St.meld. nr. 3 (2005-2006)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2005

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2005.

Denne meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen viser samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane visast òg overført løyving frå 2004 til 2005 og overført løyving frå 2005 til 2006. Kapitalrekneskapen viser staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital. I tillegg inneheld meldinga oversikter over rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.

I meldinga blir det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det blir òg lagt vekt på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap. I avsnitt 1.2 blir det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i staten sine utgifter, skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov blir òg beskrive. Avvik mellom hovudtala i budsjett og rekneskap blir nærare kommentert i avsnitt 1.3. I kapittel 2 er det gitt nærare omtale av departementa sine område. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens petroleumsfond omtala, medan det i kapittel 4 er gjort greie for staten sin balanse og finanspostar.

I tabellane i statsrekneskapen kan det som følgje av avrundingar vere avvik mellom sumtalet i tabellane og summen av dei enkelte tala som inngår i summen. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for den saka tabellen omhandlar under eitt.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2005 er 860,8 mrd. kroner, medan utgiftene er 650,1 mrd. kroner. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda er 275,5 mrd. kroner, fordelt med 297,0 mrd. kroner i inntekter og 21,4 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda blei overførte til Statens petroleumsfond. Dei samla inntektene utan petroleumsverksemda og lånetransaksjonar er på 563,8 mrd. kroner, medan utgiftene er på 628,6 mrd. kroner. Statsrekneskapen viser dermed eit oljekorrigert underskott på 64,8 mrd. kroner.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet for 2005 er berekna til 56,0 mrd. kroner. Dette er 10,4 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2005, der det strukturelle underskottet i 2005 var berekna til 66,4 mrd. kroner.

Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2005 blei det lagt til grunn eit oljekorrigert underskott på 70,6 mrd. kroner. Dette blei overført frå Statens petroleumsfond 1 i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak på kap. 5800. Statsrekneskapen for 2005 blir dermed gjort opp med eit overskott på 5,8 mrd. kroner. Av dette er 6,9 mrd. kroner auka inntekter, medan utgiftene auka med vel 1,0 mrd. kroner samanlikna med anslaga i nysaldert budsjett 2005.

Forutan nettoinntektene som blei overførte frå statsbudsjettet, viser rekneskapen for Statens petroleumsfond 36,9 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet i Statens petroleumsfond blei dermed 241,8 mrd. kroner i 2005. Samla sett blir statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskott på 247,6 mrd. kroner i 2005. Ved utgangen av 2005 var den bokførte verdien av Statens petroleumsfond 1 390,1 mrd. kroner. Det er 378,6 mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2004. Ut over overskottet i Petroleumsfondet er auken på 136,8 mrd. kroner. Av dette gjeld 12,5 mrd. kroner inntekter frå statens sal av aksjar i Statoil, medan netto kursgevinstar har gjort sitt til at kapitalen i fondet auka med ytterlegare 124,3 mrd. kroner i 2005.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskottet

Retningslinjene for budsjettpolitikken tek sikte på ein gradvis og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens petroleumsfond. For å unngå ein budsjettpolitikk som medverkar til å gjere den økonomiske utviklinga ustabil, er bruken av petroleumsinntekter knytt til utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskottet og ikkje til utviklinga i det faktiske, oljekorrigerte budsjettunderskottet.

Det oljekorrigerte budsjettunderskottet avheng ikkje berre av budsjettpolitikken, men også av konjunktursituasjonen. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskottet normalt auke ved eit konjunkturtilbakeslag, medan det vil falle i ein konjunkturoppgang. Dersom ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskottet følgje utviklinga i avkastinga av Statens petroleumsfond, måtte ein stramme til politikken i ei nedgangstid, medan ein kunne senke skattane eller auke utgiftene ekstra i ei oppgangstid. Ein slik politikk ville vere etterspørselstimulerande i gode tidar og etterspørseldempande i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskottet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk politikk.

