St.prp. nr. 41 (1996-97)

Om endringar i Noregs utanriksrepresentasjon

Til innholdsfortegnelse

1 Konsekvensar av Stortingsmelding nr 19 (1995-96) og Statsbudsjettet for 1997

Regjeringa legg i denne stortingsproposisjonen fram forslag til enkelte endringar ved norske representasjonar i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Som nemnt i St.meld. nr. 19 (1995-96), ønskjer Regjeringa å utvikla eit administrativt apparat som er betre tilpassa måla og prioriteringane i utviklingshjelpa. Betre kvalitetssikring og større vekt på mottakaransvar krev ei styrking av den norske forvaltinga av utviklingshjelpa, ikkje minst når det gjeld oppbygging av kompetanse i forhold til prioriterte land og regionar.

Stortinget si handsaming av Stortingsmelding nr. 19 jfr. Innst. S. nr. 229. (1995-96), har også ført til endringar i den norske utviklingshjelpa. Det er gjort vedtak om at Etiopia, Eritrea, Malawi, Mosambik, Tanzania, Zambia, Zimbabwe, Uganda, Bangladesh, Nepal, Sri Lanka og Nicaragua skal vere prioriterte land som Noreg bør ha eit langsiktig avtalesamarbeid med.

Det er også vedteke fire regionale løyvingar, ei som er knytt til dei prioriterte landa i Afrika, ei anna som går til andre land i Afrika, og dei to siste som gjeld Asia og Mellom-Amerika.

I Statsbudsjettet for 1997 er det gjort vedtak om å auka budsjettet for utviklinghjelpa med 638 mill. kr samanlikna med S III for 1996. Det vart i budsjettet ikkje gjort framlegg om nye stillingar til å forvalta utviklingshjelpa, verken i NORAD eller ved utanriksstasjonane.

Til saman gjer desse tilhøva det naudsynt å gjennomgå ressursbruken ved utanriksstasjonane.