St.prp. nr. 13 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/647/EF om vedtaking av eit fleirårig program til fremming av energieffektivisering (SAVE) (1998-2002)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000 gjeld endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane. Endringa inneber at EFTA-statane får høve til å vera med i framhaldet av det fleirårige fellesskapsprogrammet for energi-effektivisering (SAVE). SAVE vart endra ved rådsvedtak 2000/647/EF av 28. februar 2000. Endringa inneber ein ny komité- og styringsstruktur for SAVE. Såleis er SAVE no eitt av seks delprogram under rammeprogrammet for tiltak innanfor energisektoren (vedteke ved rådsvedtak 1999/21/EF/Euratom). I tillegg til SAVE inneheld rammeprogrammet ETAP (studiar, marknadsanalysar og prognosar), SYNERGI (internasjonalt samarbeid), ALTENER (fornybare energikjelder), CARNOT (kolteknologi) og SURE (tryggleik i samband med kjernefysisk energi). For perioden 1998-2002 har rammeprogrammet ei budsjettramme på 170 millionar euro. Til SAVE er det sett av 66 millionar euro.

I og med at deltaking i programmet inneber økonomiske plikter for Noreg, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til å godkjenne EØS-komitéavgjerda.

Avgjerda i EØS-komiteen og rådsvedtaket følgjer i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg til denne proposisjonen.