninga vil kunne variere frå år til år avhengig av utviklinga i kvoteprisen. Ordninga skal gjelde for perioden 1.7.2013 til 31.12.2020. Det skal nå jobbast vidare med fastsetting av nærare regelverk for ordninga. Ordninga skal også notifiserast til EFTAs overvakningsorgan ESA før den gjerast operativ. På denne bakgrunn vil Regjeringa komme tilbake med et nærare anslag for utgiftene i 2013 og forslag om løyvingar i samband med revidert budsjett 2013.

Figur 9.11 Årlege investeringar i kraftforsyninga frå 2002 til 2011

Figur 9.11 Årlege investeringar i kraftforsyninga frå 2002 til 2011

Kilde: SSB

9.5.4 Tiltak for ein framtidsretta energisektor

Innleiing

Hovudelement i regjeringas politikk for eit framtidig energisystem er:

  • Effektiv og berekraftig utnytting av naturressursane gjennom gode konsesjonsprosessar.

  • Satsing på fornybar energi, energiomlegging og energieffektivisering.

  • Vidareutvikling av overføringsnettet for straum.

  • Satsing på forsking og utvikling.

Effektive konsesjonsprosessar

Konsesjonsbehandlinga er eit viktig styringsverktøy for å sikre ei effektiv og forsvarleg utnytting av ressursane. Gjennom konsesjonsbehandlinga avveg konsesjonsstyresmaktene ulike brukar- og miljøinteresser, og gir konsesjon dersom fordelane overstig ulempene. Det er viktig at konsesjonsprosessane sikrar likebehandling, og oppfyller krava i forvaltningslova til forsvarleg saksbehandling.

Noreg står overfor store investeringar i energiproduksjon og overføringsnett i åra som kjem. Gjennom elsertifikatmarknaden er det sett eit mål om at til saman 26,4 TWh fornybar energi skal byggjast ut i Noreg og Sverige innan 2020. Samtidig er det planar om betydeleg opprusting og utbygging av overføringsnettet for straum.

Ei realisering av gode prosjekt i Noreg innan produksjon og nett stiller krav til konsesjonsbehandlinga når det gjeld effektivitet, samordning og vektlegginga av ulike omsyn. NOU 2012: 9 har ei brei drøfting av utfordringane i konsesjonspolitikken, og tilrår ulike tiltak for å utbetre det systemet som er i dag, jf. pkt. 9.3. Konsesjonspolitikken var òg ei sentral problemstilling i høyringa, jf. pkt. 9.4.

Regjeringas mål er å sikre effektive konsesjonsprosessar som på ein god måte balanserer ulike samfunnsomsyn. Tilstrekkelege ressursar og eit best mogleg kunnskapsgrunnlag er nødvendige føresetnader for å oppnå dette. Det er òg viktig at retningslinjene for avvegingane er godt kjende og stabile over tid.

Satsinga på styrkt konsesjonsbehandling gjennom fleire år har gitt betydeleg auke i saksbehandlingskapasiteten i NVE. Også saksbehandlingskapasiteten i departementet er styrkt for å behandle eit auka saks- og klageomfang. Regjeringa har gjennom dette sytt for at energistyresmaktene står betre rusta til å møte eit auka tilfang av prosjekt som kan komme i åra framover.

Eit breitt kunnskapsgrunnlag i konsesjonsbehandlinga er viktig for å medverke til ei berekraftig energiforsyning, der det blir teke nødvendig omsyn til dei viktigaste og mest sårbare naturområda. Regjeringa styrkjer kunnskapsgrunnlaget gjennom satsing i Forskingsrådet og vidareføring av senter for miljøvennleg energi. Også den direkte støtta som blir gitt til forskingsprosjekt i skjeringsfeltet mellom energi og miljø skal medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget i åra framover.

Det er i dag vesentleg høgare krav til å greie ut konsekvensar, dokumentasjon, kunnskapsgrunnlag, vurdering av samla belastning og konsultasjonar samanlikna med situasjonen for få år tilbake. Dette har gitt ein betre konsesjonsprosess for å sikre ei forsvarleg og kunnskapsbasert behandling, men har samtidig auka den tida som går med til å behandle prosjekta. Olje- og energidepartementet må, blant anna ut frå prinsippa i forvaltningslova, gjere ei sjølvstendig vurdering av dei sakene som blir klaga på etter vedtak i NVE. I enkelte tilfelle vil departementet kunne ha ei anna skjønnsvurdering, eller det kan ha komme til ny informasjon og kunnskap som tilseier omgjering etter at NVE behandla saka.

I perioden 2006-2011 er det gitt konsesjon til vass- og vindkraftverk med ein årleg produksjonskapasitet tilsvarande om lag 8,5 TWh. Dette er ein betydeleg auke samanlikna med åra før.

Departementet ønskjer ikkje å innføre bruk av tidsfristar i konsesjonsbehandlinga. Mange saker tangerer ei rekkje viktige samfunnsomsyn og kan vere heller komplekse. Ein konsekvens av å innføre tidsfristar er at det blir mindre tid til å vurdere avbøtande tiltak, alternative gjennomføringar eller å gjere nødvendige konsultasjonar på ein forsvarleg måte. Ei følgje av dette kan vere at fleire prosjekt må få avslag.

Tidsfristar vil vidare kunne vere til hinder for ei forsvarleg samla vurdering av prosjekt i same område. Områdevis vurdering er ofte nødvendig både for ei god koordinering av ny produksjon og nett, og for å finne fram til dei beste prosjekta i ein region. Av same årsak er det ikkje aktuelt for regjeringa å vurdere ei uavhengig klagenemnd for mindre saker, slik det er foreslått i NOU 2012: 9.

Regjeringa skal halde fram med å effektivisere og styrkje konsesjonsbehandlinga gjennom ei strengare prioritering av saker og ei heilskapleg og regionvis tilnærming. Det vil òg bli lagt vekt på å gjere synlege dei avvegingane som blir gjort i konsesjonsbehandlinga. Endringar som er varsla i nettmeldinga for saker om store kraftleidningar inneber blant anna at nettselskapet får ansvar for gjennomføre ei ekstern kvalitetssikring av konseptvalet sitt, og at det blir innført ei tidleg politisk involvering i form av ei uttale frå departementet om konseptval og behovsspørsmålet.

Det er òg lagt til rette for å effektivisere arbeidet med vilkårsrevisjonar for vasskraftkonsesjonar gjennom fastsetjinga av nye retningslinjer. Energi- og miljøstyresmaktene har sett i gang eit prosjekt som skal gjennomgå 340 moglege revisjonssaker med tanke på prioriteringar. Nye retningslinjer og ei nasjonal prioritering vil medverke til fleire gjennomførte revisjonssaker i åra framover, og dermed òg til miljøforbetringar i eldre, regulerte vassdrag.

Nye tiltak som forenkling av lover, innføring av tidsfristar og sanksjonsregime vil ikkje fjerne dei reelle interessemotsetningane som også i framtida vil måtte avvegast gjennom konsesjonsbehandlinga. Regjeringa meiner derfor at arbeidsinnsatsen i åra framover i første rekkje bør konsentrerast om å få fram dei gode prosjekta og sikre mest mogleg effektive prosessar innanfor rammene av det lovverket som eksisterer i dag.

Regjeringa vil kontinuerleg sjå på høve til å forbetre konsesjonssystemet. Eit godt samarbeid mellom energi- og miljøstyresmaktene er òg avgjerande.

Satsing på fornybar energi, energiomlegging og energieffektivisering

Satsinga på fornybar energi, energiomlegging og energieffektivisering står sentralt i Regjeringas energipolitikk. Det er i utvalet sin rapport lagt vekt på at vi må bruke energien riktig, bruke riktig energi og utnytte dei særnorske høva til verdiskapning. Desse vurderingane får òg brei støtte i høyringa.

Regjeringa legg vekt på at energiforsyninga skal vere robust og fleksibel, slik at den både evnar å handtere kortsiktige variasjonar grunna vêr- og temperaturforhold og meir langsiktige endringar i bruken av energi. Elektrisitetsproduksjonen i Noreg er langt på veg utsleppsfri, men det må leggjast til grunn at elektrisitet på lang sikt truleg kan ventast å bli dyrare og meir verdifull etter kvart som land i Europa fasar ut bruken av fossile brensler.

Ei berekraftig utvikling av energisektoren på lang sikt tilseier at forsyningstryggleiken må sikrast gjennom ei brei satsing på energieffektivisering i bygg og industri, bruk av andre energiberarar enn elektrisitet og olje til oppvarming og kraftproduksjon basert på fornybare energikjelder.

Fornybar kraftproduksjon og elsertifikat

Gjennom energipolitikken blir det lagt opp til at ny produksjonskapasitet i kraftforsyninga skal vere basert på fornybar energi.

Med innføringa av elsertifikatmarknaden og styrkinga av konsesjonsbehandlinga er rammevilkåra no på plass for betydelege investeringar i fornybar straumforsyning. Målet er at det samla skal byggjast ut ny produksjonskapasitet basert på fornybare energikjelder tilsvarande 26,4 TWh i Noreg og Sverige innan utgangen av 2020. Det svarar til om lag ein femdel av den samla norske vasskraftproduksjonen i eit normalår. Elsertifikatsystemet er òg det viktigaste verkemidlet for å nå målet i Fornybardirektivet.

Elsertifikatsystemet er eit marknadsbasert system. Styresmaktene i Noreg og Sverige har bestemt eit mål for kor mange elsertifikat som skal kjøpast. Kraftleverandørar, og visse forbrukarar med eigen krafttilgang, blir pålagt å kjøpe elsertifikat tilsvarande ein del av forbruket. Sertifikatplikta aukar gradvis frå 3 prosent i 2012 til 18,3 prosent i 2020. Tildeling av elsertifikat er basert på produksjon. Ny kraftproduksjon basert på fornybare energikjelder får tildelt eitt elsertifikat per MWh elektrisitet dei produserer i 15 år. Produsentane får ei inntekt frå sal av elsertifikat i tillegg til inntekta frå sal av elektrisitet. Inntekta frå elsertifikata skal medverke til å gjere det lønnsamt å byggje nye anlegg for fornybar elproduksjon. Sluttbrukarane medverkar til utbygginga gjennom straumrekninga.

Det er marknaden for elsertifikat som avgjer prisen og kva prosjekt som vil bli realiserte. Ordninga er teknologinøytral slik at all ny elektrisitetsproduksjon basert på fornybare energikjelder er omfatta av marknaden. Ordninga legg til rette for konkurranse mellom teknologiar og mellom prosjekt. Vind-, vass- og bioenergi vil vere dei viktigaste energiressursane i denne marknaden.

Sverige har hatt eit elsertifikatsystem sidan 1. mai 2003. Eit felles system mellom Sverige og Noreg inneber at marknaden får eit større volum og fleire aktørar enn i nasjonale marknader. Ein felles marknad er venta å gi betre konkurranse på marknaden og meir stabile prisar på elsertifikata.

