Soga om den store grønfargefeiden

Av Ragnar Semundseth, energiråd ved Noreg sin delegasjon til EU.

Det gjekk mot lysare tider i Brussel. Sola varma, fuglane kvitra og sendemennene kunne endeleg drikke mjød utandørs – utan frykt for å bli spyla ned av vasskanonar (i). Men det var framleis pest i landet, og for mange hadde vinteren vore hard. Sendemennene var ikkje vane med å halde seg innomhus om kveldane (ii), og heller ikkje avgrense seg til berre ein ven (iii). Det vart ikkje mykje flørting på Luxemburg-plassen av slikt (iv).

Ordskiftet denne vinteren hadde òg vore av det spesielle slaget. Det handla nemleg om fargar. Nærare bestemt grønfargen. For kor mange sjatteringar av grønt finst det eigentleg? Langt over femti, skulle det vise seg. Men kvifor skulle nokon i det heile bry seg om dette?

Det byrja med at Ursula (v) gjekk heime ein kveld med portforbod og lite å gjere. Denne kvelden tok ho til å telje gull- og sølvmyntane ho hadde liggjande på kistebotnen. Ursula hadde bestemt seg for å bruke alle pengane på å gjere Europa grønt, men ho innsåg no at eit grønt Europa ville koste ei stor mengd gull- og sølvmyntar. Og kva verre var – ho var ikkje i nærleiken av å ha nok.

Kvelden etter kalla Ursula til seg venen Mairead McGuinnes (vi). Som namnet tilsa, kom Mairead frå den grøne øya. Ho hadde god greie på gods og gull, og var ikkje eit sekund i tvil: «Det held ikkje med berre dine gull- og sølvmyntar. Vi må få med oss alle som har pengar på kistebotnen».

Den kvelden laga dei eit sinnrikt system, som skulle lokke alle med kistepengar til å bruke pengane på grøne prosjekt. Men då måtte dei fyrst forklare kva prosjekt som eigentleg var grøne. Kol var svart, så den saka var enkel. Svart gull like så. Ursula insisterte på at sol og vind var grønt, og ho hadde jo makt til å bestemme slikt. Men kva med gass, atomar, kvist og kvast? For ikkje å snakke om vatn. Kva farge hadde eigentleg vatn?

Etter ein lang kveld hadde dei funne eit godt system, tykte dei. Systemet fekk det litt kryptiske namnet «taksonomi» (vii). No var det klart for å leggjast fram for alltinget.

Men ikkje alle sendeboda på alltinget likte det nye framlegget. Mange hissa seg opp, og ropte i munnen på kvarandre. Dei frå nord meinte kvist og kvast var lysegrønt (viii). Finnar og franskmenn meinte atomar var mørkegrøne (ix). Dei i frå sør og aust insisterte på at gassen frå jorda var minst like grøn (x). Nokre fargeblinde var òg med i ordskiftet, med like stor iver som dei andre. Det vart eit rabalder utan like. Til slutt var det ingen som høyrde kva nokon sa, og Ursula var vonbroten då ho gjekk heim den dagen.

Tina skipsbyggjar var ikkje til stades på alltinget, og rista på hovudet då ho høyrde kva som hadde gått føre seg. Tina var fullt oppteken med det nye langskipet sitt (xi), og hadde eigentleg ikkje tid til dette. Men då ho høyrde at nokre hadde kalla vatnet brunt, vart ho arg. Ein stad måtte grensa gå.

Vikingane i nord hadde fanga kraft frå fossar i mange generasjonar, og no var det Tina som hadde ansvaret. Skulle tradisjonen leve vidare, måtte dei bruke kistepengar på enda betre fossefangarar. Men for å få det til, måtte vatnet helst få den rette fargen.

Tina kalla til seg sine fremste våpendragarar, no bar det ut i krigen. Men dei kom ikkje særleg langt. Allereie ved Svinesund møtte dei nokre morske seidmenn, som tvinga dei til å gjere vendereis. Med pest i landet kunne ein ikkje gjere som ein ville, og særleg ikkje krysse grenser. Det hjelpte ikkje med ordre frå høgste hald. Landslova var lik for alle.