For å kome frå det oljekorrigerte til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskottet gjer ein følgjande korreksjonar:

  • For å reinse den oljekorrigerte budsjettbalansen for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, reknar ein budsjettverknadene av at skattegrunnlaga avvik frå trendnivåa. Vidare tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause avheng av konjunktursituasjonen.

  • Det korrigerast for skilnaden mellom normalnivåa for staten sine renteinntekter og renteutgifter samt overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overførings- og rentestraumane.

  • Ein korrigerer også for endringar i rekneskapstilhøve og i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggande utviklinga i budsjettbalansen.

Også mange andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I tråd med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskott i medlemslanda. Desse utrekningane er basert på meir aggregerte berekningar enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta. Det metodiske grunnlaget er likevel svært likt det ein nyttar ved dei norske utrekningane.

1.2 Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningslinjer for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene gradvis blir fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens petroleumsfond. Budsjettpolitikken skal medverke til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinjene er å sørgje for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gir, kan brukast til å stimulere produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det være naudsynt å halde attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter kan målast ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskottet. Ved utrekning av det strukturelle, oljekorrigerte underskottet blir det teke omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter endrar seg med konjunkturane og til endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

1.3 Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2005 er bruken av petroleumsinntekter i 2005 nå rekna til 56,0 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskottet. Dette er 10,4 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2005, der det strukturelle underskottet i 2005 var rekna til 66,4 mrd. kroner. Eit strukturelt underskott på 56,0 mrd. kroner inneber at meirbruken av petroleumsinntekter ut over venta realavkasting i Statens petroleumsfond var 15,5 mrd. kroner i 2005. Det strukturelle underskottet svarer til 4,0 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg.

Endringane i statsbudsjettet som blei foreslått i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005, innebar at anslaget for det strukturelle underskottet blei redusert med 1,1 mrd. kroner, frå 66,4 mrd. kroner i Nasjonalbudsjettet 2005 til 65,3 mrd. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2005. Utgiftene til overføringane i folketrygda blei redusert vesentleg, og samstundes blei tala for skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg redusert.

Frå Revidert nasjonalbudsjett 2005 til nysaldert budsjett for 2005 blei det strukturelle underskottet redusert med om lag 2 mrd. kroner til 63,3 mrd. kroner, mellom anna som følgje av ny informasjon om utviklinga i skatteinntektene.

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2005 er det faktiske, oljekorrigerte underskottet redusert med 5,8 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett for 2005, jf. nærare omtale i tabell 1.1 nedanfor. Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet er redusert med 7,3 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett, 1,5 mrd. kroner meir enn reduksjonen i det oljekorrigerte underskottet. Denne skilnaden må mellom anna sjåast i samanheng med ny informasjon om utviklinga i norsk økonomi som tyder på at dei faktiske skatteinntektene i 2005 låg lenger under normalnivået enn anslått i nysaldert budsjett. Berekningane viser dermed ei litt gunstigare utvikling i det underliggande (strukturelle) nivået på skattane enn i dei faktiske skatteinntektene.

Tabell 1.1 Den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen (tal i mill. kroner)

  2005
Oljekorrigert underskott på statsbudsjettet64 763
- Overføringar frå Noregs Bank ut over anslått trendnivå5 080
- Netto renteinntekter utover anslått trendnivå2 135
- Særskilde rekneskapstilhøve35
- Aktivitetskorreksjonar1 550
= Strukturelt underskott55 963

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen

Tabell 1.2 gjev ei samla oversikt over inntektene, utgiftene og overskottet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjennom 2005.

Samla overskott i statsbudsjettet og Statens petroleumsfond auka med 90,2 mrd. kroner, frå 157,4 mrd. kroner i 2004 til 247,6 mrd. kroner i 2005. Dette må sjåast i samanheng med ei vesentleg auke i staten sine inntekter frå petroleumsverksemda. Om ein ser bort frå petroleumsverksemda auka inntektene med 39,5 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 25,0 mrd. kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskottet blei redusert med 14,5 mrd. kroner frå 2004 til 2005.

