St.prp. nr. 50 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om ei ny låneordning (NAB) for Det internasjonale valutafondet (IMF)

Til innholdsfortegnelse

6 Merknader til dei enkelte artiklane i overeinskomsten

Til dei enkelte artiklane i avtalen vil ein gje følgjande merknader:

Artikkel 1 inneheld definisjonar av ord og uttrykk som blir brukt i avtalen. I tillegg er det tatt inn føresegner som gjeld Hong Kong. Hong Kongs deltaking i NAB skal ikkje gi grunnlag for at det landet som har Hong Kong som ein del av sitt territorium. får status som medlem av ordninga. Desse føresegnene må sjåast i samanheng med at Hong Kong blir innlemma i Kina frå 1. juli 1997.

Av artikkel 2 går det fram at landa som tiltrer avtalen forpliktar seg til å gje lån til Valutafondet. Det skal samla stillast 34 milliardar SDR til rådvelde for IMF under NAB dersom alle 25 landa og institusjonane som er lista opp i vedlegget til avtalen tar del.

Noreg forpliktar seg til å gi lån til Fondet på 383 millionar SDR. jf vedlegg til avtalen.

Av artikkel 3 går det fram at alle medlemmer og institusjonar som er nemnde i vedlegget til NAB-avtalen kan ta del i ordninga. Krinsen av land som kan ta del kan utvidast når NAB blir fornya etter fem år i samsvar med artikkel 19. Artikkel 3 seier også korleis desse landa skal gå fram om dei ynskjer å ta del i NAB. Deltakarar som representerer meir enn 80 prosent av kredittordninga må vere samde. Når det blir teke opp eit nytt medlem. skal kredittordninga til alle eksisterande deltakarar som har ein kredittordning som er høgare enn minstebeløpet for å ta del i NAB. reduserast proporsjonalt.

For å slutta seg til avtalen må ein medlem eller institusjon deponere eit dokument hos IMF som seier at han har slutta seg til i samsvar med eigne lover og har sett i verk alle dei tiltaka som trengst for å etterleve avtalen (art. 3 c).

I følgje artikkel 4 trer NAB først i verk når deltakarar med eit samla bidrag på minst 28.9 milliardar SDR. inklusive dei fem største landa. har slutta seg til avtalen.

Endringar i storleiken av det samla omfanget av kredittordninga kan skje når ein majoritet på 85 prosent av dei samla kredittordningane sluttar seg til vedtaket. Storleiken på kredittordningane til dei einskilde deltakarane kan berre endrast etter tilslutning frå IMF og deltakarar som representerer til saman 85 prosent av dei samla kredittordningane. medrekna dei som får sin kredittordning endra (art. 5).

Etter artikkel 6A kan prosedyren for trekk under NAB setjast i gang av administrerande direktør i IMF dersom ein deltakar i NAB som er medlem av IMF eller ein institusjon frå ein deltakar som er medlem av IMF. ber om å låne valuta frå IMF. og administrerande direktør i IMF meiner at lånet er naudsynt for å førebyggje eller ta hand om ei svekking i det internasjonale pengesystemet. Medlemmer av NAB kan under visse høve få lån frå IMF. som blir finansiert ved at IMF trekkjer på NAB-ordninga. utan at det blir stilt vilkår om utforminga av den økonomiske politikken. For medlemmer i IMF som ikkje er deltakarar i NAB. vil det bli stilt vilkår om utforminga av den økonomiske politikken i landet når det skal gjevast lån frå IMF finansiert ved NAB. Samstundes krevst det at lånet er naudsynt for å hindre at stabiliteten i det internasjonale valutasystemet kjem i fare. Når administrerande direktør i IMF foreslår trekk for ikkje-deltakarar skal han ta rimeleg omsyn til moglege trekk frå deltakarane i NAB (art. 6 B).

Administrerande direktør skal rådføre seg med medlemmer av styret i IMF og deltakarar i NAB før han foreslår at Fondet skal trekkje på ordninga (art. 7A a). Direktøren skal i sitt framlegg nemne aktuell låntakar. beløp og løpetid for lånet (art. 7A b). Ein deltakar som ikkje vil klare å oppfylle sine plikter etter avtalen på grunn av noverande eller framtidig betalingsbalanse- og reservesituasjon skal underrette Fondet og dei andre deltakarane om dette (art. 7A c). Framlegg om trekk skal vere proporsjonale med storleiken til kredittordninga til kvar deltakar (art. 7A d). Avtalen opnar likevel for trekk som ikkje er proporsjonale (art. 7A e). Det skal i så fall vere samtykke frå kvar deltakar som vil ta på seg å yte høvesvis meir enn minst ein annan deltakar (art. 7A f). Eit positivt vedtak om å yte kreditt til IMF krev eit fleirtal på 80 prosent (art. 7A g).

Når Fondet oppmodar om trekk iht denne avtalen skal deltakarane straks overføre pengane (art. 7 B).

Når ein deltakar ber om det. skal Valutafondet utferde uomsetjelege dokument som viser kva Fondet skuldar deltakaren. Når lånet inklusive renter er betalt. skal dokumentet returnerast til IMF (art. 8).

IMF skal betale SDR-rente. SDR-renta er rekna ut på grunnlag av marknadsrentene til dei fem valutaene som går inn i SDR. Det kan bli avtalt høgare rente mellom Fondet og deltakarar som representerer 80 prosent av kredittordninga (art. 9). Endringar i metoden for utrekning av marknadsrenta for SDR krev semje mellom IMF og deltakarar som representerer 80 prosent av samla kredittordning.