Rammene for elsertifikatordninga er regulert gjennom ei eiga lov om elsertifikat og ein traktat mellom landa. Avtala med Sverige gjeld fram til utgangen av 2035. Det er lagt opp til at anlegg må settes i drift innan utgangen av 2020 for å bli godkjende for tildeling av elsertifikat. Saman med Sverige har Noreg som mål å byggje ut ny elektrisitetsproduksjon basert på fornybare energikjelder tilsvarande 26,4 Twh i 2020. Elsertifikatordninga sikrar dermed langsiktige og stabile rammer for investorane frå og med 2012. For å leggje til rette for investeringsavgjerder er departementet oppteke av at rammene under elsertifikatordninga skal vere stabile og føreseielege i avtaleperioden. Departementet legg til grunn at investorane sjølve, basert på dei rammene som er lagt, skapar seg prisforventningar som grunnlag for investeringane.

Energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi

Satsing på energiomlegging er viktig, blant anna i regjeringas arbeid med omstilling til eit samfunn med låge utslepp. Energiforsyninga skal vere sikker, samtidig som utsleppa av klimagassar frå fossilbasert energiproduksjon skal reduserast. Gjennom energiomlegging blir det etablert ei meir variert energiforsyning som er mindre avhengig av vasskraft og gir meir effektiv bruk av energi.

Gjennom politikken for energiomlegging legg regjeringa til rette for fleksibilitet i bruken av energi og alternative oppvarmingsløysingar baserte på andre energiberar enn el og fossile brensler i eksisterande og nye bygningar. Energieffektivisering i bygg, anlegg og industri medverkar til å avgrense den totale energibruken gjennom året. Satsinga på alternative oppvarmingsløysingar og energieffektivisering medverkar særleg til redusert bruk av elektrisitet i vinterhalvåret.

Det er viktig å omstille norsk industri for å møte krav i framtida til lågare utslepp av klimagassar. I Klimameldinga foreslo derfor regjeringa ei nasjonal satsing på klimateknologi med utgangspunkt i Enova. Målet er å redusere klimagassutslepp og gi varige energiinnsparingar i industrien gjennom å ta i bruk teknologiar som kan hjelpe til dette.

I Klimameldinga vart Enovas arbeidsområde utvida til å omfatte ei satsing på klimateknologi, jf. Innst. 390 S. Regjeringa har oppretta Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging. Det nye fondet blir styrkt med 10 mrd. kroner i 2013, slik at det får ein kapital på til saman 35 mrd. kroner. Fondet vil bli styrkt med ytterlegare 5 mrd. kroner kvart år frå 2014 til 2016. Avkastninga frå desse nye kapitalinnskota skal nyttast til å finansiere satsinga på klimateknologi. Rammevilkåra er derfor på plass for å styrkje ei miljøvennleg energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi på kort og lang sikt.

Departementet inngjekk ei ny fireårig avtale med Enova i juni 2012. Avtala gir rammene for Enovas arbeid fram til utgangen av 2015. Det er avtalt eit resultatmål på 6 ¼ TWh i 2015. Med avtala vart nye store satsinga på energi- og klimateknologi etablert. Satsinga blir finansiert frå det nye Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging, som blir etablert med utgangspunkt i Enovas Grunnfond, og frå delar av midlane som blir frigjorte som følgje av innføring av elsertifikat. Avtala følgjer dermed opp Klimameldinga. For ei omtale av den nye energi- og klimateknologisatsinga, sjå boks 9.9.

I medhald av den nye avtala skal Enovas forvaltning av midlane frå Energifondet medverke til:

  • Utvikling og introduksjon av nye energi- og klimateknologiar i marknaden.

  • Meir effektiv og fleksibel bruk av energi.

  • Auka bruk av andre energiberarar enn elektrisitet, naturgass og olje til varme.

  • Auka bruk av nye energiressursar, under dette gjennom energigjenvinning og bioenergi.

  • Betre fungerande marknader for effektive energi, miljø- og klimavennlege løysingar.

  • Auka kunnskap i samfunnet om høva til å ta i bruk energieffektive, miljø- og klimavennlege løysingar.

Energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi er ei langsiktig satsing på utvikling av marknader for effektive, miljø- og klimavennlege løysingar. Det langsiktige i utviklinga av marknaden er todelt:

  • Dei prosjekta Enova støttar har lang levetid.

  • På sikt skal dei løysingane Enova i dag støttar opp under bli konkurransedyktige utan tilskot.

Vi må rekne med at bygningane som blir bygde i dag framleis er i bruk i 2050. Den infrastrukturen vi etablerer i dag vil leggje grunnlaget for ein god forsyningstryggleik i eit framtidig samfunn med låge utslepp. Energigjenvinning og andre tiltak i industrien legg grunnlag for at vi kan ha ein energieffektiv og konkurransedyktig industri med låge utslepp av klimagassar.

Det er ein viktig ambisjon at Enovas verkemiddel på sikt skal bli overflødige, og at dei miljøvennlege energiløysingane skal bli dei føretrekte løysingane i marknaden. Det gjeld i første omgang kjende energiteknologiar og -løysingar som er på marknaden, men som enno ikkje er konkurransedyktige. Det gjeld òg energi- og klimavennleg teknologi som enno ikkje er lansert i marknaden men som har eit stort potensial. Desse løysingane skal medverke til reduksjon av klimagassutslepp og byggje opp under energiomlegginga på lang sikt. Ny energi- og klimateknologi er avgjerande for å kunne realisere samfunnet med låge utslepp.

Det er fleire tiltak som, saman med satsinga gjennom Enova, er med på å byggje opp under ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi. Omsettelege kvotar for CO2 og avgiftene på klimagassar er viktige. Fleire andre miljøavgifter og særavgifter på energi medverkar òg til å påverke energibruken. Det er innført ei rekkje krav til energieffektivitet og energimerkeordningar for produkt. Det er innført strenge forskrifter med krav til energieffektivitet og energiforsyning i nye bygg og ved større rehabiliteringar og det er innført krav om energimerking ved sal, utleige og oppføring av nye bygningar. Det finst òg støtteordningar gjennom Noregs forskingsråd, Miljøteknologiprogrammet som vesentleg er forvalta av Innovasjon Noreg og Program for energieffektivisering i industrien (PFE-ordninga) som er forvalta av NVE. Enovas verksemd grensar opp mot og kompletterer dei andre delane av verkemiddelapparatet. Enova samarbeider med blant anna NVE, Statnett SF, Klima- og forureiningsdirektoratet, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd for å sikre ei god koordinering av verkemiddelapparatet.

Boks 9.9 Enovas nye, store energi- og klimateknologisatsing

Regjeringa fremja forslag om ei nasjonal satsing på klimateknologi i Klimameldinga, jf. Innst. 390 S (2011-2012). I den nye avtala med Enova er dette konkretisert gjennom ei samanslåing av Enovas tidlegare satsing på energiteknologi og den nye satsinga på klimateknologiar. Til saman utgjer desse Enovas nye, store satsing på energi- og klimateknologi.

Målet er at satsinga skal medverke til reduksjon av klimagassutslepp og byggje opp under utviklinga av energiomlegging på lang sikt gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar og nye løysingar som kan medverke til dette.

I den nye avtala med Enova er det lagt til grunn at satsinga skal rettast inn mot utvikling av ny teknologi og støtte til teknologiar og løysingar nær marknadsintroduksjon, blant anna skal Enova kunne gi støtte til investeringar i fullskala produksjonslinjer i industrien. Satsinga skal vere relevant for industrien både som brukar og leverandør av teknologiar. Det er lagt til grunn klare avgrensingar mot Innovasjon Noregs og Noregs Forskingsråds program, som gir støtte til teknologiar tidlegare i utviklingskjeda.

Det er lagt opp til at Enova stiller til disposisjon minimum 10 prosent av dei årlege, disponible midlane i Energifondet til satsinga på energi- og klimateknologi. Vidare at Enova minimum skal nytte avkastninga frå nye kapitalinnskot i Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging til tiltak som kan gi reduserte klimagassutslepp og varige energiinnsparingar i industrien på sikt.

Prosjekta skal vurderast ut frå potensialet for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på lang sikt. Enova skal prioritere støtte til prosjekt og løysingar som har stort spreiingspotensial både nasjonalt og internasjonalt. Støtte frå Enova skal medverke vesentleg til kompetanseutvikling i Noreg. Det skal samarbeidast med næringslivet og andre aktørar om dette. Samarbeidet skal forankrast i avtaler med klart definerte mål om utvikling og bruk av teknologi som gir utsleppsreduksjon.

Arbeidet skal byggje på klimafagleg og teknologifagleg kompetanse, og satsinga skal følgjast i nært samarbeid med næringslivet, forskingsmiljø, Klima- og forureiningsdirektoratet og andre relevante offentlege etatar. Enova skal utarbeide kriterium for tildeling av støtte til prosjekt og lage ei overordna oversikt over kva type prosjekt som er omfatta av ordninga. Enova skal ta initiativ til eit godt samspel med aktørane om analyse og vurderingar av moglegheitene i marknaden.

Nærare om satsingsområda for energiomlegging

Elektrisitet står i dag for ein betydeleg del av det stasjonære energiforbruket, jf. figur 9.12. Enova gir tilskot til investeringar i oppvarmingsløysingar for bruk av andre energiberarar enn elektrisitet, naturgass og olje til varme. Ulike typar bioenergi, varme frå avfallsforbrenning og annan spillvarme, solenergi, hydrogen og varmepumper baserte på jord-, vatn- og bergvarme er alle aktuelle varmeløysingar. Desse kan utnyttast til oppvarming av rom og tappevatn i næringsbygningar, bustader og industribygg. I industrien kan varmeenergi òg nyttast til drift av prosessar.

Figur 9.12 Stasjonær energibruk i fastlands-Noreg etter vare i 2010

Figur 9.12 Stasjonær energibruk i fastlands-Noreg etter vare i 2010

Kilde: NVE

Fleksibilitet i bruken av energi er viktig for forsyningstryggleiken. Ved å leggje til rette for at forbrukssida kan veksle mellom energiberarar til oppvarming, vil kraftforbruket dempast i vintrar med knapp tilgang på elektrisitet og høge kraftprisar. Enova stimulerer til investeringar i fjernvarme, lokale varmesentralar og vassboren varme som gjer det mogleg å veksle mellom energiberarar. Dette er særleg nyttig i kalde periodar med svikt i vasskraftproduksjonen og høge kraftprisar, eller i periodar med mykje nedbør og låge kraftprisar. Fleksibiliteten blir styrkt gjennom innføring av AMS. Straumkundane får betre informasjon om kraftbruken sin, og meir nøyaktig avrekning. AMS opnar dessutan for ei rekkje nye tenester, deriblant automatisk styring av forbruk. Ein permanent overgang til alternative oppvarmingsløysingar medverkar òg til å avdempe kraftbruken om vinteren. Variasjon i forbruket og fleksibilitet er bra for kraftsystemet.