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda auka med 72,1 mrd. kroner, frå 203,4 mrd. kroner i 2004 til 274,5 mrd. kroner i 2005. Statens petroleumsfond sine renteinntekter og utbyte auka med 3,6 mrd. kroner.

Tabell 1.2 Inntekter og utgifter utan lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond 2005 (tal i mill. kroner)

  Rekneskap 2004Saldert budsjett 2005Nysaldert budsjett 2005Rekneskap 2005
1.Statsbudsjettet
A Inntekter i alt746 408785 100863 066860 836
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd222 068227 677306 072296 991
 A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter524 341557 423556 993563 845
B Utgifter i alt622 247654 965650 646650 055
B.1 Utgifter til petroleumsverksemd18 66123 20023 06021 447
B.2 Utgifter utan petroleumsverksemd603 587631 765627 586628 608
 Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskott (A.2-B.2)-79 246-74 342-70 593-64 763
+Overført frå Statens petroleumsfond80 72774 34270 59370 593
=Statsbudsjettet sitt overskott før lånetransaksjonar1 481005 830
2.Statens petroleumsfond
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, blir overført til Statens petroleumsfond (A.1-B.1)203 407204 477283 012275 544
-Overført til statsbudsjettet80 72774 34270 59370 593
+Renteinntekter og utbyte i fondet33 25539 60040 90036 866
=Overskott i Statens petroleumsfond155 935169 735253 319241 817
3.Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond
 Samla overskott157 417169 735253 319247 647

1.5 Det oljekorrigerte underskottet

1.5.1 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett

Inntektsløyvingane utan lånetransaksjonar for 2005 auka med 78,0 mrd. kroner frå saldert til nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar blei reduserte med 4,3 mrd. kroner i same periode. Sett bort frå petroleumsverksemda var inntektene 0,4 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene var 4,2 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskott på 70,6 mrd kroner i nysaldert budsjett for 2005, noko som er 3,7 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett.

Nedgangen i det oljekorrigerte underskottet frå saldert til nysaldert budsjett må sjåast i samanheng med vesentleg lågare utgifter til sjukepengar og andre sjukdomsrelaterte stønadsordningar i folketrygda. Samla sett blei utgiftene under folketrygda sett ned med 4,0 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysalderinga. I tillegg bidrog høgare utbytebetalingar frå aksjeselskap der staten eig aksjar og netto renteendringar til å redusere det oljekorrigerte underskottet med om lag 1,0 mrd. kroner. Reduserte skatte- og avgiftsinntekter med 1,0 mrd. kroner trekte i motsatt retning.

Budsjettutviklinga gjennom 2005 er omtala nærare i St.prp. nr. 1 (2005–2006) Statsbudsjettet 2006, St.meld. nr. 1 (2005–2006) Nasjonalbudsjettet 2006, St.prp. nr. 65 (2004–2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005, St.meld. nr. 2 (2004–2005) Revidert nasjonalbudsjett 2005 og St.prp. nr. 29 (2005–2006) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005.

1.5.2 Nærare om utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2005 er det oljekorrigerte underskottet 64,8 mrd. kroner. Dette er 5,8 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga, jf. tabell 1.2. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet blei endeleg fastlagt i nysaldert budsjett slik at det skulle dekkje det oljekorrigerte underskottet som då blei lagt til grunn. På denne bakgrunnen blir statsrekneskapen for 2005 gjort opp med eit overskott på 5,8 mrd. kroner. Endringa på 5,8 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • Inntektene utan petroleumsinntekter auka med 6,8 mrd. kroner, frå 557,0 mrd. kroner til 563,8 mrd. kroner.

  • Utgiftene utan petroleumsverksemda auka med 1,0 mrd. kroner, frå 627,6 mrd. kroner til 628,6 mrd. kroner.

