St.meld. nr. 50 (2000-2001)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2001 og fisket etter avtalene i 1999 og 2000

Til innholdsfortegnelse

2 Innleiing

Ved Regjeringa si erklæring av 26. september 1974 vart hovudlinene i fiskeripolitikken presenterte. Ved opprettinga av økonomiske soner i tråd med det nye havrettsregimet, ønskte Regjeringa å medverke til at nyordningane i fiskeria i verda ikkje skulle verke forstyrrande på forholdet til andre land. Den norske fiskeripolitikken skulle gjennomførast i kontakt og forhandlingar med dei landa som vart påverka av dei norske utvidingstiltaka.

Regjeringa freista såleis å kome fram til ordningar med desse landa, som bygde på byterelasjonar, nedtrapping av fiske over tid eller som tok omsyn til særlege interesser og vilkår.

Ein omfattande del av norsk fiske (målt i vekt) skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at Regjeringa forhandla fram rammeavtaler som både gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga til 200 n. mils økonomisk sone fekk verknad for frå 1. januar 1977, og som tok vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land.

Etter FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982, har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.

Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til 200 nautiske mil på slutten av syttitalet, førte såleis til ein overgang frå fleirsidige forhandlingar innan ramma av NEAFC (Northeast Atlantic Fisheries Commission) til tosidige forhandlingar mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane. Dette inneber at såkalla tredjeland som ikkje har rettar som kyststat i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga av bestandane, slik dei gjorde tidlegare.

Kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvaltning som samstundes skal ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken blir utforma. I tråd med dette fører Noreg årleg to- og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve- og fiskekvotar, og om einsidig løyve for nokre land sine fiskarar til å fiske i dei norske 200-mils sonene. Noreg har inngått ulike typar fiskeriavtaler som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde. Noreg har mellom anna inngått avtaler om forvaltning av felles fiskebestandar og kvotebytte på eksklusive bestandar med Russland og EU, og avtaler om gjensidige fangstrettar med Færøyane, Grønland og Island (for meir informasjon om rammeavtalene, sjå St meld nr 49 (1994-95)).

Stortinget gav 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon av FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982. FN-avtala om fiske på det opne hav forpliktar også til samarbeid om forsvarleg forvaltning av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har derfor i aukande grad og på ulikt sett tatt del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.

2.1 Oppretting av dei økonomiske sonene

Ved kgl. res. av 17. desember 1976 vart Noreg si økonomiske sone på 200 nautiske mil oppretta med verknad frå 1. januar 1977. Vidare vart det ved kgl.res. av 3. juni 1977 oppretta ei fiskevernsone på 200 nautiske mil rundt Svalbard med verknad frå 15. juni 1977. Ved kgl.res. av 23. mai 1980 vart ei fiskerisone på 200 nautiske mil rundt Jan Mayen oppretta med verknad frå 29. mai 1980.

Figur 2.1 viser dei ulike sonene under norsk jurisdiksjon og dei internasjonale havområda «Smottholet» i Barentshavet og «Smotthavet» i Norskehavet.

Figur 2.1 Soner

Figur 2.1 Soner

2.2 Regulering av utanlandsk fiske i norske jurisdiksjonsområde

Det er eit generelt forbod mot fiske i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen for fiskarar som ikkje er norske statsborgarar. Regjeringa kan likevel fastsetje forskrifter som opnar for eit regulert og avgrensa utanlandsk fiske i samsvar med dei fiskeriavtalene som er inngått med andre land.

I forskrift av 13. mai 1977 «om utlendingers fiske og fangst i Norges økonomiske sone», er det fastsett detaljerte reglar for utøvinga av fiske. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i norsk sone, for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane og for å gjere ein effektiv kontroll mogleg. Utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter kvar veke.

I forskrift av 23. desember 1980 «om utlendingers fiske og fangst i fiskerisonen ved Jan Mayen», er det fastsett detaljerte reglar for utanlandsk fiske i fiskerisona rundt Jan Mayen. Dette regelverket er i hovudsak samanfallande med reglane for utanlandsk fiske i Noreg sin økonomiske sone.

Forskrifter for fiskevernsona ved Svalbard er sette i verk på ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy. Det er fastsett forskrifter for rapportering av fangstar, bruk av reiskap, reglar om minstemål og område med forbod mot fangst for å verne om ungfisken. Frå 1986 er det fastsett årlege kvotereguleringar i fiskevernsona for fiske etter norsk arktisk torsk. Frå og med 1995 har det av omsyn til bestandssituasjonen, vore fastsett forbod mot fiske etter blåkveite, sild, lodde og frå 1997 vart det også innført eit forbod mot fiske etter uer. I forskrifter av 19. juli 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert gjennom fastsetting av grenser for innsats i fisket.

Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard, delta i dette fisket med eit avgrensa tall på fartøy (Canada, Estland, Litauen, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg, Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa også regulert med fiskedøgn.

Til toppen
Til dokumentets forside