I Klimameldinga bad Stortinget regjeringa innføre forbod mot fyring med fossil olje i hushald og til grunnlast i andre bygningar i 2020 jf. Innst. 390 S (2011-2012). Det vil auke sårbarheita i energisystemet dersom gamle oljefyringsanlegg blir erstatta med direkte elektrisk oppvarming. Regjeringa legg til rette for andre oppvarmingsløysingar gjennom energiomleggingspolitikken. I avtala er det lagt til opp til at fondsmidlane i Energifondet kan finansiere ei særskilt ordning for å konvertere fossile energiberarar i hushald og til grunnlast. Fleire av Enovas verkemiddel støttar opp under arbeidet med å fase ut oljefyring. Bruken av fyringsolje har minka betydeleg sidan 1990-talet.

Energieffektivisering er ein viktig del av regjeringas satsing på energiomlegging. Høva til å bruke energien meir effektivt er store, både i bustader, næringsbygningar og industribedrifter.

Industrien kan blant anna utnytte spillvarme, og energieffektivisere kjerneprosessane. Energigjenvinning fell utanfor elsertifikatmarknaden og vil vere ei viktig oppgåve for Enova. I det vidare arbeidet vil det i aukande grad bli satsa på energileiing og på utløysing av potensial hos dei mindre energibedriftene.

Oppvarming av bygningar står for ein stor del av den norske energibruken. Enovas verksemd for meir effektiv energibruk i bygningar er retta mot eksisterande bygningsmasse som ikkje fell inn under krava i byggteknisk forskrift, og mot aktørar som følgjer ein høgare standard enn gjeldande forskriftskrav.

Bygningsmassen blir skifta ut gradvis over lang tid. Byggjeforskriftene er derfor viktige for å påverke energieffektiviteten i bygningsmassen i åra som kjem. Regjeringa skjerpa krava til energieffektivitet i byggjeforskriftene betydeleg i 2007. Krava inneber at nye bygningar vil ha 25 prosent lågare energibehov enn tidlegare. I 2010 vart krava til energieffektivitet justerte.

Regjeringas handlingsplan for energieffektivisering, som vart presentert i Klimameldinga, har mål om ein vesentleg reduksjon i samla energibruk i byggjesektoren til 2020.

Regjeringa vil skjerpe energikrava i byggjeteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa vil seinare fastsetje dei krav som definerer passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Avgjerd om kravnivå blir gjort på bakgrunn av utgreiingar av samfunnsøkonomiske og helsemessige konsekvensar og kompetansen i byggjenæringa. Regjeringa vil vidare innføre komponentkrav for gjeldande bygg og klargjere for kva byggjearbeidar og komponentar desse krava skal gjelde, blant anna ut fra ei vurdering av energieffektar og kostnader.

Saman med tiltaka som vart lagt fram i Meld. St. 28 (2011-2012) Gode bygg for eit betre samfunn, gir dette brei satsing på arbeidet med energieffektivisering i bygg framover. Regjeringa arbeider med eit mål for energieffektivisering i bygg.

Auka kompetanse om energieffektive bygningar er ein føresetnad for det vidare arbeidet med energieffektivisering i bygg i åra framover. Regjeringa vil medverke til kompetanseheving gjennom tiltak som er forvalta av Enova, Husbanken og Lågenergiprogrammet. Lågenergiprogrammet er eit tiårig samarbeid mellom staten og byggjenæringa som har som formål å heve kompetansen i byggjenæringa, blant anna gjennom å medverke til å utvikle såkalla førebileteprosjekt.

Fornybardirektivet

Fornybardirektivet (2009/28/EF) vart innlemma i EØS-avtala 19. desember 2011 og tredde i kraft dagen etter. Målet i EU er ein samla del fornybar energi på 20 pst. i 2020. Dette skal oppnåast ved at dei enkelte landa har påteke seg nasjonale mål om ein bestemt del fornybar energiproduksjon målt som del av den totale nasjonale energibruken. Berekningane har 2005 som basisår. Dei nasjonale måla skal samla føre til at EU når sitt mål. Det er eit eige mål for transportsektoren på 10 pst. fornybardel i 2020, og dette målet er likt for alle landa.

Noreg har teke på seg ei forplikting om å auke vår del fornybar energi til 67,5 pst. i 2020. Delen fornybar energi i Noreg i 2010 er av SSB anslått til om lag 61 pst. og er utrekna som produksjon av fornybar energi delt på total energibruk. Det norske målet på 67,5 pst. er klart høgare enn i alle EU-landa.

Fornybardirektivets artikkel 4 pålegg kvart land å utarbeide ein handlingsplan for korleis dei skal nå dei nasjonale målsetjingane sine. Handlingsplanen er basert på å utfylle ein detaljert mal som er utarbeidd av EU-kommisjonen og som alle land er pålagt å bruke. Formålet med malen er å sikre at dei nasjonale handlingsplanane omfattar alle krav i direktivet, at dei kan samanliknast og at dei stemmer overeins med dei rapportane medlemslanda skal sende inn kvart anna år om status for gjennomføring av direktivet.

Den norske handlingsplanen for fornybar energi vart send over ESA i slutten av juni i år. Handlingsplanen trekkjer opp politikken for korleis Noreg kan nå målet om ein samla fornybardel på 67,5 pst. innan 2020 og ein fornybardel i transportsektoren på 10 pst. innan 2020.

Elsertifikatordninga med Sverige er det viktigaste enkelttiltaket for å nå målet. I tillegg bidrar Enovas verkemiddel og innføringa av nye byggstandarder mv. til å nå målet.

Fornybardirektivet opnar for at medlemslanda kan ta i bruk ulike samarbeidsmekanismar for å nå fornybarmåla på ein meir kostnadseffektiv måte. Det er opp til kvart land å avgjere om dei vil å ta i bruk samarbeidsmekanismar.

Den norsk-svenske elsertifikatordninga er det første eksempelet på eit felles støttesystem mellom land under fornybardirektivet. Gjennom elsertifikatordninga får Noreg godskreve halve produksjonen frå den felles sertifikatmarknaden uavhengig av kor produksjonen kjem. Felles støtteordningar er regulert i artikkel 11 i direktivet.

Noreg tar ikkje sikte på å bruke andre samarbeidsmekanismar under fornybardirektivet. Avtalen om elsertifikater mellom Noreg og Sverige regulerer at planer om fellesprosjekt ikkje skal gjennomførast før Noreg og Sverige har funne ei gjensidig akseptabel løysing. I slike tilfelle vil Noreg vere opptatt av eventuelle direkte og indirekte verknader i den norske og nordiske kraftmarknaden.

Transportmålet vil likevel krevje ytterlegare tiltak i åra framover. Målet kan oppfyllast på ulike måtar. Her blir dei tiltaka som er beskrivne i Klimameldinga lagt til grunn som moglege måtar å oppfylle målet på. Transportmålet og verkemiddel i denne sektoren er Samferdselsdepartementets ansvarsområde.

I følgje utrekningane som er presenterte i handlingsplanen vil Noreg liggje over den indikative bana som er skissert frå EU, i alle år fram til 2020. Store kortsiktige endringar i energibruk og produksjon som følgje av temperaturar og tilsig vil likevel kunne gi endringar som ikkje kan føreseiast i den norske fornybardelen frå år til år. Dette er ei reell uvisse i forhold til både indikativ bane og for å nå målet i 2020. Dette forholdet er understreka i handlingsplanen.

Havenergi

Olje- og energidepartementet vil utvikle vidare rammeverket for fornybar energiproduksjon til havs, jf. Ot.prp. nr. 107 (2008-2009) og Prop. 8 L (2009-2010), og følgje opp dei strategiske konsekvensutgreiingane med sikte på utlysning av område. Gjennom konsesjonsbehandling av eventuelle søknader vil det bli tatt omsyn til ulike interesser i områda, herunder fiskerinæringa. Med innføringa av elsertifikatmarknaden er støtteordninga på plass for å auke den fornybare produksjonskapasiteten i det norske kraftsystemet. Det vil være nødvendig å vidareføre satsinga på forsking og utvikling for å få kostnadene ned for havvind.

Det har skjedd ein sterk auke i regjeringas satsing på FoU og kompetansebygging innanfor havvind. Satsinga har først og fremst blitt teken hand om gjennom forskingsprogrammet RENERGI som dekkjer alt frå grunnleggjande forskingsprosjekt til næringsretta FoU, inkludert pilotprosjekt og demonstrasjon i mindre skala. Vidare er to av dei elleve oppretta forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) direkte retta mot utnytting av vindkraft til havs. Vindkraft til havs er òg eitt av dei seks prioriterte områda i den nasjonale FoU-strategien innanfor energisektoren, Energi21. Enova kan gje stønad til fullskala demonstrasjon av havvindmøller, jf. boks 9.9.

Det vil vere naturleg at utviklinga av eit overføringsnett til havs blir sett i samanheng med vurderingar knytte til areal for energiproduksjon til havs. Utviklinga av eit eventuelt overføringsnett vil skje gradvis og det vil vere naturleg at ulike løysingar blir nytta til å knyte til ulike utbyggingsområde. I ein tidleg fase vil ein knyte til enkelte vindparkar til land eller til utanlandskablar. Dersom det blir ei vidare utbygging av vindparkar, vil desse radialane kunne utviklast vidare ved at radialane blir knytte saman. Neste utviklingssteg vil kunne vere at nettet blir knytt saman til eit maska sentralnett.

I desember 2010 signerte ti land eit Memorandum of Understanding (MoU) om samarbeid om utvikling av nett i Nordsjøen, The North Seas Countries’ Offshore Grid Initiative (NSCOGI). Intensjonsavtala formaliserer rolla til EU-kommisjonen, regulatorane og systemoperatørane i initiativet. Fleire av landa rundt Nordsjøen har store planar om vindkraftproduksjon til havs. Sjølv om eit eventuelt fullt integrert overføringsnett til havs ligg eit stykke fram i tid, er det viktig at styresmaktene i dei ulike landa, regulatorar og systemoperatørar har eit godt samarbeid. På den måten kan vi få ei koordinert og effektiv utvikling av eit eventuelt nett til havs. Med i initiativet er Belgia, Danmark, Frankrike, Irland, Luxembourg, Nederland, Noreg, Storbritannia, Sverige og Tyskland.

Vidare utvikling av overføringsnettet for straum

Regjeringa legg opp til ei vidare utvikling av overføringsnettet for straum. Utvalet legg vekt på at vi må byggje eit sterkare overføringsnett. Frå mange høyringsinstansar er det sterk støtte til at det bør byggjast eit sterkare overføringsnett både innanlands og til utlandet.

Innanlands nettutvikling

Regjeringa la i mars 2012 fram nettmeldinga. I meldinga har regjeringa lagt fram politikken for utbygging og reinvesteringar i det sentrale overføringsnettet i tida framover, og det er første gongen ei slik melding er lagt fram for Stortinget. Stortinget drøfta meldinga og ein samla komité slutta seg til hovudtrekka. Det er derfor ikkje føremålstenleg at det så kort tid etter blir lagt fram nye vurderingar.

Med behandlinga i Stortinget kom viktige rammevilkår for energipolitikken i framtida på plass. Vi er no inne i ein fase med omfattande utvidingar og fornyingar av straumnettet i Noreg. Det vil vere viktig å sikre tilstrekkeleg finansiering, bemanning og kompetanse til å gjennomføre utbyggingane. Det må òg leggjast vekt på å få konsesjonsbehandla anlegga i tide.

