St.prp. nr. 50 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om ei ny låneordning (NAB) for Det internasjonale valutafondet (IMF)

Til innholdsfortegnelse

2 BAKGRUNN

Den økonomiske krisa i Mexico i 1994/95 synte at det kan oppstå situasjonar der det trengst store utlån frå IMF for å førebyggje alvorleg uro eller krise i det internasjonale pengesystemet. Den store kapitalutgangen frå Mexico utløyste den største finansielle redningsaksjonen i historia. I februar 1995 vedtok styret i IMF å gi Mexico eit lån på 17,8 milliardar amerikanske dollar for ein periode på 18 månader.

Dei beløpa som trongst var for store til at IMF kunne ta hand om situasjonen aleine. I tillegg til lånet frå IMF, ga USA eit lån på 20 milliardar dollar, og Den internasjonale oppgjersbanken, BIS, stilte til rådvelde trekkrettar på 10 milliardar dollar. Saman med lån frå einskilde andre kreditorar utgjorde kredittlinene til saman om lag 50 milliardar dollar eller 14 prosent av BNP i Mexico. Lånet frå IMF blei gjeve på vilkår av at Mexico gjennomførde ei omfattande tilpassing av den økonomiske politikken.

IMF og dei andre kreditorane som tok del i redningsoperasjonen vurderte situasjonen i Mexico slik at den negative utviklinga i landet kunne spreie seg til andre land. Dei såg mellom anna straks teikn til at ein del andre land i Sør-Amerika og Asia fekk problem på den internasjonale lånemarknaden. Etter IMF sitt syn var det fare for at krisa i Mexico kunne få negative konsekvensar for stabiliteten i det internasjonale finansielle systemet.

Låna som Mexico fekk var med på å gje landet eit pusterom og halde tilliten til økonomien i landet oppe. Mexico unngikk enda større kapitalflukt, enda større innanlandske innstrammingar og ein drastisk reduksjon i importen. Skadeverknadene for det finansielle systemet i Mexico blei også mindre. Etter kvart er ubalansen i Mexicos utanriksøkonomi retta opp etter ein periode med ein stram økonomisk politikk og kraftig fall i verdien av pesos. Situasjonen i Mexico er framleis sårbar, men i hovudsak er det lagt eit grunnlag for ny vekst.

I dag har den såkalla 10-landsgruppa, G-10, forplikta seg til å gje ekstraordinære lån til IMF dersom IMFs ressursar er utilstrekkelege i ein krisesituasjon. G-10 består av dei elleve landa USA, Japan, Tyskland, Storbritannia, Frankrike, Italia, Canada, Nederland, Belgia, Sverige og Sveits.

Under Mexico-krisa kunne GAB-ordninga («General Arrangements to Borrow») ha vore aktuell for å gi finansiell støtte til landet. USA spela som naboland til Mexico ei særs aktiv rolle for å få bidrag til ei løysing av krisa. USA tok derfor initiativet til den internasjonale støtta til Mexico og gjekk inn med eit stort beløp. Samstundes var likviditeten til IMF i den aktuelle situasjonen etter måten god. Dette reduserte presset på G10-landa til å stille finansielle ressursar til rådvelde for IMF. Samstundes var det ulike syn blant G10-landa om å ta i bruk GAB-ordninga. Det blei derfor ikkje aktuelt å bruke GAB-ordninga til å støtte Mexico.

Røynslene med handteringa av krisa i Mexico synte at det kan bli behov for omfattande finansiell assistanse i situasjonar med finansielle kriser. Ein må vidare vere budd på at ein større del av børa kan falle på IMF ved eventuelle framtidige finansielle kriser. Det var derfor brei semje om at det kan oppstå situasjonar der GAB-ordninga ikkje har nok ressursar til at ein kan møte slike situasjonar og at det er behov for å auke dei finansielle ressursane til IMF som ei beredskapsordning.

I juni 1995 gjekk derfor dei 7 største industrilanda, G-7, i eit møte i Halifax i Canada inn for å doble GAB-ordninga frå 17 til 34 milliardar SDR eller omlag 310 milliardar kroner. GAB-landa såg seg ikkje i stand til å finansiere heile utvidinga av kredittramma til IMF aleine. Land med god utanriksøkonomi, mellom anna Noreg, blei derfor kontakta av GAB-landa og bedne om å ta del i ei utviding av kredittordninga med IMF. Det er denne utvida kredittordninga som har fått namnet NAB, «New Arrangements to Borrow».

Interimkomitéen i IMF ba i september 1996 styret i Fondet og moglege deltakarar om å avslutte arbeidet med den nye ordninga så snart som mogleg. I oktober 1996 blei ein avtale om NAB ferdigforhandla. Etter at styret i IMF godkjende avtalen 27. januar i år, kan avtalen no underteiknast. IMF har bede dei landa og institusjonane som tok del i forhandlingane og som skal stille ressursar til rådvelde, blant dei Noreg, om å slutta seg til avtalen.