Prop. 105 L (2014–2015)

Endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.)

Til innhaldsliste

1 Samandrag – hovudinnhaldet i proposisjonen

Kulturdepartementet legg med dette fram forslag til endring av lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova). Formålet med stadnamnlova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gje dei ei praktisk og tenleg skriftform og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

Som oppfølging av Innst. S. nr. 124 (2008–2009) om representantforslag frå stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker og Olemic Thommessen om endring av bruksnamn utan grunneigars samtykke føreslår departementet å endre § 6Nærmare om saksbehandlinga. Endringa i § 6 gjer at grunneigaren får rett til å fastsetje skrivemåten på bruksnamn (namn på gardsbruk eller annan eigedom). Kartverket vil framleis vere formelt vedtaksorgan i sakene, men dersom grunneigaren kan dokumentere at skrivemåten han ønskjer, har vore i bruk som bruksnamn, skal skrivemåten kunne vedtakast utan vidare. Det er ikkje relevant om skrivemåten er i tråd med norske rettskrivingsprinsipp, slik føresetnaden er i gjeldande lov.

Departementet føreslår i tillegg endringar i stadnamnlova §§ 1, 2, 3, 4, 5, 8 og 10. Definisjonar, struktur og språk er gjort enklare og meir forståeleg. Lovteksten er fleire stader presisert.

Konsekvensane av framlegget til lovendring er at bruksnamna blir ein del av råderetten til grunneigaren. Namn på eigedom eller gardsbruk under eit gardsnummer (bruksnamn) kan etter framlegget få ein skrivemåte som strir mot offisielt tilrådd skrivemåte, dersom eigaren ønskjer det. Bruksnamn vil dermed ha svakare vern enn andre stadnamn, som framleis vil vere offisielt normerte før dei blir tekne i bruk i offentleg teneste. Endringar i ei rekkje føresegner vil samstundes tydeleggjere kva kulturminneverdien til stadnamna er, og legitimere offisiell normering som vernetiltak.

Til forsida