Med i desse tala er auka inntekter og utgifter på 1,5 mrd. kroner frå standard refusjonar som ikkje blir budsjettert med beløp på løyvingane i saldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeidsmarknadsetaten og folketrygda for statlege verksemder sine utgifter til arbeidsmarknadstiltak, lønn under fødsels- og adopsjonspermisjon, lønn til lærlingar og lønn under sjukdom.

Endringar i inntektene

Tabellen viser endringar i inntektene utan lånetransaksjonar og petroleumsinntekter samanlikna med nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg2 622
+ Renter og aksjeutbyte392
+ Andre meirinntekter, netto2 369
= Meirinntekter før standard refusjonar5 383
+ Meirinntekter frå standard refusjonar1 468
= Samla meirinntekter6 851

Inntektene utan meirinntekter i form av standard refusjonar for sjukepengar o.a. blei samla sett 5,4 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene auka med 2,6 mrd. kroner, medan renteinntekter og aksjeutbyte auka med 0,4 mrd. kroner. Andre inntekter auka med 2,4 mrd. kroner. Rekneskapen viser meirinntekter for fleire av departementa, noko som har samanheng med vedtekne meirinntektsfullmaktar på fleire budsjettpostar. Mellom anna blei inntektene til politi- og lensmannsetaten, fylkesmannsembeta og Statens vegvesen høgare enn budsjettert med for 2005. Nokre departement har òg høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Utover dette omfattar meirinntektene under departementa mindre beløp for ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter o.a. Samla meirinntekter blei 6,9 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett.

Endringar i utgiftene

Tabellen viser endringar i utgiftene utan lånetransaksjonar og petroleumsutgifter i forhold til nysaldert budsjett. Hovudkomponentane er (tal i mill. kroner):

Renteutgifter-76
+ Dagpengar-117
+ Andre stønader under folketrygda-512
+ Tilskott til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar-192
+ Drifts- og investeringstilskott barnehagar-139
+ Kompensasjon for meirverdiavgift til kommunane-343
+ Netto overføring i 2005-676
+ Andre utgifter1 607
= Meirutgifter utan standard refusjonar-447
+ Standard refusjonar1 468
= Samla meirutgifter1 021

Når ein ser bort frå auka utgifter som er knytt til standard refusjonar, synar rekneskapen vel 0,4 mrd. kroner lågare utgifter enn lagt til grunn i anslag på rekneskapen ved nysaldert budsjett. Inkludert i denne netto reduksjonen på vel 0,4 mrd. kroner ligg òg meirutgifter som må sjåast i samanheng med departementa og forvaltinga si bruk av meirinntektsfullmakter, som òg er omtala ovanfor. Dette gjeld mellom anna meirutgifter på rekneskapen til Forsvarsdepartementet for 2005 som er fullt ut dekte av meirinntekter. På andre område er utgiftene vesentleg lågare enn dei det var budsjettert med. Område med store mindreutgifter er stønader under folketrygda, kompensasjon for meirverdiavgift til kommunane og tilskott til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Forutan reduksjonen i dagpengar er det særleg lågare utgifter til fødsels- og adopsjonspengar, legemidler og uføre som reduserer utgiftene til stønader under folketrygda. Vidare gir netto overføringar for 2005 reduserte utgifter med om lag 0,7 mrd. kroner, jf. nærare omtale nedanfor. I alt viser rekneskapen samla meirutgifter på 1,0 mrd. kroner i forhold til nysaldert budsjett.

Overførte beløp til 2006, unytta løyving

Overførte beløp frå 2005 til 2006, utan lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, blei samla 0,7 mrd. kroner høgare enn overførte løyvingar frå 2004 til 2005. Fleirtalet av departementa har ein auke i overført beløp. For Forsvarsdepartementet auka overført beløp med 0,8 mrd. kroner. Mellom anna gjeld dette overført beløp til innkjøp av materiell, nybygg og nyanlegg med 0,4 mrd. kroner. Vidare auka overført beløp for Nærings- og handelsdepartementet med 0,3 mrd. kroner, medan overført beløp for Fornyings- og administrasjonsdepartementet auka med 0,2 mrd. kroner. Samferdselsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet var dei departementa som hadde store reduksjonar i sine overførte beløp frå 2005 til 2006 samanlikna med overføringane frå 2004 til 2005. På Samferdselsdepartementet sitt område blei overført beløp redusert med 0,5 mrd. kroner, medan det på Kommunal- og regionaldepartementet sitt område blei redusert med 0,4 mrd. kroner.

