St.prp. nr. 44 (1998-99)

Om regulering av grensa mellom Sande og Vanylven kommunar i Møre og Romsdal fylke

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Departementet legg med dette fram ei sak om endringar i kommunegrensa mellom Sande og Vanylven kommunar i Møre og Romsdal fylke. Endringa inneber at Åram krins i Sande kommune blir overførd til Vanylven kommune.

Etter § 1 i Lov av 21 desember 1956 nr 3 om endringar i kommunal inndeling, er det Kongen som har mynde til å gjere endring i den administrative inndelinga. Før ei sak om endring i kommuneinndelinga kan avgjerast, skal kommunestyra og fylkestinga i dei kommunane og fylka som blir berørte av endringa få høve til å gje fråsegn, jf lova § 1. Dersom dei berørte kommunane og fylkeskommunane er samde om regulering av grensa, kan saka avgjerast av Kongen (delegert til Kommunal- og regionaldepartementet). Dersom ein eller fleire av kommunane eller fylkestinget uttaler seg imot grensereguleringa, og reguleringa heller ikkje «er av mindre omfang», må Stortinget samtykke til framlegget til grenseendring.

I denne saka er ikkje kommunane samde om grenseregulering. Departementet meiner at saka ikkje er av mindre omfang, og legg den difor fram for Stortinget. Området som blir foreslått ført over til Vanylven kommune utgjer ca 33 % av Sande kommune sitt totale areal og får konsekvensar for 13 % av innbyggjarane i Sande kommune.

Til forsida