St.prp. nr. 35 (1998-99)

Om støtta til skipsbyggingsindustrien

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Nærings- og handelsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om å auke satsane for byggetilskot til skipsbyggingsindustrien.

Ved handsaminga av St prp nr 1 for 1998-99, jf Budsjett-innst S nr 8 for 1998-99, ba medlemmane frå Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Venstre regjeringa legge fram ei vurdering av situasjonen i verftsindustrien. Dersom dei reduserte støttesatsane i stor grad medverker til at norske verft ikkje lenger greier å konkurrere om kontraktar med verft i andre land, så meinte desse medlemmane at verftsstøtta bør tilbakeførast til sitt tidlegare nivå i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1999. Regjeringa har imidlertid på bakgrunn av utviklinga i skipsbyggingsindustrien den siste tida, valt å legge saka fram for Stortinget på eit tidlegare tidspunkt.

Til forsida