Prop. 132 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2015)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa gjer med dette framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2015 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2015.

Departementet viser til forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon 29. mai 2015 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer, satser for minste pensjonsnivå fra 1. mai 2015 og virkningstidspunkt for regulering av kravet til minsteinntekt for rett til dagpenger.

Grunnbeløpet er auka frå 88 370 kroner til 90 068 kroner frå 1. mai, det vil seie med 1,92 prosent. Uføretrygda og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening vert også oppregulert med 1,92 prosent.

Alderspensjon under utbetaling vert regulert med lønnsauken på 1,92 prosent og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 1,16 prosent frå 1. mai 2015.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 1,92 prosent og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa, noko som inneber at satsane er auka med 1,42 prosent. Satsane er frå 1. mai 2015 sette til 139 728 kroner for låg sats, 162 566 kroner for ordinær sats, 175 739 kroner for høg sats og 274 085 kroner for særskilt sats.

Meirutgiftene for 2015 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar vert om lag 3 213 mill. kroner.

Når regjeringa legg fram budsjettforslag for Stortinget, er etablert praksis at «frå-tala» tar utgangspunkt i det siste forslaget til endra løyvingar som regjeringa har fremma for Stortinget. For å sikre lik praksis for budsjettproposisjonar til Stortinget, har Arbeids- og sosialdepartementet som utgangspunkt i vedtaksdelen i denne proposisjonen nytta Prop. 119 S (2014–2015) som vart fremma samtidig med Revidert nasjonalbudsjett.

Alderspensjonistane kan i 2015 får ei negativ utvikling i kjøpekraft. For å hindre ei utvikling der pensjonistane får negativ kjøpekraft over tid samstundes som kjøpekrafta til lønnstakarane aukar, vil Regjeringa gjennomgå regelverket om regulering av pensjonar og vurdere mogelege endringar.

Til forsida