Dei siste fem åra har overføringa av unytta løyvingar (utan lånetransaksjonar) vore (tal i mill. kroner):

 Overført løyvingAuke/nedgang (-) frå førre år
2001–20029 131832
2002–20037 038-2 093
2003–20046 484-554
2004–20056 54763
2005–20067 223676

1.6 Veksten i utgiftene på statsbudsjettet

Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet skal vise utviklinga i statsbudsjettets utgifter frå eit år til eit anna. Når den underliggjande veksten i utgiftene blir rekna ut, korrigerer vi for utgiftene til dagpengar, renter og petroleumsverksemda, samt for enkelte rekneskapsmessige forhold og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle underliggjande veksten i utgiftene blir det òg korrigert for prisendringar, slik at talet gir uttrykk for volumendringar knytt til driftsutgiftene, investeringane og overføringane på statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene blir rekna ut, kan ein finne i kapittel 3 i Nasjonalbudsjettet 2005.

I Gul bok 2005 var anslaget for den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet vel 1 prosent. Anslaget for den nominelle , underliggjande veksten i utgiftene var på 5,2 prosent. Anslaget var uendra i Revidert nasjonalbudsjett 2005.

I nysaldert budsjett for 2005 blei den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet rekna til 2 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2005 er veksten rekna til 1 prosent, dvs. ei nedjustering med prosentpoeng. Knapt prosentpoeng av denne nedjusteringa er knytt til lågare nominelle utgifter i statsrekneskapen enn anslått i nysaldert budsjett. Dette må sjåast i samanheng med at det i anslaget for den reelle, underliggjande utgiftsveksten i nysalderinga på vanleg måte blei teke omsyn til meirutgifter som blir motsvara av meirinntekter under departementa, jf. omtala ovanfor. Dette inneber at utgiftene i rekneskapen er om lag 2 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn for anslaget på den underliggjande veksten i utgiftene i nysalderinga. Drygt prosentpoeng av nedjusteringa er knytt til at foreløpige nasjonalrekneskapstal for 2005 viser noko sterkare prisstiging på statlege kjøp av varer og tenester enn tidligare lagt til grunn.

Tabell 1.3 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2005 (tal i mill. kroner)

  Rekneskap 2004Saldert budsjett 2005Nysaldert budsjett 2005Rekneskap 2005
Lånetransaksjonar utan petroleumsverksemda
Utlån, aksjeteikning mv.78 30468 81071 41971 337
-Tilbakebetalingar85 29653 18165 62264 014
-Statsbudsjettet sitt overskott1 481005 830
=Netto finansieringsbehov-8 47215 6305 7971 493
+Gjeldsavdrag47 541500492499
=Statsbudsjettet sitt brutto finansieringsbehov39 06916 1306 2891 991
Netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda
Sal av aksjar i Statoil ASA9 859012 47812 478
-Utlån, aksjeteikning mv.0000
=Netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda blir overførte til Statens petroleumsfond9 859012 47812 478

1.7 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.3 viser utviklinga i finansieringsbehovet til statsbudsjettet.

Samanlikna med rekneskapen for 2004 er lånebehovet redusert med 37,1 mrd. kroner, frå 39,1 mrd. kroner i 2004 til 2,0 mrd. kroner i 2005. Reduksjonen i lånebehovet har samanheng med at gjeldsavdraga var 47,0 mrd. kroner lågare i 2005 enn i 2004. Endringa i gjeldsavdraga er knytt til forfallsstrukturen på innanlandske statslån.

Utgiftene til utlån blei om lag 0,1 mrd. kroner lågare enn anslått ved nysalderinga.

