St.prp. nr. 50 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om ei ny låneordning (NAB) for Det internasjonale valutafondet (IMF)

Til innholdsfortegnelse

3 Noregs deltaking i NAB

Røynslene har synt at det er behov for å auke dei tilgjengelege ressursane til IMF for å kunne førebyggje eller ta hand om kriser i det internasjonale pengesystemet. Kriser i det finansielle systemet i eit land kan lett spreie seg og gi store realøkonomiske kostnader. Noreg har dessuten ei eigeninteresse i at det blir utvikla internasjonale ordningar som kan redusere risikoen for at ei krise blir utløyst eller spreier seg til fleire land. Det internasjonale finansielle systemet er sterkt integrert. Noreg vil også, som eit land med stor utanrikshandel, bli ramma av fall i aktiviteten i andre land.

Mellom anna har røynslene frå Mexico synt at det trengst store ressursar om eit system for handtering av krisar skal vere truverdig. Samarbeidet under NAB-avtalen vil skape ei institusjonell ramme som gjev større beredskap mot situasjonar som kan utvikle seg til finansielle kriser.

Sjølv om NAB etter røynslene med GAB truleg vil bli brukt sjeldan, vil NAB som ei beredskapsordning bidra til å auke tilliten og dermed stabiliteten til det internasjonale finansielle systemet.

Ein ventar at 25 land skal ta del i NAB. Under forhandlingane om avtalen er det frå norsk side lagt stor vekt på at avtalen må gi dei landa som tar del like rettar og plikter i forhold til stemmevekt. Regjeringa vurderer det slik at NAB-avtalen tek hand om dette omsynet på ein tilfredsstillande måte.

Regjeringa ser det som positivt at mange land tar del i eit forpliktande samarbeid på dette feltet. Deltaking i NAB vil gi prov på at Noreg er budd på å ta del i eit slikt forpliktande internasjonalt samarbeid.

Deltaking i NAB vil også gje Noreg større tryggleik for betalingsbalansestøtte i situasjonar der det er begrensa ressursar i Fondet.

Tilslutning til NAB vil gje norske representantar høve til å vere med i eit forum der forhold som har mykje å seie for stabiliteten i det internasjonale pengesystemet blir drøfta.