Regjeringa legg til grunn at dei negative verknadene av å vere for seint ute med investeringar i det sentrale overføringsnettet er store. Den kritiske betydninga av straum tilseier derfor at konsekvensane ved å investere for lite eller for seint i nettet normalt vil vere større enn konsekvensane av å investere for mykje. Ei sterk satsing på ein vel fungerande infrastruktur vil òg medverke til auka verdiskapning både i kraftsektoren og i samfunnet elles. På den andre sida vil det vera kostbart og gi for store ulemper om ein i alle samanhenger skulle ha tilstrekkeleg ledig kapasitet til å møte alle tenkjelege situasjonar.

Nettselskapa planlegg betydelege nettinvesteringar i åra framover. Av Statnetts nettutviklingsplan for 2011 går det fram at det er planlagt investeringar i storleiken 40-50 mrd. kroner i sentralnettet i neste 10-årsperiode. Kraftnæringa har òg indikert at ein tilsvarande sum er venta investert i regional- og distribusjonsnettet.

Satsinga på å styrkje overføringsnettet er eit hovudelement i arbeidet med å styrkje den regionale forsyningstryggleiken. Nettinvesteringar vil òg vere det viktigaste bidraget til å redusere prisforskjellar mellom dei ulike regionane i landet. Enkelte regionar har i dag redusert forsyningstryggleik og i fleire av desse er nettinvesteringar nødvendige. Rask vekst i industri eller petroleumsverksemd er ei viktig årsak og også i åra framover kan store forbruksuttak skape utfordringar i den regionale kraftforsyninga. Nyleg er det gjort fleire store funn på norsk sokkel, blant anna på Utsirahøgda i den midtre delen av Nordsjøen. Om det blir brukt kraft frå land i desse tilfella kan det påverke dei regionale kraftbalansane og skape auka behov for nettinvesteringar.

Det er eit viktig mål for regjeringa at det skal leggjast til rette for nytt kraftforbruk, jf. Petroleumsmeldinga, på ein måte som ikkje svekkjer forsyningstryggleiken regionalt. Investeringar i overføringsnettet tek tid, samtidig som det kan vere ønske om raskt å realisere nye prosjekt i industrien. God samordning er avgjerande. Aktørar som ønskjer å ta ut eit stort kraftvolum frå nettet har ansvar for å gi planane sine til kjenne på eit tidlegast mogleg tidspunkt. Samtidig har energistyresmakter og nettselskap ansvar for å gjere synleg kva område som er best eigna. For område som har spesielt utsett forsyningstryggleik vil det frå sak til sak bli vurdert om det skal setjast særskilte vilkår for tilknyting.

Ein stor utbygging av ny fornybar energi krev òg investeringar i overføringsnettet. Fornybare energiressursar er stadbundne, og kraftproduksjonen er bunden av kor ressursane er plasserte. Produksjonstilhøva kan òg variere mellom årstidene. Dei fornybare energiressursane i Noreg er store, men ujamt fordelte i landet. Dette legg føringar for korleis nettet blir utvikla. Ei større utbygging av fornybar energi vil kunne føre til endringar i dei regionale kraftbalansane. I område utan fornybare energiressursar vil ein eventuell forbruksauke skape auka importbehov, noko som kan utløyse nettinvesteringar. I område med fornybare ressursar kan det bli behov for å auka nettkapasiteten ut av området.

Reglane for anleggsbidrag er omtalte i nettmeldinga. Departementet legg ikkje opp til å endre kontrollforskrifta no.

Utviklinga av eit smartare nett er òg eit bidrag til eit meir effektivt og fleksibelt kraftsystem i framtida.

Regjeringas satsing på FoU og kompetansebygging innafor smarte nett blir i hovudsak teke vare på gjennom Noregs forskingsråds RENERGI-program under «Energisystemer». Formålet er å medverke til teknologiutvikling for eit smartare og meir robust nettsystem. Fleksible energisystemer – Smart Grids er eitt av seks prioriterte tematiske område i den nasjonale FoU-strategien, Energi21.

Utlandssamband

Dei store variasjonane i produksjonstilhøva innanlands gjer det nødvendig å ha tilstrekkeleg overføringskapasitet mellom Noreg og utlandet. I NOU 2012:9 blir det lagt stor vekt på norsk kraftforsyning i eit internasjonalt perspektiv fram til 2030 og 2050. Utvalet viser til at tilstrekkeleg overføringskapasitet mellom Noreg og utlandet er sentralt for den norske kraftforsyninga i åra framover, både i ein overskots- og ein underskotssituasjon.

Kraftutvekslinga med utlandet legg grunnlag for verdiskaping, basert på utnyttinga av fordelane ved den norske vasskrafta.

Det blir lagt opp til ei balansert utvikling av Noregs utlandssamband for kraft, i takt med utviklinga av energiforsyninga innanlands og omsynet til best mogleg utnytting av ressursane. Nye utlandssamband skal etablerast i den grad dei er samfunnsøkonomisk lønsame. I ei samfunnsøkonomisk vurdering må det leggjast vekt på ei rekkje ulike omsyn, slik som forsyningstryggleik, ressursforvaltning, konsekvensar for systemdrift, val av handelsløysing, lønsemd i prosjektet, innalandske nettinvesteringar, produsent- og konsumentoverskot, miljøomsyn, verknader på andre kablar og prioritering mellom ulike prosjekt, og marknaden sin verkemåte elles. Når nye samband blir vurderte vil bidraget styrkt forsyningstryggleik i Noreg vere eit viktig omsyn.

Norsk vasskraft vil kunne få auka verdi som følgje av utviklinga i kraftsystema rundt oss i åra framover. Norsk vasskraft er billeg og enkel å regulere, noko som vanlegvis gir relativt små prisvariasjonar i kraftsystemet over døgnet.

Mykje av produksjonen på kontinentet er varmebasert. På grunn av store kostnader ved å starte opp termiske kraftverk er det gjerne dyrare å regulere varmebasert kraftproduksjon enn vasskraft.

Ein stadig større del av ny kraftproduksjon i Europa framover vil vere basert på vind- eller solkraft. Vind- og solkraftproduksjonen kan ikkje regulerast opp ved behov, men må følgje eit produksjonsmønster gitt av dei til ei kvar tid gjeldande vind- og soltilhøva. Desse forholda vil medverke til å auke Europas etterspørsel etter regulerbar kraftproduksjon, slik som den norske vasskrafta.

Vasskraftmagasina si lagringsevne gjer at Noreg kan importere når prisen er lågare på kontinentet, som om natta, i helger og elles når det er eit overskot av vindkraft, og eksportere i timane på dagtid med høgast pris på kontinentet. Handelsgevinsten frå utlandssambanda medverkar dermed til betydeleg verdiskaping, utan at gjennomsnittsprisen på straum i Noreg nødvendigvis blir endra i særleg grad.

Noreg er ein del av ein felles nordisk kraftmarknad og har nettsamband òg til land utanfor Norden. Noreg har ein utvekslingskapasitet på om lag 5 400 MW, der den største utvekslingskapasiteten er med Sverige. I tillegg er det samband til Danmark, Nederland, Finland og Russland. Figur 9.13 viser utviklinga i overføringskapasiteten mot utlandet.

Figur 9.13 Utviklinga i overføringskapasitet mot utlandet frå 1960 til 2020

Figur 9.13 Utviklinga i overføringskapasitet mot utlandet frå 1960 til 2020

Kilde: Statnett

Regjeringa ønskjer å føre vidare eit tett samarbeid mellom Noreg og Sverige og dei andre nordiske landa om nettutvikling. Ytterlegare samband til Norden er under planlegging. Dette vil medverke til å styrkje det nordiske kraftsystemet. Statnett byggjer saman med den danske systemoperatøren Energinet.dk eit nytt samband, Skagerrak 4, mellom Noreg og Danmark. Eit nytt samband til Sverige, Syd-Vestlinken er meldt NVE. Nordiske nytte- og kostnadsverknader ligg til grunn for nettinvesteringar i dei nordiske landa. For å ta vare på omsynet til samfunnsøkonomisk lønsemd for det enkelte land skal nettselskapa forhandle om inntekts- og kostnadsfordeling.

Statnett har òg planar om samband til Storbritannia og Tyskland. Statnett, den tyske systemoperatøren TenneT og den tyske statsbanken KfW samarbeider om det tyske prosjektet som er planlagt ferdigstilt til 2018. Sambandet til Storbritannia er eit prosjekt i samarbeid med National Grid med plan om ferdigstilling i 2020.

Forsking og utvikling

Det er eit mål for energipolitikken å styrkje kunnskapen om energiløysingar for framtida. Satsing på forsking, utvikling og innføring av nye løysingar og teknologiar er ein nødvendig del av arbeidet med å utnytte dei norske energiressursane meir effektivt og miljøvennleg. Den norske satsinga på teknologi, klima og industri må sjåast i ein internasjonal samanheng. Innsatsen bør rettast inn mot område der det norske bidraget kan gjere ein skilnad. Som resultat av ei langsiktig og målretta satsing har Noreg bygd opp svært kompetente fagmiljø innan energiforsking. Skal denne posisjonen haldast ved lag, må det satsast på kompetanse og teknologi.

Tilrådingane frå NOU 2012: 9 er gjennomgåande godt i samsvar med regjeringas opplegg for den vidare satsinga på FoU, innovasjon og kompetanse. Som utvalet legg regjeringa vekt på at den langsiktige omstillinga av energisystemet er avhengig av at ny (berekraftig) teknologi blir utvikla og teken i bruk. Dette arbeidet krev ein lang tidshorisont og ei brei satsing. Regjeringa deler utvalet si vurdering av at ordningar som er langsiktige og føreseielege er avgjerande i denne samanhengen.

Satsinga på forsking og utvikling er vidare viktige for å sikre eit oppdatert og best mogleg kunnskapsgrunnlag for energistyresmakter i avveginga av ulike omsyn, for eksempel i konsesjonsbehandlinga og i utforminga av rammevilkår på energiområdet. Ei vidare utvikling av kunnskap og kompetanse er òg ein føresetnad for den vidare utviklinga av norsk leverandørindustri i framtida.

NOU 2012: 9 peiker på ei rekkje område der det er behov for meir kunnskap. For eksempel meiner utvalet at det bør forskast meir på økosystemet, mangfaldet av arter, livssyklusanalysar, klimavennleg transport, samfunnsvitskapleg forsking på konfliktfylte utbyggingar, smarte nett og energieffektivisering. «Den brede og økte satsingen på energiforskning som ble etablert som følge av Klimaforliket må videreføres og styrkes ytterligere», skriv utvalet. Mange høyringsuttaler støttar ei styrkt satsing innanfor FoU og kompetanse. Desse tema vil kunne følgjast opp innanfor Forskingsrådet sine program.

Olje- og energidepartementet har nettopp fått utført ei evaluering av departementet sine midlar til forsking i perioden 2001-2010. Samla sett konkluderer evalueringa med at OED sine løyvingar til FoU som er kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd er med på å sikre departementet sitt hovudmål om å bidra til ei rasjonell, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane. Midlane har særleg vore med på å byggje eit kunnskaps- og kompetansegrunnlag til nytte for norsk industri.

