St.meld. nr. 38 (2002-2003)

Den kulturelle skulesekken

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram for Stortinget melding om Den kulturelle skulesekken. Meldinga er utarbeidd på bakgrunn av følgjande vedtak i Stortinget, som vart fatta i samband med handsaminga av St.prp. nr. 1 (2002–2003).

«Stortinget ber Regjeringen i egen sak våren 2003 redegjøre for hvordan midlene til den kulturelle skolesekken brukes i 2003, og å legge frem planer for hvordan ordningen skal utformes i årene fremover. Midlene skal ikke gå til vekst i administrasjonsapparatet for ordningen eller som direkte driftstilskudd fra departementet til ulike institusjoner utover det som ligger i budsjettet.»

Bakgrunnen for Stortingets vedtak er Besl. O. nr. 52 (2001–2002), jf. Innst. O. nr. 44 (2001–2002) frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endring i lov av 28. august 1992 nr. 103 om pengespel. Det vart vedteke følgjande endring i § 10:

«Etter at det er foretatt fondsavsetninger, skal selskapets overskudd fordeles med en halvdel til idrettsformål og en halvdel til kulturformål. Midlene til idrettsformål fordeles av Kongen. Av midlene til kulturformål fordeles 2/3 av Stortinget og 1/3 av Kongen.»

Av den delen av spelemidlane som skal gå til kulturformål og fordelast av Kongen, er 40 prosent øyremerkt Den kulturelle skulesekken, 30 prosent skal gå til friviljug verksemd og 30 prosent vert fordelt til investeringar og vedlikehald av lokale og regionale kulturelle møteplassar.

Med utgangspunkt i rekneskapstal for speleåret 2001 til fordeling i 2002 vil det etter ein opptrappingsperiode kunne verte fordelt 450 mill. kroner på dei nemnde områda frå 2005.

Basert på gjeldande prognose vil auken i løyvingar til Den kulturelle skulesekken frå 2003 verte som vist i tabell 1.1.

Tabell 1.1 Prognose for avsetninga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken i perioden 2003–2005.

  200320042005
Den kulturelle skulesekken60 mill. kr120 mill. kr180 mill. kr

Førebels fordeling av 60 prosent av dei tilgjengelege midlane til Den kulturelle skulesekken for 2003 vart vedteken gjennom kongeleg resolusjon i februar 2003. Fordeling av resterande sum vart vedteken gjennom kongeleg resolusjon i mai 2003, etter at Norsk Tipping AS sin rekneskap for 2002 var godkjend på generalforsamlinga 9. april 2003.

Denne meldinga omhandlar bakgrunnen for og verdiar og målsetjingar med Den kulturelle skulesekken. Meldinga gjev eit oversyn over dei utfordringane som både kultur- og skulesektoren står overfor ved iverksetjinga og utviklinga av tiltaket. Ho gjev eit bilete av nokre av dei modellane for Den kulturelle skulesekken som er innførte i kommunar og fylke, og eit oversyn over korleis dei tilgjengelege ressursane over statsbudsjettet for Den kulturelle skulesekken er fordelte i perioden 2001–2003. Avslutningsvis gjev meldinga eit oversyn over korleis avsetninga av spelemidlar til skulesekken er fordelt i 2003, og kva planar ein har for utviklinga av tiltaket i åra som kjem.

Utdannings- og forskingsdepartementet legg samstundes fram ei eiga stortingsmelding om kunst og kultur i og i tilknyting til grunnskulen. Meldinga set kultur og kulturopplevingar i grunnskulen inn i ein brei samanheng.

Dei to meldingane skal utfylle kvarandre og gje eit best mogleg bilete av kultursektoren og utdanningssektoren sine utgangspunkt i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken på landsbasis, i den enkelte skule og kulturinstitusjon.

Parallelt arbeider Kultur- og kyrkjedepartementet med ei ny kulturmelding som også vert lagt fram om kort tid. Meldinga vil vere eit viktig grunnlag for utviklinga av norsk kulturpolitikk det neste tiåret. Ei implementering og utvikling av Den kulturelle skulesekken i åra framover kan såleis ikkje sjåast lausrive frå utviklingstrekk og rammevilkår i den overordna nasjonale kulturpolitikken. Prinsipielle drøftingar som også vil ha innverknad for Den kulturelle skulesekken, vert difor ikkje tekne opp i denne meldinga, men sett inn i ein større samanheng i den komande kulturmeldinga.

Til forsida