Endringane i utlån kjem fram slik (tal i mill. kroner):

Innovasjon Noreg-350
Bustadlån til statstilsette174
Statens lånekasse for utdanning148
Andre utlån-55
Samla endring utlån-83

Tilbakebetalingane blei 1,6 mrd. kroner lågare enn rekna med ved nysalderinga. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå (tal i mill. kroner):

Statens lånekasse for utdanning-459
Den Norske Stats Husbank-1 134
Andre låntakarar-15
Samla endring i tibakebetalingane-1 608

Netto utlån blei dermed 1,5 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Av di rekneskapen viser eit overskott på 5,8 mrd. kroner, blei statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 4,3 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga av budsjettet.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld blei om lag som budsjettert i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov blei dermed redusert med til saman 4,3 mrd. kroner sett i forhold til det nysalderte budsjettet.

1.8 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2005 viser at dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg auka frå 480,0 mrd. kroner i 2004 til 517,9 mrd. kroner i 2005, svarande til ein auke på 37,9 mrd. kroner eller 7,9 prosent. Auken i dei samla skatte- og avgiftsinntektene var høgare enn i 2003 (0,3 prosent) og 2004 (4,1 prosent), og noko høgare enn for perioden 1998–2002, då skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg steig med 6,5 prosent i årleg gjennomsnitt.

Rekneskapstala viser at samla skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg blei om lag 1,6 mrd. kroner høgare enn anslått i saldert budsjett for 2005, og om lag 2,6 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2005. Oppjusteringane etter nysalderinga kjem blant anna av relativt høge innbetalingar av restskatt frå personar og føretak mot slutten av 2005. Også inntektene frå meirverdiavgifta blei noko høgare enn det som var lagt til grunn i nysalderinga.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 517,9 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2005 utgjorde skatt på inntekt og formue 131,8 mrd. kroner. Frå 2004 til 2005 auka inntektene frå skatt på inntekt og formue med 10,3 prosent. Den høge veksten kjem i stor grad av at inntektene frå skattlegging av føretak har auka med over 30 prosent, etter ein nedgang dei to føregåande åra. Reduserte satsar i skattlegginga av personar, mellom anna satsar for toppskatt og minstefrådrag, trekkjer isolert sett i retning av moderat vekst i skatteinngangen frå personlege skattytarar.

Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 157,6 mrd. kroner i 2005, ein auke på 5,2 prosent frå året før.

Inntektene frå meirverdiavgifta steig med 9,4 prosent til 150,3 mrd. kroner i 2005. Auken må sjåast på bakgrunn av ein generell auke i satsane for meirverdiavgift frå 2004 til 2005.

Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 78,2 mrd. kroner i 2005. Dette er 6,7 prosent meir enn i 2004. Auken i særavgifter er særleg knytt til auka omsetning av motorkjøretøy, samt at elektrisitetsavgifta blei lagt om med verknad frå andre halvår 2004.

1.9 Statens Petroleumsfond

Endringar i verdien til Statens petroleumsfond kjem fram gjennom endringar i kontantstraumen, overføring av midlar til statsbudsjettet, netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda, direkte avkasting av fondet og endra verdivurdering av fondet sine eigedelar. Kontantstraumen består av inntekter frå skattar og avgifter frå petroleumsverksemda, og inntekter og utgifter knytt til staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE).

Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda i 2005, utan CO2 -avgifta, blei i nysalderingsproposisjonen rekna til 165,6 mrd. kroner. Rekneskapstalet for 2005 er 165,5 mrd. kroner.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar blei 218 mill. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen. Betalt produksjonsavgift blei 40 mill. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen, medan betalt arealavgift blei 124 mill. kroner høgare enn venta.

Inntektene frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda blei i nysalderingsproposisjonen rekna til 3,4 mrd. kroner, medan rekneskapstalet for 2005 er 49 mill. kroner lågare.