Regjeringa legg opp til å føre vidare satsinga innanfor energiforsking langs dei linjene som er etablerte i dag. Ordninga med forskingsprogram og FMEar under Noregs forskingsråd i kombinasjon med Enovas rolle innanfor energi- og klimateknologiar og Innovasjon Noregs satsing innanfor miljøteknologi er eit godt utgangspunkt for ei heilskapleg satsing. Regjeringa vil føre vidare initiativet Energi21. Den nasjonale strategien for energiforsking er resultat av eit nært samarbeid mellom styresmakter, forskingsinstitusjonar og industrien og medverkar til ein samordna, effektiv og målretta forskings- og teknologiinnsats.

Regjeringa vil halde fram med å trappe opp klimaforsking med vekt på rammevilkår, verkemiddel og teknologi for reduserte klimagassutslepp, jf. Klimameldinga. Regjeringa vil i 2013 blant anna styrkje FoU-innsatsen innanfor utvikling og storskala testing av meir energieffektive industriprosessar og produkt. Dette vil skje i regi av Enova, sjå nærare omtale under kap. 1825.

Det er viktig at energisektoren skal kunne rekruttere riktig arbeidskraft med høg kompetanse i åra framover. Dette er ikkje minst avgjerande for den framtidige, langsiktige utviklinga av ny norsk leverandørindustri innan energisektoren, slik det er peikt på i NOU 2012: 9.

I departementets sitt tildelingsbrev til Noregs forskingsråd, der måla for bruken av Olje- og energidepartementets midlar under kap. 1830 Norges forskningsråd er gitt, heiter det blant anna:

  • Gjennom satsing på forsking og utvikling, medverke til konkurransedyktig teknologi og kompetanse hos norske nærings- og kunnskapsaktørar innanfor energi- og petroleum, og vidare

  • Ta vare på sektoren sitt behov for langsiktig kompetanseutvikling

Dette blir følgt opp gjennom Noregs forskingsråd forskingsprogram innanfor energi. Under programma blir det lagt stor vekt på å finansiere doktorgrader. I evalueringa av Olje- og energidepartementet sine midlar til Noregs forskingsråd som nyleg er gjennomført, sjå omtale i pkt. 10 i del III Andre saker, er det for eksempel dokumentert at RENERGI-programmet har finansiert 79 doktorgrader i perioden 2001-2010.

Noregs forskingsråd skal arbeide vidare med å vurdere høva til å styrkje rekruttering og kompetanseutvikling til relevante fagområde, også tidlegare i utdanningsløpet enn doktorgradsnivå. Det er eit føremål å fremje rekruttering til og interessa for realfag og teknologi blant barn og unge. Det er òg ei rekkje studentar som får høve til å ta mastergrad ved dei nyetablerte forskingssentra for miljøvennleg energi (FMEane).

Olje- og energidepartementet har i tillegg teke initiativ til Energiskulane, eit særskilt tiltak retta mot vidaregåande skule. Energiskulane er organisert av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo, og er eit pilotprosjekt som har som formål å stimulere interessa for energispørsmål og auke rekrutteringa til energisektoren. Elleve vidaregåande skular er med i prosjektet, og kvar av desse har knytt ein eller fleire lokale energibedrifter til seg som samarbeider om det faglege opplegget. Gjennom dette samarbeidet får elevane praktisk erfaring og forståing for korleis realfag blir nytta til å løyse oppgåver i energibedrifta. Prosjektet skal evaluerast neste år. I tillegg til departementet si eiga satsing på området har Kunnskapsdepartementet ei særskilt satsing innanfor realfag.

Boks 9.10 Regjeringas satsing på forsking på energiområdet

Det har dei seinare åra vore ein sterk auke i løyvingane til energiforsking, jf. figur 9.14.

Figur 9.14 Forskingsløyvingar frå 2001 til 2012

Figur 9.14 Forskingsløyvingar frå 2001 til 2012

Kilde: Norges Forskingsråd

Olje- og energidepartementet oppnemnde ei strategigruppe i 2008 som fekk i oppdrag å utarbeide den nasjonale FoU-strategien for energisektoren (Energi21). Energi21 er resultat av eit nært samarbeid mellom styresmakter, forskingsinstitusjonar og industrien. Den skal medverke til ein samordna, effektiv og målretta forskings- og teknologiinnsats, der auka engasjement i energinæringa står sentralt. Strategien har fokus på auka verdiskaping og effektivutnytting av ressursane i energisektoren. Energi21 har sett opp mål og ambisjonar for norsk satsing på forsking og utvikling av teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Olje- og energidepartementet legg strategien til grunn i styringa av departementet sine løyvingar til energiforsking som er administrerte av Noregs forskingsråd. Strategien er revidert i 2011.

Den kraftige opptrappinga av støtte til forsking på fornybare energikjelder og fangst og lagring av CO2 frå 2008 kom på bakgrunn av klimaforliket og Energi21-strategien. Eit viktig element i denne satsinga var etableringa av åtte forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) i 2009. Sentra representerer ei konsentrert og langsiktige satsing på høgt internasjonalt nivå for å løyse sentrale teknologiske utfordringar på energiområdet. Det er etablert senter innanfor vindkraft til sjøs, solceller, bioenergi, fangst og lagring av CO2, energieffektivisering i bygg og miljøriktig utvikling av fornybar energi. I 2011 etablerte regjeringa tre nye senter innanfor samfunnsvitskaplig energi- og klimaforsking.

10 Evaluering av løyvingar til forsking og utvikling gjennom Noregs forskingsråd

10.1 Innleiing

Programperioden for dei store forskingsprogramma RENERGI og PETROMAKS vert avslutta i 2013. I samband med dette sette OED hausten 2011 i gang ei evaluering av bruken av løyvingar til forsking og utvikling (FoU) innan energi- og petroleumforsking gjennom Noregs forskingsråd. Evalueringa skulle gi svar på kva som er oppnådd med FoU-løyvingane og om forvaltninga av midlane er føremålstenleg og i samsvar med OED sine styringssignal og målsetjingar. Denne evalueringa vil utgjere ein viktig del av bakgrunnsmaterialet og kunnskapsgrunnlaget for vidare satsing på FoU.

Evalueringsoppdraget vart etter utlysing gitt til Rambøll Management Consulting AS i samarbeid med Nordlandsforskning, og den ferdige evalueringsrapporten vart levert sommaren 2012. Det følgjande er eit samandrag av funna og konklusjonane som er presenterte i rapporten.

10.2 Bakgrunn

I tråd med sektoransvaret departementa har for forsking, er det over OED sitt budsjett løyvd midlar til petroleums- og energiforsking. Totalt i perioden 2001-2010 er det løyvd nærare 4 mrd. kroner til forsking gjennom Forskingsrådet, fordelt på om lag 1,8 mrd. kroner til petroleumsforsking og 2,2 mrd. kroner til energiforsking. Det har, etter Klimaforliket i 2008, vore ein markant auke i dei offentlege løyvingane til energiforsking. Dei siste åra har dei årlege løyvingane frå OED til Forskingsrådet i snitt vore på 700 mill. kroner (sjå figur 10.1).

Figur 10.1 Forskingsløyvingar frå OED til Noregs forskingsråd 2001-2010

Figur 10.1 Forskingsløyvingar frå OED til Noregs forskingsråd 2001-2010

Kilde: Noregs forskingsråd

Departementet medverkar dermed med ein betydeleg innsats til FoU innanfor energi- og petroleumssektoren. Til samanlikning investerer likevel næringslivet sjølv årleg om lag 5,5 mrd. kroner i FoU innan område som petroleum, fornybar og annan energi og CO2-handtering.2 Om lag 3,6 mrd. kroner av dette går til petroleumsforsking, medan 1,4 mrd. kroner er knytt til ulike energirelaterte forskingsområde. Det er dermed om lag tolv og åtte gonger meir private enn offentlege forskingsmidlar knytte til høvesvis petroleumssektoren og fornybar og miljøretta energi og CO2.

Til skilnad frå andre sektordepartement, som til dømes Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, har OED valt å kanalisere nesten alle sine løyvingar til FoU gjennom Noregs forskingsråd. Dette vil i praksis seie at OED står fram som eit unikt sektordepartement, utan underliggjande sektorforskingsinstitutt med direkte løyvingar. OED er det departementet som, etter Kunnskapsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet, finansierer mest av forskinga til Forskingsrådet.

Dei fire forskingsprogramma PETROMAKS, RENERGI, CLIMIT og DEMO 2000 er alle viktige satsingar for FoU innan petroleums- og energisektoren. Desse byggjer på tidlegare, avslutta program på områda. I tillegg kjem den relativt nyetablerte ordninga med forskingssenter for miljøvenleg energi (FMEar), mindre forskingsprogram som PETROSAM og energi- og petroleumsrelevant forsking under andre forskingsprogram. Forskingsrådet tek imot løyvingar frå andre departement enn OED til fleire av forskingsprogramma. Til dømes vert RENERGI delfinansiert av heile seks departement. For CLIMIT sitt tilfelle er òg Gassnova med i forvaltninga av programmet med eit særskilt ansvar for demonstrasjonsprosjekt.

Evalueringa tek føre seg tre hovudspørsmål. For det første gjer ho greie for i kva grad prosjekta som har fått finansiering over OED sitt budsjett har bidrege til å nå dei måla som var sette av OED for løyvingane i perioden 2001-2010. For det andre blir det vurdert om Forskingsrådet (og Gassnova) sin kompetanse og organisering er føremålstenleg ut i frå OED sine fastsette mål. Til slutt gir evalueringa svar på om styringssignala og måla frå OED i evalueringsperioden har vore klare, konsekvente og på eit passande nivå.

Grunnlaget for konklusjonane i evalueringsrapporten er samansett av ei rekkje kvantitative og kvalitative datakjelder. Det er gjennomført kvalitative analysar av tildelingsbreva frå OED til Forskingsrådet i perioden 2001-2010 og samanliknande analysar av tildelingsbrev frå andre departement. Vidare er det nytta porteføljedata frå Forskingsrådet, inkludert resultatrapporteringar og andre prosjektspesifikke data, for å vurdere forskingsprogramma sine resultat og i kor stor grad dei når måla. I tillegg er data frå Community Innovation Survey (SSB si innovasjonsundersøking) kopla til data frå Forskingsrådet for å kunne samanlikne bedrifter som har vore involverte i forskingsprogramma med forskingsåtferda elles i sektoren.

Evalueringa baserer seg òg på intervju med eit utval personar, mellom andre styreleiarar og styremedlem for forskingsprogramma og for Energi21 og OG21, programkoordinatorar og administrasjon i Forskingsrådet, representantar for dei sentrale målgruppene og utvalde prosjektleiarar. I tillegg byggjer evalueringa i stor grad på dei nyleg ferdigstilte evalueringane av RENERGI, PETROMAKS og CLIMIT, som Noregs forskingsråd og Gassnova har fått gjennomført og supplerande spørjeundersøkingar for DEMO 2000 og CLIMIT.