Utlånspolitikken og praksisen til IMF overfor den einskilde medlemen skal ikkje bli påverka av at Valutafondet tek opp lån under NAB (art. 10). Utlån frå IMF som er finansierte under NAB. vil skje gjennom dei utlånsformene og programma som institusjonen ellers nyttar.

Avtalen gjer eit detaljert regelverk for tilbakebetaling frå IMF av lån. mellom anna at lånet skal betalast tilbake seinast etter fem år og at tilbakebetalinga skal skje i den lånte valutaen når dette er mogleg. Fondet kan etter å ha rådført seg med deltakarane. gjennomføre fullstendig eller delvis tilbakebetaling til ein eller fleire deltakarar (art. 11).

Avtalen gjev reglar for utrekning av valutakurs i samband med betalingar (art. 12).

Ein deltakar kan ikkje overdra heile eller delar av sitt krav om tilbakebetaling utan samtykke frå IMF (art. 13).

Varsel til eller frå ein deltakande medlem skal skje skriftleg (art. 14).

Endring av NAB-avtalen krev vedtak i Fondet og tilslutnad frå deltakarar som representerer 85 prosent av dei samla kredittordningane (art. 15). Unnatak er for endring av storleiken på kredittordninga (art 5 b) og endringar som er av særleg interesse for den einskilde deltakaren (art. 15 b og 16).

Ein deltakar kan ikkje seie op si tiltreding til avtalen utan samtykke frå Fondet og alle deltakarane (art. 16). Unnatak er ved fornying av avtalen (art 19 b) og dersom ei endring i vesentleg grad påverkar interessene hans.

Dersom medlemskapen i IMF opphøyrer for ein deltakar i kredittordninga. opphøyrer også deltakinga i NAB på same tid (art. 17).

Retten til IMF til å gjennomføre trekk under ordninga og plikt til å gjennomføre tilbakebetaling skal opphevast så lenge transaksjonar frå IMF er suspendert i medhald til vedtektene til Fondet. Dersom Fondet blir oppløyst opphøyrer også NAB-avtalen (art. 18).

Avtalen skal stå ved lag i fem år frå datoen den trer i kraft. Når fornying av avtalen blir vurdert. skal IMF og deltakarane gjennomgå avtalen og konsultere kvarandre om eventuelle endringar i ordninga (art 19). IMF må fremja forslag om endringar eller fornying av avtalen seinast 12 månader før utgangen av avtalen. Ein deltakar som vil seie opp si tiltreding til avtalen. må gjere Fondet merksam på dette 6 månader innan utløpet av avtalen. Dersom avtalen ikkje blir fornya eller ein deltakar trekkjer seg frå avtalen. skal vedteke lån til Fondet fortsette til heile lånet er betalt tilbake i samsvar med tidlegare avtaler (art. 19).

Alle spørsmål om tolking som blir reist i samband med avtalen og som ikkje kjem under art. XXIX (om tolking) i vedtektene til IMF skal løysast på ein måte som er tilfredsstillande for Fondet og deltakarane (art. 20).

I valet mellom trekk under GAB eller NAB skal NAB vere den første og viktigaste ordninga. Ved trekk frå land som er deltakar både i NAB og i GAB kan det gjerast framlegg om trekk etter begge ordningane. Dersom trekk under NAB ikkje blir godteke. kan det gjerast framlegg om trekk under GAB. IMF kan ikkje låne meir enn 34 milliardar SDR frå dei to ordningane til saman. For deltakarar med assosiert avtale med GAB skal gjelde dei samme rettane og pliktene som for medlemmer av GAB (art. 21).

NAB skal ikkje vere til hinder for at Fondet kan gå inn på andre låneordningar (art. 22).

I eit vedlegg til avtalen er det ein tabell der storleiken på kredittordninga til kvar deltakar og omfanget av kredittordninga framgår. I prinsippet er storleiken til kvar deltakar basert på relativ økonomisk styrke slik det kjem til uttrykk gjennom den kvoten han har i Fondet. Beløpa er på den annan side i nokre tilfelle justert mellom deltakarane. på det vilkåret at samla beløp er uendra og kravet til minstebeløp er oppfylt. Noreg forpliktar seg til å yte ein kreditt på opptil 383 millionar SDR.

I eit tillegg til avtalen har IMF gjeve førehandssamtykke til og vilkår for overdraging av uteståande krav til tilbakebetaling i følgje NAB.

I tilknyting til avtalen er det semje mellom deltakarane om retningslinjer for det institusjonelle samarbeidet i NAB. Forutan møter i samband med aktivering. fornying og endring av NAB skal deltakarane møtast ein gong i året i samband med årsmøtene i IMF for å diskutere spørsmål som gjeld NAB. Føremålet med desse møta vil vere å gjennomgå og diskutere utviklingstendensar på det makroøkonomiske planet og på finansmarknadene. særleg slike som kan verke inn på stabiliteten i finanssystemet og eventuelt føre til at Fondet må søkje tilleggsressursar. Deltakarane vil vere representerte av ein minister eller sentralbanksjef eller begge delar. Hovudrepresentanten kan peike ut ein varaperson som kan møte i staden for han.

Formannskapet i NAB-gruppa roterer årleg mellom deltakarane ut frå alfabetisk rekkjefølgje på engelsk. slik deltakarane er oppførte i vedlegget til vedtaket. Først ute er øvste namnet på lista. Staben i IMF skal yte sekretariatsstøtte til gruppa.