St.prp. nr. 50 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om ei ny låneordning (NAB) for Det internasjonale valutafondet (IMF)

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram ein stortingsproposisjon om samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om ei ny låneordning for Det internasjonale valutafondet.

For å gjere det mogleg for Valutafondet å kunne oppfylle si rolle i det internasjonale pengesystemet på ein meir effektiv måte har ei rekkje land blitt samde om å auke ressursane til Fondet. Dei landa som er med på den nye avtalen, som går under namnet NAB, «New Arrangements to Borrow», skal gi lån til IMF innanfor grenser som er fastsett nærare, når det trengst ekstra midlar for å førebyggje eller ta hand om ei svekking i det internasjonale pengesystemet eller å ta hand om ein situasjon som trugar stabiliteten i systemet.

Det ligg føre eit ferdigforhandla avtaleverk om NAB mellom IMF og 25 land og institusjonar som moglege deltakarar. Avtalen blei vedteken av styret i IMF den 27. januar 1997. Formelt er det sjølve vedtaket i styret i IMF om den nye låneordninga ein skal slutta seg til og ikkje ein avtale. Men i praksis er verknaden av å slutte seg til vedtaket den same som å slutte seg til ein avtale med tilsvarande innhald. I proposisjonen blir dette vedtaket omtala som ein avtale.

I eit brev frå administrerande direktør i Valutafondet av 5. februar 1997 blir dei norske styresmaktene oppmoda om å slutte seg til avtalen. Ei tilslutning til avtalen inneber at Noreg forpliktar seg til å stille ei kredittramme på 383 millionar SDR eller vel 3,5 milliardar kroner til rådvelde for IMF. Verdien av ein SDR, «Special Drawing Rights», blir notert dagleg i den internasjonale valutamarknaden på grunnlag av kursane på dei fem hovudvalutaene, amerikanske dollar, tyske mark, japanske yen, franske franc og britiske pund som inngår i eininga. (1 SDR = 9,40 kroner etter kursen p.r. 20.3.1997). Dersom IMF trekk på kredittramma, er fristen for Fondet til å betala tilbake desse låna 5 år.

Dersom alle landa og institusjonane som har vore med i forhandlingane sluttar seg til avtalen, vil den samla kredittramma for IMF komme opp i 34 milliardar SDR. Avtalen trer i kraft når den er tiltreden av medlemmer eller institusjonar som har stilt til rådvelde kreditt som i alt utgjer minst 28,9 milliardar SDR (85 prosent av det samla beløpet på 34 milliardar SDR). Samstundes krevst det at dei fem landa som har den største kreditten innanfor NAB tiltrer avtalen. Avtalen gjeld for 5 år og kan fornyast.

Regjeringa ser på NAB som ein viktig avtale fordi den har til formål å styrkje IMFs evne til å hindre at kriser i det internasjonale pengesystemet oppstår og spreier seg til fleire land. Det er positivt at mange land har sagt seg ferdige til å slutte seg til avtalen. Noreg bør ta del i eit slikt forpliktande internasjonalt samarbeid.

Som eit trykt vedlegg til proposisjonen følgjer teksten til avtalen om ei ny låneordning (NAB) for Det internasjonale valutafondet.