10.3 Måloppnåing og resultat i perioden 2001-2010

Samla sett konkluderer evalueringa med at løyvingar til FoU som blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd er med på å sikre departementet sitt hovudmål om å medverke til ei rasjonell, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane. Midlane har særleg vore med på å byggje eit kunnskaps- og kompetansegrunnlag til nytte for norsk industri. Mellom anna har løyvingane medverka til meir enn 200 doktorgrader innanfor dei relevante sektorane i løpet av den evaluerte 10-årsperioden.

Forskingsprogramma har i første rekkje medverka til å rette FoU-satsinga i verksemdene mot politisk prioriterte område. Dei kvantitative analysane i evalueringa stadfestar at forskingsløyvingane har vore med på å vri næringslivet sin FoU-innsats mot område som til dømes fornybar energi. Dette gjeld òg utover dei prosjekta som har motteke offentleg støtte. Evaluator sluttar dermed at «(…) evalueringen gir grunnlag for å konkludere med at innsatsen bidrar til å imøtekomme behovet for langsiktig kompetanseutvikling for berørt industri, på områder som næringslivet elles ikke ville prioritert».

Addisjonalitet

Alle dei evaluerte forskingsprogramma vert vurderte til å ha ein høg grad av addisjonalitet. I rapporten er dette definert som «(…) den meraktivitet som ikke ville blitt utført eller igangsatt uten et offentlig program eller intervensjon». Addisjonalitet kan målast på ulike måtar: ved å sjå på i kva grad den private forskingsinnsatsen aukar (innsatsaddisjonalitet), i kva grad bedriftene betrar dei økonomiske resultata sine (resultatsaddisjonalitet) og i kva grad åtferda til dei private bedriftene endrar seg (åtferdsaddisjonalitet) som følgje av dei offentlege tilskota. Omgrepet er nytta til å seie noko om kor vellukka bruken av offentlege verkemiddel er. Ifølgje evaluator ville hovudparten av bedriftene med støtte frå programma ikkje ha realisert prosjekta utan offentleg finansiering.

RENERGI vert av evaluator trekt fram som eit forskingsprogram med særleg høg addisjonalitet. Det vil seie at aktiviteten på energiforskingsområdet utan forskingsløyvingane ville vore betydeleg lågare, og at ein med stort sannsyn ikkje ville hatt dei same koplingane mellom forskingsmiljø og næringslivsrepresentantar som ein har i dag utan støtte. Figur 10.2 viser prosjektleiarane si vurdering av om, og i kva omfang, resultata frå prosjektet ville blitt realisert utan støtte frå Forskingsrådet. Undersøkinga viser at i 71 pst. av tilfella ville prosjektet ikkje blitt gjennomført dersom verksemda ikkje hadde motteke tilskot. Berre 2 pst. svarar at prosjektet «ville blitt gjennomført uten endringer; samme skala og tidsskjema». Resultatet er òg understøtta av ei undersøking mellom prosjekt som fekk avslag på søknad om tilskot (sjå figur 10.3). Av desse prosjekta vart 74 pst. ikkje gjennomførte i noko form, mens berre 2 pst. svarar at prosjektet vert gjennomført utan endringar. Evaluator finn liknande resultat også for PETROMAKS, CLIMIT og DEMO 2000.

Figur 10.2 Undersøking mellom prosjektleiarar i RENERGI – Innsatsaddisjonalitet: «Etter di vurdering, hadde prosjektet blitt gjennomført dersom verksemda ikkje hadde motteke programtilskotet?»

Figur 10.2 Undersøking mellom prosjektleiarar i RENERGI – Innsatsaddisjonalitet: «Etter di vurdering, hadde prosjektet blitt gjennomført dersom verksemda ikkje hadde motteke programtilskotet?»

Figur 10.3 Undersøking mellom prosjekt med avslått søknad om støtte: «Vart prosjektet gjennomført sjølv om verksemda ikkje tok imot programtilskotet?»

Figur 10.3 Undersøking mellom prosjekt med avslått søknad om støtte: «Vart prosjektet gjennomført sjølv om verksemda ikkje tok imot programtilskotet?»

Utløysing av privat støtte

Tabellen nedanfor viser dei private midlane som minimum har vorte utløyste ved at det er løyvd pengar til forsking gjennom Forskingsrådet. Beløpet er rekna ut frå dei fastsette minimumskrava om industrifinansiering frå Noregs forskingsråd si side3. Programma gir støtte til forskarprosjekt (FP) med støttedel på opp til 100 pst., kompetanseprosjekt (KMB) med støttedel opp til 80 pst., innovasjonsprosjekt med støttedel opp til 50 pst., og demonstrasjonsprosjekt (DEMO 2000) med støttedel opp til 25 pst. Kor stor del av prosjektbudsjetta som må finansierast av industrien vert derfor bestemt av kva type prosjekt forskingsprogrammet femner. Støtta må liggje innanfor EFTA sitt overvakingsorgan ESA sine reglar for statsstøtte.

Tabell 10.1 Offentleg og privat finansiering i utvalte forskingsprogram

(i mill. kroner)

Forskingsprogram

Støtte frå OED 2001-2010

Min. utløyst privat støtte 2001-2010

RENERGI1

765

764

CLIMIT

420

181

PETROMAKS1

934

765

DEMO 2000

340

1 360

1 Med forløparar

Nokre av forskingsprogramma er meir forskingsintensive, medan andre program har næringsaktørar tyngre inne. Dette kan mellom anna forklare skilnaden på den offentlege støttedelen i RENERGI og PETROMAKS. For DEMO 2000, som skal vere med på å kvalifisere ny teknologi ved å støtte utvikling og testing av prototypar og pilotinstallasjonar i nært samarbeid med oljeselskap og leverandørindustriar, vil prosjektstøtta maksimalt utgjere 25 pst. av prosjektbudsjettet, resten må finansierast av industrien sjølv. I CLIMIT-programmet kan FoU-prosjekta få dekt inntil 50 pst. av budsjettet med offentlege støttemiddel, mens dei Gassnova-administrerte demonstrasjonsprosjekta kan dekkjast med inntil 25 pst.

Evaluator understrekar at analysane viser at dei offentlege forskingsløyvingane ikkje trengjer bort private midlar til forsking, og at ein har generert økonomiske ringverknader utover den offentlege satsinga. Den utløysande effekten av forskingsløyvingane avgrensar seg heller ikkje til private forskingsmidlar til enkeltprosjekt. Analysen tyder òg på at forskingsløyvingane kan ha ein vedvarande positiv effekt – særleg i petroleumsindustrien – på bedriftene si eiga finansiering av FoU, mellom anna ved auka innkjøp av FoU-tenester frå forskingsinstitutt. Den totale utløysande effekten er derfor betydeleg høgare enn beløpa i tabellen over. Særleg for forskingsprogramma RENERGI, PETROMAKS og CLIMIT viser evalueringa at løyvingane har vore med på å styrkje samarbeidet og relasjonane mellom næringslivet og forskingsaktørane – også internasjonalt. Aktørar som har delteke i forskingsprosjekt i programma har gjerne i forlenginga av dette tettare kontakt og fleire prosjekt saman på seinare tidspunkt, både med og utan offentleg finansiering.

Effekt på bedriftsøkonomiske nøkkeltal

Innanfor petroleumssektoren viser analysane i evalueringa at deltaking i PETROMAKS-prosjekt kan ha gitt økonomiske resultat, både i form av auka omsetjing, nye arbeidsplassar og nye verksemder. Dei kvantitative undersøkingane i evalueringa gir likevel ikkje grunnlag for å kunne seie at deltaking i forskingsprosjekta generelt har slått ut i økonomiske nøkkeltal, til dømes omsetjing og årsresultat. Dette gjeld særleg for energisektoren og kan skuldast ulike tilhøve. Mellom anna tek det vanlegvis tid å gjere om forskingsresultat til kommersielle resultat. Ein stor del av prosjektporteføljen på energiområdet består av pågåande prosjekt, og det kan derfor vere for tidleg å vente målbare økonomiske effektar av forskingsinnsatsen. Til dømes har FMEane berre vore i drift i nokre få år. Når det gjeld CLIMIT må ein, ifølgje evaluator, òg ta omsyn til at dette er eit forskingsområde som heng saman med ein relativt umoden marknad og der kommersialisering kan vere vanskeleg.

Evalueringa finn likevel at bedriftene sjølve opplever at deltaking i forskingsprosjekt innanfor dei aktuelle programma har gitt dei auka konkurransekraft. Til dømes vurderer prosjektleiarar at RENERGI «(…) særlig har bidratt til å gi deltakende aktører bedre oversikt over globalt ledende teknologi, samt styrket deres internasjonale posisjon og konkurransekraft på det internasjonale markedet». Evalueringa konkluderer derfor med at forskingsprogramma har lukkast i å gi norske miljø eit løft. Særleg har kompetansen og nettverka innanfor relevante område blitt styrkt.

10.4 Føremålstenleg forvalting

For å sikre at OED sine styringssignal vert følgde og måla nådde er det naudsynt at forvaltinga av forskingsløyvingane er organisert på ein føremålstenleg måte. Figuren nedanfor er i evalueringsrapporten nytta til å illustrere korleis styringssignala frå OED blir tekne vare på fram til tildeling av midlar til enkeltprosjekt i Noregs forskingsråd. Merk at figuren ikkje tek omsyn til den todelte administrasjonen mellom Noregs forskingsråd og Gassnova i CLIMIT.

Figur 10.4 Styringskjede for forvalting av FoU-løyvingar gjennom Noregs forskingsråd

Figur 10.4 Styringskjede for forvalting av FoU-løyvingar gjennom Noregs forskingsråd

Figuren er delt i to nivå. Det øvste nivået viser korleis styringssignala blir varetekne på eit overordna plan. Mellom anna viser figuren at styringssignala kjem frå OED (i tillegg til andre departement) og at det ikkje er eit direkte forhold mellom Energi21/OG21 og Forskingsrådet. Opprettinga av OG21 i 2001 og Energi21 i 2008 representerte ei endring i forvaltinga av forskingsløyvingane til Forskingsrådet. Dette førte til at ein vesentleg del av strategiarbeidet, særleg den mest næringsretta, vart vareteke utanfor Forskingsrådet. I intervju finn evalueringa at 21-ane på den eine sida representerer konkurrerande rådgivingsarenaer og at dette kan ha medført ei redusert rolle for Forskingsrådet. På den andre sida er det framheva at programstyra i Forskingsrådet sine program har eit breiare mandat som òg dekkjer grunnleggjande og meir langsiktig forsking

Styringssignala blir så omsette til programplanar og handlingsplanar som blir lagde fram til behandling i Divisjonsstyret i Forskingsrådet. Det nedste nivået i figuren viser til forvaltinga og styra på programnivå, som endar i tildeling av midlar til, og oppfølging av, enkeltprosjekt. Administrasjonen i Forskingsrådet kan kommentere på utkasta til tildelingsbrevet. I tillegg blir det gjennomført halvårlege kontaktmøte mellom Forskingsrådet og OED som ein del av styringsdialogen.