Inntekter frå staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda

Inntektene frå staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. Nettoinntektene frå SDØE blei i nysalderingsproposisjonen anslått til 105,9 mrd. kroner. Rekneskapstalet for 2005 er 98,6 mrd. kroner. Hovudforklaringa til nedgangen i inntektene er noko lågare oljepris og sal av olje mot slutten av 2005 enn lagt til grunn i nysalderingsproposisjonen. I tillegg kom ein større del av innbetalingane i januar 2006, samanlikna med det som blei lagt til grunn i nysalderinga.

Endring av Statens petroleumsfond

Frå saldert til nysaldert budsjett auka inntektene frå petroleumsverksemda med 78,4 mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda blei reduserte med 0,1 mrd. kroner. Den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda auka dermed med 78,5 mrd. kroner, frå 204,5 mrd. kroner til 283,0 mrd. kroner. Det er i hovudsak høgare oljeprisar enn lagt til grunn i saldert budsjett som forklarar dette. Anslaget for renteinntekter og utbytte i Statens petroleumsfond auka med 1,3 mrd. kroner frå saldert til nysaldert budsjett. Anslaget for overføringa frå Petroleumsfondet til statsbudsjettet gjekk ned med 3,5 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei betring av balansen for Petroleumsfondet med 83,6 mrd. kroner.

Nærare om endringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen

Netto inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):
Petroleumsskattar og CO2 -avgift-183
+ Inntekter frå statleg petroleumsverksemd-8 898
- Investeringar i statleg petroleumsverksemd m.m.-1 613
= Netto petroleumsinntekter-7 469

Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda blei 7,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nettoinntektene gjekk ned frå 283,0 mrd. kroner til 275,5 mrd. kroner, jf. tabell 1.2. Inntektene frå statleg petroleumsverksemd, petroleumsskattar og CO2 -avgift blei 9,1 mrd. kroner lågare, medan investeringsutgiftene blei 1,6 mrd. kroner lågare.

Det er overført 70,6 mrd. kroner frå Statens petroleumsfond. Dette inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond for 2005 samla sett er 7,5 mrd. kroner lågare i rekneskapen enn ein rekna med i det nysalderte budsjettet. Netto kontantstraum fråtrekt overføringa frå fondet til statsbudsjettet blir dermed 204,9 mrd. kroner i 2005.

Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene og utbytet i fondet ned frå 40,9 mrd. kroner til 36,9 mrd. kroner. Samla blei overskottet i Petroleumsfondet dermed 241,8 mrd. kroner i 2005, noko som er 11,5 mrd. kroner lågare enn anslått i nysaldert budsjett.

Samanlikna med verdien ved utgangen av 2004, aukar verdien i Petroleumsfondet ytterlegare med 12,5 mrd. kroner frå sal av aksjar i Statoil og med 124,3 mrd. kroner frå netto kursgevinstar. Samla sett auka Petroleumsfondet dermed med 378,6 mrd. kroner. Ved utgangen av 2005 var den bokførte verdien av Statens petroleumsfond 1 390,1 mrd. kroner, medan verdien ved utgangen av 2004 var 1 011,5 mrd. kroner.

Overføringa frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet over kap. 5800 blir rekneskapsført i samsvar med Stortinget sitt vedtak i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kap. 2800 er tilpassa kontantstraumen. Denne praksisen for overføring frå Statens petroleumsfond og rekneskapsføring på kap. 5800 er følgt også i rekneskapen for 2005. Riksrevisjonen har i Dokument nr.1 om resultatet av den årlege revisjonen og kontrollen for budsjetterminen 2004 stilt spørsmål til denne føringsmåten. Stortinget behandla Kontroll- og konstitusjonskomiteen si innstilling til Dokument nr. 1 den 4. april 2006, og Finansdepartementet vil kome attende til Stortinget i saka.

Fotnotar

1.

Statens petroleumsfond skifta namn til Statens pensjonsfond – Utland frå 1. januar 2006. Sidan denne meldinga omhandlar rekneskapen for 2005 nyttar vi namnet Statens petroleumsfond.

Til forsida