St.prp nr. 1 Tillegg nr. 2 (1997-98)

FOR BUDSJETTERMINEN 1998 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 1998

Til innholdsfortegnelse

5 Andre tiltak

Regjeringa foreslår i St prp nr 1 Tillegg nr 3 at det blir løyvd 75 mill. kroner til tilskott til kontrahering til fiskebåtar på kap. 2415 post 70 i 1998. Dette gjer det mogleg å oppretthalde investeringane i fiskeflåten i 1998 på same nivå som i 1997, det vil seie om lag 1 mrd. kroner. Det er då lagt til grunn at satsane for tilskott frå 1.1.1998 vil vere dei same som for støtte til byggjing og ombyggjing av skip.

Regelverket for ordninga med tilskott til kontrahering vil bli omlag som i 1997. Prioriteringa av midlane vil bli fastsett i dei overordna fiskeripolitiske retningslinene frå Fiskeridepartementet.