Modell for prosjektsøknader

Informantane som er intervjua har stor tillit til at Forskingsrådet brukar riktig modell og har sektorkunnskap og den riktige administrative og faglege kompetansen til å sikre ei god behandling av søknadar om prosjektstøtte i tråd med OEDs styringssignal og sektorane sine behov. Det er i dette spørsmålet liten skilnad mellom dei ulike programma. Kvar prosjektsøknad vert vurdert ut i frå eit sett av kriterium som følgjer av prosjekttypen. For brukarstyrte innovasjonsprosjekt (BIP) blir det mellom anna vurdert bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk nytteverdi. I tillegg til den vurderinga som vert gjort av administrasjonen i Forskingsrådet, vert det òg nytta eksterne fagpanel, både norske/nordiske og internasjonale. Informantane oppfattar at modellen for behandling av søknader sikrar ein open og uavhengig konkurransearena for dei som søkjer, og vurderinga er at den gir høg fagleg legitimitet i søknadsprosessen:

«At midlene blir tildelt ved hjelp av et anerkjent faglig vurderingssystem anses videre å ha verdifull legitimerende effekt, og således bidra til å utløse betydelige midler både innenfor prosjektene og i deres forlengelse. Det er også vår vurdering av forvaltningsmodellen ivaretar midlenes uavhengighet og sikrer en åpen konkurransearena for målgruppen.»

Informantane har generelt vore einige i at arbeidsdelinga mellom programadministrasjon og programstyre sikrar ein balanse mellom industrien sine behov og forskingsbehova, der alle interessentar er godt representerte. Nokre av informantane har likevel etterlyst ein meir transparent søknadsprosess og tettare tilbakemeldingar på søknadar. Det er òg etterspurt meir koordinering mellom utlysingstidspunkt og industrien sine budsjettprosessar.

DEMO 2000 er eit døme på at enkelte av forskingsprogramma har eksterne løysingar for å vareta koplinga til industrien. Programmet har knytt seg til Oljedirektoratet sine tekniske forum der oljeselskapa sjølve stiller med kompetanse. Evaluator peiker vidare på at «…den delte modellen mellom Gassnova og Forskingsrådet [i CLIMIT] ivaretar både meir næringsorienterte behov og langsiktig forskningsinnsats slik føringane i tildelingsbrevene tilsier». Modellen er vurdert som særleg føremålstenleg for CCS-feltet, der det vert sett på som naudsynt med ei aktiv rekruttering og ei tett oppfølgjing av enkeltprosjekt for å kunne nå politiske mål.

Sidan fleire sterke og sentrale aktørar innanfor dei relevante sektorane er representerte i programstyra, finn evalueringa at habilitetsspørsmål gjennomgåande er ei utfordring. Utfordringane når det gjeld habilitet vil likevel gjere seg gjeldande uavhengig av forvaltingsmodell. Informantane i evalueringa vurderer at spørsmålet om habilitet generelt er handtert på ein god måte i dagens modell, og at det er gode retningslinjer for dette i Forskingsrådet.

Alternative modellar for forvalting av forskingsløyvingar

Alternative modellar for forvalting av forskingsmidlane vert òg vurderte i evalueringa. Til dømes kunne OED, framfor å kanalisere FoU-løyvingane gjennom Noregs forskingsråd, gitt direkte løyvingar til forskingsinstitutt for å få eit større handlingsrom og ha ein meir direkte kontroll på bruken av midlane. Alternativt kunne løyvingane gått gjennom underliggjande etatar som OD og NVE.

Evalueringa konkluderer med at dagens modell for forvalting av forskingsløyvingar er den mest føremålstenlege. Forskingsrådet forvaltar midlane i tråd med styringssignala frå OED og innanfor mandatet sitt, det er derfor lite som tilseier at det bør gjerast store endringar i forvaltingsmodellen. Evalueringsresultata viser at Forskingsrådet som forvaltar sikrar at eit langsiktig fokus ikkje blir nedprioritert i høve til meir kortsiktige behov i industrien. Evaluator si vurdering er «(…) at alternative forvaltningsmodeller, slik som eksempelvis forvaltning hos underliggende etater, ikke ville kunne sikre et lignende langsiktig fokus eller en lignende langsiktig strategisk innsats». At løyvingane frå OED, både til energi- og petroleumsforsking, i hovudsak er forvalta av Forskingsrådet er vurdert å sikre ein integrert FoU-innsats og eit samspel mellom dei to forskingsområda.

10.5 Riktige styringssignal

I evalueringa vert det òg sett på om styringssignala og måla frå OED er klare, konsekvente og på eit passande nivå. Regjeringa legg dei overordna føringane for midlane til energi- og petroleumsforskinga i OED sin årlege budsjettproposisjon som blir behandla og vedteken av Stortinget. Dei meir detaljerte føringane for forskingsløyvingane er gitt i tildelingsbreva frå OED til Forskingsrådet og kan variere noko frå år til år. Dette utgjer dei formelle styringssignala frå departementet til forvaltarane av løyvingane. Dialogen gjennom året går elles mellom anna føre seg i dei halvårlege kontaktmøta mellom departementet og Noregs forskingsråd. OED er vanlegvis òg til stades som observatør på programstyremøta til forskingsprogramma. Evalueringa finn at hovudmålet for løyvingane og dei overordna føringane frå departementet har endra seg lite mellom 2001 og 2010. Likevel finn evaluator døme på at tildelingsbreva har blitt noko meir detaljerte over tid. Særleg RENERGI har no meir detaljerte føringar for prioriteringar og innsatsområde innanfor programmet. Ei samanlikning med tildelingsbrev frå andre departement viser òg at OED har meir detaljerte føringar enn andre sektordepartement, til dømes Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet. På den andre sida har desse departementa eigne sektorinstitutt og kan derfor bestille meir detaljert forsking gjennom desse kanalane.

Ifølgje evaluator varierer det i kva grad sjølve tildelingsbrevet er kjent og blir nytta i heile styringskjeda i Forskingsrådet. I enkelte forskingsprogram har programstyremedlemmene gitt tilbakemelding om at tildelingsbrevet «heng på veggen» og blir nytta aktivt i prioritering av midlane. Andre informantar har vist til at Forskingsrådet og programstyra omset styringssignala i tildelingsbrevet til program- og handlingsplanar, slik at tildelingsbrevet vert styrande for prioriteringane i programmet utan å fungere som eit aktivt styringsdokument for saksbehandlarar. Både målgruppa for midlane og forvaltarane sjølve opplever at tildelingsbrevet gir naudsynt fleksibilitet for programstyra og administrasjonen til å finne ein balanse mellom ulike verkemiddel og mellom ulike tema innanfor forskingsprogramma. Evalueringsrapporten konkluderer med at føringane frå tildelingsbrevet er spegla i tildelingane, både med omsyn til tematiske prioriteringar og prosjekttypar som fremjar samarbeid mellom nærings- og forskingsaktørar.

Dei halvårlege kontaktmøta synest å fungere som ein god møteplass i den formelle styringsdialogen mellom OED og Forskingsrådet. Vidare vert OED sin observatørstatus i fleire av forskingsprogramma sett på som svært verdifull for ei god programforvalting. Evalueringa avdekkjer likevel at det generelt er lite direkte dialog mellom programstyra og OED. Enkelte styremedlemmer har til dømes ytra ønske om å kunne delta i kontaktmøta.

I sum er styringssignala frå OED vurderte som klare, konsekvente og på eit passande nivå. FoU-midlane er forvalta både i tråd med føringar frå OED, slik dei kjem fram i tildelingsbreva, og i samsvar med Forskingsrådet sitt mandat. Informantane til evalueringa er samde i at det finst gode møteplassar for styring utover tildelingsbreva, men at desse i dag berre blir nytta i varierande grad og i ulik form. Generelt vert nytten av å ha ein god og tillitsbasert dialog understreka.

Målgruppa for midlane, både forskingsmiljøa og næringsliv innan energi- og petroleumssektorane, vurderer òg at forskingsinnsatsen i perioden har vore med på å fylle behova til både den relevante industrien, forskingsmiljøa og samfunnet elles. Ifølgje evaluator sikrar forskingsløyvingane både samfunnsvise og sektorpolitiske omsyn som ikkje i tilstrekkeleg grad ville ha blitt tilgodesett gjennom den private FoU-innsatsen. Vidare har midlane sikra behovet for ei langsiktig kompetanseutvikling, ikkje berre med finansiering av doktorgrader og publikasjon av forskingsresultat, men òg gjennom kompetanse- og nettverksbygging hos deltakande bedrifter og verksemder.

11 Verdikjede for CO2

Innleiing

Stortinget vedtok 11. juni 2012 ei oppmoding til regjeringa om å leggje fram ei vurdering av høva til å utvikle ei verdikjede for CO2 i Noreg, der fanga CO2 kan brukast til kommersielle føremål, jf. vedtak 562 og Innst. 390 S (2011-2012).

I omtala under er det gjort greie for korleis regjeringas arbeid på fleire område medverkar til å utvikle verdikjeder for CO2. I tillegg vil Gassnova SF i CCS moglegheitsstudien greie ut høva til å etablere ei verdikjede for langtidslagring av CO2 med utgangspunkt i eksisterande og moglege framtidige store punktutslepp i Noreg. Høva til ei verdikjede med auka oljeutvinning vil bli vurdert i dette arbeidet der det er aktuelt.

Regjeringas målsetjing er at Noreg skal vere eit føregangsland innan fangst og lagring av CO2. Betydelege ressursar blir derfor nytta på prosjekta på Mongstad og på forsking og utvikling. Regjeringa har ein strategi for CO2-handtering som består av ei rekkje element. Strategien vart lagt fram i Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO2-håndtering.

Verdikjeder er her definert som bedriftsøkonomisk lønnsam fangst, transport, eventuelt bruk og langtidslagring av CO2 i stabile former. Dette inkluderer eksempelvis CO2 til auka oljeutvinning og som innsatsfaktor i industrielle prosessar. Det er òg ei verdikjede dersom kostnaden ved å sleppe ut CO2 er høgare enn kostnaden ved fangst, transport og lagring. I ein tidleg fase kan bruk av fanga CO2 medverke til å få erfaring, utvikle teknologiar vidare og redusere kostnadene, men dersom ein ikkje har langtidslagring av CO2 i stabile former, er det ikkje eit klimatiltak.

Etablering av verdikjeder for CO2-handtering er ei sentral målsetjing for den norske politikken innan fangst og lagring av CO2. Dette inkluderer at vi medverkar til å utvikle metodar for CO2-handtering som er mest mogleg kostnadseffektive, medrekna å finne teknologiar og bruk for CO2 som medfører at CO2-handtering blir bedriftsøkonomisk lønnsamt. Gassnova har sett i gang eit utgreiingsarbeid der hensikta er å medverke til ei brei og oppdatert kartlegging av moglegheitsområdet for å realisere fullskala CO2-handtering ut over prosjektet på Mongstad.