I standen for sverd og brynje, måtte difor fjørpenn og pergament finnast fram. Tina skreiv ei tylft brev, der ho forklarte at vatn måtte vere minst like grønt som både vind og sol – viss det no fyrst skulle ha ein annan farge enn blå (xii). Og ho bad sendemannen sin i Brussel om å forklare dette til alle som ville høyre. Ja, gjerne til dei som ikkje ville høyre òg. Kanskje særleg dei.
I Brussel var Ursula ør i hovudet av alt lurvelevenet frå nord og sør, aust og vest. No var gode råd dyre. Men fordelen med eit portforbod er at ein får god tid til å tenkje. Og til slutt fann Ursula og Mairead ein veg ut av uføret.

«Nokre må vi blidgjere no. Andre må vi slåst med seinare», sa Mairead.

Og slik vart det. Dei som var opptekne av kvist og kvast, vart slik høveleg nøgde. Det same var dei som uroa seg for vatnet. Ingen fekk det heilt som dei ville, men nok til at dei slutta å rope. Dei som var opptekne av gass og atomar måtte smøre seg med tolmod. Saka skulle opp att på alltinget ved sumarsolverv (xiii).

Og slik kunne soga ha enda. Men denne sluttar med at ei ny soge byrjar. For no låg alle Brussel-sendemennene i hardtrening. Denne sumaren skulle det nemleg arrangerast eit maratonløp i byen, på heile 55 kilometer. Løpet hadde fått det engelske tilnamnet «fit for 55», og låg an til å kunne bli eit blodslit (xiv).

  1. Brussel hadde meir eller mindre vore stengd ned denne vinteren. 8. mai kunne kafeane og restaurantane endeleg opne for utandørs servering att. Tidlegare på våren hadde politiet gått hardt til verks, når folk hadde møttest til illegal øldrikking i parkane.
  2. I Brussel har det vore portforbod mellom 22:00 og 06:00.
  3. Belgiske korona-reglar er ikkje lettare å skjøne seg på enn norske. Her er eit døme: «Each member of a household can meet one close contact on a regular basis every 6 weeks at home or in a tourist accommodation. A single person can meet one additional person, on top of the close contact he/she meets on a regular basis, at home or in a tourist accommodation and at a different moment in time».
  4. Kjetil Wiedswang og Per Elvestuen har gitt ei levande skildring av livet på Place Luxemburg i rapporten Plux. Hovedsakelig harmløs. Den norske modellen i Brussel. Her er eit sitat: «Place du Luxembourg, Place Lux blant venner (eller plux, hvis du bare har 140 tegn), er vannhull, ryktebørs, danseplass og sjekkested for Brussels praktikanter, lobbyister, assistenter, journalister og andre som har lyst på en øl i skyggen av EU-makten».
  5. Ursula von der Leyen er president i EU-kommisjonen.
  6. Mairead McGuinnes er kommissær med ansvar for finansmarknaden.
  7. Kva er eigentleg «taksonomi»? Svaret finn du her.
  8. Sverige, Finland og dei baltiske landa har vore spesielt opptekne av taksonomi-reglane for bioenergi. Saman med fem andre land skreiv dei eit brev til Kommisjonen om dette.
  9. Fleire land har vore opptekne av taksonomi og kjernekraft, noko som har ført til mykje diskusjon. Særleg Frankrike har argumentert sterkt for å inkludere kjernekraft i dei nye reglane.
  10. Ei gruppe på 10 land truga med å leggje ned veto viss ikkje reglane for naturgass vart endra.
  11. Sjå soga om Ursula den grøne og Tina skipsbyggjar.
  12. Norske myndigheter gjennomførte ei rekke møter med EU-kommisjonen, der ein la fram norske synspunkt. Det vart sendt inn skriftlege innspel i fleire omgangar, mellom anna i desember 2020. Olje- og energiminister Tina Bru skreiv eit brev til Kommisjonen om taksonomi og vasskraft, saman med sin svenske kollega Anders Ygeman. Saka kom òg opp 1. mars, då fire norske statsrådar møtte EU-kommissærane Timmermans, Simson og Vălean.
  13. Etter ei forseinking på nokre månader, vedtok Kommisjonen ein kompromisstekst for taksonomien i april. Spørsmåla om kjernekraft og gass vart utsett. Kva som låg til grunn for avgjerda, har Kommisjonen forklara her.
  14. EU har vedteke å redusere klimagassane med 55 prosent i 2030, samanlikna med 1990. For å lukkast med dette, må anna EU-lovgiving støtte opp under dette målet. Kommisjonen gjennomgår no svært mykje av energi- og klimareglane, ein prosess dei har døypt «fit for 55». Det er venta at Kommisjonen vil fremme ein rekkje forslag i sumar. Det blir startskotet for ein lang prosess med nye diskusjonar.