St.prp. nr. 44 (2008-2009)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ­fellesskapsprogrammet for vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi ­(Sikrare Internett) 2009–2013

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Fellesskapsprogrammet for vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi (Sikrare Internett) 2009–2013 vart formelt vedteke i EU 16. desember 2008 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1351/2008/EF. Føremålet med programmet er å fremje sikker bruk av Internett og annan kommunikasjonsteknologi blant barn og unge, og å motkjempe ulovleg og skadeleg innhald.

Programmet skal vare i fem år frå 1. januar 2009 og er ei vidareføring av programmet Sikrare Internett Pluss 1 (2005–2008), som Noreg har teke del i sidan 2006, jf. St.prp. nr. 5 (2005–2006) og Innst. S. nr. 134 (2005–2006). Noreg tok òg del i forløparen til dette programmet, handlingsplanen til EU for sikrare bruk av Internett i perioden 1999–2004 2 .

På lik linje med dei føregåande programma opnar Sikrare Internett for deltaking frå EØS/EFTA-statane. Ein føresetnad for deltakinga er at protokoll 31 artikkel 16 i EØS-avtala vert endra.

Deltakinga i det nye programmet inneber økonomiske plikter for Noreg over fleire år. Det er difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova. For at Noreg og dei andre EØS/EFTA-statane skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at Stortinget gjev samtykket sitt før avgjerda i EØS-komiteen vert teken.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1351/2008/EF i ­uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Fotnotar

1.

Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 854/2005/EF.

2.

Etablert og lengt ved høvesvis europaparlaments- og rådsvedtak nr. 276/1999/EF og 1151/2003/EF; teke inn i EØS-avtala ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 99/1999 av 30. juli 1999 og nr. 58/2004 av 23. april 2004. Stortinget gav samtykke til førstnemnde ved handsaminga av St.prp. nr. 98 (1998–1999), jf. Innst. S. nr. 9 (1999–2000).