CO2-avgifta

Eit verkemiddel for å gjere det lønnsamt for industrien å ta i bruk desse teknologiane er tilstrekkeleg høge prisar på utslepp av CO2. I Noreg har vi erfart at CO2-avgifta på norsk sokkel har ført til våre to CO2-fangst- og lagringsprosjekt på Sleipner og Snøhvit. I begge prosjekta blir CO2 skilt ut frå naturgassen før den blir lagra i geologiske reservoar under havbotnen. Begge desse prosjekta er kommersielt baserte og får inga støtte frå staten. I petroleumssektoren til havs vil det i Sleipner-liknande utbyggingar kunne liggje til rette for kommersielle CO2-handteringsprosjektet allereie i dag. I klimaforliket er det semje om å auke CO2-avgifta til havs. Dette vil medverke til auka lønnsemd for nye Sleipner- og Snøhvitliknande prosjekt. Dersom oljeselskapa finn det teknologisk mogleg og kommersielt interessant å bruke CO2 til auka oljeutvinning, vil dette kunne medverke til å redusere kostnadene ved CO2-handtering.

Tidligare kartlegging

I 2005 sette regjeringa i verk eit omfattande arbeid for å kartleggje potensialet for CO2-kjeder. Ei CO2-kjede vart definert som å omfatte fangst av CO2 frå ei utslippskjelde, transport og bruk av CO2 til auka oljeutvinning, eventuelt rein lagring. Våren 2006 utarbeidde Gassco på oppdrag frå Olje- og energidepartementet ein rapport om CO2-kjeder. I samarbeid med Petoro og Gassnova kartla Gassco foreløpige kostnads- og inntektsgrunnlag for potensielle CO2-kjeder. Kartlegginga identifiserte moglege CO2-kjelder (inkludert Mongstad) og seks oljefelt som geologisk egna seg for CO2-injeksjon for auka oljeutvinning: Brage, Draugen, Gullfaks, Gyda, Oseberg Øst og Volve. Desse felta, saman med på den tida eksisterande og planlagde CO2-kjelder i Noreg og i utlandet, danna utgangspunkt for tolv alternative CO2-kjeder. Inga av kjedene hadde positiv noverdi. Det er òg kjent at det er betydelege tekniske utfordringar knytte til bruk av CO2 til auka oljeutvinning. Betydelege mengder av injisert CO2 vil etter kvart normalt komme inn i brønnstraumen frå produksjonsbrønnane. Introduksjon av CO2 i desse straumane kan medføre betydelege utfordringar knytt til korrosjon. I tillegg vil tilbakeprodusert CO2 medføre behov for å handtere auka gassmengder (hydrokarbonbasert gass og CO2 i gassfase), noko som kan føre til at kapasitet på eksisterande separatorar, kompressorar og anna prosessutstyr ikkje er tilstrekkeleg. Summen av dette medfører normalt betydelege modifikasjonsbehov på offshoreinstallasjonane. Bruk av CO2 for auka oljeutvinning føreset at det er CO2 tilgjengeleg i omfang og kvalitet som stemmer overeins med behovet i feltet. Vidare krev det at produksjonsprofilen for CO2 (dvs. mengd CO2 produsert over ein gitt tidsperiode) fell saman med behovsprofilen for felt som skal nyttiggjere seg CO2. Det eksisterer i dag fleire kjelder som har utslepp av CO2 til luft i eit slikt omfang at dei i ein teknisk samanheng er aktuelle som kjelder for CO2, men dei er ofte for små til å dekkje heile behovet for CO2. Rapporten viste dermed at det var teknisk komplisert og at det ikkje var kommersielt grunnlag for ei verdikjede, og at ei eventuell vidare satsing vil krevje store statlege løyvingar. Totalt løyvde Stortinget 27 mill. kroner til denne utgreiinga i 2006.

I oppfølginga av dette arbeidet har regjeringa valt å prioritere arbeidet med å redusere det negative gapet ved å redusere kostnader og risiko gjennom auka satsing på forsking, utvikling og demonstrasjon. I tillegg til å sjå på bruk av CO2 til auka utvinning arbeider ein med alternativ bruk av CO2. Noreg deltek òg i internasjonale samarbeid som ser på alternativ bruk av CO2.

Teknologisenter Mongstad (TCM)

TCM står sentralt i regjeringas arbeid med å redusere risiko og kostnader ved utvikling av CO2-teknologiar til industriell skala. På TCM er det sett i drift to anlegg for testing av høvesvis amin- og karbonatteknologi. Regjeringas mål med teknologisenteret for CO2-fangst er at senteret skal skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi og medverke til internasjonal spreiing av desse erfaringane slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan bli reduserte.

Fullskala Mongstad

Arbeidet som blir gjort i samband med fullskalaprosjektet på Mongstad er òg viktig for å medverke til å redusere risiko og kostnader for framtidige prosjekt. Planlegginga av prosjektet vil i seg sjølv gi betydeleg erfaring medrekna det pågåande programmet for teknologikvalifisering gir viktig erfaring til nytte for framtidige CO2-handteringsprosjekt.

CCS moglegheitsstudien

Gjennom behandlinga av Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO2-håndtering, vart det avklart at Gassnova skal gjennomføre eit utgreiingsarbeid der føremålet er å medverke til ei brei og oppdatert kartlegging av moglegheitsområdet for å realisere fullskala CO2-handtering ut over prosjektet på Mongstad. Dette utgreiingsarbeidet er i gang. Gassnovas utgreiing skal identifisere og analysere kva moglegheiter og utfordringar vi står overfor ved etablering av ei heil kjede for fullskala CO2-handtering. Økonomiske og tekniske sider og ulike økonomiske modellar skal vurderast.

Utgreiinga skal baserast på det erfaringsgrunnlaget Gassnova har bygt opp, blant anna i samband med arbeidet med CO2-handtering på Mongstad og Kårstø og erfaringar frå CLIMIT-programmet og dialog med relevante marknadsaktørar. Erfaringar frå arbeid med CO2-handtering i andre land vil òg vere relevante.

Gassnova har utarbeidd arbeidsprogram for utgreiinga der første fase omfattar ein idéstudie. Denne vil ta for seg alle CO2-kjeder i Noreg av eit nærare bestemt omfang og etter andre kriterium. Gassnova vil dernest studere dei mest attraktive løysingane gjennom ein moglegheitsstudie.

Gassnovas utgreiing vil dermed gi eit breitt og oppdatert grunnlag for å vurdere høva til å etablere ei verdikjede for CO2 i Noreg med utgangspunkt i dei eksisterande og moglege framtidige store punktutslepp av CO2 i Noreg. Utgreiinga er planlagt ferdig i 2014.

Oljedirektoratet vil i 2012 avslutte ein screeningstudie for mulig bruk av CO2 til auka utvinning for oljefelt i Nordsjøen. 40 felt blir vurderte. Studien vurderer òg vasshaldige reservoar som kan egne seg som lagringsbuffer for å halde ein stabil leveranse av CO2. Det vil være behov for å studere nokre av felta nærare i 2013, både med tanke på potensialet for å auke utvinninga og relaterte kostnader for å sjå nærare på lønnsemda i disse prosjekta.

Forsking og utvikling

Forsking og utvikling innanfor CCS er støtta av Olje- og energidepartementet hovudsakleg gjennom forskings- og demonstrasjonsprogrammet CLIMIT og gjennom to Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). CLIMIT er administrert av Gassnova i samarbeid med Forskingsrådet og støttar prosjekt frå grunnforsking til demonstrasjon av prosessar og teknologi for CO2-handtering. Gjennom CLIMIT er støtta utvikling av framtidsretta og kostnadseffektive løysingar som skal medverke til å skunde fram kommersialisering og utbreiing av CO2-handtering. CLIMIT støttar òg prosjekt som tek for seg punktutslepp i industrien. Prosjekt med bruk av CO2 i industrielle prosessar kan òg støttast, om det kan visast til at CO2 blir langtidslagra i stabile former. Innanfor det CLIMIT-støtta prosjektet BIGCO2 er det òg forska på CO2 for auka oljeutvinning.

I 2009 vart det oppretta to FME-ar for å forske på CO2-handtering. Det eine (BIGCCS) skal forske på heile verdikjeda frå fangst, transport og til lagring av CO2. Det andre (SUCCESS) arbeider hovudsakleg med lagring. Sentra byggjer på den kunnskapen som er bygd opp gjennom FoU-prosjekt støtta av CLIMIT.

BIGCCS er leia av SINTEF Energiforskning AS. Senteret har eit breitt spekter av samarbeidspartnarar og betydeleg industristøtte. Innanfor fangst blir det blant anna forska på CO2-separasjon, høgtemperatur membranar, hydrogenforbrenning (pre-combustion), oksygenforbrenning, bruk innan prosessindustri og på plattformer til havs. BIGCCS ser òg på økonomi og rammevilkår for heile kjeda og har omfattande samarbeid med akademia innan utdanning av doktorgradskandidatar.

Christian Michelsen Research (CMR) er vertsinstitusjon for SUCCESS. Senteret byggjer vidare på oljeindustrien sin kunnskap om boring, injeksjon og reservoarmodellering for å finne gode måtar å lagre CO2 på. Korleis CO2 oppfører seg ved lagring i undergrunnen, injeksjonsmetodar og overvaking er sentrale tema for forskinga.

I tillegg til CLIMIT og FME-ane har òg andre forskingsprogram hatt CCS-relevante prosjekt. I pågåande og avslutta PETROMAKS-prosjekt har ein blant anna forska på korleis injeksjon av CO2 kan mobilisere meir olje ved varierande føresetnader og korleis effekten kan aukast i samanheng med injeksjon av andre typar fluid og kjemikaliar. IRIS har i eit prosjekt sett på korleis injeksjon av CO2 påverkar kalkstein som den ein finn på Ekofisk.

Handlingsplanen for å fremje CCS internasjonalt

I tråd med klimaforliket la regjeringa i 2008 fram ein handlingsplan for det internasjonale arbeidet for fremje av fangst og lagring av CO2 som klimatiltak. Dersom fangst og lagring av CO2 skal bli eit attraktivt klimatiltak, må prosjekta ha positiv noverdi. Ein viktig del av arbeidet har derfor vore å arbeide for betydninga av å etablere regelverk og insentiv for å realisere prosjekt. Mykje arbeid har til dømes vore gjort under etableringa av system for CO2-handteringsprosjekt i Den grøne utviklingsmekanismen under Kyotoprotokollen.

Erfaringsoverføring frå norske prosjekt er eit viktig bidrag i arbeidet med å fremje CO2-fangst og -lagring internasjonalt. Etter kvart vil òg erfaringane frå teknologisenteret på Mongstad og planlegginga av fullskala fangst på Mongstad vere viktige bidrag i oppfølginga av handlingsplanen. Regjeringas visjon er at teknologien som blir utvikla på dette området i Noreg, skal medverke til betydelege reduksjonar i CO2-utslepp også utanfor Noreg.

Fotnoter

1.

Anslaga frå Goliat er baserte på nyare anslag frå august 2012.

2.

SSBs innovasjonsundersøking frå 2008.

3.

Det er sannsynleg at beløpet i røynda er ein del høgare. Mellom anna kan det visast til prosjekt der under 10 pst. av budsjettet kjem frå Forskingsrådet.
Til forsiden