St.prp nr. 1 Tillegg nr. 2 (1997-98)

FOR BUDSJETTERMINEN 1998 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 1998

Til innholdsfortegnelse

2 Fiskerinæringa dei seinare åra og utsiktene for 1998

Budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar for dei seinare åra viser store variasjonar i arbeidsgodtgjersle og lønsevne for ulike fiskeri og fartystorleikar. Tala for 1996 viser at arbeidsgodtgjersle og lønsevne pr. årsverk har hatt ein svak auke samanlikna med 1995, men ligg på eit høgt nivå. Det er store skilnader mellom ulike flåtestorleikar.

Arbeidsgodtgjersla og lønsevna er mykje høgare innanfor storbåt enn innanfor småbåt, jf tabell 2.1. Innanfor småbåt var lønsevna pr. årsverk uendra frå 1995 til 1996, medan det var ein liten auke i arbeidsgodtgjersla frå 1995 til 1996. Innanfor storbåt har utviklinga vore svært positiv for sildesektoren, medan utviklinga innanfor torskesektoren har vist nedgang frå 1995 til 1996. Elles viser tala for 1996 at lønsevna er høgare enn arbeidsgodtgjersla.

Tabellen nedanfor viser utviklinga i arbeidsgodtgjersle og lønsevne pr. årsverk for den heilårsdrevne flåten, og tal for gjennomsnittleg industriarbeidarårsløn frå 1993 til 1996.

Tabell 2.1 Arbeidsgodtgjersle og lønsevne pr. årsverk for den heilårsdrevne fiskeflåten. Gjennomsnittleg årsløn for industriarbeidarar. 1993-1996

1993199419951996Endring 1995-96 Pst.
1000 kr pr. årsverk
Arbeidsgodtgjersle i alt:2422773003062,0
Storbåt (over 13 m)284323360356-1,1
-torskesektor265306339310-8,6
-sildesektor36437843750615,8
Småbåt (8-13 m)1171361331351,5
Lønsevne i alt1872883363411,5
Storbåt(over 13 m)221343413407-1,5
-torskesektoren210337390312-20,0
-sildesektoren27136149571744,8
Småbåt (8-13 m)861201171170,0
Industriarbeidarløn1781831891974,2

NOTAR:

Arbeidsgodtgjersle pr. årsverk viser avløninga til fiskarar som står ombord i eit heilårsdreve farty heile driftstida til fartyet i det aktuelle året. For einskilde driftsformer kan det stå meir enn ein person bak eit årsverk.

Lønsevna pr. årsverk gjev uttrykk for kor mykje verksemda kan betale til innsatsfaktoren arbeidskraft etter at andre kostnader er dekte.

Fangstutviklinga dei seinare åra har vore som vist i tabellen nedanfor (tala for 1997 er prognosar):

Tabell 2.2 Fangstkvantum og fyrstehandsverdi. 1992-1997

199219931994199519961997
1 000 tonn rund vekt
Sildefisk m.v.1 7961 6861 5361 6971 7951 990
- lodde81053011328206158
- sild227352539687758915
- makrell207224260202136135
- hestmakrell10812895961620
- kolmule155200226261356338
- augepål/tobis256204260382264405
- anna334843415919
Torskefisk m.v.634728801821837833
- torsk219275373366359388
- sei168188189219222186
- hyse4044748097112
- lange/brosme484739383936
- reker494938393536
- skjel7108700
- anna10311580728575
I alt2 4302 4142 3382 5172 6322 823
Verdi i mill. kroner
Fyrstehandsverdi6 1126 2687 3498 1708 5529 000

Både totalt fangstkvantum og fyrstehandsverdien for 1997 blir høgare enn det partane la til grunn under forhandlingane i fjor. Fyrstehandsverdien blir lågare enn venta i torskesektoren, og ein del høgare enn prognosane i sildesektoren. Prognosen for fyrstehandsverdien i 1997 ligg på om lag 9 mrd. kroner.

Det har vore låg vekst i kostnadene i 1997.

Kvotetilrådingane for 1998 ser ut til å føre til ein monaleg reduksjon i kvantum på kommersielt viktige fiskeslag som norsk-arktisk torsk og hyse. Endelege norske kvotar var ikkje avklarte då støtteforhandlingane vart sluttførte.

Innan sildesektoren er kvoten på norsk-vårgytande sild sett til 741.000 tonn, som er ein reduksjon i kvantumet frå 1997 då kvantumet var på 854.000 tonn.

Dersom ein held eksporten av oppdrettsfisk utanfor, var eksportverdien av fisk og fiskeprodukt i perioden januar - september 1997 11,2 mrd. kroner, som er ein auke på 4 pst. frå same periode året før. Eksportert kvantum har gått opp med om lag 3 pst., medan gjennomsnittsprisane har auka med om lag 1 pst.

Av eksporten utanom oppdrettsfisk, går om lag 57 pst. av verdien til EU-landa, som såleis er den viktigaste marknaden vår. Utanom EU-landa er Japan den største marknaden.

Prisane på klippfisk og tørrfisk har gått ned, medan prisane på ferske og frosne produkt har auka. Totalt sett har eksporten auka noko både i pris og kvantum når det gjeld frosen torskefilet.

Eksporten av frosen sild auka sterkt både i 1996 og 1997. Dette skuldast særleg eksportutviklinga til dei austeuropeiske landa, spesielt Russland, Latvia og Litauen.